Bruke opp stoffet

I går skreiv eg om heile sendinga i ein bloggpost, så då brukte eg opp heile stoffet som eg elles kunne spreidd utover i fleire avsnitt.

Dermed må ein rote litt rundt i aktuelle tema for å finne ut kva ein skal skrive om.

Det mest aktuelle temaet er då skulesaka i Valle kommune. Skulegruppa har arbeidd med saka og legg fram to framlegg for kommunestyret til drøfting. Du bør ta ein tur inn på Valle kommune sine nettsider og finne kommunestyrepapira, slik at du veit kva dei snakkar om når du høyrer på sendinga neste onsdag. Du kan og gå innom på biblioteket og lese saka, eller på velkomstsenteret og få ein kopi.

Eg skal prøve å få sakspapira i ei form som gjev meg høve til å sitere noko i ein seinare bloggpost.

Triveleg

Så har eg høyrt endå ei triveleg onsdagssending i Valle Radio. I kveld var det Ørnulf som hadde ansvaret, og han hadde nytta opptakaren godt. Først var han på IntermEsso, EksprEsso, kjært barn har mange namn, og prata med folk som sat der fredagskvelden frå klokka 17. Det var både unge og eldre med i samtalen. Sjølvsagt var eldsjelene Sissel Åkre og Astrid Kyte med, men og tiandeklassingar og sjefen i Utviklingsavdelinga, David Tharaldsen.

Etter det var han på Valle Idrottslag sin basar i Frikyrkja og prata med Tarald Myrum. Vi fekk vite at basaren har lange tradisjonar i Valle, og sjølv om dei slo saman dei to laga for nokre år sidan, heldt dei fram med å ha basaren i Frikyrkja. I tillegg var det og premieutdeling for aktivitet som har vore i sommar.

Etter eit slikt innslag var det naturleg å ta ein telefon til Ragnar Aas på Evje. Han er primus motor for basaren som Misjonssambandet sine kvinneforeningar i Setesdal samlar folk til komande laurdag og kunne fortelje at det var nr. 26 i rekka av basarar dei hadde. Med start klokka 11, møte klokka 13, 16 og 18 og loddsal mellom møta, vert det ein hektisk dag. Før om åra har dei fått inn om lag 300.000 kroner, og dei vona på det i år og. Men i år selde dei ikkje eple, det har vore så mykje eple i år at Ragnar Aas rekna med at dei ikkje ville fått salg på dei om dei hadde hatt eple å selje.

Deretter hadde Håvard Viki andakt, før David Tharaldsen dukka opp i Kommunen informerer att. I tillegg til å fortelje om kulturprogram framover mot jol, snakka han og om småbruksprosjektet, der dei har mål om å få folk på ti tome småbruk i løpet av ti år. Det er tilsett prosjektleiar der, ho skal starte frå nyttår. I Vest-Telemark har dei hatt gode resultat av eit slikt prosjekt.

I timen mellom 20 og 21 var det opptak frå aktivitetsdagen på Tveitetunet. Då fall eg litt av lasset og fekk ikkje med meg heile programmet, men det var den dagen då bygdekvinnelaget synte fram klesdrakter frå boka Rette klede i Setesdal.

Kvelden vart avslutta med Opi sending som vanleg. Den var det Jorunn Lund Harstad som hadde, og ho hadde med seg Kåre Rike i studio. Rebusane handla om utstillarar på Tveitetunet og hovudstader i Europa, i tillegg skulle folk finne ein sang ved hjelp av ei strofe. Sjølv ringde eg inn og son Den norske sjømann er et gjennombarket folkeferd, og sanneleg trekte dei meg ikkje ut til å vinne ein damaskduk, gåve frå Gyro K. Homme. Tusen takk til Gyro og folka i studio. Teknikar denne kvelden var Jørund Georg Jore og Torleif Haugen siste del av kvelden. Og telefonvakter var Torbjørg Hoftuft og Gudrun Nomeland.

Shillong

I dag handla kåseriet mitt om wikipedia, som det gjer av og til. Det er vel slik at når ein er oppteken av noko, så kjem det ut litt oftare enn det kanskje skulle. Men det er no situasjonen.

Eg fortalde om at vi har starta noko vi kallar Ukens konkurranse. Du som les bloggen veit at eg skreiv om det sist veke, då eg fortalde at vi skreiv biografiar om folk som har vore omtala i Hvem Hva Hvor. Vi hadde 209 røde lenker, det vil seie folk som ikkje det var artiklar om. I løpet av ei veke kom vi i mål med artiklar om alle saman.

