Til hausten kjem motorsportskulen

Onsdagskvelden var det eit variert utval av emne i Valle Radio. Rådmann Arne Tronsen kom frå kommunen klokka 19:30 og han var svært oppglødd over folkehøgskolen. I Aftenposten for i dag var det eit annonsebilag frå folkehøgskulane med eit stort oppslag om Setesdal folkehøgskule på side 10 og 11. Det var over to sider og eit flott bilete av folk som køyrer motorsykkel, men og av internatet i Valle og av ein snøscooterkøyrar. Det er eit stort intervju med Lene Dyrkorn om skulen. Der får vi vite at det er kome sju søkjarar til dei 40 plassene.

Det er ei stor utfordring for Valle kommune, sa Arne Tronsen i samtalen med Ørnulf Hasla som var ansvarleg for kvelden. Han meinte at ein måtte gjere oppstarten skikkeleg, mykje av skulen si framtid ville avhenge av eit godt fyrste år. Åtte stillingar er ikkje å forakte i Valle kommune, sjølv om ikkje alle er fulle. Dei snakka ikkje om kven som vert rektor på den nye skulen, stillingen er lyst ut.

Elles var Arne oppteken av at ein må ned i servicenivå i Valle. Om vi sit i 2020 og ser tilbake på inneverande år, vil vi nok kunne seie at det var eit høgare nivå på tenestene då. I framtida vil vi ikkje kunne ha det slik, det er ikkje nok folk til å jobbe og betale skatten som skal til for å ha så godt tilbod om 10 år, meinte han.

Arne Tronsen begynte i rådmannsstillingen i august 2006 og fyrste dagen måtte han sette i verk kriseleiing i kommunen, for det kom så mykje regn etter ein turr og lang sommar at vegen mellom Kveste og Sandnes heldt på å verte øydelagd. Så det var ein brutal start. Men han trivst godt i Valle og ser for seg at han kjem til å halde på som rådmann nokre år til.

Gautestad

I kveld hadde eg med eit innslag frå Gautestad. Det var styreleiar Olaf Trygve Borgen som fortalde i samtale med Ingve Gilje hos Nytt Liv Media.

Gautestad har mykje besøk både sommar og vinter. No satsar dei på to familieleirar i vinterferien her på fjellet 17 km nordaust for Evje (ta av ved kyrkja og køyr gjennom Flatebygd og opp på fjellet)). Mange besøk i 2009 gav fine plusstal i rekneskapen for det året, over 300.000 kroner.

Borgen fortalde at det er ei venneforening som driv staden, foreninga er medlem av Norsk Luthersk Misjonssamband. Dei overtok staden i 2008 då NLM hadde problem med å drive staden og vurderte salg. Han sa og at dei fleste deltakarane kjem frå området mellom Grimstad og Farsund og at det ikkje er ofte rogalendingar finn fram til Gautestad, men at det hender.

Gautestad ligg 600 meter over havet. Det var ein fjellgard som vart driven til ut på 1950-talet, då satsa dei på camping og hyttebygging, og i området er det 250 hytter. I påsken er det basar og då kjem mange av hyttefolka til misjonssenteret. Etter at gardsdrifta vart lagt ned, øvde britiske militære i mange år på Gautestad, men i 1991 brann ein del av garden. Av forsikringspengane fekk dei høve til å byggje eit fint kurs- og misjonssenter. Dei har plass til opp mot 80 stk.

Her er lenke til nettsidene: http://www.gautestad.no/html/gautestad.html Der finn du interessant informasjon og frå arrangement som har vore. Du kan sende epost til post@gautestad.no eller ta ein telefon til 918 00 469 om det er noko du lurer på. På nettsidene til Nytt Liv Media kan du lese litt om dette og høyre programmet dei næraste dagane:
http://www.nyttlivmedia.no/page.php?mtid=1&elid=894

Iveland og Bykle

Eg hadde att to stev basert på intervjua som Ole Birger Lien hadde med ordførarane i avisa Setesdølen sitt nedslagsfelt. Det var ordføraren i Iveland, Ole Magne Omdal. Intervjuet med han stod i Setesdølen fredag 5. februar, og stevet mitt blei slik:

I Iveland er det mange planar,
dei regulerer i lange banar
og Ole Magne er optimist:
Kommunen veks, det er ikkje trist.

Så spørs det om dei når målet på 250 fleire innbyggjarar dei fem neste åra. Eg reknar med at dei må importere nokre, dei kan neppe klare å lage så mange born på den korte tida.

