Strange Fruit

I går kom eg til å sjå på filmserien En engel iblant oss på kanal FEM. Det er ein serie eg har hatt stor glede av å sjå på, den syner korleis Guds englar går omkring på jord i menneskeleg skapnad for å hjelpe dei som har det vanskeleg. Monica, Tess og Andrew er gjennomgangsfigurar, og serien går mandag til fredag.

I går handla det om ei jente som hadde mykje sinne i seg og protesterte mot verda rundt seg med å dope seg. I samband med ei oppgåve der ho skulle sjå element frå sitt eige liv gjennom historia, synte Monica henne korleis Billie Holiday reagerte på sangen.

Det var ein gripande episode, og den førte til at eg slo opp i wikipedia for å sjå om vi hadde noko om dette. Sanneleg, mellom dei 220 000 artiklane våre var det ein artikkel om dette og.
http://no.wikipedia.org/wiki/Strange_Fruit_(sang)

Eg anbefalar deg å gå på den lenka og lese historia. Den er lærerik.

Marius

Før ferien starta, stoppa eg på Ose og gjekk innom til Annemor Sundbø. Ho er alltid interessant å snakke med, og i bøkene syner ho kunst frå fillehaugen sett saman på stadig nye måtar. Dette har ho og fortalt om i Valle Radio fleire gonger, ho er alltid velvillig når vi spør henne og auser av sin store kunnskap med glede og iver.

Denne dagen inviterte ho meg med opp i Storstoga, der ho heldt på å montere ei utstilling som skulle stå oppe i sommar. Sentralt i utstillinga var Setesdalskofta, og så synte ho korleis ulike mønster har sprunge ut av eller late seg inspirere av lusa til nye mønster og variantar. Der fann vi og Mariusgenseren.

Eg kom på dette då eg i dag las i Aftenposten at Marius Eriksen var død, 86 år gammal. Det livet han levde, slik det er teikna i minneordet av andre som vaks opp i Dr. Holms vei i Holmenkollen, var langt over gjennomsnittet innhaldsrikt alt frå ungdommen av. Han drog til Little Norway og utdanna seg til pilot og vart den norske piloten som skaut ned flest fly under krigen, heile 9 eller 10, og han vart sjølv skoten ned over Nederland 2. mai 1943 og sat deretter i krigsfangeskap. Etter krigen var han med i slalåm i fleire verdsmeisterskap og i OL i 1948. Deretter dreiv han sportsbutikk i Akersgata i mange år. Noko om dette kan du lese på wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Marius_Eriksen Seinare var han og med i fleire filmar.

Eg pleier å sjekke at vi har artiklar på wikipedia om folk som er omtalte i Aftenposten når omtalen tilseier at vi burde ha det. Og det hadde vi, i dagane etter at han gjekk bort, har den blitt ganske kraftig utvida og eg kunne lese om medaljar han fekk for innsatsen sin: «For sin krigsinnsats ble Eriksen tildelt Krigskorset med sverd, St. Olavsmedaljen, Haakon VII 70 års medalje, Krigsmedaljen, Deltakermedaljen, Distinguished Flying Medal (UK) og Silver Star (USA).»

Helsevesenet og pengane

Etter ein laurdag med like mykje regn som det til vanleg kjem på ein månad, kom sundag med solgløtt og opphald det meste av dagen. Det var så fint at vi valde å ta formiddagskaffe ute, men då kom det nokre dråpar som førte til hektisk aktivitet for å få opp parasoll, slik at ein kunne sitje rimeleg verna for dråpane. Dei vart så få at apetitten på vaflane på ingen måte vart redusert, med bringebærsyltetøy frå ville bringebær plukka medan vaflane vart steikte, var det eit triveleg måltid.

Vi vart sitjande å snakke om nevroendokrine svulstar, sjå
http://no.wikipedia.org/wiki/Nevroendokrine_svulster Det er ein artikkel eg skreiv for nokre dagar sidan basert på ein artikkel i Aftenposten. Grunnen til at vi kom inn på det var at svigersonen vår, som er patolog, no måtte tilbake på jobb i neste veke, og då finn han slike svulstar. Eg hadde spurt han om å lese gjennom det eg skreiv, eg skriv jo ofte om ting eg ikkje har peiling på på wikipedia, og då er det godt å få ein som har peiling si meining. Han sa då at han var overraska over at det ikkje var fleire tilfelle i Noreg, for hans inntrykk var at dei på sjukehuset fann slike ganske ofte.

