Sundagsope, vanndirektiv og SETPRO

Overskrifta var tema i nyhetstimen i kveld. Fyrst ut var Hans Petter Andersen som har søkt om å få ha Jokerbutikken i Valle open på sundagar i sommar. Han meiner at Valle kan definerast som ein turiststad på same måte som Edland, Åmot og Rauland i Telemark. For butikken hans er 175 kvadratmeter, den kan ikkje kallast Brustadbu, der er grensa 100 kvadratmeter. Han fortalde at handelen er mykje høgare om sommaren, så turistane legg att penger når dei er i bygda. Dei fleste andre butikkane i Valle kan i prinsippet ha ope om sommaren, for dei sel eigenproduserte varer, det er bare daglegvarebutikkane som må søkje.

Den som lever, får sjå.

Nestemann var Tom Arild Homme som snakka om forvaltningsplan for Otra-vassdraget, eit krav som har bakgrunn i EUs vanndirektiv. Det har vore folkemøter i Bykle og Valle, og i morgon skal det vere i Bygland. Høyringsuttale til planen tek for seg tilgroinga, mellom anna. Eit av problema er det kalde vatnet som kjem frå botnen av Bossvatn og ein lurer på om det kan hjelpe på situasjonen om ein heller tappar overflatevatn, som jo er varmare.

Tom Arild er flink til å presentere stoffet på ein klar og lettfatteleg måte, så han er alltid triveleg å ha med seg i radioen.

Siste gjest var og på telefonen. Det var Randi Steinsholt på SETPRO som fortalde om noko av det dei sel. I morgon kjem ein bil med stemorsblomar frå gartneriet deira på Evje. Men kompene dei sel er eigenproduserte, og å ha fått eit utsal på Esso-stasjonen i Valle er god hjelp for produksjonen, som snart når taket med det utstyret dei har til rådvelde no. Elles sel dei mykje ved, alt vart utseld i vinter og no er produksjonen i gang for neste sesong. Dei har og eit produkt som kallast bålkubben, som er ein furukubbe med sprekker i. Her set ein ei tennbrikke, og etter 10 minutt har du eit bål som brenn i 45 – 50 minutt. Desse er blitt svært populære i turmiljøet. SETPRO hjelper og om ein skal pakke og sende ut mange sendingar, og dei har i mange år produsert rasteplassbord. Kanskje ikkje alle veit at dei for 900 kroner i året tek på seg å stelle ei grav og bytte blomar etter som sesongen går. Det er bare å ta kontakt, sa Randi Steinsholt.

Frivillighetssentral

I eit oppslag i dagens Setedølen går det fram at fleire eldre menneske som tidlegare har fått hjelp frå kommunen til klesvask og plenklypping, no ikkje lenger får det. Dei meiner at budsjettkutta i Valle kommune er ein skandale. Ole Birger Lien har intervjua Knut O. Haugen (72) på Hovet.

-Dei kan sponse alpinistar i Kristiansand så dei får rimelege turar med buss til Brokke, men når me eldre som faktisk er glade for at me kan bu heime treng noko hjelp, er det ikkje midlar att, seier han og lurer på om kommunen vil ha alle eldre inn på ein heim, er det greiast for kommunen, spør han.

Ordføraren meiner at tenestene kan oppretthaldast, men kanskje med eigenandel, og så ventar han på tilbakemelding frå rådmannen.

I mange bygder og byar har ein etter kvart fått frivillighetssentralar. Desse får etter det eg veit stønad frå staten for å organisere frivillige som vil gjere ein innsats i ei bygd. Kan hende hadde det vore noko å tenkje på å få organisert også i Valle. Det er mange friske pensjonistar som gjer slike oppgåver rundt om i landet. Om det er råd å organisere noko slikt i Valle, veit ikkje eg, men andre har fått det til. Dei er kan hende ikkje så godt vande som folk i Valle, som har hatt kommunen til å gjere slike oppgåver.

Men hermed er ideen nemnd.

Program for 5. og 6. mai

Tysdag 5. mai
Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Janitsjarmusikktime
19:30 Dameklubben
20:30 Postludium
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 5. mai
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar; Inga Flateland
Telefonvakt: Jorunn Lund Harstad og Gudrun Nomeland

18:00 Aktuell time
19:00 Kommunen informerer ved Helseavdelinga
19:30 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
20:00 Haralds time
21:00 Open sending

Telefon 379 37577
Høyr på internett:
Last ip-adressa http://159.171.56.7/ValleRadio inn i spelaren din, så kan du høyre oss på nettet.