Laurdag 6. februar stod det siste intervjuet på trykk. Det var Kai Jeiskelid i Bykle som vart intervjua, og etter å ha vridd meg ei stund, kom dette stevet:

Nå reiselivet og Bykles landbruk
må finne fram til ei form for sambruk.
Det er utfordring i denne tid,
det meiner ordførar Jeiskelid.

I dag var eg innom i Setesdølen for å få avisene for fredag og laurdag i den veka, dei hadde kome bort frå meg. Vi snakka litt om prosjektet mitt med å skrive stev basert på intervjua. -Gjenbruk, sa redaktør Sigurd Haugsgjerd og ba meg sende steva til han, så han kunne få lese dei.

Så det kan vel hende dei kjem på trykk i Setesdølen. Du får fylgje med i avisa og sjå etter.

Program veke 7 – 2010

Tysdag 16. februar

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Sangkveld
19:30 Åge Solsvik talar
20:10 Nytt frå kyrkje- og kristenliv
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 17. februar

Ansvarleg: Ørnulf Hasla
Teknikar: Inga Flateland
Telf.vaktar: Berit og Ingebjørg Elinor

18.00-19.00 Aktuell time V/Ørnulf
19.00-19.30 Tankar frå bibelen V/Bjørgulv T. Berg
19.30-20.00 komm.info v/David B. Tharaldsen
20.00 20.30 Vi oppsumerar domen i ”prestesaka” V/ Ole Birger og Ørnulf
20.30-21.00 Kjetil Rike kjem i studio med si nye plate
21.00 Open sending V/ Jorun og Kåre

Høyr Valle radio på www.valleradio.com
Ring inn helsingar frå klokka 20:30, telefon 379 37 577

OL i gang

Så er OL i gang. NRK skal sende 500 timar i ein periode som bare har 360 timar totalt. Så ein kan nok ikkje rekne med mykje anna på NRK i denne perioden. I dag har vi fått sjå opningsseremonien både kl. 03 og kl. 09 og seinare utdrag ut over dagen. Eg sette på TV i 18-tida og då skulle det vere sending frå skiskytinga, trudde eg, men etter å ha presentert deltakarar og meir til avslutta dei med at vi var velkomne tilbake om lag klokka 21:50, då skulle damesprinten gå. Så eg skriv dette før løpet startar, det er like godt. Kan hende oppdaterer eg når det er over, slik at eg får resultata med på bloggen.

Men du kan like godt fylgje med på wikipedia, for nettleksikonet er klart til OL. For ei veke sidan hadde vi ein konkurranse om å få på plass mest mogleg til OL, det vart mellom anna skrive ein god del biografiar om deltakarar frå heile verda. Fleire anlegg er og omtala. Her er nettsida som det heile spring ut frå: http://no.wikipedia.org/wiki/Vinter-OL_2010

Det heile starta litt over 18:30 i kveld med hopp. Eg såg fyrste omgang, men så gjekk eg til datamaskina for å sjå kva som hadde skjedd der. Det kunne jo tenkjast at eg hadde fått ein epost. Det hadde eg ikkje, men eg vart sitjande å fikse litt, og plutseleg var konkurransen over, det såg eg då eg kom til denne artikkelen:
http://no.wikipedia.org/wiki/Skihopp_under_Vinter-OL_2010 Som du ser er alle lenkene blå, det syner at det er artiklar om deltakarane. Wikipedia på norsk har artiklar om alle skihopparane som er med i OL 2010. Men ikkje alle skiskyttarane. Det er fleire av deltakarane i OL som ikkje er med i verdscupen. Vi som skriv på wikipedia og skal fylgje med på OL kunne nok trengt å ha ferie dei neste vekene.

Sørlandets Litteraturpris

Onsdagskvelden hadde eg og eit innslag om Sørlandets Litteraturpris. Eg snakka med Lisbeth på biblioteket, og ho kunne fortelje kven som var nominert. Det er Karl Ove Knausgård, Mirjam Kristensen, Jenny Hval, Paal-Helge Haugen og Jan Atle Knutsen/ Jo van der Eynden/ Øivind Berg.

Prisen vert i år delt ut for tiande gong, og i år skal det og vere ein hederspris. Ein kan stemme på Internett eller på stemmeseddel ein får på biblioteket og leverer der, så vil Lisbeth sende dei samla til konkurransen. Stemmeperioden er fra 9. februar til 31. mars.

