Allting har ein ende

Slik er det med denne turen og. Frå Østersund, som ligg på linje med Trondheim, fylgde vi Inlandsvegen sørover. Det var Mil etter mil i 100 km i timen, eg tenkte ein del på norske vegar med stadige 60-sonar, det gjer trafikken tryggare, men det går smått framover. Men denne dagen regna det, så det var milevis med regn.

Per Olov Enquist – http://no.wikipedia.org/wiki/Per_Olov_Enquist
Vi kunne nyte livet bak vinduspussarane med å høyre på Per Olov Enquist som las frå si eiga bok Ett annat liv, den hadde vi høyrt på dei dagane vi var i Sverige, for den var på 30 avsnitt, og no gjekk det mot slutten. Det er ei sterk historie han har å fortelje om korleis alkoholen etter kvart tok herredømme i livet hans. Denne dagen handla det om korleis hans dåverande kone Lone Bastholm fylgde han til Island til ein avrusingsinstitusjon og om korleis det var uråd å kome bort frå denne plassen, som låg midt ute på ei slette nord for Reykjavik, ettersom dei tok sko frå klientane, så dei ikkje skulle kunne ta beina fatt i snøen.

Eg har lese fleire av bøkene hans, eg trur nok at til hausten må eg låne denne og på biblioteket i Valle, det var ei spesiell historie han hadde å fortelje.

I løpet av turen måtte vi innom nokre bensinstasjonar, sjølv ein C5 treng påfyll, og sjåføren med. I tillegg treng sjåføren å strekke på føtene. Det var tett med Statoil-stasjonar, men eg trur nok at Q8 tok prisen, dei vi var inne på var fullassorterte daglegvarebutikkar med frukt og melk og både kald og varm mat. Vi fekk sansen for sandwich, så nokre dagar kjøpte vi det og åt i bilen i staden for å stoppe på ein kafe. Det høvde godt å stoppe i Orsa, tenkte vi, då var det litt rush, men då vi kom til Mora var i grunnen rushet større. Vegane i Sverige ligg i stor grad utanom byane, så vi var ikkje lenge hefta før vi kunne halde fram sørover, og plutseleg var vi i Värmland att, det var lenet vi starta i då vi kom til Sverige.

Reidun kartlesar sa plutseleg at når vi kjem til Torsby, er det bare fire mil til norskegrensa. Eg hadde tenkt at vi kunne køyre enda lenger sør og kanskje sleppe å ta turen gjennom Oslo på heimveg. Moss-Horten kunne jo vere eit alternativ. Men det vart overnatting i Torsby, http://sv.wikipedia.org/wiki/Torsby Eg slapp å ta bilete der, for i wikipedia-artikkelen ligg hotellet vi låg på. Torsby er sentrum for svenske Finnskogen, men regnet gjorde at vi heldt oss på hotellet, sjølv om det var countryfestival i byen denne helga.

Heller i svensk skog enn bak norske lastebilar

Det vart bilkøyring heim att og. Frå Valnesfjord drog vi til Polarsirkelen Høyfjellshotell, det einast høgfjellshotellet i Nord-Norge, sa ho som dreiv det då vi kom dit. Til tross for stive prisar la vi oss inn der og kunne sove i Lønsdal, plent som for aldri så mange år sidan, då vi ein gong køyrde frå Dovre og hit med ungar i bilen, det var over 1000 km på ein dag, og den dagen var lang for både oss og ungane. Då fekk vi ei hytte, no låg vi inne på hotellet. Før vi sovna, gjekk Nordlandsbanen forbi sørover, og på morgonen var det eit tog som drog nordover, men elles var det stille og roleg, eg trur vi var om lag 20 gjester på hotellet denne natta til onsdag. Eg hadde skrive på bloggen før vi drog frå Hadselhamn, så målet mitt om eit innlegg kvar dag, vart innfridd denne dagen og.

