Runer i Byglandsfjorden?

Setesdalsmuseet har fått melding om at det er runeinnskrif på Lauvdalsodden i Bygland, du veit den odden som stikk ut i fjorden like nord for Lauvdal, den skarpe svingen i vegen der. Normalt er runene ikkje tilgjengelege, for Byglandsfjorden gøymer dei. Men no i haust har det vore lite vatn i fjorden, så då har dei kome til syne, i fylgje meldingar som Setesdalsmuseet har fått.

Leonhard B. Jansen var i studio i Valle Radio onsdagskvelden og fortalde om den sensasjonelle meldinga, og vi spekulerte på om det ville vere ein like stor sensasjon som rundefunnet i Mandal, som jo var i alle kanalar sist veke. Der var runene på ein stein, her er dei på fast fjell, så dei vil neppe kunne fjernast frå Bygland kommune.

Leonhard fortalde og om det store seminaret dei hadde hatt om utgravingane på Moi i Bygland. No var rapportane ferdige, og ein kunne få dei tilsendt som vedlegg til ein epost om ein tok kontakt med museet. Her er lenke til litt informasjon om seminaret:
http://www.aa-f.kommune.no/sitepageview.aspx?articleID=10545

Det kom mange fleire folk enn dei hadde tenkt, og dei var mykje meir interesserte og kunnskapsrike enn ein hadde trudd då seminaret vart planlagt, så truleg kom det til å verte eit nytt seminar for å gå djupare inn i stoffet. Det var oldsaksamlinga i Oslo som stod for utgravinga, Setesdalsmuseet hadde ikkje noko med det å gjere, men la til rette for at ein kunne arrangere seminaret.

Han hadde med dei to rapportane, ein frå utgravinga på Bjørgum og ein frå den på Moi. Det var tjukke hefte, og om du skriv til post@setesdalsmuseet.no får du filene tilsendt som epost. Då kan du lese dei på skjermen eller skrive det ut på papir sjølv.

Når eg i morgon køyrer nedover forbi Moi, vil eg nok kaste eit ekstra blikk mot utgravinsplassen på austsida av vegen, der det i bronsealderen stod eit 50 meter langt langhus. Leonhard sa at om ein ville sjå det, kunne ein ta turen til Forsand i Ryfylke, der dei har bygd opp eit slikt hus, truleg var det nokså likt slik huset på Moi kan ha vore. Kommunikasjonen på den tida gjekk sikkert like gjerne mot vest som mot sør.

Kulturveka er ein suksess

Malmfrid Nyborg Homme, leiar i Valle Folkeakademi, var enig med meg i kveld om at Kulturveka 2009 har vore ein suksess, med unntak av veret Sauesjådagen, men det er jo bare til å le av. Aldri har det vore eit så omfattande program på den dagen, og aldri har veret vore så ille heller.

Men Malmfrid var svært imponert av at 25 personar kom på spitekafe tysdagskvelden for å lære kontstrikking. Sjølv hadde ho funne ut at det ikkje var noko for henne og gått tidleg. Ho var ikkje mindre imponert av at mellom 50 og 60 kom på filosofikafe på Sylvgarden mandagskvelden, der temaet var forsoning. – Dette var forresten og temaet Bjørgulv T. Berg hadde i Tankar frå Bibelen i kveld. –

Sundagskvelden var det fest for Paal-Helge Haugen, og det fekk i tillegg til strålande oppmøte, fine reportasjar både i Setesdølen og i Fædrelandsvennen. Og folkemusikkonserten i Valle kyrkje samla over 100 deltakarar.

Så i den aktuelle timen valde vi å sjå litt framover. Onsdagskvelden var humorbonden Geir Styve på Valle Motell for å fortelje og gje mot på å satse. Kor mange som kom der, kan eg ikkje rapportere om. I morgon er det Fest i Dovregubbens hall, med oppmøte på Preststøyl, eit arrangement i regi av Valle Bygdekvinnelag. Hylestad bygdekvinnelag held stev-for-dagen-kurs på Brokkestøylen laurdag og serverer soppsuppe på arrangementet.