No er konkurransen om byar i India. Der er det mange store byar, og vi hadde ei liste med nesten 600 byar som ikkje hadde artiklar. Ikkje eingong delstatshovudstadene hadde fått artiklar, så det var nok å ta av. Eg enda på 2. plass i biografikonkurransen, men har ikkje teke mål av meg til å kome høgt denne veka. Men så såg eg at det var ein by der som heiter Shillong, og det verka litt kjent, sjølv om eg aldri har vore i India, og ikkje har planar om å reise dit heller.

Men syster mi og mannen var misjonærar i Bangladesh, i ei folkegruppe som heiter khasi, og det bur ein del av denne gruppa også i India. Kor i India, tenkjer du. Heilt rett, i området rundt Shillong, så dei har vore i byen fleire gonger, og i fjor var ei anna syster og mannen hennar med dei dit. Då vart det for fristande, så eg skreiv ein liten artikkel, det vil seie eg baserte meg på den svenske og omsette den. Og så fann eg eit kart og la inn saman med biletet som svenskane hadde.

Men då eg såg på den engelske artikkelen om byen, såg eg eit bilete som var mykje meir karakteristisk, så eg ville heller nytte det. Då måtte eg flytte det frå den engelske wikipedia og til vår felles database for bilete som heiter Commons. Det er litt vanskeleg, så eg plundra litt før eg fekk det til. Men no er det der og kan setjast inn i artiklar om Shillong på andre språk.

Og neste gong me møtest, veit eg litt meir om byen som fleire i familien min altså har besøkt og sett. Bare 50 km frå plassen som har nedbørsrekord i verda, over 1400 meter over havet, eit klima som høver betre for europearar og som difor var nytta til sommarhovudstad då britane styrde India.

Ein lærer så lenge ein lever.

Les meir på wikipedia:
http://no.wikipedia.org/wiki/Shillong

Program for 17. november 2009

Tysdag 17. november

Ansvarleg:: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Gospel-musikk
19:30 Elin Fagerbakke talar
20:10 Nytt frå kyrkje- og kristenliv landet rundt
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21:00 Kyrkjebakken

Program for sendinga onsdag 18 nov-09

Ansvarleg : Ørnulf Hasla
Tekniker : Jørund Georg Jore og Torleif Haugen
Tlf.vakter : Torbjørg Hoftuft og Gudrun Nomeland

18.00 : Aktuell time m/Ørnulf
19.00 :Tankar frå bibelen m/Håvard Viki
19.30 : Kommunen informerer m/David B.Tharaldsen
20.00 :Tveitetunet sommaren 2009 opptak frå aktivitetsdagen
21.00 : Opi sending m/Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike

Kjempemoro dersom du deltek med rebusløysing,helsingar eller ynskjeplater.
tlf : 37937577
mail : post@valleradio.com

HØYR : http://www.facebook.com/l/603cd;www.valleradio.com/

Vottar

No er boka om Selbuvottar som Annemor Sundbø har omsett frå engelsk komen ut. Ho fortalde om boka då ho var i Valle Radio sist. Det førte til store oppslag i avisene, Setesdølen, Fædrelandsvennen og Vårt Land har alle hatt artiklar om dette.

Det høver jo fint å gje boka til jolegåve, det vert ei hard pakke, eventuelt som ei gåve før jol, slik at mottakaren kan strikke mjuke pakkar til å leggje under joletreet i år.

Det er visst på tide å finne fram vottar no etter kvart, for fredag kom det snø i Valle, og sjølv om det ikkje er sikkert at han vert liggjande, er det ikkje noko som tyder på at det vert ein vinter utan bruk for vottar. På Hovden er dei så sikre på snø at dei lovar gratis opphald om det ikkje kjem snø der neste helg.

Sjølv meiner eg at han kan vente til joleferien, sjølv om eg ser poenget med at lyser opp litt i novembermørket. Dei to-tre neste vekene er jo noko av det mørkaste vi har, men så kjem adventstida, og då er mørket mykje mindre påtrengjande.

I denne tida er joleførebuingane gode å konsentrere seg om. Eg skjønar ikkje heilt dei som alt no er ferdige med jolebakst og slikt, og jolebord med jolemat er jo heller ikkje så viktig i førjolstida, då misser jolematen noko av smaken. Men eg gleder meg til det kommunale jolebordet om eit par veker, så eg er vel litt ambivalent her. Slik er det så ofte i livet, ein får vel bare aksepere det.

