Sosiale medier

Dette var temaet på eit møte som Valle Radio arrangerte i kveld klokka 16:30 i kommunestyresalen i Valle. 10 – 15 personar møtte opp for å høyre om sosiale medier frå Kristian Osestad og Øystein Hjorthaug, som jobbar i Fundament reklamebyrå i Kristiansand.

Vi fekk høyre at dei hadde vore med på eit møte om dette på Sylvgarden i fjor, og etter det hadde dei samarbeidd med Hasla om eit prosjekt. Før møtet hadde dei hatt foredrag for Valle kommune.

Etter møtet i kommunestyresalen kom dei til studio i Valle Radio og snakka om sosiale medier i den aktuelle timen. Øystein tok bilete av meg og Kristian og la ut på nettsidene deira http://www.facebook.com/photo.php?pid=3441145&id=79944805885&ref=mf
medan dei var i studio, det er slik sosiale medier fungerer: Bilete vert teke og lagt ut på nettet, delt med andre. Det var i grunnen slik internett oppstod, akademikarar hadde trong for å dele dokumenter med kvarandre på ein enkel måte. No deler ein kunnskap og bilete og informasjon om daglegliv ned til minste detalj. Wikipedia har ein liten artikkel om sosiale medier her: http://no.wikipedia.org/wiki/Sosiale_medier

I studio snakka vi saman om firmaet deira og om sosiale medier som facebook og Valle Radio si side på Facebook. Ein skjøner at vi bare er i starten av å bruke dette systemet og at det har mange bruksmåtar som vi knapt har oppdaga enno.

Eit forhold som eg likar godt er at Britta Lise sender ut epost om kveldens program. Det kjem rett i postkassen min. Ørnulf fortalde på møtet at mange ikkje likte det, epostkassen på mobiltelefonen vert så fort full. Eg vonar at Blise ikkje sluttar med å sende informasjon til oss som er på Valle Radio si liste på Internett, vi har nesten 500 medlemmer der.

God respons

Det verka å vere lett å samle stoff til sendinga i morgon, plutseleg var det meste på plass.

Eg var innom på Coop Valle måndag kveld, og der var det blitt mykje nytt i innreiing. Når eg oppdagar slike ting, synest eg det er greitt å få noko om det i radioen, så eg spurde Gunnar om han ville kome og fortelje, og det var ikkje nei i hans munn.

Medan vi stod der og prata, kom ein kunde til. Det var den nye taxisjåføren i Valle, og Gunnar meinte at eg burde ha henne i eit intervju og. Eg greip sjansen med det same, og sjølv om ho ikkje hadde tenkt på noko slikt, var ho sporty og slo til.

Så skal det vere eit møte om sosial medier i kommunestyresalen i morgon. Det startar 16:30, og truleg kan vi få til eit intervju der. Til slutt kan vi snakke litt med Laila Homme om Quiz-kveld på Valle Motell onsdagskvelden klokka 21, så då er timen full.

I timen frå 20 til 21 hadde eg avtalt å ta ein telefon om lag 20:30 til Annemor Sundbø, som lanserer den nye boka si i Kristiansand i morgon. Så då hadde eg open ein halv time frå klokka 20, og den la Sissel Åkre beslag på då eg møtte henne på biblioteket i dag. Ho lurte på kva tid eg skulle intervjue henne om korleis det er å vere pensjonist. Så då vil ho vere med meg heile timen, ho trudde nok at ho var ferdig på spitekafeen til klokka 20.

Det er sjeldan det er så enkelt å finne stoff som det var denne gongen, så du kan bare setje deg ned og glede deg til ein triveleg onsdagskveld med Valle Radio. Gå på heimesida vår og klikk på ei av lenkene, så får du høyre også om du ikkje er i nærområdet. (I kveld var det visst litt problem med Internett, men det skal vi fikse til i morgon.)

Program for veke 3, 2010

Tysdag 19. januar

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Sangkveld med Mandal kantori
20:00 Aktuelt frå kyrkje- og kristenliv landet rundt
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland. Kveldens tema er spansk orgelmusikk.
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 20. januar

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Marcel Tiedje
Telefonvakt: Gudrun Nomeland

18:00 Aktuell time
Her kjem Gunnar Brottveit i studio for å fortelje om fornyinga av butikken.
Og så vert det eit innslag om taxi i Valle.

19:00 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
19:30 Kommunen informerer. Kari Thorbjørnsen frå pleie og omsorg
20:00 Haralds time.
Mellom anna vil eg ha ein telefonprat med Annemor Sundbø som lanserer den nye boka si i Kristiansand onsdag kveld klokka 18.
21:00 Opi sending., Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike

Les på bloggen: http://valleradio.blogs.no/
Høyr på Internett: http://www.valleradio.com
Telefon for helsingar frå 20:30: 379 37577

Kildevang 2

Frå Salme 84:
5 Salige er de som bor i ditt hus, de skal alltid love deg. Sela.
6 Salige er de som har sin styrke i deg, de som lengter etter å dra opp til templet.
7 Når de drar igjennom den tørre dal, gjør de den til en kildevang; høstregnet dekker den med signing.
8 De går fra kraft til kraft, til de trer fram for Gud på Sion.

