Av høyheten opprunnen er

Dette var tema for Niklos sitt program i Postludium fyrste tysdagskvelden i det nye året. Den melodien heiter på tysk Wie schön leuchtet der Morgenstern, den er skriven av han som og laga teksten til salma, Philipp Nicolai, sjå nynorsk wikipedia: http://nn.wikipedia.org/wiki/Philipp_Nicolai

Det var vanleg å syngje ei salme etter at presten på talarstolen hadde hatt ei innleiing i gudstenesta på 1.-dagane før. Alle tre dagane hadde eit høgtidsvers på denne melodien, og joledagen hadde denne teksten.

I programmet spelte han fyrst ein koralkonsert av Michael Praetorius frå samlinga Polyhymnia Caduceatrix, ein versjon av Hassler Consort, dirigert av Franz Raml.

Deretter kom koralfantasi av Dietrich Buxtehude (BuxWV 223) spelt av domorganist Wolfgang Schwering på orgelet i St. Victor Dom i Schwering.

Så kom orgelkoral av Johan Pachelbel spelt av Wim van der Panne på orgelet i St. Jans kerk i Gouda.

Deretter var det ein svensk versjon, Gustav Wilhelm von Peterson Hägg sitt festpreludium over same stykke, spelt av organisten Per Thunarf i Klara kyrka i Stockholm, sjå http://sv.wikipedia.org/wiki/Klara_kyrka

Til slutt kom eit dansk versjon av Johannes Nørgaard frå hans samling Perikope – orgelkoraler til kirkeåret. Den vart spelt av domorganist Niels Henrik Nielsen på orgelet i Vor Frue Domkirke i København. http://no.wikipedia.org/wiki/Vor_Frue_kirke_%28K%C3%B8benhavn%29

Det var eit variert program, sjølv om same melodien gjekk att i alle verka. Eg fann Kirsten Flagstad sin versjon på Spotify og avslutta kvelden med den.

Salmer gjennom livet

Tysdag hadde eg eit innslag om programposten Salmer gjennom livet, som vert sendt i reprise på NRK1. Det var eit opptak som Nytt liv media hadde laga, her er lenke til programmet og omtale: http://www.nyttlivmedia.no/page.php?mtid=1&elid=860

Ingve Gilje intervjua rektor Oddvar Rotvik på Kongshaug Musikkgymnas. Rotvik fortalde at då programma vart laga i haust, var det to dagar med vinter. Difor er det nokså vinterlege bilete i serien no. Til våren vert det nye opptak der elever og lærarar løfter fram gamle og nye salmer, dei syng, og det er eigne arrangement for songane.

Kongshaug Musikkgymnas ligg på Os utanfor Bergen. Det var tidlegare Kongshaug Folkehøgskole, men Norsk Luthersk Misjonssamband, som eig skulen, gjorde den om til musikkgymnas. Her er lenke til skulen: http://no.wikipedia.org/wiki/Kongshaug_Musikkgymnas Der finn du og lenke til nett-tv hos NRK. Og her er ein omtale av programma hos NRK: http://shrinkalink.com/33614

Respons

Det nye året vart innleia på ein fin måte, sjølv om det var problem med å kome på lufta og eg ikkje kom opp før ti minutt etter programmet. Av og til er det utgjort.

Det fine var programmet Sangkveld, der eg spelte plata Ett barn är fött og las tekstar frå Bibelen mellom songane. Då programmet var slutt, plinga det i mobiltelefonen min, 9763 1408, og då eg opna meldinga, skreiv Siri Nordbø Melhus: TAKK for et flott program i kveld på Valle Radio med juleevangeliet og nydelig kor og orkester, balsam for sjelen! Godt nytt år. Husbonden hilser også.

Som om ikkje det var nok, då Niklos var ferdig med programmet Postludium, ringte Olav Føreland frå Søgne for å takke han. Olav hadde høyrt oss på Internett-streaming.

Av og til får vi spørsmål om respons, og då er det ikkje så mykje vi kan melde. Vi veit at folk høyrer på oss, men det er sjeldan vi får respons. Å få to tilbakemeldingar same kvelden, ved fyrste sending i det nye året, det var ein svært god start på eit nytt år.

No kan det kanskje skuldast at folk ikkje veit korleis dei skal kome i kontakt med oss. Difor har eg skrive mobiltelefonnummeret mitt i bloggposten i kveld. Om du vil sende ei tekstmelding, så er det strålande flott. epost til harhaugl (krøllalfa) gmail.com er og ein måte. Desse kan du og bruke om du vil sende kunngjering, slik Astrid Nomeland gjorde for kvinne møtet som var på Nomeland bedehus i kveld. Eg prøver å ha ein post for kunngjeringar når eg er i radioen.