To minutt

Kvar fredag når eg køyrer nedetter dalen, høyrer eg på Sørlandssendinga. Litt over klokka 12:30 har dei avisrunde, og på fredagane er det Setesdølen som dei ringjer til. I dag snakka dei i to minutt om oppslaget på framsida, der ein joletreprodusent meiner at det kunne vere lurt av setesdølar med jord å starte joletreproduksjon. Han meiner klimaet er betre for trea i Setesdal enn i Audnedal, der han bur.

I dag var det den eine saka dei nemnde, avisa var jo full av stoff, men programleiaren i Arendal, det er alltid han på fredagane, sa at ein får sjå korleis det går, og så sette han i gang ei ny plate. Eg hugsar ikkje kva det var, det kan for så vidt vere det same. Men at ein i det heile tatt tek ein telefon til ein redaktør for å snakke om dagens avis, og så bare brukar to minutt, det synest eg nærmar seg skandalenivået. Kva musikk var det som var så viktig at dei måtte spele den i staden for å ha ein skikkeleg prat med Sigurd Haugsgjerd? Rein pop denne gongen, av og til har dei musikk frå Setesdal rundt innslaget, men ikkje denne gongen.

Eg blir litt matt av Sørlandssendinga og eg slår ofte av når musikken kjem, og så gløymer eg å slå på når den er slutt. Dermed går eg glipp av reportasjar som eg kunne hatt glede av å høyre på. Men eg får gnagsår i øyro av all den musikken som skal kome mellom reportasjane. Hadde dei hatt 10 minutt prat, kunne ein nok tålt 3 minutt musikk, men når samtalen vert to minutt, då kunne ein like godt bare sitert frå framsida sjølv, og ikkje teke bryet med å ringje til redaktøren.

For meg er det ei gåte at dei må ha så mange folk tilsette i Sørlandssendinga for å spele musikk i sendingane. Dei har sending frå 11:05 til 13 med avbrot av Dagsnytt klokka 12. Det er knapt 120 minutt, kanskje heller 110 minutt. Eg har ikkje hatt oppteljing av kor mange plater dei spelar, heller ingen statistikk på kor mange minutt dei snakkar, men det skulle forundre meg mykje om det er 35 minutt samtale med folk, ein tredel av tida. Og noko av styrken til ei lokalsending burde jo vere at ein kunne snakke med folk i nedslagsfeltet, anten ved at dei kom i studio eller ved å ta ein telefon.

Seinare på dagen kjem Her og nå. Dei kan ha ein heil time utan musikk, men med interessante samtalar, og dei har sikkert fleire lyttarar.

Skryt til Valle folkebibliotek

Eg har skrytt over Valle folkebibliotek meir enn ein gong på bloggen, og i dag vil eg gje dei ei ny skryterose. Lisbeth fortener ein heil bukett.

På wikipedia har vi denne veka ein konkurranse. Nettleksikonet har vel 235.000 artiklar, men truleg er det like mange røde lenker, det vil seie tema som kan verte artiklar, men som enno ikkje har fått nokon artikkel. Nokre av desse røde lenkene ligg i lister, vi lagar slike lister for å minne kvarandre på kva vi må ha artiklar om. Difor har vi fått lov av forlaget som gjev ut Hvem Hva Hvor å skrive av dei namna som dei har i seksjonen Årets Hvem, den har dei hatt omtrent frå dei starta for over 80 år sidan.

Det er jo blitt nokre namn etter kvart, men frå 1986 til 2010 var det 211 namn som var røde då vi starta det vi kallar Ukens konkurranse sist helg. No går det mot slutten av veka, og då vi runda midnatt i kveld var 134 av 211 på plass. Eg lurer på om vi klarar å få på plass alle artiklane før veka er slutt.

Om vi klarer det, er noko av grunnen den hjelpa eg har fått frå Valle folkebibliotek. Lisbeth kastar ikkje Hvem Hva Hvor, ho set dei i magasinet. Så når eg spør etter ei bok frå eit bestemt årstal for å skrive ein biografisk artikkel, så går ho i magasinet og finn den boka eg treng. Så finn eg basiskunnskapen for artikkelen i boka og så kan eg leite litt rundt på Internett for å finne meir informasjon. Med Lisbeth si hjelp, men og med hjelp på nettet, har eg klart 12 artiklar til no. Du kan sjå det sjølv om du går hit: http://no.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Ukens_konkurranse_0946#Harald_Haugland_407_poeng

Då vil du sjå at i denne konkurransen gjev kvar artikkel ein poengsum. Den som får høgast poengsum til slutt, vil verte kåra til vinnar og få ein rosett på brukarsida si, det er heder og ære i denne samanhengen. Eg vinn ikkje, men eg kan vere ein god nummer to med mine 12 artiklar, kanskje eg klarar ein eller to i morgon og, så får eg litt fleire poeng.

