Tilgjeving

Eg var i kyrkja i dag, presten tala om tilgjeving, det har blitt eit tema som er oppe i mange samanhengar. Så nemnde han presten i Kristiansand, statsråden i Oslo og biskopsonen i Oslo. Alle tekstane i dag hadde eit slikt perspektiv, frå Peters spørsmål om kor mange gonger ein skal tilgje, til Josefs brør i Egypt, som ba om tilgjeving for å ha sendt han dit.

Per Ragnar Haraldstad synte til ein artikkel i Fædrelandsvennen torsdag som Paul Leer Salvesen hadde skrive, den handla om det same, og han bad oss gå heim og finne avisa og lese den.

Her er lenka: http://www.fvn.no/mening/debatt/article717002.ece

Les gjerne artikkelen.

Paul Leer Salvesen var i Valle på kulturveka 2009 og talte om det same emnet, og det kom ganske mange folk den kvelden, eg trur dei snakka om 50 på filosofikafeen i år. Så emnet er aktuelt i våre dagar og.

Meir om folkehøgskulen

Komande onsdag klokka 18 skal formannskapet ha møte. Der skal dei handsame ei sak om igangsetting av hovudprosjekt i folkehøgskolesaka. Rådmannen si tilråding er slik:

Det vert løyvt kr 100.000 til delvis finansiering av prosjektleiarstillinga- løyvinga disponerast av interimsstyret. Det skal setjast av midlar til prosjektarbeidet i budsjettet for 2010. Det vert løyvt inntil kr 450.000 til kommunalt førebuingsarbeid.

Kr 550.000 vert dekt slik:

Fond leigeinntekter Åraksøyne kr 400.000
Ubruka lån Åraksøyne

I saksutgreiinga skriv han mellom anna:

Den nyskipa folkehøgskulen vil føre til ei styrking av skulemiljøet og ha monalege positive økonomiske verknader for lokalsamfunnet. Folkehøgskulen skal drivast gjennom eigen juridisk person, truleg ei stifting. Drifta av folkehøgskulen er regulert i folkehøgskulelova.

Av di det er særs kort tid fram til oppstart hausten 2010, er det viktig med tydeleg rolledeling og ei rask start på naudsynte førebuingar.

Det er lagt opp til at kommunen yter tenester og stiller bygg til rådvelde gjennom leigeavtaler og tenesteavtaler.

I går skreiv eg at noverande Hylestad skule kunne nyttast som stad for teoriundervisninga om skulen på Nomeland ikkje lenger skulle vere grunnskule. Det vil gi skulen ein eigen og tydeleg identitet. No har Lene oppretta ei eiga gruppe på Facebook for skulen. Gruppa har alt fått 178 medlemmer, den er open, slik at alle kan lese innlegg. Ta gjerne turen innom gruppa og bli medlem. Det har eg gjort.

Den nye folkehøgskulen

Onsdagskvelden var Wenche Gundersen i Valle Radio. Ho gjekk gjennom nokre av elementa i det komande budsjettet og kom til å nemne den nye folkehøgskulen som skal etablerast.

Med bakgrunn i det eg har høyrt om at nokre tenkjer at ved å slå saman Hylestad skule med Valle skule, kunne ein i tillegg til å spare pengar få fulldelt skule på alle trinn (og ikkje som no fådelt både i Valle og Hylestad), kom eg til å kommentere at då kunne den nye folkehøgskulen nytte Hylestad skule som stad for teoriundervisninga. Den er vel tenkt å skulle føregå til ein viss grad i lokala til Valle vidaregåande skule og eventuelt på Åraksøyne, men viss ein har ledige bygningar på Nomeland, ville det etter mi meining vore ein flott plass for å starte opp den nye folkehøgskulen. Der den ligg ved vegen ville den i seg sjølv vere reklame for alle som køyrer til Hovden, mange av dei kunne nok vere potensielle elevar for ein slik skule. I tillegg ville ikkje bygningane verte ståande tome, noko som sikkert ville gje hovudverk til mange med tanke på at ein har lagt ned ein stor innsats for å få bygningane tenlege for skuledrift.

Planen er jo at elevane skal bu på internat i Valle, men ha øvingsområdet for motorsport på Åraksøyne. Hylestad skule ligg jo midt mellom, så om dei starta der med teoriundervisning før dei drog vidare til praksis, ville ikkje ei slik løysing medføre meir transport.

Eg ser at komande onsdag skal formannskapet ha møte om saka. Sak 123-09 heiter Etablering av folkehøgskule – igongsetjing av hovudprosjekt. Dei har knapt med tid, for tidleg på nyåret tek folk til å søke skular for neste skuleår. Då burde brosjyra vere klar, og det er sikkert lurt med bilete motorsport og miljø. Om mange ting ikkje er på plass, vert reklamen lite presis. Så no hastar det.

Eg skal kome tilbake med meir info frå formanskapspapira etter kvart.

Æresmedlemmer i Valle Bygdekvinnelag

Valle Bygdekvinnelag har fått fem æresmedlemmer. Dei vart utnemnde på årsmøtet som vart halde på Valle Motell sist tysdag, 27. oktober. Det var Inga Flateland som presenterte dei på møtet, og æresmedlemene var Birgit Tveiten, Petra Homme, Ingebjørg Vegestog Homme, May Liss Flateland og Anne Lise Harstad.