Vi tok ein roleg morgon før vi sette kursen mot Saltfjellet. Langt oppe på fjellet kom eg på at eg ikkje hadde teke noko bilete av denne historiske bygningen, men det får vere til ein annan gong, eg snudde ikkje. Vi stoppa heller ikkje på Polarsirkelsenteret, men gledde oss over ny veg i høve til den vi køyrde før, som visst nok var bygd av 30.000 krigsfangar under 2. verdskrigen, etter det eg fekk med meg frå NAFs vegbok. Når vi er på tur, les Reidun frå den når det høver slik.

På Mo satsa vi på å treffe Terje og Ann-Torhild, han er diakon der. Men då vi langt om lenge hadde leita oss fram til den adressa vi hadde, var det heilt andre namn på postkassen der, og det var ikkje svar på nokon av dei telefonnummera vi hadde heller, så vi måtte bare sende vennlege tankar til dei. Eg tenkte litt på om eg skulle slå på tråden til Marius Helgå, som er ein wikipedianar som jobbar på Nasjonalbiblioteket der, men det leid langt på dag, og vi bestemte oss for å reise vidare.Etter å ha lege bak lastebilar og campingvogner ned Dunderlandsdalen sa eg Sverige! og snart var vi ved Umbukta.I sør såg vi Okstindane, Nord-Noregs høgaste fjell Oksskolten skrapa i skyene med sine 1916 meter.

Turen nedover langs Umån var vakker og i Tärnaby åt vi røykt sik – heile fisken kom på tallerken med både hovud og spor, men under skinnet låg det nydelegaste kjøtet ein kunne tenke seg.

Vegane i Sverige gjer det naturleg å halde høg fart, Indlandsvegen har 100 km/t som fartsgrense i mil etter mil. Vi stoppa ikkje før vi kom til Østersund, der fekk vi eit rom til kanpt 800 kroner med frukost. Mitt forrige innlegg på bloggen kom derifrå, dei hadde ein PC i resepsjonen som ein kunne låne.

Eg ser at eg ikkje får plass til alt eg har å seie i kveld, så du får halde ut til i morgon før du får neste rapport.

Frå Valle til Valnesfjord

Tysdag var det tid for oppbrot og för klokka ni var vi på vegen mot Lödingen. Ferja til Skutvik var lettare å få plass på enn H-ruta, og sjöen var om ikkje blankstille, så var det lite som mangla på det. Vestfjorden er ikkje å spöke med sjölv her inne, men denne gongen fora ingen krabbane.

På Bognes fekk eg ein telefon frå Ånund K. Han er blitt hofteoperert på Rjukan Sjukehus og er til opptrening i Kragerö. Vonar at det går godt for deg med treninga, at du får teke den andre operasjonen i auga og snart har sertifikat att.

Etter ein rast på Innhavet og 20 tunellar kom vi så til Fauske: Der snudde vi mot Bodö og etter 17,6 km kom vi til ein blomebutikk i Valnesfjord. På andre sida av vegen, utanfor eit gult hus stod det ein bil med PL-skilt, Det stod til og med VAFA på han, og snart svingte ein annan bil inn på tunet. Den stod det Valle Vev på, og så kunne vi helse på kjente som har gjort nordlendingar av seg. Torjus Uppstad arbeider med restaurering av lafta hus på Sjonsta gard mellom Fauske og Sulitjelma, Karin Böe arbeider i tilknytning til museet med skrivearbeid. Vi brukte eit par tre timar på å oppdatere oss på aktuelle ting, det var triveleg og med sjokoladekake og jordbär var det godt i tillegg, så vi sette kursen mot Polarsirkelen höyfjellshotell, einaste höyfjellshotell i Nord-Noreg. Der fekk vi rom for natta og snart slumra vi fredeleg i den lyse natta.

Snu nasen sørover

Det er nesten ei veke sidan vi snudde nasen sørover, opphaldet i Hadsel har vore ein del av vegen heimover. Vi har kjent oss heime både i kommunen og i heimen til Ester og Ole Vidar Solvik, men alt har ein ende, det er bare pølsa som har to. Så i dag er det slutt, no må vi ta til vitet og kome oss vidare.

