Program veke 6 – 2010

Tysdag 9. februar

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Sangkveld
19:30 Aktuelt frå kyrkje og kristenliv/ møteopptak
20:30 Postludium ved Harald Haugland
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 10. februar

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Inga Flateland
Telefonvakt: Torbjørg Hoftuft og Malmfrid Nyborg Homme

18:00 Aktuell time
19:00 Tankar frå Bibelen ved Torleiv B. Harstad
19:30 Kommunen informerer. Valle barnehage ved Lisbeth Homme
20:00 Haralds time
21:00 Opi sending med Rolf Erik Homme

Les på bloggen: http://valleradio.blogs.no/
Høyr på Internett: http://www.valleradio.com
Telefon frå klokka 20:30 onsdag: 379 37 577

Heile dalen 5. februar 2009

Denne sendinga fekk eg ikkje med meg, men Britta Lise sende meg nokre ord om den opne sendinga:

Knut Nomeland var med meg på opi sending igår. Eg hadde laga rebusar om aktuelle hendingar i dalen o.l. og gjort avtale om å ringe opp dei aktuelle i svaret på rebusen.
Slik :
Isskulptur : tlf til Tomas Danielsen, Hovden
Eldrebølgen : tlf til Åse Kari Haugeto i teknologirådet,Oslo
Brokke : tlf Jan Wojtazek
Sesilåmi: tlf. til Tarald Myrum
Bakkebu : tlf til Torleiv Løyland
Joker :(tok Joker med då han sponsa oss med gevinst til sendinga, ringa han ikkje opp)
Bygdekveld : tlf til Knut Hagen i FAU på Hylestad skule
Setesdølen : tlf.til Sigurd Haugsgjerd
Spelemannspris : tlf til Sigurd Brokke
Flygar : tlf til Torfinn Brokke
Kven er dette? : helsing frå Nils Gunnar Lie til alle lyarane i dalen
Gaupejakt : tlf til Bjørgulv Viki og co som akkurat då (i tolvtida) var ute på gaupejakt

Ingunn Å.Uppstad, Ingebjørg H. Haugen og Solveig Rysstad tok imot 227 tlf+ ein del helsingar.
Hadde ein kjempekoseleg kveld på Valle radio 🙂

Det var mange emne ho var innom i løpet av sendinga, eg får sjå om eg etter kvart kjem innom nokre av dei i blogginnlegg.

Heimland og andre land

I kveld hadde eg ikkje høve til å høyre på Valle Radio, men vonar at sendinga gjekk bra til heile dalen.

I dag fekk eg ein epost frå ein ven som eg chattar med av og til. Eg spurde om å få bruke den i kåseriet mitt komande veke, og det fekk eg lov til, så då startar eg det alt no.

Jeg sitter med musikk på øret. Har satt på CD’en “Den Himmelske Lovsang”, og akkurat nå kommer Lage Wedin forbi med et par numre.. I det fjerne jeg skuer, Jeg vet et navn og I tro under himmelens skyer. og om ikke lenge kommer Arthur Erikson – joda, smaken min er litt variert 🙂

Jeg gleder meg til å høre Tonereises Jesus gjør meg stille, og Eg veit i himmerik ei borg og flere andre på folketonemelodier. På noe vis går de rett inn.

Harald, dette er surrealistisk, jeg sitter i Paris og arbeider med engelskspråklige dokumenter fra en tysk bedrift for et prosjekt i UAE, og mens jeg venter på at det skal bli tid for å reise til mitt moderland, hører jeg på musikk om det som er mitt virkelige faderland… Kan det bli rarere? (Jo, kanskje, om jeg tar med at jeg reiser til mitt jordiske faderland om ca 20 dager…) Snakker om, du…

Då eg var ung, snakka predikantar ofte om kor viktig det var å lære salmevers, dei kunne vere gode å ta med seg når livet vart vanskeleg. Det merker eg så absolutt, men predikantane på den tida kunne nok ikke tenke seg den revolusjonen det er blitt i å høyre på musikk no i høve til for førti år sidan. No kan du ha ei heil platesamling på ein liten minnepenn og spele den anten du sit heime eller er ute på tur. Det er råd å få dei beste songarane til å syngje evangeliet like inn i øyro anten ein er i bilen eller oppteken med andre gjeremål.

