Setesdalskonferansen 2010

I sendinga onsdag 17. mars hadde eg ein prat med leiar i Setesdal Regionråd, Signe Sollien Haugå, som fortalde at no er det klart for Setesdalskonferansen 2010, ein konferanse som Regionrådet inviterer ein frå kvar bedrift i Setesdal til. I år skal konferansen vere på Sølvgarden Hotell 15. og 16. april. Det unike med konferansen er at han er gratis, Regionrådet betalar kostnadene med mat og overnatting.

Det var på den tilsvarande konferansen i fjor at eg vart utfordra til å starte Setesdalswiki, sjå http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Hovedside Eg gjorde det og tenkte at alle dei 50 deltakarane kanskje kunne fikse ein artikkel om seg sjølv og si bedrift, men det vart med tanken. Ikkje mange andre enn eg sjølv har skrive artiklar der, i skrivande stund er det 167 artiklar. Målet mitt er å kome til eit par hundre innan Setesdalkonferansen 2010 går av stabelen.
http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Setesdalskonferansen_2010

Programmet for i år har som tema sal og lønsemd – og nye måtar å auke salet på. Det vere seg gjennom nye digitale kanalar – som Doffin, sosiale media og det ein har makt over gjennom å bruke seg sjølv og omgjevnadene til å bringe verksemda opp og fram! Under middagen, der Bjørgulv Sverdrup Lund skal vere kjøgemeister, skal stortingsrepresentant Svein Harberg dele ut Setesdalsprisen for fyrste gong. Den kan gå til ei verksemd/eigar/dagleg leiar som har utmerka seg på særleg vis. Det kan vere lønsemd, merksemd, utviklingsarbeid eller anna. Ein eigen jury vel på førehand ut prisvinnar.

Nå er det på tide å melde seg på. Det gjer du til Ingunn Kile:
ingunn.kile@setesdal.no, eller tlf 94 52 13 54. frist: 7. april 2010

Sesilåmi avlyst

I dag vakna eg til meldinga om at Sesilåmi 2010 var avlyst.

Eg tenkte på dei 2800 som hadde meldt seg på rennet, mange av dei var debutantar. Dei var nok skuffa.

Eg tenkte på assisterande rennleiar Tarald Myrum, som var i Valle Radio sitt studio onsdagskvelden og fortalde om arrangementet og som hadde god tru på at det skulle bli det flotte arrangementet dei hadde jobba i månader for å få til. Han var nok skuffa. Men ein del av det som skulle gjerast, var gjort i Valle på førehand, mellom annan sov folk i idrottshallen for fyrste gong. Dei hadde kjøpt inn madrassar som folk kunne leie, og dei var nok nytta sist natt. Alt det andre som var blitt gjort før arrangementet, og så vart det ikkje noko arrangement. Tarald hadde planar om å ta turen sjølv og, så han var nok dobbelt skuffa.

Men vinden på toppen var så sterk at folk knapt kunne stå oppreist. Og då skal ein ikkje sende folk over heia. Alle som har opplevd slikt, veit at ein må ha respekt for fjellet. På eit vanleg Sesilåmi-arrangement er det kanskje 60 som må ha hjelp og køyrast ned frå fjellet med snøscooter. Denne gongen var det rekordpåmelding og mange debutantar, så det kunne lett blitt nærare 100. Og i løpet av natta endre føret seg svært mykje, så dei som skulle køyre skadde løparar på snøscooter, ville hatt ein svært vanskeleg tur. Ein av dei som var i beredskap, hadde vore oppe frå Sirdalssida og hadde sett seg fast mange gonger når han skulle over bekker i heia. Han var glad, men kald og våt då han kom ned att, fortalde han til Stavanger Aftenblad.

Det kom fort forslag om å flytte renne fram, slik at ein i alle fall ikkje skulle få så mildt ver som ein fekk i fjellet dei siste dagane før rennet. Både dette og det å arrangere Sesilåmi på ein laurdag vil nok verte diskutert i dagane som kjem. Tarald fortalde at dei alt har sendt inn plan for neste år, og då og tenkjer dei å ha rennet på laurdagen – men dei har opsjon på å kunne endre det om evalueringa skulle syne seg å gå mot laurda som dagen.

Vi får gle oss over at liv ikkje gjekk tapt og skader ikkje kom og over at rennleiinga har respekt for fjellet og ansvaret som fylgjer med å halde eit slikt stort arrangement.