Det har vore nokre fine dagar, sol kvar dag, sjølv om både Møysalen og andre av fjella på baksida av Lofotveggen har hatt skoddedottar i periodar. Det har ikkje vore regn, så vekstene i kjøkkenhagen til Ole Vidar står i stampe, det kalde veret er ikkje så drivande sjølv om sola skin.

No ventar E-6 etter kvart. Det skal bli interessant å sjå korleis den er blitt i Nordland etter å ha opplevd alle endringane mellom Alta og Bjerkvik. Og Lofast får vere til ein annan gong, eg høyrde ein kommentar som sa at vegen var interessant, særleg for folk med spesialinteresse for tunnellar. Så sjølv om det er ein ny veg, til og med utan bompengar, så droppar vi den og dreg tilbake same veg som vi kom.

Eg vonar at eg finn ein stad å kople opp datamaskinen etter kvart, men tvilar på om det blir i dag, eller om eg må vente til i morgon med neste rapport.

Takk til Ester og Ole Vidar for trivelege dagar i Hadselhamn.

Hadsel Rotary og litt til

I dag var det møte i Hadsel Rotary og dermed fekk eg høve til å helse på fleire av dei som var med i klubben då eg var med der. På slutten av 1980-talet var klubben eit viktig pustehol for meg i å ha kontakt med miljø utanom Hadsel Folkehøyskole. Der er prinsippet at oppgåver roterer, så dei har ein bare for eitt år om gongen. Til vanleg er det ein halv time kaffe og småprat og så ein halv time med program, men i sommarmånadene vert det ikkje lagt noko fast program.

I kveld var det likevel to innslag i programmet. Ein ungdom frå Stokmarknes har gjennom Rotary fått eit år som utvekslingsstudent i Australia, og han og familien var innom for å få med seg vimplar frå Hadsel til Rotaryklubbar down under. Dei hadde gode erfaringar med dette, dottera hadde og vore utvekslingsstudent gjennom Rotary, men ho hadde vore i USA.

Andre delen av programmet vart eg beden om å halde. Eg fortalde om lange linjer i dei 18 åra som var gått sidan eg reiste frå Vesterålen til Valle. Dei lurte på om det var Rotary i Valle, men det er det jo ikkje, så eg har ikkje kunna halde oppe den kontakten med miljøet som ein slk klubb representerer. Eg måtte jo og fortelje om mine brødlause kommisjonar Valle Radio og wikipedia, så timen på Kinnarps Hotell gjekk svært fort, i alle fall for meg.

Apropos wikipedia, i dag hadde eg avtalt å møte Blue Elf, ein annan administrator på leksikonprosjektet. Han held til på Sortland, så eg tok turen dit for å treffe han i lunsjpausen. Han jobbar på jordskifteretten for Lofoten og Vesterålen med å scanne jordskiftekart, dei skal etter kvart leggjast ut på Internett. Det er eit prosjekt for heile landet og høver godt for ein som har kartteikning som interesse og utdanning. Det var eit triveleg møte, vi gjekk på kafé og prata over ein kopp kaffe og lunsjmat. Når wikifantar møtest er det nok å snakke saman om, så praten gjekk lett og tida gjekk fort.

Snart var det tid for seimiddag i Hadselhamn. Men eg fekk meg ein lur i bilen først, når ein geispar og augneloka legg seg ned over augo er det like godt å stoppe før ein står i grøfta. 15 minutt, seier reklamen langs vegen. Det gjer godt og etterpå er ein ikkje like trafikkfarleg som før ein får sove.

Vener og kjende

Turen vår var med tanke på å møte att vener og kjende frå tida vår i nord. Det var grunnen til at Hurtigruta vart nedprioritert, det hadde ikkje vore så godt å sitje ombord på Hurtigruta og sjå inn på land og sjå hus der vener bur utan å kunne helse på eller med eit stramt tidsskjema,