Vi måtte jo konstatere at hans pasientgrunnlag er ein halv million menneske, så då vert det jo ein del å ta av. Men så fortalde han at før var det nokså lett å diagnostisere denne sjukdommen. Ein såg det med ein gong i mikroskopet. Men det kunne jo hende at ein tok feil, og denne sjukdommen er det ingen som kan gjere noko med. Difor vert det som ein dødsdom når den er diagnostisert. Om ein då i eit eller anna tilfelle har feil diagnose, skulle ein vel tru at pasienten var svært nøgd. Men det er ikkje alltid slik, av og til vert folk svært sinte på helsevesenet og legen fordi dei har fått øydelagt livskvaliteten, så dei saksøker sjukehuset for å få erstatning. Difor har ein måtta utvida kvalitetssikringa av diagnostiseringa, slik at ein i tillegg til å sjå i mikroskop, også må teste for hormonbinding. Dermed vert det ein mykje meir komplisert jobb, og den kostar pengar.

Ingen skulle undre seg over at helsevesenet er dyrt i drift under slike forhold.

Orgelkonsertar

I Setesdølen i går, fredag 17. juli 2009, var det ein liten notis om eit brev Niklos K. Besteland har sendt til Valle kommune:

Niklos K. Besteland på Besteland i Hylestad meiner at det er for dårleg at Valle kommue brukar flust med pengar på ulike kulturelle tiltak, mellom anna konsert med Lillebjørn Nilsen, men ikkje sikrar orgelkonsertar i kyrkjene i kommunen.

-Det er ingen tilbod om dette i år, anten for bygdefolk eller tilreisande. Det er for svakt. Det er ei skam at me har nytta skattepengar til dyre orgel, men ikkje maktar å sikre at nokon spelar på dei. Me bør ha organist i full stilling, skriv Besteland i eit brev til Valle-ordførar Bjøgulv Sverdrup Lund.

Niklos er ein trugen medarbeidar i Valle Radio. Annankvar veke kjem han med eit gjennomarbeidd program med kyrkjemusikk som han presenterer i programmet Postludium. Dette programmet har vi hatt klokka 20:30 i alle dei åra vi har hatt tysdagssending. Han har ei stor samling med musikk av denne typen og deler med seg av informasjon om både komponisten, utøvaren og orgelet det vert spelt på. Av og til får eg tilbakemelding frå folk om at dei likar Niklos sine program, og det er ingen tvil om at han sjølv trivst med den oppgåva og ser fram til ein ny bolk til hausten.

Og Niklos har eit poeng. Det er jo eit lite paradoks at vi har fått gode orgel i begge kyrkjene, men bare brukar dei til dei faste hendingane i kyrkjene, gudsteneste, bryllaup og gravferd. Instrumenta har godt av å verte brukte og kunne med fordel vore grunnlag for ein serie med sommarkonsertar, slik det skjer i mange andre kyrkjer. I Oddernes kyrkje har organisten Ian Richards kvar sommar ein orgelkonsertserie med arrangement kvar onsdag og sundagskveld, ofte med gjestemusikarar. I Lyngdal er det Sommerkveld i kirken med musikk kvar fredagskveld. Der samarbeider organisten med svært mange musikarar i løpet av sommaren. Men det er alt for få som skipar til slike arrangement, så Valle er i selskap med mange kyrkjer på Agder. Om det skal kallast godt eller dårleg selskap, kan du som les bloggen sjølv bestemme.

Godt og tenleg ver

I den gamle kyrkjebønna heitte det “godt og tenleg ver”. Det veret eg har hatt i sommar, har vore av den typen. Og ettersom veret er noko ein kan snakke om når ein ikkje har noko anna, så vert det tema for innlegget på bloggen i dag.

Då eg såg på Dagsrevyen sa Kristen Gislefoss at det kunne kome 80 mm nedbør på Agder i dag og i morgon. Det er ganske mykje, og svalene flyg lågare no enn tidlegare i veka, så han kan nok få rett i at det kan kome ein del regn. Men i sommar har det vore svært lokale variasjonar, nokre regnbyger som har vore sterke med mykje vatn har ikkje vore så omfangsrike. Ein kveld eg kom frå Kristiansand skjøna eg at byen høyrde til dei indre bygder, for då vi kom sør for Søgne, var det fint opphaldsver medan det høljeregna i Kvadraturen.