Hylestadportalane

Hylestadportalane skal vere tema for eit program i Den kulturelle skulesekken. Det fortalde Leonhard Jansen i samtalen eg hadde med han i Valle Radio onsdagskvelden. Vi fekk ein triveleg prat om desse landskjende kunstverka . Etter at kyrkja på Bjørgum vart riven og ny kyrkje sett opp på Rysstad i 1838, kom portalane til Rike og nokre år seinare til Oldsakssamlinga i Oslo. Framleis er den gamle døra på Råtun i Rike, kunne Leonhard fortelje.

Hylestadportalane har motiv frå soga om Sigurd Fåvnesbane. Det er eit kjent motiv som er funne mange stader i Europa. Leonhard fortalde om dette og om prosjektet som no er arbeidd fram der Hylestadportalane skal vere tema for eit program i Den kulturelle skulesekken. 9. april er det urframføring av programmet, som sidan skal gå som tilbod til vidaregåande skular. Eg siterer frå pressemelding som er sendt ut om dette:

Ingen andre kunstverk frå Setesdal er meir kjende enn portstolpane frå den gamle stavkyrkja på Bjørgum i Hylestad. Figurutskjeringane med motiv frå den fellesgermanske segnkrinsen rundt Sigurd Fåvnesbane, vert rekna som noko av det beste som er å finne innan norsk mellomalderkunst.

Sist vår vart det sett ned ei prosjektgruppe med museumspedagog Anne Sophie Høegh Omdal ved Setesdalsmuseet, musikkprodusent Ola Sundström ved Aust-Agder bibliotek og kulturformidling, Harald Knutsen ved Agder Folkemusikkarkiv, og folkemusikarane Kirsten Bråten Berg og Hallvard T. Bjørgum.

Gruppa har arbeidd fram eit program som no går til alle vidaregåande skular som eit tilbod i ”Den kulturelle skulesekken”. Det har relasjon til fagplanar innan religion, musikk, historie og norsk.

Programmet er ein collage av musikk, song, bilete og levande forteljing. Med utgangspunkt i portalane får vi høyre soga om Sigurd Fåvnesbane, og høyre musikalske innslag med røter i balladar og instrument frå tidleg middelalder.

Den 9. april 2010 er det urframføring i Hylestad soknehus på Rysstad kl.15.00 som er open for publikum, men der det også vil vere inviterte gjester til stades. Vi håper også de kan setje av denne datoen med tanke på å vere med oss.

Etter ein pause med lettare servering blir det foredrag ved førstebibliotekar Josè Maria Izquierdo frå Universitetet i Oslo, som vil vise ein, for dei fleste heilt ukjend, spansk kyrkjeportal med tilsvarande motivkrins frå Sigurd Fåvnesbane. Dette foredraget blir berre halde på Rysstad, og vil ikkje vere del av turnéen.

Lenke til Hylestad kyrkje: http://no.wikipedia.org/wiki/Hylestad_kyrkje Der finn du lenke vidare til Hylestad stavkyrkje med meir informasjon om Hylestadportalane

Lokalhistoriewiki og Setesdalsmuseet

I timen mellom klokka 20 og 21 onsdag 17. mars var Leonhard Jansen med meg i studio. Eg lurte på korleis det stod til med alle bygningane museet eig, sist veke var det store oppslag i media om at “Norge råtner på rot” fordi ein ikkje har pengar til å vedlikehalde bygningsmassen som musea eig.

Men Leonhard kunne fortelje at det stod høveleg bra til med bygningane i Setesdal. Kommunane har vore flinke til å gje tilskot til museet og dei har ein eigen ansvarleg for dette som til og med Aust-Agder Museet nyttar seg av, Anders Dalseg, som er museet sin fagkonsulent bygningsvern. Leonhard kunne fortelje at dei no er ferdig med ei omfattande restaurering av Huldreheimen i Bykle, som er eit anlegg nytta til feriestad av dr. Anton Raabe og skodespelarinne Tore Segelcke. Alle husa er flytte til staden, og av 6 bygningar er 3 frå Bykle og 3 frå Valle/Hylestad. I 1948 vart Huldreheimen gitt i gåve til Bykle kommune, som har vedlikehalde samlinga, men ingenting har vorte endra. No vurder Setesdalsmuseet å innføre eit nytt opplegg for audioguiding der. Gjester i Bykle gamle kyrkje kan få ein liten mp3 spelar med informasjon som dei kan spele av når dei går rundt i bygningane i Huldreheimen, her er meir informasjon om anlegget:
http://www.setesdalsmuseet.no/index.php?m=sider&m_action=vis&id=3&des_id=3

