Ei rik kjelde

Jol i Setesdal er ei rik kjelde til mangfaldig informasjon om Setesdal. Heftet fungerer som ei årbok, utan å vere knytt til eit spesielt år i stoffutvalet. I samband med at eg legg inn innhaldslister på setesdalswiki, har eg fått høve til å sjå det litt meir i samanheng. Når ein får eit hefte til jol, så les ein det ein finn av interesse, og så går det eit år før ein atter dukkar ned i joleheftet. Men på den måten får ein ikkje noko lengdesnitt, det får ein når ein ser mange nummer etter kvarandre.

Ei rekke biografiar om folk i dalen eller med tilknytning til dalen er ei side av bladet. Men artiklar om språk og gamle soger og segner finn ein og rikeleg av, nokre og om setesdølar som flytte til USA. Olav Bjørgum sine teikningar har sett sitt tydelege preg på bladet i ein heil mannsalder, med framsidene så vel som med slåande sitat frå Gamalt or Setesdal. I 2001 hadde han funne dette sitatet: -Dette he han godt av når han bli gåmåle, sa Frøyrakjen, han jula opp son sin. Med ei karakteristisk teikning av ein gut som ligg med rumpa bar over kneet på faren og riset som sveipar over det heile, det er kosteleg og minner oss om at det ikkje ligg så langt tilbake som ein helst likar å tru.

I bladet er det få noveller eller dikta forteljingar. Derimot er det etter måten mange dikt, ikkje bare joledikt. Etter at Bygland mållag innstifta målpris, har Sigurd Haugsgjerd gjerne skrive om dei som har fått denne. Og så har det i ein del år i nyare tid vore skuleklassar som har laga barnesider.

For ei tid tilbake kom det brev frå skriftsyret om at dei ville setje frist for bidrag noko tidlegare i år, og at dei ville prøve å få til eit temanummer i samband med Kulturminneåret 2009. Så det er vel bare å gå i gang å skrive for den som vil vere med i årets utgåve av det tradisjonsrike joleheftet.

Her finn du lenke til noko av innhaldet i årgangane som har kome. Eg er ikkje ajour med det på Setesdalswiki enno, men du kan jo gjere deg opp ei meining.
http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Jol_i_Setesdal

Kommunestyremøte i Evje

Ein les jo litt av kvart i Setesdølen, men i Evje og Hornnes kommune må politikarane vere meir effektive enn setesdølar flest. I annonsen for kommunestyremøtet fredag 12. juni kl. 10 står det at først skal det vere orientering frå Agder Energi om utbyggingsplanen for Fennefossen. Det er sikkert ikkje noko å seie på at ein har sett av halvannan time til det, for det er ei viktig sak for Evje. Eg vonar at dei ikkje legg fossen i røyr, den er ein viktig del av miljøet på Evje.

Så er det matøkt. Det er jo vanleg å ha klokka 11:30, truleg gjeld det heile dalen. Men den økta skal politikarane og nytte til gruppemøte, og då spør eg meg sjølv om det ikkje var betre at dei åt på tvers av partigrensene, slik dei gjer i Valle. I Valle må sakene gjerast ferdige, så ventar Jorunn Lund Harstad sine vaflar med moltesyltetøy når møtet er slutt. Eg veit ikkje om det er grunnen til at møta i Valle som regel er korte, det kan jo tenkjast.

No kunne jo ikkje politikarane på Evje vente heilt til sakene var ferdige før dei fekk seg mat, så det må ein jo gje dei lov til, men eg tenkjer vel helst at matøkta var lovleg kort bare for å få seg ny energi. Ein halv time, alle som har vore på kurs og konferansar veit at det er for lite. Men klokka 12 startar det ordinære møte med handsaming av saklista. Meir om den kan ein få vite ved å gå til http://www.e-h.kommune.no

Men matøkt og gruppemøte på ein halv time, det er effektivitet sett i system…

Blott en dag

I kveld var det konsert i Mandal kyrkje. 14 songar av Lina Sandell, arrangerte av Sigvald Tveit, framførte av Jæren Kammerkor, dirigent Ingunn Bjorland og med Lage Wedin, Marianne Lygren og Solveig Bergersen som solistar. Ingeborg Bjorland Hansen las tekstane som bandt saman songane. Det vart ei fin stund.