Vi er på reise her, og det i fremmed land, heiter det i ein sang. Og Johannes Levinsen syng: Jeg går til himlen, der er mitt hjem
http://leifhaugen.weblogg.no/1173187386_jeg_gr_til_himlen_der.html

Eg er blitt glad i salmebloggen til Leif Haugen, les gjerne om salma der.

Fleire ordførarstev

Etter å ha skrive ordførarstev fyrst i veka, vart det ein pause, men no er eg i gang att. I dagens Setesdølen hadde Ole Birger Lien intervju med Evje-ordføraren Bjørn A. Ropstad, og då eg hadde lese det, laga eg dette stevet:

På næringsliv satsar Bjørn A. Ropstad,
vil gjere Evje til Agders toppstad.
Dei sentrumsplanen har smidd for oss,
men kva skal gjerast med Fennefoss?

I avisa tysdag hadde Ole Birger intervju med Knut A. Austad. Det er jo ikkje bare intervjuet som dannar grunnlaget for stevet, det kan fort vere inntrykk ein har fått gjennom Setesdølen i ulike samanhengar.

Så mykje negativt har han hausta,
no målet fullt er for Knut A. Austad.
Det positive må fokus ha
om Byglands-bygda skal verte bra.

Å lage eit stev til intervjuet Ole Birger hadde med Oddmund Ljosland er ei litt anna oppgåve, for Åseral er ein kommune eg ikkje har noko særleg tilhøve til. Den høyrer både til Mandals-regionen og til Evje sitt nærområde. Men eg får vel prøve meg på nokre linjer, når Ole Birger har laga eit intervju med han.

I Åseral har dei bygg i sinne,
den store opptur blir Oddmunds Minne,
Dei mykje anna og byggje vil
om dei får ordne det heile til.

Ole Magnus Olafsrud

I går fekk dei som ikkje var i Bykle kyrkje laurdagskvelden høve til å høyre frå talen til Ole Magnus Olafsrud. Han talte om kor viktig det er at eldre kristne ser kva dei unge held på med og fylgjer opp det dei gjer. Eit døme han hadde var frå ein ungdomsklubb der vaksne folk var på kjøkkenet for å stelle mat og vaske og rydde og korleis ungdommane kappast om å bere ut frå borda og få ein prat med dei vaksne, dei melde seg visst til og med frivillig til oppvask.

Ole Magnus Olafsrud har vore knytt til Navigatørene, ei rørsle som har ungdom som målgruppe og han har jobba mykje med unge heimar-program. Han har og skrive fleire bøker. Ei av desse er Langs samme vei, som han skreiv saman med Tonje Haugeto Stang og Tor Martin Synnes. Det er ei bok som inspirerer og utruster medvandrarar til å sjå, oppmuntre, og utvikle menneske langs deira livsveg. Ho handlar om kristenlivet. Om Jesus-relasjonen, nåde, modning, sårbarhet og behovet for medvandrarar. Ho har kome i 3 opplag med til saman 9000 eksemplar.
Her er lenke til meir informasjon om boka: http://www.navigatorene.no/index.php?art=15

Ei anna bok er Der du er. Den har kome i 8 opplag, til saman 23.000 eksemplar.
-Det er den einaste boka eg har skrive sjølv, sa han på møtet. Her er lenke til den: http://www.navigatorene.no/index.php?kat=40&mid=38

Og her er lenke til eit intervju som Rolf Ekenes gjorde med Olafsrud om der han fortel om mange av dei emna han var innom i Bykle kyrkje: http://www.delk.no/showarticle.php?id=251

Folkehøgskolen

I går, 1. februar 2010 hadde formannskapet i Valle kommune møte og oppnemnde kommunen sine medlemmer til styret for folkehøgskolen. Etter framlegg frå Pål Dale vart desse samrøystes valde som medlemmer: Steinar Kyrvestad, Olav K. Hovet og Inger Aamli. Liv Tanche-Larsen vart vald til første varamedlem. Norges Motorsportforbund skal velje to medlemmer og andre varamedlem.

Denne gongen var formannskapet fulltallig med fem faste medlemmer: Bjørgulv Sverdrup Lund, Sigbjørg Idsøe Næss, Liv Tanche-Larsen, Steinar Kyrvestad og Pål Dale. I tillegg til rådmann Arne Tronsen møtte og prosjektleiar Lene Dyrkorn på møtet, der ein og justerte litt i dei vedtektene som tidlegare hadde vore vedtekne.