Vi snakka og litt om formidling av kunnskapen som er samla på museet. Det er ei sterk utfordring, og Leonhard har no meldt seg inn på Facebook for å bli kjent med dette systemet for formidling. Enno er det heilt nytt, men ein må fylgje med i tida. I samtalen oss i mellom hadde vi kontakt med Siri Johannessen, som er knytt til lokalhistoriewiki. Ho kunne fortelje at dei har ein liten artikkel om Setesdalsmuseet, men at artiklar om dei ulike anlegga som ligg under museet manglar, sjå http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Setesdalsmuseet Ho kunne fortelje at lokalhistoriewiki no aukar arbeidet for å verte kjent på nye område, og meinte at ein del av formidlinga av museet sine samlingar kunne gjerast gjennom lokalhistoriewiki. Leonhard fortalde at han hadde prøvd seg på wikipedia ein gong, men det han hadde gjort, var blitt sletta, og så hadde han ikkje prøvd seg fleire gonger. Siri meinte at det kunne vere aktuelt å organisere kurs, gjerne i samarbeid med sogelag, slik at ein kunne få lære litt om korleis ein kan nytte dette verktøyet til å gjere deler av lokalhistoria i Setesdal kjent for fleire.

Meir fylgjer…

Rektor tilsett

I kveldens Kommunen informerer-sending i Valle Radio fortalde styreleiar i Setesdal folkehøgskule, Lene Dyrkorn, at Ole Birger Lien har blitt tilsett som rektor.

Ole Birger Lien er no journalist i Setesdølen. Han har og vore aktiv i Valle Radio. Her har han lagt opp og leia program der kommunepolitikarar har vore gjester i studio.

Lene fortalde at neste veke skal det vere styremøte for å godkjenne annonsar etter lærarar. Alt no er det neste 30 søkjarar og 25 som har fått tilbod om plass. 11 har svara ja på tilbodet, så ein er godt i gang med arbeidet for å fylle skulen. Men det er mykje som skal gjerast. Ein held no på og pusser opp internatet, ein skal få på plass avtalar om leige av lokalar og tenester.

Olabil
Det var Elise-Marie Kringen som var gjest i studio i programmet i kveld. Ho starta med å fortelje om Olabil-løpet som FAU ved Hylestad skule skal arrangere i vår. Det er i 4 klassar: 0 – 12 år, 13 – 16 år, 17 – 100 år og bedriftsklasse.

Medarbeidarsamtale
No er det tid for medarbeidarsamtalar i kommunen, og det er 170 tilsette som skal ha ein prat med leiaren sin om korleis han eller ho opplever jobben sin. Ein har ein fast mal ein startar med, og så går samtalen ut frå det. Det er interessant, men det er og tidkrevande. Ein skal vere ferdig med medarbeidarsamtalane innan utgangen av mai. I løpet av samtalen tek ein opp aktuelle saker og drøfter om det er aktuelt med utvikling gjennom kurs og korleis arbeidstakaren er nøgd i jobben. Leiaren får og tilbakemelding på sin rolle som leiar.
-Eg har fått mange gode tips, sa Elise Marie og fortalde at medarbeidarsamtalane er konfidensielle, så leiarane samlast ikkje for å gå gjennom samtalane med kvarandre til slutt. Likevel får den einskilde leiar eit godt innblikk i situasjonen i si avdeling gjennom desse samtalane.

Fosterforeldre
Til slutt nemnde ho saken som står på kommunen si heimeside om at BUFETAT ynskjer fosterforeldre frå Setesdal, gjerne på ein gard, det kan ofte gje god hjelp til born og unge som har hatt det vanskeleg å få kontakt med dyr på ein gard. Alle fosterforeldre må gå på kurs, såkalla PRIDE-kurs. Neste kurs skal vere til hausten, og ein kan ta kontakt med kursleder Anne-Birgit Nordgaard, tlf. 466 18 291. Her er lenka til kommunen si side om dette: http://www.valle.kommune.no/Modules/article.aspx?ObjectType=Article&Article.ID=1561&Category.ID=1145

Meir Bjørnson

Etter at det var Bjørnson-kveld i Folkeakademiet sundagskvelden med eit 20-tal tilhøyrarar, var det naturleg å fylgje opp med fleire songar av Bjørnson i Valle Radio i kveld.