Så når vi hadde feriert i Sverige nokre dagar og vore turistar som besøkte turistattraksjonar var det godt å kome til vener og kjende i andre del av turen vår i sommar. Første stopp var hos Ida Opgård i Tverrelvdal i Alta, ho var husmor på Hadsel Folkehøyskole i mange år. Andre vener vi møtte i Alta var Grete og Olav Tveiterås, Olav var lærar på Hadsel Folkehøyskole og dei budde i nabohuset i fleire år. No er han høgskolelektor på Høgskulen i Finnmark. Britt i barnehagen på folkehøgskolen var og flytta til Finnmark, ho jobba i Alta kommune sin kulturskule, og ein dag drog vi og besøkte henne, då var Martha, dotter hennar heime på ferie frå jobb i Oslo. Ho var ikkje stor for 18 år sidan, og ho hugsa meg bare som ein streng mann som hadde bore henne ut av matsalen ein gong ho var trollat. Det hugsa ikkje eg, men det gjorde inntrykk å høyre at det var hennar inntrykk av meg. Endeleg møtte vi Synnøve, som var storesøster for ungane våre då dei vaks opp. Ho er gift og busett i Alta og jobbar på den kristne bokhandelen Kilden, som og sel garn og gåver og var som ei Sareptakrukke i eit av senterbygga i Alta City.

Frå Alta kom vi til Stokmarknes og tok inn hos foreldra hennar. Gjennom mange år var vi naboar på Lille-Børøya, Ole Vidar Solvik var lærar på Hadsel Folkehøyskole, og Ester var sterkt med i det sosiale livet på skulen, mellom anna med å prøve å få meg til å trimme, ikkje bare eg, men ho organiserte turmarsjar og bedriftsidrett så det engasjerte heile bygda. Vi har nok å snakke om, ingen tvil om det. Og praten går om livet i sin alminnelege skapnad og familie og born sine liv i meir detalj. Ein tur i sentrum førte til møte med folk som ein samarbeidde med i politikk og organisasjonsliv, John Klæbo, Karl Sørmo, Ingebrigt Bjørke, Dag Jostein Fjærvoll og kona Synnøve, ein tur i kyrkja førte til at vi kunne helse på folk som Peter Conradsen, som var lærarkollega, Helge Berglund og kona Karla, som var vener i organisasjonsliv, det same var Svein Bergquist og Reidun Benestad, Som sist sundag i Alta var det dåpsgudsteneste i Hadsel, her med vikarprest Heie, så kyrkja var på ingen måte tom denne sundagen, Vi møtte og prost Olav Holten og kona Astrid, ho var lærarkollega på folkehøgskolen. Dei har neste år vore 30 år i Hadsel.

Når eg skriv dette har eg akkurat avtalt å møte Blue Elf, ein administratorkollega på wikipedia som held til på Sortland. Det vert lunsj i lag i morgon, og det gleder eg meg til. Eg får ta kvelden før kvelden tek meg, god natt til lesarar i nord og sør.

Det store norske spelet

Store norske spillet er et spill basert på Store Norske Leksikon. Her i Hadsel bur me hos vener som er glade i slike kunnskapsspel, og kveldane går fort når ein held på med slikt. Eg er med, sjølv om eg hadde likt betre om det var basert på wikipedia. Det er slikt som gjer at wikipedia-teksten må vere open for å brukast om att, også i kommersiell samanheng.

I dag kom eit spørsmål som eg svarte feil på: Kor ligg Nordlyshallen. Og svaret var Hamar, noko eg fekk bekrefta på wikipedia og. Men framleis ville eg knapt tru det, for då vi var i Alta, er både eg og kona sikre på at vi såg Nordlyshallen der. Dei profilerer seg som Nordlysbyen, dei skal byggje ny kyrkje og kallar den Nordlyskatedralen. Hamar, som knapt har nordlys anna enn i ein OL-logo frå 1994, er noko feil stad for ein slik hall.

Det er interessant å ferdast på gamle vegar. At bilvegane er utbetra mange stader, er no så si sak. Langs vegane står det alt for mange teigar som ikkje lenger blir stelte, dei gror til med hundekjeks og andre vekster, og snart tek tre og buskar over dyrka jord att. Vi ser det godt mange stader her i Vesterålen, sjølv om dei no er i gang med slåtten, og mange teigar etter kvart har spor av slåmaskin. Til og med like ved Landbruksskolen på Kleiva kunne ein sjå slik utvikling.