Fredag er det konsert ved Åsmund Nordstoga, som Malmfrid meiner er så god at det heller var han som burde vore på jolekonsert-turne med Sissel Kyrkjebø, og ikkje broren Odd. Om dette arrangementet går bra, vil økonomien i Kulturveka ikkje oppleve skadelege konsekvensar, trudde ho.

Laurdag er det bedehusbasar i Oveinang, basar må ein ha i ei kulturveke. Om kvelden er det dans med Sharks på Sylvgarden, og sundag er det tid for dei spreke å vere med i Sprekleiken. Der kan ein melde seg på som enkeltperson eller i lag, og Bygdekvinnelaget hadde alt meldt på eit lag, kunne Malmfrid fortelje før ho forlet studio for å gå på humorbondeføredrag.

Sauesending og litt til

Eg fann køyreplan for sauesendinga fredagskvelden då eg kom i radioen i kveld. Fyrst snakka Øyvind og Bjørgulv med Sven Reiersen om sauesjå og sauenæring. Deretter kom Sissel og Malmfrid i studio for å snakke om Kulturveka. Den starta jo på ein måte den kvelden. Siste kvarteret var Runar Granheim i studio og snakka om ein positiv offensiv som no er kome i gang i Bygland med tanke på folketal og trivsel i kommunen.

Deretter var det nye plater frå Setesdal, og då var det fyrst Benny, og deretter Sigurd og Daniel som var i elden. Sidan gjekk sendinga slag i slag. Det var sending til heile dalen, og vi fekk tilbakemelding på at dei slutta alt for tidleg, for fredagskveldane likar folk å høyre på Valle Radio lenger enn til mellom 22:30 og 23:00. Men dei slutta då, om det var for at folk skulle rekke sauedansen eller legge seg tidleg for alle arrangementa som var laurdagen, er ikkje godt å seie.

Men laurdag vakna dei opp til 10 cm snø, og på sauesjået var det glisse frametter dagen. Det var skipa til ei rekke arrangement innandørs, og dei var godt besøkte, sjølv om basaren i Menighetshuset hadde suppe att heilt til slutt, noko som ikkje har hendt på fleire år.

Sundag var det fest for Paal-Helge Haugen i Storstoga, og der var det mykje folk og gode presseoppslag i etterkant. Måndag var det filosofikafe på Sylvgarden ved Paul Leer Salvesen, og der var det 50 tilhøyrarar som fekk høyre eit foredrag om forsoning på 50 minutt, og etter ein kort pause var det høve til spørsmål og kommentarar.

I kveld var det spitekafe på Husfliden. Korleis oppmøtet var der, er eg ikkje sikker på, men så langt trur eg Kulturveka 2009 har vore eit tiltak med godt besøkte arrangement.

Fillehaugen på verdensveven

Annemor Sundbø sin fillehaug som har vore grunnlag for fleire bøker og talrike utstillingar, blir no lagt ut på world wide web. Sjølve grunnlaget, dei kasserte strikkeplagga, held for det meste til på Ose, men Annemor har no fotografert haugen og lagt bileta ut på flickr, nettstaden der så mange legg ut bilete. Planen hennar er å lage eit nettmuseum om Torridal Tweed og Ulldynefabrikk. Den overtok ho for 25 år sidan, men ho har kvitta seg med bygningane og teke vare på mønstra. Som alle gullgruver har det krevd slit og dugleik å få fram det verdifulle, men Annemor legg no grunnlaget ut på Internett.

Om dette vil ho fortelje i Valle Radio onsdag kveld i samtale med programleiar Harald Haugland. Programmet går frå klokka 20 til 21, då Rolf Erik kjem for å ha Open sending.

Eg las forresten i avisa laurdag at Nasjonalmuseet for kunst i Oslo var det mest besøkte museet i Norge i 2008, med 510.107 besøk, som er ein auke på 1% frå året før. På andreplass ligg Naturhistorisk museum med 490.410, ein auke på 11% Kulturhistorisk museum tok tredjeplassen med 457.861 besøk, det var ein nedgang på 9% frå året før. I alt er det om lag 10 millionar besøk på musea i Noreg. Det fekk meg til å slå opp i ABM-skrift #57 Statistikk for arkiv, bibliotek og museum 2008, som ligg som pdf-fil på internett. 138 sider med statistikk, mellom anna ei oversikt over dei hundre meste besøkte musea. Eg tenkte jo at eg skulle finne Setesdalsmuseet langt nede på lista, men det gjorde eg ikkje, så dei må ha hatt mindre enn 21.078 besøk, som er talet Nordfjord Folkemuseum hadde i 2008.