Den fyrste plata heiter Til Eva – selected Norwegian songs, a tribute to Eva Sars Nansen. Fyrst spelte eg frå utgjevinga Fem sange af Bjørnstjerne Bjørnson av Halfdan Kjerulf. Desse songane var med:

08 Aftenstemning,’Prindsessen Sad Høit I Sit Jomfrubur’ (Twilight Fancies, ‘The Princess Look’D Forth From Her Maiden Bow’R’) (02:07)

09 Søvnen, ‘Da Barnet Sov Ind’ (Slumber Song, ‘While Infancy Dreamed’) (02:30)

10 Dulgt Kjærlighed, ‘Han Tvær Over Bænkene Hang’ (Hidden Affection, ‘Sullen, Over The Benches He Hung’) (02:26)

11 Ved Søen, ‘Hun Gikk Langs Med Stranden’ (By The Lake, ‘A Young Woman Walked By The Beach’) (02:34)

12 O, Vidste Du Bare! ‘Jeg Tør Ikke Tale Til Dig’ (Oh, What Could Be Done!, ‘I Dare Not Say Good Day’) (03:16) 8 00

Etter disse spilte jeg Ole Olsens Humoreske (Og reven lå under birkerot) med Harald Bjørkøy fra plata Shadow Songs.

Deretter gikk jeg tilbake til Til Eva-plata og spilte samme til melodi av Halfdan Kjerulf, som bruker tittelen Ingrids vise på den.

21 Ingrids Vise, ‘Og Ræven Laa Under Birkerod’ (Ingrid’S Song, ‘And The Fox Lay Under A Great Birch Root’) (01:58) 8 00

20 Synnøves Sang (Synnøve’S Song) (02:29)

22 Venevil, ‘Hun Venevil Hopped Paa Lette Fod’ (‘Fair Venevil Hastened With Tripping Feet’) (02:03)

23 Over De Høie Fjelde, ‘Undrer Mig Paa, Hva Jeg Faar See’ (Over The Lofty Mountains, ‘Wonder I Must, What I Once May See’) (03:19)

Til slutt spelte eg Det første mødes sødme med Bodil Arnesen og Erling Ragnar Andersen Frå plata Grieg Songs

Innimellom las eg frå biografien til Eva Nansen på plata. Du kan lese litt av den på wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Eva_Nansen eller på Store Norske Leksikon: http://www.snl.no/.nbl_biografi/Eva_Nansen/utdypning

Program for veke 11 – 2010

Tysdag 16. mars

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Sangkveld. Bjørnsonsongar.
19:30 Nytt frå kyrkje og kristenliv landet rundt
20:30 Postludium ved Harald
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 17. mars

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakt frå 20:30: Tobbe og Malmfrid

18:00 Aktuell time
19:00 Tankar frå Bibelen
19:30 Kommunen informerer
20;00 Haralds time med Leonhard Jansen
21:00 Opi sending med Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike

Les på bloggen: http://valleradio.blogs.no/
Telefon: 379 37577

Spellemann

Eg tenkte eg hadde funne eit godt tema for Open sending då eg skulle ha det onsdagskvelden. Spellemannsprisutdelinga var sist laurdag og om eg laga rebusar relatert til det, ville vel telefonane gå varme.

Så feil kan ein ta.

Eg la ut rebusar saman med Ronny, og fleire fekk ingen svar. Når eg skulle ha årets kvinnelege musiker Noora Noor og laga rebusen Nr. 1 mellom enkedronninga av Jordan, så trudde eg det var rimeleg enkelt, særleg når eg spelte ein av songane hennar. Men nei, ingen telefonar, og slik var det fleire gonger. Men vi køyrde på og på dei fleste var det ein telefon eller nokre få, eit par gonger fekk vi same person som løyste oppgåvene.

Ingebjørg Ellinor Rysstad og Berit Homme, som tok telefonar, hadde ein roleg kveld. Men eg fekk tilbakemelding frå folk som hadde høyrt på at det hadde vore triveleg, sjølv om dei ikkje hadde ringt inn. SLik er det vel ofte, det er mange fleire som høyrer på enn dei som ringer inn.

Her er lenke til wikipedias artikkel om Spellemannsprisen 2009:
http://no.wikipedia.org/wiki/Spellemannprisen_2009

Der finn du og oversikt over dei som var nominerte.