Lisbeth minna oss om at då vi hadde aksjon for Kjetil Brottveit sin roman Nattradioen, vann han prisen, det same skjedde då vi aksjonerte for Annemor Sundbø si bok. I år meinte ho at alle som var på festen for Paal-Helge Haugen i Storstoga, burde stemme på han. Og ikkje bare dei, men alle som høyrde på Valle Radio denne kvelden.

Ho hadde og fått spørsmål om ho ville stå for bokbad med ein av forfattarane. Knausgård skriv på bok fem og seks, så han reiser ikkje på bokbad. Lisbeth vona at Paal-Helge ville kome til Valle. Ho kunne og fortelje at kvelden før Verdens Bokdag, som er 23. april, altså 21. april, ville Margareth Skjelbred kome til Valle på ein bok-kveld som biblioteket arrangerer.

Prestesaka

I går måtte eg lage stoff på prestesaka i Valle i sendinga. Eg skreiv tidlegare at eg fann det vanskeleg å skrive om den, det var ikkje lettare å lage program om den. Men eg laut gjere det og valde å snakke med forsvararen hans, advokat Sveinung Søndervik Johnsen i den aktuelle timen.

Johnsen fortalde at saka var unik, han hadde ikkje vore borte i noko liknande eller høyrt om nokon som hadde vore det, og heller ikkje i litteraturen finst det noko som liknar. Han meinte vel og at politiet ikkje hadde bevis som kunne føre til at klienten hans vart dømd. Han forklarte og at dommen kjem neste onsdag og at han vil få den då. Det same vil pressa. Men Arne Skare sjølv vil ikkje få den formelt før veka etter, for den skal sendast til lensmannskontoret der han bur, og så skal den verte forkynt for han der. -Då veit han nok innhaldet, for eg vil ta kontakt med han når eg får dommen, sa Johnsen.

Eg hadde avtalt med Ole Birger Lien om å ringe han klokka 20, så kunne vi ha ein prat. Og så hadde eg invitert redaktøren vår, Ørnulf Hasla, som ikkje fylgde saka, og klokkar Karin Bøe, som var i rettssalen det meste av tida, men ikkje frå starten den fyrste dagen. Vi snakka då om dette og det var i grunnen fleire spørsmål enn svar i den samtalen, men Ole Birger trudde vel at saka kom til å verte anka, same kva utfall ho fekk. Han lova eit interessant oppsalg i Setesdølen i morgon, medan Karin Bøe streka under at saka etter hennar meining synte at både “lensmann og prest” i grunnen er heilt alminnelege folk. Fleire spørsmål til politiet fekk ikkje svar, for dei hadde ikkje undersøkt det, og det var ikkje alt presten hugsa heller no lenger.

Vi runda av etter 35 minutt og let siste del av timen frå 20 til 21 gå til musikk som Marcel Tiedje, kveldens teknikar fann på Spotify. Diverre var Internett i ulage denne kvelden, så musikken kom litt i klumpevis. Då Ørnulf tok kontakt med Jørund, fekk vi vite at dei heldt på med ei oppgradering av nettet akkurat denne kvelden.

Seinare i går kveld fekk eg sjå ein artikkel av Inge D. Hansen i Aftenposten for 9. februar side 12 om saka. Det synte seg at Aftenpostens kriminalkommentator, som ofte kommenterer rettssaker, hadde vore i Valle og høyrt på saka. Han skriv: DET ER TROLIG første gang i norsk rettshistorie at en sogneprest er tiltalt for å ha iscenesatt trusler mot seg selv. …… Det er ikke bare folk i bygda som undrer seg; i retten er det ikke fremkommet noe sannsynlig motiv for handlingene. Diverre ligg ikkje denne kommentaren på internett. Hadde eg sett den før sendinga, hadde eg truleg sitert frå den i programmet.

Villreinens rike

Onsdag 10. februar famna vidt i Valle Radio. Eg starta med eit intervju med John Jastrey, som er prosjektleiar for fylkesdelplan om heiane. Det er eit prosjekt som skal lage ein plan som er over kommuneplanane. Den skal femne om 18 kommunar og fem fylker, og villreinen er sentral i dette. Heile Valle, Bykle og Bygland kjem til å vere omfatta av planen. Her er heimesida: http://www.heiplanen.no/ Der heiter det:

Miljøverndepartementet har i sitt bestillingsbrev 12. april 2007, vist til det nasjonale målet om at det skal opprettes ni nasjonale villreinområder (fra Stortingsmelding nr. 26 (2006-2007) “Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand”)

Bern konvensjonen forplikter. Vi skal redusere tapet av biologisk mangfold. Vi har eit internasjonalt ansvar i å ta vare på villreinen. Vi har erkjent at dersom vi skal ta vare på villreinen, må det fokuseres på arealforvaltning og ikke bare på hvor stor eller liten stammen er – fra stamme til areal.