No er brosjyre for skulen klar. Den kan du sjå her: http://www.motorsportforbundet.no/files/%7B515D6FA4-1E72-4681-AA20-EFFC08F0E44D%7D.pdf

På facebook er det ei gruppe der folk kan stille spørsmål. Eit spørsmål som har kome der, er Må man betale for bensin og ødelagde skjermer og slikt? Eller går det inn i kostnaden for trening?
Lene svarte: Man må holde utstyret sitt selv, men skolen vil være behjelpelige med å skaffe deler. Bensin (hvis man ikke skal ha spesialblanding) skal skolen dekke, men ofte ønsker utøvere selv å ha kontoll på det selv 😉

Så noe kostnader på deler må man regne med. I forbindelse med turer kan det bli noen ekstrakostnader, men i planen er at det man betaler i skolepenger skal dekke alt utenom lommepenger og deler på treningssamlnger og turer 🙂

6. november skreiv ho og:

Fagene ved Valle folkehøgskole er delt inn i tre typer fag. Det er linjefag, fellesfag og valgfag. Linjefag er det som er elevens spesialiseringsområde og velges når man fyller ut søknadsskjemaet. Linjefaget man velger er den grenen man utøver – motocross, trial eller …snøscootercross.

Fellesfagene er obligatoriske for alle elevene. Disse fagene kan variere fra aktivitetslederkurs til elevkvelder med sosialt samvær og hygge. Valgfagene velger elevene underveis i skoleåret. Fagene vil også bestemmes etter elevenes ønsker og behov.

Linjefaget blir din fordypning dette skoleåret. Dette velges når søknadsskjemaet sendes til folkehøgskolen. I undervisningen vil det bli lagt vekt på å utvikle blant annet: Tekniske ferdigheter Taktiske ferdigheter Alternativ og allsidig trening Vedlikehold av sykkel og utstyr Teamarbeid

Fellesfag er felles for alle elevene, uavhengig av hvilken linje man går. Dette er fag som ikke nødvendigvis har med motorsport å gjøre, men de fleste kan sees i sammenheng med idretten. Eksempler på fellesfag er aktivitetslederkurs, ledelse og instruksjon, helse, lørdagsseminarer og verdispørsmål. Valgfag Valgfagene velges ved skolestart og fortløpende i skoleåret. Disse fagene kan styres etter elevens ønsker og behov. Dersom det kommer forslag fra elevene på noe de ønsker å lære mer om, vil ledelsen prøve å sette opp et valgfag som innfrir dette ønske. Eksempler på valgfag som er tenkt ved skolen er for eksempel foto, musikk, idrettspsykologi, klatring, alpint og hjelpearbeid.

I dag kom det og eit spørsmål om det er mange som har søkt. Det har ikkje Lene svart på enno.

Setesdølen 35 år

Eg stiller meg i rekka av gratulantar i høve at Setesdølen feirar 35 år med å kome som dagsavis første veka i februar. Om ein skal døme etter mandagsavisa, har vi mykje godt stoff i vente.

Mellom anna fann eg eit intervju med Valle-ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund i ein serie dei har kalla Dagens ordførar. Der trekkjer han fram utfordringar og gledelege hendingar. Den største utfordringa blir å snu folketalsutviklinga, på ti år har talet gått frå 1450 til under 1300, det er ein nedgang på 10% på ti år.

Det mest gledelege som hende i fjor meiner han var folkehøgskulen. Nå vert utfordringa å klare å realisere den, og kommunestyret vedtok samrøystes å opprette stiftinga som skal drive folkehøgskolen u siste møte. Men tida er knapp og mykje skal gjerast før elevane kjem, så dei har ikkje meir tid enn dei må ha for å klare å realisere prosjektet i år.

Eg skal ikkje ta opp fleire tema frå intervjuet på side 3 i Setesdølen for i dag. I samtalen med Ole Birger Lien har han nokre fleire moment til ettertanke. Men eg laga eit stev etter å ha lese saka:

For Bjørgulv Lund går ho raskt no, klokka,
så mangt og mykje han har på blokka.
Fremst skulesaker og folketal,
om vel eit år er det atter val.