Gratulerer med dagen

Denne helsinga går både i høve 17. mai og i høve at Alexander Rybak vann Eurovision Song Contest.

For å ta det siste først: Eg såg bare litt av showet, og det er eg glad for. Då eg benka meg for å fylgje poenginnsamlinga opplevde eg at ei dame dei kalla Svabø fekk munndiare og skulle snakke over programleiarane, så poenga måtte ein få visuelt, ho stoppa ikkje når Alexander fekk 12 poeng heller. Uff, seier no eg, som er blitt så vaksen at eg mindre og mindre toler bakgrunnsstøy, og i alle fall ikkje dobbel. For all del, få henne bort, dette var pjatt og plapring, ikkje seriøs formidling av ei musikkoppleving.

Det ser ut til at det ikkje bare var eg som meinte dette. Då eg i går kveld kom opp for å skrive på bloggen, las eg kommentarar på nettet, og det var mange som var av den same oppfatning, så eg kan ikkje vere så utgammal heller.

Men det var hyggeleg at ein glad gutt vann denne gongen. Det vert eit eventyr for Alexander om han held koken, den energien som lyste ut av framføringa hans, den var sterk å oppleve.

Så kom dagen i dag. Eg fekk ut flagget om ikkje heilt på slaget åtte, så i alle fall før ni, og gjorde som eg hadde sagt, såg reportasje på tv frå feiringa rundt om i landet. Det er ei glede at feiringa held seg oppe, og eg let meg imponere over flotte bunader i nord og sør. Kanskje gjekk ho som var i Valle måndag og henta ny bunad ein stad i toget for alt det eg veit.

Men her i sør kom regnet etter kvart, heldigvis for dei som feira at dei gjorde unna feiringa om morgonene, før regnet kom. Det veks og gror for harde livet, sjølv om sommarlege temperaturar let vente på seg.

Vår i Valle

Våren er tidlegare i år enn på lenge. Folk snakkar om den tidlege våren då vi hadde kongebesøk, men i år er det tidlegare enn den gongen. Medan ein gleder seg over at det livnar i lundar og lauvast i li, tenkjer ein på år der ein skulle pynte til 17. mai og måtte ta inn kvistar nokre dagar før den store dagen for å få dei i museøyrestorleik til å pynte med. I år er dei fullt utsprungne.

Kvart år set ein ut sommarblomar for tidleg, for plutseleg kjem det ei frostnatt, og så må ein på butikken att og betale for sin dumskap eller latskap, dei fornuftige plantar i krukker som dei kan setje inn om natta, men så var det å gjere det då…

I år har vi hatt ein fin og noko kald vår. Mange hugsar varmeperiodar i april, men i år har det ikkje vore nokon slik periode, og bare tidvis har det vore godt å sitje på benkene i sentrum. Kald vind gjer at opphaldet på benkene vert kort, betre om ein finn ein plass i solveggen i livd. Då kan ein slikke litt sol om ein føler for det.

Russen var i Valle Radio onsdagskvelden og fortalde at dei ville ha nokre stunt i Valle torsdagen, dei fleste skulle reise bort 17. mai, så difor ville dei syne seg fram torsdag om lag klokka 15. Då skulle vi få bikinivaska bilane, og klemmar kosta fem kroner, kyss kosta ti. Torsdag klokka 15 ville eg gå ut i gata og sjå på prosjektet, men det kom ein eling så sterk og kald at eg droppa heile turen ut.

Det synte seg at elingen var kort og kraftig og ved femtida var vegen turr. Då dukka russen opp, men det var russepresident Ola som vaska bilar i bikini. Medan eg såg på dei, var det ingen som tok mot kyss eller klem frå søte ungjenter i russedress. Men eg handla meg ein orientalsk risgryte-middag og gjekk heim for å samle krefter til kveldsskrivinga på setesdalswiki, som no har snart 90 artiklar. I tunet heime stod ein plenklyppar, og medan eg sov middagsluren min, som vart alt for lang, hadde nokon brukt den og teke årets fyrste plenklipp utanfor huset mitt. Fontenen i sentrum er skrudd på, så det går mot sommar, ingen tvil om det.

Kulturpengar

For eit par veker sidan hadde eg besøk av kulturrådgjevar Torunn Charlotte Lund i Valle Radio. Ho fortalde om tildelinga av støtte til lag og organisasjonar i Valle. Ho las opp heile lista, men det er jo ikkje lett å få med seg alt når ein høyrer ei slik opplisting. Difor ba eg henne om å få lista på papir, slik at eg kunne legge det ut på bloggen. Vona var at eg skulle kome før Setesdølen, som pleier å lage ei slik oversikt. Til no har eg ikkje sett lista i Setesdølen, så kanskje kjem eg før avisa, sjølv om det no er ei stund sidan informasjonen var i radioen.