Jastrey hadde møte i Valle i går med om lag 30 tilhøyrarar. I kveld var han i Bygland. Grunnen er at dei gjennomfører ein runde no for å presentere dette planarbeidet. Han starta måndag i Bykle og sluttar i Åseral torsdagskvelden. Neste veke er det møte i Sirdal, Bjerkreim, Gjesdal og Forsand. I løpet av året skal planprogram bli vedteke. Så skal ein utarbeide planen neste år og vedta den i 2012. Deretter skal den innarbeidast i dei kommunale planane.

Ikkje alle er så nøgde med dette og mange meiner at eit nytt planverk som kjem ovanfrå ikkje er forankra i folk som bur i bygdene. Det har blitt ein del protestar på det villreinkartet som Villreinsenteret på Skinnarbu har utarbeidd. Lokale folk meiner dei har lagt alt for store område inn i villreinområdet og at ein ikkje har halde løftet om politisk handsaming før kartet vert lagt til grunn for sakshandsaming i miljøavdelingane rundt om i fylka.

Om målet er å ta vare på villreinstamma, som er den sørlegaste i Europa, må ein og ofre noko. Planen skal seie noko om kor ein kan ha turistanlegg og andre aktivitetar i kommunane og kor ein på grunn av villreinen må unngå slike anlegg.

Sangkveld 9. februar 2009

I kveld var tema folketonar med noko attåt. Her er spelelista:

Alan Jackson: Blessed Assurance
http://no.wikipedia.org/wiki/Alan_Jackson
Tonereise: Jesus gjør meg stille
http://no.wikipedia.org/wiki/Tonereise
Tonereise: Han lever nok ennu, den gamle av dage
Tonereise: Arven
Ragnar Vigdal: Jeg har så lun en hytte
http://no.wikipedia.org/wiki/Ragnar_Vigdal
Tonereise: Jeg har så lun en hytte
http://no.wikipedia.org/wiki/Jeg_har_s%C3%A5_lun_en_hytte
Sigvart Dagsland: Nearer my God to Thee
http://no.wikipedia.org/wiki/Sigvart_Dagsland
http://en.wikipedia.org/wiki/Nearer,_My_God,_to_Thee
Bodil Arnesen: Fader Vår
http://no.wikipedia.org/wiki/Bodil_Arnesen
http://no.wikipedia.org/wiki/Fader_v%C3%A5r
Andreas Wennemo: Jeg vil gi deg o Herre min lovsang
5 staute: Å kor rik eg er
http://no.wikipedia.org/wiki/5_staute
Elvis: Oh how I love Jesus
Elvis: Put your hand
http://no.wikipedia.org/wiki/Elvis

Eg fann musikken på spotify. Tonereise ligg der med begge albuma dei har gjeve ut. Her fann eg og gospelmusikk, så det vart ganske variert etter kvart. Og så la eg til informasjon frå wikipedia.

Arne Skare i retten

Eg finn det vanskeleg å skrive om det som har blitt kalla prestesaka i Valle, men i dag starta rettssaka mot Arne Skare i kommunestyresalen i Valle. Eg var der ikkje sjølv, men tankane mine var der, det er ein surrealistisk situasjon at presten vår er tiltalt for falsk melding til politiet.

Vi må truleg finne ein måte å ha ei sak om det i radioen i onsdagssendinga. Men eg synest det er vanskeleg. Det var store oppslag i Fædrelandsvennen i dag, og på nettet finn vi to artiklar/ reportasjar frå første dag i retten. Den finn du her, og det er lenker til mange artiklar om saka som har stått i Fædrelandsvennen tidlegare:
http://www.fvn.no/lokalt/setesdal/article739679.ece
http://www.fvn.no/lokalt/setesdal/article739657.ece

Også Vårt Land har skrive om saka:
http://www.vl.no/kristenliv/article4849467.ece
http://www.vl.no/kristenliv/article4850521.ece