Dette er teksten på den fyrste songen på plata Kildevang, som eg skreiv om i går. Å gjere ein turr dal om til kildevang, det er litt av ei oppgåve. Salmisten peikar på at dei som har sin styrke i Herren Gud, fungerer som haustregnet på turr jord, grunnlaget for vekst finst der.

Av og til møter ein slike menneske. Det er ei velsigning, ein er rikare etter slike møte. Det er som om det tek til å spire og gro i ein sjølv.

I dag har eg kjent meg som ein turr dal i høve til ei oppgåve eg skulle ha på wikipedia. Der har vi ein konkurranse kvar veke, og i nokre veker har eg hatt ansvar for å lage grunnlaget for konkurransen, slik at det er klart når den nye veka startar klokka 00 måndag. Men føre arbeidet med opplegget for konkurransen denne veka, var eg heilt tom, eg hadde ingen idear til opplegget.

Nå er det slik at ein kommuniserer meir og meir på nettet, og for å lage wikipedia er slik kommunikasjon heilt naturleg. Så eg tok kontkakt med nokre andre av dei som skriv på nettleksikonet og spurde om dei hadde høve til å veksle ord med meg. Dei hadde det, og vi snakka litt saman om konkurransen og det som var temaet for neste veke. Det temaet hadde blitt sett opp tidlegare, men ikkje utvikla noko.

Medan vi snakka saman, tok ideane til å forme seg, og etter bare ein halv time var det nok til å gå i gang med å gjere opplegget klart. Så ved midnatt ligg det ein ny konkurranse og ventar på wikipediaskribentar. Komande veke skal det vere eit historisk tema. Vona er at vi skal få nye artiklar og fikse på artiklar vi alt har som er relatert til det temaet.

Eksemplet var enkelt og ikkje spesielt åndeleg, seier du kanskje. Eg er ikkje usamd med deg i det. Men det enkle og det som får kvardagen til å fungere, det er og ein del av livet. Og dei som kom med hjelpa, ante vel knapt sjølve at dei hadde same funksjonen som den salmisten syng om eller at den funksjonen var omtala i salme 84. Og Tormod Lindland, som skreiv sangen som Mandal kantori syng på plata Kildevang, han fekk inspirasjonen til ein vakker sang som la grunnlaget for at eg kunne skrive denne bloggposten i kveld. Om han nokon gong kjem til å lese den, tvilar eg på, men likevel vart han ei slik kjelde til å endre den turre dalen.

Takk for musikken.

Kildevang

Dette er namnet på plata som Mandal kantori gav ut då dei fylte 20 år i 2008. Det er blitt eit vakkert verk, og tysdag vil eg spele frå den plata i Sangtimen i Valle radio. Dirigent er kantor i Mandal kirke, Tormod Lindland, og koret har nærare 70 medlemmer, så det er ingen liten flokk som syng. Koret har artikkel på wikipedia, sjå her:
http://no.wikipedia.org/wiki/Mandal_kantori Der er det og lenke til heimesidene til koret.

Her fylgjer sporliste frå plata, som har heile 20 spor:

1. Kildevang. Tormod Lindland, tekst Salme 84,5-8. 3:06
2. Almægtig Gud, hvor kostelig. Melodi av Ola Bremnes, tekst Petter Dass. Arrangement av Bjørn Andor Drage. Solist Erik Grøsfjeld. 3:18
3. Bruremarsj fra Østerdalen. Arr. Per Indrehus. 2:48
4. Lord, I know I been changed. Negro spiritual, arr. Calvin Bridges. 4:10
5. Kyrie. Iver Kleive. 5:12
6. Michelle. Lennon/McCartney, arr. Karl-Fredrik Jehrlander. 3:04
7. Surely goodness and mercy. Svein Møller. Tekst Salme 23,6. 2:34
8. Den fyrste song. Lars Søraas, Per Sivle, arr. Henning Sommerro. 2:44
9. Bud i fra Herren. Folketone fra Grindheim, arr. Bjarne Sløgedal. 1:48
10. Den store, hvite flokk. FOlketone fra Heddal, arr. Edvard Grieg. Tekst H.A. Brorson. Solist Ulf SIngstad. 2:56
11. Laudate Dominum. W.A. Mozart, tekst Salme 117. Solist Karin W. Dahl. 4:04
12. Cantique de Jean Racine. Gabriel Fauré. 5:22
13. For God so loved the world. Salme fra New Orleans, etter C.S.Davenport og S. Berfect. Solist Helene Ugland. 5:29
14. Vårsøg. Henning Sommerro. Tekst Hans Hyldbakk. Solist Ulf Singstad. 3:41
15. O Rex gloriae. Giovanni Perluigi da Palestrina. 3:20
16. The Lord is my shepherd. Steinar Eielsen. Tekst Salme 23. 4:41
17. Tvil, håp og kjærlighet. Halfdan Sivertsen. Arr. Tormod Lindland. 3:43
18. I himmelen. Edvard Grieg. Laurentius Laurenti. Solist Kai Stoveland 5:33
19. Bli hos oss. Egil Hovland. Fra operaen Fange og fri, tekst Britt Hallqvist. 2:48
20. Herrens velsignelse. Tormod Lindland. Tekst fra Den norske kirkes liturgi. Solist Bjørn Hunt. 3:32