Lina Sandell var fødd i 1832 i Fröderyd i Småland, og ho skreiv om lag 2000 dikt og songar. Mange av dei vart kjende gjennom songaren Ahnfeldt, som og var predikant. Her fekk vi på løpande band Tryggare kan ingen vara, medan allting ler, O Jesu, ditt namn, Du ømma fadershjerta, Blott en dag, Jesus for verden givit sitt liv, Vem klappar så sakta, Herre, mitt hjerta lengtar i stillhet til dig, Jag kan icke rekna dem alla, Jag frågar ej, Når dagens heta svalkas, I den stilla aftonstund, Jag vil sjunga en sång – og sjølvsagt Bred dina vida vingar.

Kjende og mindre kjende tonar og tekstar fann atterklang i sinn og tankar og plutseleg slår det ein at det er ganske utruleg at ei kvinne som døydde i 1903 i Sverige framleis kan tale til mellom 100 og 200 menneske ein fredagskveld i Mandal. Som ho har gjort så mange gonger ved avslutning av sendinga i Valle Radio, når vi lar Carola synge Bred dina vida vingar. Det er ei kveldsbøn ein kan ta med seg i livet, sjølv om ho altså er skriven for meir enn 100 år sidan.

Meir om baptistar

Sist onsdag skreiv eg om baptistbesøk, sjå http://valleradio.blogs.no/2009/05/27/baptistbesk-6186208/

Samstundes sende eg ein artikkel til Setesdølen, det er jo fleire som les den enn som les bloggen min, og dette syntest eg var ein nyhet som godt kunne lesast av fleire. I fyrste avisa etter pinse kom artikkelen med, så dermed kan du som ikkje høyrde innslaget i Valle Radio tysdag før pinse, få litt peiling på kva storbesøk vi hadde i radioen.

Om ein ser på verdsbasis, så er baptistane samla truleg det største kyrkjesamfunnet etter den katolske kyrkja. Særleg i USA har dei gjort seg gjeldande i samfunnslivet. Abraham Lincoldn, Martin Luther King, Billy Graham, Jimmy Carter, Bill Clinton og Al Gore er alle baptistar som har vorte kjende over heile verda. Du kan lese meir om baptistane på wikipedeia: http://no.wikipedia.org/wiki/Baptist og om Southern Baptist Convention, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Southern_Baptist_Convention som mange av dei kjende høyrde til. Men også Johnny Cash og Aretha Franklin.

Kanskje er det tid for å spele litt gospel i kveld.

Meir om Gjerdrum

I går skreiv eg om Gjerdrum, mellom anna fordi eg var på besøk i denne kommunen mellom Oslo og Gardermoen nokre dagar. Eg har fått høve til å ta senilveka medan elevane mine har eksamen, så dermed kunne eg ta turen inn til Tigerstaden og helse på barn og barnebarn.

I dag tok eg turen innom Gjerdrum herredshus og spurde etter informasjon om kommunen. Ei vennleg dame i resepsjonen synte meg til rette og orsaka kommunen at dei diverre ikkje hadde noko trykt stoff, det hadde dei hatt før, men no låg alt på Internett. Men ei informasjonshylle med ulike brosjyrer var til rådvelde, og eg let meg ikkje be to gonger, men plukka med meg litt av kvart.

Eg sa ikkje at det var til artikkelen deira på wikipedia eg hadde planar om å bruke stoffet. Hjelpa var like god sjølv om ho ikkje visste kva eg skulle bruke stoffet til, og då eg hadde kikka litt rundt i hyllene, takka eg fint for meg.