Alle desse medlemene har vore aktive i ei rekke oppgåver og nemnder i laget, og fleire av dei har og hatt oppgåver i Aust-Agder Bondekvinnelag. Og laget har vore svært aktivt, bøker om mat-tradisjonar, songleikar og klede. Laget har og gjeve ut kalender med gamle bilete. Ingjerd Modal frå Høvåg, leiar i Aust-Agder Bygdekvinnelag var svært imponert over aktiviteten. Ho kunne og helse frå sentralt hald, der dei knapt hadde høyrt om at eit lag hadde utnemnt fem æresmedlemmer på ein gong før.

No fekk alle fem kvinnene diplom og ein orkidé og stor takk for innsatsen. Dei var alle svært overraska over dette, men i ettertid forstod dei kvifor andre medlemmer hadde spurt dei om dei skulle på årsmøtet. Anne Lise fortalde at ho hadde vore for sein til å melde seg på, men hadde fått ein sms med spørsmål om ho skulle på årsmøtet, og no skjøna ho kvifor.

I sendinga vår fletta eg inn song av Fjoruven, den musikkgruppa som alltid spelte på jolemøtet til Valle Bygdekvinnelag. Dermed fekk vi høyre både Sauekjøt-sangen og Voi, voi.

Vi avslutta innslaget med Cliff Richards Congratulation og sender våre varmaste gratulasjonar frå Valle Radio.

Gann

Skuleskipet Gann feira 60-årsjubileum fredag i sist veke, siste fredag i oktober. Dei kom i gang etter eit par års planlegging, Unge Sjømennsk Kristelige Forening hadde vyer og på seksti år har over 13.000 unge fått opplæring på skipet, som held til i Stavanger.

Tysdagskvelden sende eg eit intervju med noverande kaptein der, Tor Egil Fjelde. Han er både kaptein og rektor, og han kunne fortelje om ein vidaregåande skule med elevar frå heile landet, i år var dei frå 15 fylker, og skulen har svært god søking. Eg noterte at dei har 127 elevar, det var 510 som søkte, og alle fullfører skulen og får lærlingeplass etterpå. Alle bur ombord, og skulereglane seier at dei skal starte dagen med andakt, så det gjer dei.

Men sjølv om dei får eit godt tilskot frå staten, det skal dekke 85% av driftsutgiftene, men diverre bare driftutgiftene som staten godkjenner, og det blir fort til at skulen treng meir enn staten vil godkjenne. Difor har dei problem med å få driftsbudsjettet til å strekke til. Det som staten ikkje dekker, må dei dekke ved gåver, og dei får noko får næringslivet, men det er ikkje så lett å få inn det siste dei treng.

Rektor Fjelde fortalde at dei såg lyst på framtida, det trengst framleis sjøfolk både i ferjetrafikken og anna skipsfart.

Då eg var rektor på Hadsel Folkehøyskole, hadde vi eit visst samarbeid med Gann, så eg var på skulen nokre gonger, og når dei gjekk på nordkappturar om sommaren, hende det at dei kom innom Hadsel. Ein gong hadde dei fått ledige plassar på grunn av sjukdom då dei kom nordover, og då inviterte dei meg og Reidun til å vere med. Det var ei stor oppleving.

Gratulerer med 60 år.

Her er aktuelle lenker:

http://www.gann.no/index.cfm?id=68424 Skipets heimeside
http://no.wikipedia.org/wiki/MS_%C2%ABGann%C2%BB Wikipedias artikkel om Gann
http://www.aftenbladet.no/lokalt/article467979.ece Artikkel i Stavanger Aftenblad

Vegen vidare

Dette var temaet for Per Emanuelsen på eit møte i kommunestyresalen i Valle sist veke. Bjørgulv T. Berg var på møtet og tok opp talen, og den sender vi i Valle Radio tysdagskvelden 3. november klokka 19:30.

Det er eit problem at eg i så liten grad er i Valle i helgene, for det vert for få lokale opptak som eg kan sende i tysdagssendingane. Før, då vi budde her, var det lettare å få gjort opptak som kunne brukast i radioen og dermed dele noko av det som skjer med folk som av ulike grunnar ikkje har høve til å vere til stades.

Nå var det ganske mange til stades onsdagskvelden i Valle kyrkje, men vi vil likevel sende opptak frå det arrangementet og, det er jo ikkje så ofte biskopen er på ein ekstra tur til Valle, han har jo eit stramt reiseprogram som biskop i Agder og som preses for dei norske biskopane. Så sjølv om kvelden ikkje ga så mykje ny informasjon, skal vi sende opptaket til glede for dei som ikkje hadde høve til å vere til stades.

Program 3. og 4. november 2009

Tirsdag 3. november

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Sangkveld
19:30 Per Emanuelsen: Vegen vidare
20:10 Aktuelt frå kyrkje- og kristenliv
20:30 Postludium. Niklos K. Besteland har musikk til alle helgens dag
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 4. november

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Inga Flateland
Telefonvakter: Bitte og Ingebjørg Ellinor

18:00 Aktuell time
19:00 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
19:30 Kommunen informerer ved Wenche Gundersen
20:00 Prestesaka. Opptak frå biskop Olav Skjeveslands besøk i Valle kyrkje
21:00 Open sending. Rolf Erik Homme

Telefon 379 37577 frå klokka 20:30 for helsingar og svar på rebusar