Orgel: Ian Richards
Flygel: Reidar Skaaland, Ian Richards på Laudate Dominum
Harmonium: Håkon Sødal
Bass: Jan Kristian Stoveland
Fløyte: Lena Hundstad
Saksofoner: Narve Kristiansen
Cello: Kjersti M. Haraldstad
Munnspill: Frode Eikrem
Dirigent. Tormod Lindland
Lydtekniker: Roald Råsberg, Sanden Studio
Produsent: Jon Kleveland
Cover: TRIK kommunikasjon
Foto: Trude N. Omland
Opptak i Mandal kirke – mai 2008

Bilfritt i Bergen

I dag var det forbudt for bilar med partal til slutt i nummeret å køyre i Bergen. I eit innslag på Dagsrevyen vart det sagt at biltrafikken var redusert med 30%, og det til sjølv om tiltaket ikkje hadde konsekvensar før helga, men ville få det frå måndag. No vert det ikkje nokon konsekvens av akkurat dette, for i dag kom det endeleg vind til Bergen og gjorde lufta leveleg, og i morgon er det venta meir vind, så truleg er faren over for denne gongen.

Innslaget på TV fekk meg til å minnast vinteren 1973-74. Då budde vi i Bergen, og det var god plass i gatene dei helgene som det var forbode å køyre. Dei kalla det oljekrisa 1973, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Oljekrisen

Det var denne perioden vi fekk det kjende biletet av Kong Olav som tek trikken for å dra på skitur. Her er lenke til biletet og til eit innslag i Norgesglasset 24.januar 2005 i nrk om saka: http://www.nrk.no/underholdning/store_norske/4544536.html

På den tida vart store tankskip lagt i opplag i norske fjordar, bensinstasjonane måtte stenge klokka 19 alle kvardagar og dei var og stengde i helgene. Folk hamstra bensin på alle slags kanner og prisen steig kraftig. Utgangspunktet var at landa som produserte olje ville straffe landa som støtta Israel i Yom Kippur-krigen, sjå
http://no.wikipedia.org/wiki/Yom_Kippur-krigen

Det året var det ein mild vinter, så rasjoneringa som var førebudd frå januar, vart ikkje sett i verk. og i løpet av februar var alle restriksjonane oppheva og trafikken gjekk som før.

Når ein skal mimre, er wikipedia god å ha. Men Store Norske Leksikon er ikkje heller å forakte. Difor er eg lite glad for meldingane som kom denne veka om at leksikonet ikkje vert oppdatert etter 1. juli i år om ikkje det kjem på plass ei finansiering frå Staten. Der er eg helit enig med Erik Newth, sjå bloggen hans:

Store Norske Leksikon mot slutten?

Og det var alt i kveld.

Ny start

I kveld starta onsdagssendingane att. Det var Ronny Stavsholt som hadde ansvaret, og Marcel var teknikar. 20. dag jol var litt av tema, og musikken Ronny hadde funne, var jolemusikk i litt ulike rytmer, akkurat når eg skriv dette, spelar han Jingle Bell Boogie, og han har ei evne til å finne fengande musikk som eg er imponert over.

Eg fekk ikkje med meg starten, då eg kom inn i sendinga, avslutta han samtale med Solveig Ose i Ose Mat og Kultur om maskeradeballet dei skal ha på Ose Grendehus til laurdagskvelden. Inngangspengar er 200 kroner, men 150 for dei som har kostymer.

Det var Torleif B. Harstad som hadde Tankar frå Bibelen, i kveld hadde han musikk av Åge Samuelsen.

Deretter kom David Tharaldsen i Kommunen informerer. Han hadde informasjon basert på Bygdenytt, litt ulike tema, så den halvtimen gjekk fort. Vakker musikk hadde han og funne. Dei snakka mellom anna om prosjektet med å få liv på småbruk som er nedlagde. Valle kommune har engasjert ein prosjektleiar for å prøve å få folk til å leie ut eller selje bruk som står tomme og ho vil gjerne få besøk av folk som kunne tenke seg å vite meir om dette.