Det er ingen tvil om at respons stimulerer radioarbeidet vårt, så det er fint å få tilbakemelding, det trur eg alle programleiarane set pris på.

Så tusen takk for ein fin start på det nye året.

Veke 1 i 2010

5. januar 2009

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Sangkveld
19:30 Nytt frå kyrkje- og kristenliv
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland: Av høyheten opprunnen er
21:00 Kyrkjebakken

Høyr på internett: http://www.valleradio.com/

I sangkvelden skal eg spele musikk frå plata Ett barn är fött. Eg legg spelelista her, så kan du sjå den. Songane er lagde opp som ein suite med lesing av bibeltekstar mellom. Eg vil prøve å få til å lese dei, då kjem programmet til å vare meir enn ein time, men det gjev ein større heilskap. Difor er det teksthenvisningar mellom songane:

1. Bereden väg för Herran
*Sakarja 9,9
2. Dotter Sion
*Hebrearbrevet 10, 35 – 37
3. Det susar genom livets strid
4. Sankta Lucia
*Lukas 1, 26 – 33
5. The Angel Gabriel
*Lukas 1, 34 – 35
6. Jungfru Maria
7. Coventry Carol
*Lukas 2, 1 -7a
8. Ett barn är fött på denna dag
*Lukas 2, 7b
9. Rocking
10. Away In A Manger
*Lukas 2, 8 – 12
11. Stilla Natt
*Lukas 2, 13 – 14
12. Ding Dong/Deck the Hall
13. Angels FromThe Realm Of Glory
14. Det är en ros utsprungen
*Lukas 2, 15 – 16
15. När juldagsmorgon glimmar
Lukas 2, 17 – 20
16. O, Come All Ye Faithful
17. Härlig är jorden

Hentet fra «http://no.wikipedia.org/wiki/Ett_barn_%C3%A4r_f%C3%B6tt»

Den norske sjømann

På NRK1 starta i kveld ein programserie på fire program som handlar om norsk skipsfartshistorie. Arne Hjeltnes frå Voss er programleiar, han gjer det med lette kommentarar og mykje innsikt. Vi fekk sjå innlasting av lastebilar og anleggsmaskinar i Yokohama, det var ikkje lite som fekk plass i buken på Wilhelmsen-skipet Tortugas, 12 meter høgt, det såg ikkje ut som ein båt, men det flaut jo.

Samstundes fekk vi interessante glimt frå oppbygginga av norsk skipsfart, denne fyrste kvelden handla det om reiarane. Dette var ikkje eit kritikk-program, men eit program som skulle syne noko av mangfaldet og historia, og vi fekk mykje om seilskuter og overgang til motorskip. Alt i alt var det interesseant.

Men det undrar meg at programomtalen på NRK sine nettsider er på bokmål. Eit så gjennomført nynorsk program, med ein profilert programleiar sitt nydelege normaliserte nynorsk med Vosse-dåm burde og fått programomtalen på nynorsk, særleg når programmet heiter Reiarane.

Arne Hjeltnes var heimom på Voss og peika på at sjølv der, 10 mil inne i landet, vert det brukt ei rekke ord som spring ut frå sjømannen sine uttrykk. Valle ligg truleg endå lenger inne i landet, men heller ikkje vår bygd er upåverka av skipsfart, ei rekke valldølar har seilt på norske båtar. Nokre hentar framleis inntekta frå havet, kanskje fleire frå oljerelatert arbeid i våre dagar.

Her er lenke til omtalen av programmet:
http://www.nrk.no/programoversikt/?p_otr_prog_id=PRHO65006107&p_otr_sendedato=20100103&p_otr_anntid=20.15&p_otr_kanal=NRK1&p_knapp=Omtale&p_artikkel_id=0

Løgumkloster

Eg har skrive om Svein Ellingsen her på bloggen før, i julehelga har eg lese Eyvind Skeie sin biografi om han som kom no i haust. Det er fascinerande å lese boka, ho kan anbefalast. Her blir det fortalt at forfattaren og Ellingsen reiste til Løgumkloster Refugium då dei skulle snakke saman om boka, og at Svein har vore der mange gonger i samband med skrivinga si.

Eg har tidlegare skrive om Løgumkloster, eg og Reidun var der for nokre år sidan på Løgumkloster Højskole på eit kortkurs som heitte Nordisk sang. Det var rikt på oppleving og læring, absolutt noko som kan anbefalast. Det er eit kurs som går kvart år, i slutten av juni, i 2010 skal det vere litt inn i juli. Vi har ikkje fått høve til å dra dit fleire gonger, familiære tilhøve har hindra oss frå det. Før jol kom programmet for komande år, og eg sa at vi burde prøve å kome oss dit denne gongen, men det er ikkje sikkert vi får det til komande sommar heller, for etter det eit jolebrev fortel, ser det ut til å dukke opp Amerikabesøk i Noreg på den tida. Vi får sjå.