Ettersom eg hadde litt tid for meg sjølv, tok eg turen til Gjerdrum kyrkje og fekk eit bilete av den. Utanfor kyrkja hadde dei ei oppslagstavle. Der stod det programme for kyrkjene til og med mai, og så var vedtekter for kyrkjegardane slått opp på tavla. Som turist hadde eg nok likt betre eit ark med informasjon om kyrkja både der og på tavla ved Heni kyrkje. Men kanskje er det ikkje så mange turistar i Gjerdrum.

I si tid hadde vi slik informasjon på oppslagstavlene ved Hylestad og Valle kyrkjer. No er det lenge sidan eg har sett på dei tavlene, men eg hugsar at eg las det som stod der med interesse då eg var ny i Valle.

Eg ser ikkje bort frå at nokon eg kjener i Gjerdrum les bloggen min når overskrifta er som den er. I så fall kan dei gratis og fritt gje ideen vidare til kyrkjeverje Nils Sikveland, som sikkert er det som har ansvaret for slike ting i kyrkjelyden. Og om fotoapparatet fungerte og eg teknikken står meg bi, vil det kome noko informasjon på wikipedia etter kvart. Dermed vert ein vellukka tur endå meir vellukka.

Og snart så sette me kursen sørover att. Borte bra, men heime best.

Gjerdrum

Som eg skreiv i går bur Sigmund og Margaret i Gjerdrum. Det er ein kommune som ligg mellom Oslo og Gardermoen, Norges hurtigst voksende kommune, seier wikipedia.

I dag såg eg litt på kva wikipedia har om kommunen, og det var alt for lite. Hovudartikkellen er kort, i kategorien er det 14 artiklar, seks av dei handlar om vegar, så då er det ikkje att mykje til å fortelje om denne kommunen. Valle har mykje meir informasjon om kommunen med 1300 innbyggjarar enn Gjerdrum med 5.500 innbyggjarar.

Men slik vert det med eit brukarstyrt leksikon. Om det ikkje er nokon frå bygda som tek ansvar og skriv, vil det bare bli dei viktigaste basisopplysningane som vert lagde inn. No for tida går det ein konkurranse om å skrive gode kommuneartiklar på wikipedia. Det er jo ein viktig jobb å ha gode artiklar om kommunane. Det er mange som treng å få meir kjøt på skjelettet.

Ei samanlikning mellom wikipedia og Store Norske fall ut til wikipedias fordel. VG hadde samanlikna fem stoffområde, og wikipedia matcha historie og slo klart store norske på dei artiklane som hadde vorte samanlikna innanfor andre sjangrar. Eg gleder meg over det og veit at det vil ikkje gå så lenge, så er det andre som vurderer wikipedia og kjem til andre resultat. Men ei lita stund kan ein glede seg over at andre verdset det arbeidet vi gjer på wikipedia.

Austlandet

-Oslo ligg svært usentralt, sa eg ein gong nokon ville at eg skulle kome inn på eit wikipedia-møte ei helg, så eg trur eg står over.

Dei lo då og meinte at det var ein original måte å sjå det på.

Men i pinsehelga tok vi turen til Oslo, og dette skriv eg frå Gjerdrum, der Sigmund og Margaret bur. I dag har vi vore på besøk hos Rønnaug og Lars Gustav og borna Håkon og Kristine. Dei har fått ein lillebror, og lille Nikolai var eit nytt bekjentskap, knapt ein månad gammal. Der trefte vi og Helge, så når ein har born buande så usentralt, bør ein vel ta seg ein tur dit av og til.

Men eg er blitt mindre glad i stor trafikk med køkjøring, og sjølv om vi drog innover sundag 1. pinsedag, var trafikken stor. Å ligge time etter time i kø er ikkje særleg fristande. Heimturen utset vi til onsdag, eg har senilveke den komande veka, og når Valle Radio no har teke sommarferie, så er det ikkje grunn til å kome opp i dalen for å ha sending heller.

I morgon, tysdag 2. juni er det Norsk Språktest for ei rekke av elevane mine på Valle Vaksenopplæring. Eg ønskjer dei lukke til med testen og på gjensyn om ei veke når eg er attende i Valle.