I same avisa var det ein leiarartikkel om Kristiansand Folkebibliotek, som har omkring 700.000 besøk på et år, meir enn Dyreparken, som det så talande heiter, Dyreparken er det mest besøkte turistmål i Noreg. Den som har stått i kø for å kome inn i Dyreparken skjøner at det kan vere travelt på biblioteket i byen når så mykje folk skal få god service og rett bok og rett film med seg heim.

Men no skriv eg meg ut på viddene. Ha ein god dag.

Veke 41

Tysdag 6. oktober

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Sangkveld
19:30 Nytt frå kyrkje og kristenliv landet rundt
20:30 Postludium. Fransk orgelmusikk ved Niklos K. Besteland
21;00 Kyrkjebakken

Onsdag 7. oktober

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakt: Berit Homme og Ingebjørg Ellinor Rysstad

18:00 Aktuell time
19:00 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
19:30 Kommunen informerer ved Kim Dahlstrøm
20:00 Frå fillehaugen til verdensveven. Annemor Sundbø fortel
21:00 Open sending ved Rolf Erik Homme

Les på bloggen: http://valleradio.blogs.no/
Telefonnummeret er 379 37577 frå klokka 21
På http://valleradio.com finn du lenke til nettradioen vår

I den stille klare morgen

Dette er ein sang som mange synest er vakker. H. A. Tandberg gav han ei norsk form frå ein engelsk original tekst, og mange artistar har spelt inn plate med songen. I Valle Radio har du kanskje høyrt Odd Dubland syngje den ein tysdagskveld.

Av og til dukkar strofer frå songar opp omtrent frå ingenting, og slik var det med den. Eg fortalde i går om at eg hadde skrive ein artikkel på wikipedia om Ivar Welle, presten og kyrkjehistorikaren. Han skreiv ei oppbyggeleg bok med tittelen Over Kedron : Tanker og sanger om Herrens lidelse Ho er knapt å finne i antikvariat, og skal ein låne ho, må ho hentast frå Nasjonalbiblioteket.

For ein som er inne i det religiøse språket og dreg litt på åra, er ikkje Kedron noko abrakadabra-ord. Det er namnet på ein dal og ein vinterbekk som går i botnen av dalen like aust for Jerusalem. Ordet finn vi i Johannes evangelium 18,1 og det har fått si spesielle tyding i forkynninga: Jesus gjekk over Kedron då han gjekk inn i siste liding og død. På andre sida var Getsemane, og eit ord som har ei spesiell tyding for den som har høyrt forkynning nokre år.

Eg skreiv ein artikkel om Kedron på wikipedia i dag. Det er slik at når ein lager lenker i artiklar, så kan ein trykke på dei og gå til ein annan artikkel, hypertekst kallar dei det. Hyperteksten er noko av grunnen til at wikipedia fungerer så godt, det er så mange lenker som gjev folk høve til å finne ut meir om det dei les. Då Store Norske Leksikon kom på nett, slo det meg at det største ankemålet mot leksikonet var at det hadde så få slike hyperlenker. Men eg laga altså ei lenke i går til ordet Kedron, og i dag skreiv eg om det: http://no.wikipedia.org/wiki/Kedron

Det synte seg at det alt var fleire andre språk som hadde artiklar om emnet, men ingen hadde teke opp den sida som eg skriv om i artikkelen: Kedron som symbol. I tillegg til sangen eg alt har nemnt, som i andre verset har ei linje: Og ved Kedron da han gikk i hagen inn, er det ei salme av Kingo som og nemner denne bekken som knapt har vatn tre månader i året: Over Kedron Jesus treder. Slik får bekken ei djupare meining: Når Jesus går over Kedron, går han inn i forsoningstenesta.

Dette kunne ein nok finne meir om om ein søkte litt i oppbyggeleg litteratur. I Valle Radio får vi nok helst halde oss til H.A. Tandbergs sang, som var på nippet til å kome med i Norsk Salmebok, men ikkje nådde heilt opp.