Staden har betydd mykje for Ellingsen gjennom kontaktar han der har fått med hymnologar frå andre land. Salmene hans vart fyrst trykte i Danmark i ei samling som kom ut der, og derifrå kom dei inn i den danske salmeboka. Og i Danmark kan dei syngje alle versa av ei salme, ikkje bare fyrste og dei to siste, eller ein annan forkorta variant.

Så då høver det å avslutte med ei dansk salme, til og med nyårssalme. Brorson skreiv denne i 1732, Kirsten Bråten Berg syng den på plata Joletid:

1. Saligheten er oss nær, Opp mitt hjerte, opp min tunge,
Opp om Jesu navn og sjunge, Om hvor dyrebart det er!
Alt hva i meg er, seg fryder Til min Frelsers lov og pris,
At min nyårssang kan lyde Langt hen inn i paradis.

2. Å du kjære Jesu navn! Min forløsnings morgenrøde,
Paradisets førstegrøde, Bange sjelers trygge havn!
Troens sterke seiersfane, Håpets sterke ankergrunn,
Lyset på min trange bane, Trøsten i min siste stund!

3. Jesus oss til trøst og gavn Dette navn har villet bære,
Men han måtte tidlig lære At det var et smertens navn.
Han til blodet måtte stride For det frelsernavn han fikk,
All vår syndeangst og kvide Dypt han gjennom sjelen gikk.

4. Å, jeg er en synder stor! Det er all min navneære,
Bedre kan det ikke være Når jeg hører lovens ord.
Men da du er Jesus blevet, Og fordi min skyld du tok,
Derfor står mitt navn innskrevet Deilig nå i Livets bok

5. Jeg skal opp i dommen stå, Inn med fryd i himlen stige,
Og i herlighetens rike Skal jeg livets krone få.
Hvite klær og palmegrene, Engledrikk av livets flod,
Dette nyter jeg alene For min Jesu navn og blod.

6. La det navn, o Jesus, som Du for meg har villet bære,
Alltid meg i tanker være Hvor jeg går i verden om!
Og i dødens siste dvale La det styrke sjel og sinn,
At jeg må om Jesus tale Til jeg går i himlen inn!

Takk for det gamle året

Her kjem den oppsummeringa eg snakka om i går.

Melodi: Nå har vi vaska golvet

No er me atter samla til jolebord i dag,
syng same melodien for tredje år i lag.
Ein tradisjon me saman har, den er så fin og flott,
så lat oss saman minnast det året som har gått.

For året som ligg bak oss no – var ganske innhaldsrikt
og litt av det nok passar inn – i jolebordets dikt.
Me først vil gratulere, for mange fekk ein pris,
og songen vår er heder – på litt forsiktig vis:

Paal-Helge fekk St. Olav og var vår æresgjest
då heile bygda stilte opp – og feira det med fest
Og Kvedar-Kim si plate gav lovordstraum så stri
og heder – Årets unge – for to tusen og ni.

Vår felespelar Hallvard fekk kulturpris i år,
og Thomas Viki, avløysar, gjev bønder betre kår.
og midt i sentrum Hasla ligg, dei fekk og heim ein pris
som handverkar markerte seg på aller beste vis.

I år kom motorsporten vår på statsbudsjettet inn,
til hausten startar skulen som – gir glød i kalde kinn.
Og hip-hop kom til Valle på danseverkstad stor
til Stuttgarts reisemesse kom folk frå høge nord.

Om hyttebygging stoppa opp på Furestøyl ei stund
det poppa opp med bustader på Rysstads byggegrunn.
Ny næringshall på Rysstad, i Valle hus for NAV
og ombygging på skulen, det vart det noko av.

Ei kraftlinje vart opna og Bleieboden veks
På Esso får me komper og ikkje bare kjeks.
Motellet kom i gang att, i Øyne verkstad kom,
så mangt og mykje skjedde – som me kan røde om:

Har du hatt influensa – ell’ vart du vaksinert
litt kan du vel fortelje, men ei for detaljert.
Så snu deg til ei side og gje din ven eit smil,
ta turen til buffeten – ein gong og ein gong til.

(Jolebordsong til Valle kommune sitt jolebord 2009)

Diverre vart lagring 31 sekund for seint til å kome på 31. desember. Så får det vere ein god start på eit nytt år i staden. Godt nyttår!