I dag tok vi den turen som vi gjerne tok turistar med på då vi budde her: Køyre rundt Hadseløya. Det er 42 km, maratondistansen, og då vi budde her, var vi medarrangørar av turmarsjen Hadseløya Rundt. Den er no ein del av Hadsel Maraton, eit årleg maratonløp rundt øya. Vi tok turen og opplevde at mange hadde fiksa på våningshus og låve, det var malt og stelt ganske mykje mange stader. I Vatndalen hadde dei til og med fått fiskeplass for funksjonshemma i Dalvatnet, der det av og til går opp laks frå sjøen.

Det store norske spelet som denne reisa vår er blitt, syner etter kvart at om ein skal kome seg heim att, må turen gå med bil. Vi hadde ikkje fått hurtigrutebillett då vi drog, det er litt vanskeleg å bestille når ein ikkje kan seie sikkert kva dag ein vil reise. Når vi her oppe har søkt på nettet for å finne dei tilboda som annonsane for Hurtigruta lovar, får vi vite at anten er turane utselde eller så manglar det lugar eller er uråd å ta med bil. Så vi planlegg no å dra vidare sørover i bil. Det skal bli interessant å sjå vegane i Nordland etter så mange år.

Mot Hadsel

Så kom vi til Hadsel. Vi reiste frå Alta onsdag og kunne nyte ein flott Finnmarks-natur utover onsdagen. Å køyre over Kvænangsfjellet i strålande sol med blank fjord langt der nede er ei oppleving som kan ta pusten frå nokon kvar. Å køyre her i kolonne om vinteren er ei anna sak, den turen tek vel og pusten frå folk, men det er på eit anna nivå.

Men då vi kom nedover mot Oteren, kom regnet, så siste del av etappen den dagen gjekk i regn. Etter kvart vart det meste av skiten vaska av frontruta. Mygg og fugleskit måtte gje tapt for vannmengdene og litt spyleveske frå vinteren.

På turen kunne vi glede oss over lange strekningar som var fornya sidan sist vi var her, mange stader var fartsgrensa 90, så kilometer etter kilometer rann av garde. Då vi kom til Målselv, var vegen lagt om, så plutseleg var vi forbi alle hotella der og på veg til Bardu. Der landa vi på Bardu Hotell og kunne gremme oss over at Start tapte fotballkampen mot Lillestrøm før vi la oss.

Torsdag var vi tidleg i veg og vart liggjande i ein lang bilkø heilt til Bjerkvik, der vi svingte vestover. Plutseleg såg vi att Bjerkvik Hotell, der vi budde ein gong vi mista klutchen på veg frå Tromsø til Vesterålen. Vi las i NAF-boka om Elvegårdsmoen, den gamle ekserserplassen her. Eg har hatt fleire øvingar med HV her medan eg budde i nord, men vi stoppa bare for å fylle bensin.

No var vi jo på trakter vi hadde køyrt svært mange gonger dei åra vi budde her, også her i Ofoten kunne vi gle oss over mykje ny veg, så kilometrane gjekk unna, og snart kryssa vi Tjeldsundet og snudde sørover mot Lødingen.

-Skal vi bare køyre Lofast med det same? spurde eg, -vi kan jo ta ferje frå Fiskebøl til Melbu og kome til Hadsel den vegen.

Men Reidun meinte vi fekk reise som vi hadde planlagt, og dermed gjekk turen utetter langs Gullesfjorden til Langvassbukt, vidare over mot Sigerfjord, vegen der var lagt i tunnel, så plutseleg dukka Sortlandssundet opp framfor oss. I det fjerne kunne vi sjå den blå byen spegle seg i solglansen, regnet hadde gitt seg medan vi sov i Bardufoss, og i det fjerne såg vi Storheia med antennen på, plent som i gamle dagar.