Men om eg skal seie noko om veret så langt i ferien slik eg har opplevd det, så har det vore godt. Vi var fem dagar i Sverige og hadde sol det meste av tida, godt og varmt, eg er jo ikkje så glad i høge temperaturar, så 25 grader i lufta var meir enn nok for meg, og med 45 grader på asfalten var det lite fristande å gå ut av bilen.

Difor likte eg temperaturen betre då vi sette kursen nordover, sjølv om 12 grader kanskje ikkje fekk folk i Finnmark til å rope hurra. Eg hadde trudd at myggen ikkje var så aktiv når det var så kaldt, men der vart eg lurt, han fylte bilen då vi stoppa for å ta eit par bilete i Kautokeino.

Å køyre bil når det regnar er jo ikkje så stor glede, særleg når store trailarar kjem til møtes og kastar 80 mm nedbør over panseret og frontruta. Høljeregn gjer og at sikten vert dårlegare, så ein må redusere farten. Men det var bare ein kort periode vi hadde slikt regn i Nord-Norge, eit par timar ein ettermiddag. Og så fekk vi ein regnversdag på Inlandsvegen i Sverige på veg mot Torsby. Då sa vi at dette likte nok bøndene, for det hadde vore ein lang periode utan regn, Skogen var etter kvart ganske turr, så lynet hadde slått ned nokre stader og gjeve brannvesenet noko å gjere.

Veret kan ein ikkje gjere så mykje med, ein får bare gjere det beste ut av situasjonen.

Leonard i Langesund

I kveld var Leonard Cohen i Langesund. Over 11.000 billettar var selde, 645 kr pr. stk gjev ei omsetning på over 7 millionar kroner. Eg vonar at både Helge, Margunn og Stein fekk ei god oppleving for pengane saman med dei 11.000 andre som tok seg til Langesund i kveld.

Når eg høyrer namnet til denne songaren, tenkjer eg på alle dei gongene vi har spelt Kirsten Bråten Bergs Som en spurv frå plata Cohen på norsk i Valle Radio. Denne plata er basert på Håvard Rem si gjendikting av Cohens dikt, og spurve-sangen til Kirsten er svært populær i Valle Radio. Her er lenke til plata: http://www.leonardcohenfiles.com/cover3.html og her kan du kjøpe spora: http://www.mic.musikkonline.no/shop/displayAlbum.asp?id=2560

Cohen har gjeve ut elleve studioplater og ti bøker, fortel Alf Kjetil Walgermo i ein artikkel i Vårt Land i dag, der han skriv: Det finst ikkje flust av poetar i popen. Men Leonard Cohen finst framleis. (…) Religiøse tema og metaforar dukkar opp i mange av Cohens låtar, så som den populærie Hallelujah, ein nydeleg song som dessverre er covra halvt i hel av idolalderens unge og håpefulle.

Og i morgon er han på Moldejazz, der det er seld over 9000 billettar.

Open sending i Lindesnes Radio

Onsdagskvelden kom eg heim etter å ha vore ein tur vestover. Då eg kom mot Lyngdal, sette eg på nærradioen, og det ser ut som om Lyngdal, Lindesnes, Søgne og Loland samarbeider om programma no i sommarperioden. Denne onsdagskvelden var det Open sending, dei som var programleiarar kalla seg To rustne høns.

Det fekk meg til å minnast ei dame eg kjenner som kommenterte sin situasjon slik: Sjølv om egga er gått ut på dato, er det framleis liv i høna.

Men det var ikkje det eg skulle skrive om, eg får halde meg til saka og ikkje spore av. Eg tenkte å gje små gløtt frå eit program som i prinsippet er som vår open sending. Eg fekk ikkje med meg heile programmet, det var eg ikkje aleine om, for det var tordenver i området, og straumen hadde vore borte. Fleire klaga på det, og programleiarane meinte at folk burde ha ein batteridriven reiseradio klar for slike tilfelle. Rett nok var dei klare over at slike radioar har ein tendens til å ha flate batteri når ein treng dei, kanskje til og med så flate batteri at innhaldet har lekka ut og øydelagt kontaktar og meir til. Men det hadde jo vore å ty til når straumen var borte.