Heider og ære

Noko av det størst ein kan få av heider og ære i landet vårt, er St. Olavs Orden og Kongens fortenestemedalje. I dag kom eg over ein artikkel i Setesdølen att, den stod i avisa i november og fortalde om Sigmund Monen, som fekk medaljen i sølv, og noko seinare opplevde at Kongen gjorde om på tildelinga og gav han medaljen i gull for arbeidet med Fennefoss museum. Det enda opp med at eg skreiv ein artikkel om han på Setesdalswiki, sjå http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Sigmund_Monen

I forlenginga av dette la eg så inn artikkelen om han på wikipedia på bokmål og nynorsk, og då eg rota litt rundt på nynorsk wikipedia, fann eg lenke til Kongehuset si oversikt over tildelingar. Den er under oppbygging, her er lista over dei 100 siste: http://www.kongehuset.no/c27995/tildelinger.html?strukt_tid=27995

Det er ei side der kor ein kan søkje etter tildelingar: http://www.kongehuset.no/c34070/tildelinger.html?strukt_tid=34070&arkiv=1 Når eg så leitar etter folk frå Valle der, finn eg husmor Ingebjørg Kjelleberg, som fekk medaljen tildelt 1. juli 1997.

I Bygland finn eg bonde Knut P. Sandnes (27. 11. 2008) og emissær Olaf Skjeggedal (1. juli 2000).

På Evje er det fleire som har fått medaljen:
17.07.2007 Bedriftsleder Roald Skibsrud, Evje
30.11.2006 Kaptein Knut Aadal, Evje
28.05.2005 Lektor Olav Arne Kleveland
01.07.2002 Lærer Valborg Hauan

På Hornnes er det også nokon:
01.11.2005 Lærer Ruth Oksefjell, Hornnes
13.12.2004 Lærer Aslaug Smeland, Hornnes
08.05.2003 Hagebruker Arnar Kjetså, Hornnes

I Iveland finn eg desse:
08.05.2003 Formann Jens Skisland, Iveland
01.07.2002 Skogsarbeider Gjermund Frøysaa, Iveland
01.07.2002 Hjelpepleier Jorunn Frøysaa, Iveland,

Det er nok fleire og det hadde vore fint å få ei oversikt over desse til Setesdalswiki.

Black Dyke Band

Etter å ha fått ein svigerson som er glad i janitsjarmusikk, har eg fått augo eller rettere sagt øyro opp for Black Dyke Band. Dei gjesta Grenland International Brass Festival forrige helg til stor glede for dei som var der.

I dag fekk eg sjå ein video av dette orkesteret der dei spelte aleine og i saman med Salvation Army sitt International Staff Band. Det var ei oppleving, eg fattar ikkje korleis dei får det til. At dei har luft, til dømes.

Det får meg til å tenkje på åra i Nord-Norge då vi kvart år hadde korpsleir for musikantar frå heile landsdelen. Det var konsertar og musikk i alle rom på folkehøgskulen 10 dagar i august. Diverre er mange av korpsa i landet på vikande front, og i Valle har det vel ikkje lukkast å få i gang korpset att, noko som er eit sakn, i alle fall i samband med 17. mai-feiringa, men og i andre samanhengar.

Tysdag vert det brassmusikk i Valle Radio. Du har noko å gle deg til om du likar den slags musikk. Om du ikkje likar det, kan du sikkert finne ein annan kanal med popmusikk å høyre på.

Setesdalswiki veks

Setesdalswiki veks, no er det 16 artiklar. Dei kjem i tillegg til dei som vart importerte frå wikipedia då vi starta opp. Til no er det bare eg og Knut På Bø som har skrive nye artiklar, men fleire har registrert seg og ser ut til å ville prøve dette.

Kor eg skal setje målet, veit eg ikkje, men om ein fekk dekt alle dei raude lenkene som alt no er i strukturen, ville ein hatt godt over hundre artiklar. Ein skal ikkje forakte den ringe begynnelse, er eit gamalt ord eg kjem på i samband med dette.

Samstundes gjev det meg stor respekt for dei som starta wikipedia på norsk for fem år sidan. No er den komen til 215.000 artiklar, det er ei heil bragd. Men det er nok å skrive om på Setesdalswiki og. Her kan ein skrive om alle kommunestyremedlemmene, alle bedriftene i dalen og kven som driv dei, om lag og foreningar så vel som om geografi og natur. Det vert ein del med tid og stunder. Så får vi sjå korleis det går. Om ein klarar 1000 nye artiklar i løpet av mai, tvilar eg på, men til jul må det vel gå. Det vil gje vel hundre nye artiklar kvar månad, og det er nok meir overkommeleg.

Bli med å skrive på Setesdalswiki, du og. Ein takk til Helge, som er vert for prosjektet. Vi måtte få ny adresse i dag, for det andre han hadde på maskina ville ikkje fungere då slik han hadde sett opp adressa. Så no ligg artikkelen om Valle Radio her: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Valle_Radio