Dei kan eg takke Lisbeth for. 🙂

Fagarbeider helse

Øyvind Jacob var ansvarleg for den aktuelle timen i kveld, og han hadde ein prat på telefonen med prosjektleiaren for kurset som tolv kvinner i Valle no tek for å verte fagarbeidar helse. Maureen Johnsen har vore avdelingssjukepleiar på Valle Bygdeheim. Men det var eit vikariat, så då det gjekk ut, fekk ho ei prosjektstilling for å leie arbeidet med å gje tolv kvinner fagbrev i sjukepleie.

Dette er sydd saman ved at mange små bidrag kan dekke kostnadene, og så bytter deltakarane vakter for å kunne gå på kurset. I dag hadde dei ein foreløpig test, alle besto den og kan vere med vidare. Den tilsvarte VK1 på vidaregåande skule.

-Dei har jo lang erfaring frå slikt arbeid, så det er den teoretiske delen dei no får på plass. Om det ikkje hadde vore lagt opp slik, ville dei nok ikkje kunna ha teke dette faget, for dei har band i bygda gjennom familie og born.

-No hjelper vi Valle kommune med å få folk med papir til å jobbe her, og det vert nok bare vanskelegare og vanskelegare å få folk i det heile, sa Maureen Johnsen til Øyvind Jacob.

-Kurset skal vare i tre semester og vil gå vårsemesteret og ein del av hausten i 2010. Så vil dei få papir på det dei kan, sa ho og fortalde at ho ikke hadde høyrt om eit liknande tiltak nokon stad i Noreg.

Orgelmusikken

I dag var eg på Esso, det er kompedag, så eg fekk meg ei kompe og sat i stova der og kunne nyte den. Då kom det eit par andre menn inn, og vi kom i prat, ein med kompe og ein med pølse. Sjølv var eg nesten ferdig med mi.

-Du er mest oppteken av skule for utlendingane og Valle Radio, sa den eine.

Eg kunne ikkje nekte for det.

-Det verkar som om dei utlendingane frå Burma er trivelege folk.

Eg var samd med han i det og.

-Kjem Niklos i radioen i kveld?
-Nei, han er med annankvar veke, og i kveld kjem han ikkje, svara eg.
-Det verkar som om han førebur seg godt til sendingane. Han har mykje informasjon om det han spelar.
-Det har han, eg er ikkje så grundig, eg.
-Men det er jo flott at du får det til likevel.

Vi får av og til spørsmål om folk høyrer på Valle Radio. Då seier eg at eg trur det, men det er ikkje så ofte eg får kommentarar. Difor er eg takksam for desse kommentarane over kompemiddagen.

I kveld spelte eg ein orgelkonsert av Händel: Concerto i g-moll Opus 4 nr. 1. Det var Simon Lindley som spelte orgel saman med Northern Sinfonia dirigert av Bradley Creswick, og opptaket var gjort i Holy Cross Church i Fenham, England i 1996. Fenham er ein bydel i Newcastle. Det var ei Naxos-plate, nummeret var 8.553835

Deretter spelte eg Camille Saint-Saëns Prelude et Fugue en mi bemol (ess-dur). Den var det Olivier Latry som framførte på Grand Orgue de Notre-Dame de Paris. Innspelinga var frå 1993. Plata heitte Recital à Notre-Dame de Paris på merket Soli Deo Veritas nr. 74321470132

Valle Radio tysdag 10. november

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Sangkveld
19:30 Elin Fagerbakke talar. Opptak frå Hylestad kyrkje fredag 6. november
20:10 Aktuelt frå kyrkje og kristenliv landet rundt
20:30 Postludium ved Harald Haugland
21:00 Kyrkjebakken

Elin Fagerbakke har hatt andakt i Over ein open Bibel for Norea Radio. Astrid Nomeland fortalde at ho var leiar for Kvinner i nettverk då Astrid var i Radioen sist veke og fortalde om møtehelga. Dei samla 2300 kvinner i Sørlandshallen for nokre veker sidan. I morgon 1930 talar ho i Valle Radio i opptak frå Hylestad kyrkje.