Møteradio

Midt oppe på fjellet nær Pajala i Nord-Sverige stod det ein plakat med denne tittelen. Eg leita fram frekvensen og fekk den vakraste salmesang inn i bilen midt oppe på fjellet. Det var friskt og på ingen måte gammalmodig, slik karikaturen av læstadiansk sang er teikna. Men det måtte truleg vere eit sommarmøte i ei lestadiansk forsamling, dette var siste laurdag i juni, som ofte er stemnetid. Etter fem-seks songar vart det stilt. Eg hadde stoppa, tenkte det kunne vere greit å ta ein pause til så vakker song. Eg søv gjerne i 15 minutt, slik plakatane langs vegen seier, når eg blir trøytt i bilen.

Så kom det ein stemme som introduserte ettermiddagsmøtet, som skulle starte halv fire. Men før det skulle Rolf Pettersen, trur eg han heitte, tale. Han vart tolka til samisk, og han tala svensk med norsk aksent, noko som fekk meg til å tru at han var norsk. Eg fekk bekrefta at det var ein lestadiansk talar frå Alta som heiter det då eg kom til Alta. Men å høyre preike tolka til samisk på ein stadig meir skurrande radio, vi fjerna oss etter kvart frå sendaren, så vi skrudde av etter kvart og heldt fram på turen. Men ei artig lokalradiooppleving fekk vi jo av dette.

Sundag var det stor messe i Elvebakken kyrkje i Alta. Sokneprest Olav Øygard talte, denne sundagen var det ingen prøveliturgi, men salmene 763, 336, 500 før talen og 399, 618 og 299 etter indikerer i alle fall at det var dåp i gudstenesta. Fylt av undring over livets under av Svein Ellingsen er nr. 618, og deretter vart Erik og Erik, Ida Eline, Vebjørn, Ranja Babette, Caroline og Karin vart døypte. Med så mange born til dåpen var jo kyrkja temmeleg full, og salmesangen elles var sterk og god, det var ikkje som læstadianarane i bilen, men absolutt brukande.

I kyrkja møtte vi gamle kjente, og det skal eg fortelje meir om etter kvart, for eit av formåla med turen var jo å møte gamle kjente.

Utan internett

Ferie er å vere utan Internett, og frå laurdag til i dag har eg vore utan slik luksus. Eg har heller ikkje sett himmel og jord i rørsle for å skaffe tilgang til Internett, så det som eg skreiv på laurdagskvelden, kunne eg ikkje realisere. Men i dag drog vi frå Tverrelvdal i Alta og sette kursen mot Vesterålen, og i kveld fekk eg tilgang til Internet att. Dermed kjem ein rapport med oppdatering.

Vi overnatta på ein gong på turen frå Bålsta til Alta, og kunne nyte gode vegar nordover i Sverige. Vi svinga så vidt innom Lövånger, der vi ferierte i 1984, då Sigmund var svært ung. Staden såg ut om lag som då, kanskje det bare var litt ny maling. Men fleire av butikkane var nedlagde, mellom anna bakeriet som leverte kaka til bursdagen hans den gongen.

Opp gjennom Sverige opplevde vi både reinsdyr i vegen og elg nær vegen. Det gjorde vi i dag og, men i på Alteidet var reinsdyra i vegkanten og elgen ute på ei myr. Dagens dyr hadde det kaldare enn dyra i Sverige, i dag er det bare 10-12 grader, der var det minst dobbelt så mykje. Reidun gjekk inn på ICA i Pajala og handla litt, men vi kom heilt til Munio i Finland før vi fekk oss mat på turen, ein hyggeleg lunsjbuffet på ein Shell-stasjon. Der møtte eg ein kar frå Hammerfest som skulle køyre Harley i eit år, og akkurat hadde starta på turen. Eg ønskte han god tur og lukke til med økonomien undervegs.

I Kautokeino stoppa vi så vidt for å ta eit par bilete til Wikipedia, men myggen gjorde at det ikkje var så triveleg – eit tilsvarande kyrkjebilete vart det i Maze, men bortsett frå det gjekk det rake vegen til til Tverrelvdalen, og mellom halv åtte og åtte om kvelden var vi framme.

To lange dagsetappar hadde då ført oss heilt frå Bålsta til Alta, og no kunne vi igjen ta livet med ro nokre dagar.