Ivar

Ivar Aasen er eit namn som er kjent av dei fleste i nynorsk-land. Han vert hylla som ein heidersmann som gav oss eit skriftspråk basert på norsk talemål i staden for det danske som var blitt nytta i Norge i fleire hundreår. Du kan lese meir om han her: http://nn.wikipedia.org/wiki/Ivar_Aasen

Det du neppe visste var at han sjølv tala dansk i alle offisielle samanhengar, slik måtte det truleg vere på den tida.

Det du sikkert heller ikkje visste, var at han hadde ein gudson som og heitte Ivar. Han var son av lærar Johannes Welle og kona Inger Lehne. Johannes var lærar på Møllegata skule i Oslo, og då sonen Ivar skulle døypast sommaren 1875, spurde dei sambygdingen Ivar om å vere gudfar. Denne Ivar Welle sette spor etter seg på ein annan måte, han vart prest og forfattar. Han skreiv fleire romanar, eit kyrkjesogeverk i tre bind som kom i fleire opplag og nokre andaktsbøker. Han var og redaktør av Luthersk Kirketidende i ein periode på 1930-talet.

Ivar Welle var og sjømannsprest, i 1908 kom han til Buenos Aires. Då han var der, vitja han to gonger hvalfangarbasen Grytviken på Sør-Georgia og var truleg medverkande til at det vart reist ei kyrkje der, sjølv om han ikkje sjølv kom til å sjå den.

Og så omsette han fleire bøker, mellom andre Pascals Tanker og Thomas Aquinas Kristi etterfølgelse. Han hadde og ansvaret for å velje ut tekster i bandet med oldkyrkjelege tekstar i bokserien Hovedverker fra den kristne litteratur. Og han sto for den fyrste omsetjinga til norsk av Adeste fideles i 1952, den fekk tittellinja Kom alle kristne i hans omsetting. På nr. 49 i salmeboka finn vi Per Lønning si omsetjing, men den kom 30 år seinare.

I dag skreiv eg artikkelen om han på wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Ivar_Welle Det er artig å sjå ein slik gamal kjenning dukke opp når eg samlar stoff frå ulike kjelder. Eg var bare 10 år då han døydde i 1957, men då namnet hans dukka opp, visste eg at eg hadde høyrt det før. Og no er det ein artikkel om han på wikipedia.

Ordførarar i Valle Radio

Det kan sjå ut til at valgkampen startar tidleg i år, for Ole Birger Lien har lukkast i å få alle ordførarane i Setesdal til å kome i Valle Radio og diskutere aktuelle saker i regionen. I sendinga i morgon får vi høyre resultatet, kjenner eg Ole Birger rett, snur han ikkje bare smørsida til i samtalen.

Sjølv synest eg det er vanskeleg å vere revolvarintervjuar i Valle Radio. Eg meiner vel og at vi ikkje skal vere det, vår rolle er meir å peike på gode ting enn å avdekke snusk og fanteri og andre ting som folk kan stillast til veggs for. Dermed vert kanskje programma litt for hyggelege, kanskje hadde fleire høyrt på oss om dei visste at det kom ein saftig skandale.

Eg veit ikkje om det kjem til syne skandalar og problemer i sendinga i morgon klokka 20. Truleg vil det nok kome fram at dei ikkje er like samde om prioriteringane når det gjeld Riksveg 9. Alle er samde om at den skal prioriterast, men Valleordføraren vil ha anleggsarbeid mellom Sandnes og Harstadberg medan Byglandsordføraren vil at arbeidet skal halde fram i Bygland når dei er ferdige med utvidinga mellom Tveit og Langeid. Øverst i dalen sit Bykleordføraren og meiner at no får dei fikse dårlege parsellar i hans kommune, det er vel bare Evjeordføraren som ikkje har sterke meiningar i denne saka, men så er jo vegane i Evje rimeleg gode, i alle fall sørover til Kristiansand. Han kunne nok heller tenkt seg å få fiksa litt på Arendalsvegen.

Om dei har andre saker å stridast om. Den som høyrer på Valle Radio, får vite det.