Ei innhaldsrik wikipediaveke

Det har vore ei innhaldsrik veke for oss som er opptekne av wikipedia, og eg er jo meir enn dei fleste opptekne av nettleksikonet. I dag har eg skrive ein artikkel om en zulukonge og misjonær HPS Schreuder sitt tilhøve til han. Mpande heitte kongen, du finn artikkelen her: http://no.wikipedia.org/wiki/Mpande Men eg har og skrive om Thomas Beck, den norske organisten, dirigenten og komponisten. Eg plukkar tema etter kva eg les og synest er interessant.

Denne veka fekk Kulturnytt interesse for Store Norske Leiksikon sin situasjon i høve til wikipedia. Store Norske Leksikon sin redaksjon meiner at vi må ha eit norsk leksikon som er skrive av fagfolk og som har eit fagleg utval av artiklar. Dei meiner og prinsippielt at folk skal få løn for det dei gjer, så dei som skriv i SNL skal få løn for sine bidrag.

SNL la leksikonet på nett og let folk abonnere på det. Etter kvart vart det truleg færre abonnentar, for eitt år sidan var leksikonet opna slik at alle kunne lese. Meininga var at det skulle finansierast med reklame, men det synte seg vanskeleg å selje reklame. Denne veka varsla Kunnskapsforlaget at dei legg ned leksikonet frå 1. juli, Dei føreslår at Staten tek over, om det vert gjort ved å etablere ei stifting, så skal forlaget gje heile databasen gratis til stiftinga.

Men kulturministeren ville ikkje ha gåva. Sjølv om kulturministeren for eitt år sidan var svært glad for at SNL no vart fritt, var noverandre kulturminister lite lysten på å kaste gode pengar etter dårlege, så ho ville ikkje løyve noko som helst.

Eg veit ikkje om grunnen til alt dette var bloggen som John Erling Blad skreiv på origo, der han tok til orde for at staten kunne kjøpe fri stoffet i SNL slik at det kunne ha same lisens som wikipedia, og så kunne det gjerne leggjast inn som eit arkivert SNL 2010 på wikipedia, og vi som skriv kunne bruke stoffet i artiklar på wikipedia.

Men det ville ikkje SNL høyre noko om. Siste kapittel i soga kom fredagskvelden, då stiftinga Fritt Ord stilte opp med 2 millionar kroner for å i alle fall forlenge livet til SNL litt, slik at ein fekk noko betre tid å finne ei løysing. Der står saka no, det vart helg og så vidt eg skjønar har ikkje media noko oppslag i dag.

Her er lenke til ein diskusjon på wikipedia sitt samtaleforum Tinget, der saka har vore diskutert mykje. Der er og lenker til ein del artiklar i samband med saka: http://no.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Tinget#Store_Norske_Leksikon_legges_ned_som_nett-tjeneste

Ammoniakk som våpen

-Kva gjer de når de går gjennom piratfarvatn, spurde Ronny Stavshold onsdagskvelden mellom klokka 20 og 21. Etter ein del plunder hadde han fått kontakt med skipper Kenneth Vildalen som då var på veg gjennom Adenbukta. Han var einaste nordmann ombord på skipet, og dei var rigga for å kome seg gjennom utan at kaprararne skulle få tak i båten.

-Me har rigga til vasskanonar og så spyler ned skutesida med ammoniakk når dei kjem nær oss, fortalde Vildalen, som er skipper på ein LNG-tankar der lasta var flytande ammoniakk. Å ta seg gjennom ein slik foss er ikkje særleg enkelt, sa han.

Denne gongen gjekk det godt, det har det i grunnen gjort for Vildalen, som har vore i piratområde før, les om det på denne lenka:
http://www.aftenbladet.no/energi/oljeservice/920395/Fekk_sjoeroevarar_i_haelane.html

Med 10 meter fribord når dei er fullasta og 12 meter når dei er tome, er slike gasstankarar ikkje så lette å ta seg ombord på. Dei har ein kraftig motor og, så dei gjekk med 19 knops fart denne kvelden, kunne kan fortelje. Motoren er som eit stort hus. 29 grader i skuggen var det den kvelden, men dei måtte halde seg inne, dei låser alle dører når dei går gjennom slikt område.

Det var eit interessant innslag Ronny hadde, han snakka og med ein annan kaptein, som fortalde at han hadde åtte veker ute og åtte veker heime når det fungerte med transport til ei hamn det var naturleg å bytte, nokre gonger kunne det bli ei veke meir eller mindre ombord. Akkurat no var han heime, men stod på farten for å dra ut på ein ny tørn ute.