I timen mellom 20 og 21 hadde han med eit par sylvsmedstudentar som snakka om juletradisjonar i sør (Santiago i Chile) og nord, både mat og nisse. I Chile er det midt på sommaren, så der har dei grillfest til jol. Mykje musikk var det i denne timen, med odde songar “Eg likar desse odde songane,” sa Ronny. In dulce jubilo med Mike Oldfield var ein versjon av Jeg synger julekvad som hadde både driv og dynamikk. Felice Navidad var ein chilensk song som blanda spansk og engelsk. Med Spotify var det eit par klikk, så gjekk den ut i eteren.

I dag las eg i avisa at i løpet av fem år er truleg CD historie, då kjøper folk musikk på nettet og ikkje i musikkforretningane. Han som skreiv artikkelen ville nok heller ha hyllene med cd-ar i stova, men i Valle Radio er Spotify-systemet glimrande for å finne ein sang.

Program for veke 2, 2010

12. januar
Inga sending

13. januar
Ansvarleg: Ronny Stavsholt
Teknikar: Inga Flateland
Telefonvakt: Berit og Ingebjørg Ellinor

18:00 Aktuell time
19:00 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
19:30 Kommunen informerer. Rådmann Arne Tronsen
20:00 Ikkje avklara program
21:00 Opi sending med Henri Tore Viki

Les på bloggen: http://valleradio.blogs.no/
Høyr på internett: http://www.valleradio.com/

Sundagskveld

For eit par dagar sidan skreiv eg om programmet som Kongshaug Musikkgymnas har klokka 17:30 sundagskvelden i serien Åpen himmel, der dei har fleire sangprogram med tittelen Salmer gjennom livet. Programmet i kveld var nydeleg, med dikt av Tove Houck, ho er bibliotekar i Kristiansand, salmer av Svein Ellingsen, busett på Saltrød ved Arendal, og unge røyster i vakker samklang. Eg var glad eg fekk det med meg i kveld, eg hadde ikkje tidlegare sett desse programma.

Elles har eg i løpet av sundagen fått avklart at Ronny Stavsholt tek onsdagsprogrammet komande veke. Eg var sett opp, men må kaste inn handkleet komande veke, ettersom eg har fått isjias og vanskeleg kan fote meg. Det stikk i korsryggen og nedover i høgre lår og kne, så det er ei sann plage. Vonar at det går over når eg held meg heime nokre dagar. Heldigvis er temperaturen på veg oppover att, i dag har det vore bare ei kuldegrad, det kan ein nok leve betre med enn det vi har hatt den siste tida. Einaste gode må vere at flåtten vanskeleg overlever når det vert så kaldt som vi har det nå, det sa dei i Sørlandssendinga sist veke.

Når straumen vert borte

I kveld vart straumen borte hos oss og naboen. Det var litt rart å sjå fullt opplyste hus hos andre naboar, men det var ikkje anna å gjere enn å ringe til leverandøren og smørje seg med tålmod. Og så heller ta det som ein smak av ei anna tid.

Ikkje TV, ikkje Valle Radio (dei sender no heller ikkje ein laurdagskveld, men Lindesnes Radio gjer det) eller annan radio, ikkje data, ingen musikk, kan ikkje spele på det elektroniske orgelet heller. Bare stearinlys. Og nokre ekstra vedskier i omnen, for varmepumpa tok tidleg kveld. Laurdagskospizzaen vart varma på vedomn, han vart god nok den, men te orka vi ikkje å lage, så det vart kald melk.

Det var nok ein feil i nettet, for etter eit par timar blinka det i lysa att, og så var straumen tilbake, vi høyrde ikkje noko frå feilrettarane, dei har min største vørnad, sjølv om det bare var -3 grader ute. Ikkje så mykje å snakke om, kanskje, dei er vande med å måtte ut i all slags ver, men eg som frys om det vert under 20, kan ikkje anna enn å beundre dei som gjer at samfunnet fungerer.

Utan straum stoppar det meste. Heile det normale livet er basert på at straumen skal vere der: Når vi fyller bensin, treng pumpene straum og når vi betalar med kort, treng vi straum. I våre dagar er det meste av telefonar og straumdrivne. Og fryseboksar og kjøleskap og respiratorar og kuvøser, nå ja, sjukehusa har vel straumaggregat og klarer seg høveleg om straumen går.

Men etter kvart ser ein kor mykje som er basert på straum. I denne kuldeperioden kan eg ikkje anna enn å vere glad for at vi har han, ja eg til og med undrar meg av og til litt over livet før straumen kom. Truleg la folk seg tidlegare enn vi gjer. Men no er det tid for meg og å ta kveld.