I denne sendinga hadde dei ikkje rebusar, det var bare spørsmål som vart lagde ut, og så kunne folk ringe og svare på det dei hadde peiling på. Eg hugsar ikkje alle spørsmåla, men nokre eksempel kan du få:

1. Kva heiter kyrkjelyden til Aril Edvardsen
2. Kva heiter far til kong Harald
3. Kva tenkjer svenskane på når dei seier at dei skal fika
4. Kven er Ari Behn gift med

Spørsmåla var altså ganske lette, og det verka som om dei mest var grunnlag for å ha ein liten samtale. Dei som ringte inn, var tydelegevis gamle kjente av programleiarane, vi fekk namnet nokså fort, og det var ikkje alltid innringaren som presenterte seg, like ofte kunne det vere ei av dei to rustne hønsa som kjende att stemmen. Så prata dei om tordenveret og sommar og ferie. Når det ikkje var telefonar, måtte dei turrprate om laust og fast. Ettersom det var torever og fleire av dei faste ikkje hadde straum og difor ikkje hadde liv i radioen, var det litt daudt til å begynne med. Men så kom straumen att, og då vart det fleire telefonar.

I ein stille periode las dei opp siste leiarartikkel frå Lindesnes Avis, den handla om at det var ei skam at folk i Mandal må dra til Sørlandsbadet i Lyngdal for å bade i dei kalde dagane når det ikkje er fristande å slikke sol på Sjøsanden. Her var dei rustne hønsa svært enige med redaktøren i avisa.

Premien var enkel, eit flakslodd til to av dei som hadde rett svar på spørsmålet. Og flakslodda sende dei i posten, enkelt og greitt. Programmet vara frå klokka 20 til 22, då vagla etter det dei sa sjølv dei rustne hønsa seg til neste sending.

Ein aktiv region

Setesdal er ein aktiv region, og Setesdølen speglar ein del av aktiviteten når avisa to gonger i veka ligg i postkassen. I dag kunne vi lese at dei åt 750 komper på Ose i helga og at det er jordbærfestival på Evje laurdag. Det er også countryfestival på Ose frå fredag til sundag, så ein kan ikkje seie at sommartida er stille i regionen.

Og når vi kjem til august er det festival på Eikerapen og Rekordfestival på Hovden. I år vert Valleutstillinga arrangert for siste gong, den går heile sommaren og har vore godt besøkt, sjølv om dei saknar bygdefolk på tunet. Truleg kjem det ein del bygdefolk når Tveitestemna vert arrangert med Lillebjørn Nilsen og dottera Siri Nilsen skulle visst og kome til Valle.

Nå er jo sommaren ein aktiv periode i mange regionar, men Setesdal står ikkje tilbake for andre i så måte. Det er ikkje snakk om å ta ferie og reise bort, for mange er sommaren ein periode der ein prøver å tilby kultur av ymse slag til turistar som kjem forbi. Sjølvsagt er det stimulerande at ein kan ha fleire i publikum enn ein får elles i året. Sommaren er jo og ein periode som med høveleg temperatur gjer det mogleg å halde til ute i større grad.

Sommaren er ein periode der ein vitjar vener og familie, og då er det godt å ha noko ein kan gjer saman, både tilreisande og fastbuande. Dermed er det mange som finn ut at dei skal oppsøke kulturtilbod dei elles ikkje er så flittige brukarar av. Sjølv har eg i sommar fått med meg ein del slike, truleg fleire enn om eg ikkje hadde reist på tur. Om ein held seg heime, vert det ofte til at ein ikkje nyttar seg av alt det ein kunne velge mellom. Om ein kjem seg ut, vil det vere lettare å oppsøke eit museum eller ei utstilling. Teikneseriemuseet i Bålsta er eit slikt eksempel, eg tok turen innom der og var ein time i steikande sol, men musea på Sørlandet har eg brukt lite tid på i dei 18 åra eg har budd i regionen.

Svein Ellingsen 80 år

Eit av dei fyrste åra eg var i Valle, arrangerte eg som då var avdelingsleiar for kyrkja og Ånund K. Homme, som då var kulturkonsulent, i samband med Vegkyrkja i Hylestad eit salmeseminar. Vi var heldige og fekk Svein Ellingsen til å kome og vere med oss på seminaret, som var i Soknehuset på Rysstad og i Hylestad kyrkje. Vi visste truleg ikkje kor heldige vi var, men det var fine dagar og interessante tankar vi fekk desse lærerike dagane, sjølv om vi ikkje var så mange deltakarar.

I dag fyller han 80 år, salmediktaren frå Saltrød, ja han er busett der, men kjem opprinneleg frå Kongsberg, les eg på wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Svein_Ellingsen Det meste av den artikkelen er brukt i Vårt Land sin artikkel i høve dagen, og så har avisa intervjua ei rekke personar om salmene til Ellingsen.

Som eg har skrive på bloggen var eg i Alta i sommar og i Elvebakken kyrkje song vi Fylt av glede over livets under. Det er ei dåpssalme som på ein særskilt måte har fanga opplevinga ein har som har fått eit barn. Både den og svært mange av Ellingsen sine salmer er mykje brukte i kyrkja, 57 salmer av han er kome med i Norsk Salmebok og i Salmer97.

Gratulerer med dagen!

Tolmod

-Du må vere tolmodig, sa Reidun til meg då vi fredag, siste dagen av turen vår, kom over norskegrensa på Finnskogen. Vi låg bak fire campingbilar og det var ikkje lenger veg ein kunne kome forbi på.
-Jadå, sa eg, utan å meine det eller å klare det.

Å køyre i 60 er ikkje ferie, men det er realiteten mange stader i Ferie-Noreg. Fotoboksar og vegstandard gjer sitt til at farten går ned. Snart hadde vi lagt Kongsvinger bak oss, utan å stoppe sjølv om vi aldri har vore turistar i den byen. Vi såg fotballbanen til Tom Nordli, festningen som tronte over Glomma, men lysten til å stoppe var minimal. Det var fredag, vi ville gjerne ut av Oslo før rushet mot Sørlandet sette inn. Fleire store kyrkjer kunne vore verd eit besøk, mellom anna Strøm kyrkje i Sør-Odal http://no.wikipedia.org/wiki/Str%C3%B8m_kirke og Nes kirke og kirkeruiner kunne jo og vere verd eit besøk. http://no.wikipedia.org/wiki/Nes_kirke_(Akershus) Det ligg der Glomma og Vorma møtest, ikkje unaturleg å kalle den staden for eit nes. Men snart kryssa vi Vorma, kom inn på ein bomveg – i Sverige har dei ikkje slikt – og så var det full fart på E-&. No var vi på kjente trakter, så då det var avkjøring til Nittedal, svinga vi automatisk av frå E-6. Etter stopp og proviantering av drikke og aviser bar det så vidare.

Ut av Oslo vart det tett med trafikk nedover mot Drammen, men vi kryssa bruene der med godt mot og sikta oss inn på dei mange tunnellane i Vestfold. Fire felts motorveg er ikkje å forakte. Bare så synd at den stoppar så fort, og der ein skal flette to felt saman til eitt, der går det i sneglefart. Så opnar det seg litt att før ei atter må flette, og då trong eg formaninga frå Reidun.

Vi har mange gonger stoppa på Lasses like sør for Grenlandsbrua, men denne dagen var det svært fullt der, så vi tok Telemarksvingen i staden, der hadde vi ikkje vore før. Kan nok vere vi stoppar der seinare og, roleg og fint for ein rast.

Etter kvart var det bare å kome heim som stod i hovudet på oss, vi hadde heilt gløymt at Ånund K. var i Kragerø og godt kunne fått eit besøk. I staden såg vi fram til å treffe Margunn og Stein på Harebakken, dei kom frå Kristiansand og hadde akkurat starta ferien, fyrste veka skulle dei ha på Sandøya. Det vart eit hyggeleg møte, dei har lese på bloggen og var godt oppdaterte på kva som hadde hendt på turen, så det var meir spesielle spørsmål dei hadde. Eg fekk meg til og med 15 minutt, plent som plakatane langs vegen seier eg bør få meg når eg vert trøytt, og så bar det sørover att.

Vi undra oss på om den nye vegen var ferdig, men der og må ein smørje seg med tolmod, den skal opne i august, og då vert det vel slik. Men bompengar vil dei jo ha…

Denne fredagen regna det i Kristiansand, som truleg må høyre med til dei indre bygder, for frå Søgne og sørover var det solskin som helsa oss velkomen heim, både i veret og i ansikta til dei vi møtte heime. Takk til dykk som har fylgt oss på turen og gjeve tilbakemelding og oppmuntring til å skrive og alle dykk andre. Det er triveleg å sjå at nokon les det ein skriv. God sommar til alle dykk som skal på tur i nord og sør.