Lista er delt opp i fleire avdelingar.

Aktivitetstilbod barn og unge – budsjett: 15.000
Jentegjengen ved Lisbeth Hurti Homme 2000
Gutteklubben ved Ingunn Røysland 1000
Valle Danse-og leikarring ved Tove Hilde Åmlid 5000
Erla 4H ved Gunn Lien 12000
Valle Gathering ved Olav Stanley Kyrvestad 10000
Vallebø Sundagsskule ved Lisbeth Hurti Homme 1000

Kunstformidling – budsjett 25.000
Syngjandi ved Liv Bratli Løyland 2000
Valleutstillinga ved May Lis Flateland 7000
Setesdal spelemannslag ved Torleiv Løyland 9000

Tilskot til andres idrettsanlegg – budsjett 64.000
Valle allidrettsklubb ved Ingunn Røysland 2000
Valle jakt- og fiskelag ved Frøydis Unneland 7000
Hylestad snøskoterklubb ved Tron Støle 20000
Valle idrottslag ved Tarald Myrum 35000

Andre kulturaktivitetar – budsjett 64.000
Broderheimen ved Svein Brokka 2000
FAU Valle skule ved Inger Lise Homme 3000
Fjellblomen ved Åse Rike 500
Fjellro Grendelag ved Guro Nordli Solbakk 2000
Folkeakademiet Valle ved Malmfrid Nyborg Homme 8000
Gardane Grendelag ved Tor Brokke 2000
Homme og Tveitebø grendelag ved Torleif Homme 1000
Hylestad Bedehuslag ved Torleiv Bjørgum 2000
Hylestad bygdekvinnelag ved Marit Bergland Rysstad
Hylestad FAU ved Knut Haugen 3000
Kvinneforeningane i Valle/Hylestad NLM 1000
Oveinang grendelag ved Frøydis Unneland 2000
Rysstad grendelag ved Tone Å. Rysstad 2000
Treungen Grendelag ved Tarald Helle 2000
Valle BSF ved Eli Føreland 1000
Valle bygdekvinnelag ved Inga Flateland 3000
Valle Hagelag ved Øyvind Jacob 2000
Valle jordbruksklubb ved Lisbeth Dalquist Homme 1000
Valle menighetshus ved Torleif B. Harstad 2000
Valle mållag ved Lisbeth D. Homme 6000
Valle og Hylestad helselag ved Ingebjørg Sagneskar 2000
Valle pensjonistforening ved Anne Lise Harstad 4500

Det disponible beløpet var 168.000 kroner. Til saman vart det delt ut 168.000 kroner medan det var søkt om 328.700. Nokre kapittel fekk meir enn det som stod på budsjettet, andre kapittel fekk mindre enn det som stod på budsjettet. Men ein gjekk ikkje ut over den totale ramma.

Løyvinga vart gjort av formannskapet, som fylgde innstillinga frå administrasjonen dette året.

Fuglekveld

Etter ein aktuell time med besøk av russepresidenten i Valle, Ola Erlandsen Trygset frå Molde, som etter kvart fekk med seg to jenter frå klassen, Ann Helen Nordgård og Nina B. Saga, som dermed og fekk seg ein russeknute for mediabesøk, hadde Ronny Stavsholt i kveld ein triveleg halvtime med kulturrådgjevar Torunn Charlotte Lund.

Så kom Torleif B. Harstad i studio med Tankar frå Bibelen. I kveld spelte han musikk av Solveig Friis Larsen.

Klokka 20:00 var det tid for Ronnys time. Då kom Pål Dale, som er leiar av 17.-maikomiteen i Valle og Liv Tanche-Larsen med same vervet i Hylestad i studio. Dei kom rett frå formannskapsmøte og vart med på ein innhaldsrik samtale om 17. mai-feiring før og no. Det var mest om årets feiring, men dei kom med minne frå lang tid attende og.

Så vart det fuglekveld i Valle Radio. Vi slit litt med at vi ikkje har det vi har vent oss til med, å kunne spele musikk frå datamaskin. Vi må ha alt på CD, og Øyvind Jacob, som var ansvarleg, lurte på korleis han skulle få det til med fuglerebusar, lydane han ville spele låg på data. Men eg fann fram fugleplatene vi har i radioen, og 11 rebusar gjekk ut med lydillustrasjonar. Det verka å vere eit populært emne, for telefonane kima heile kvelden. 120 telefonar på halvannan time. Sist onsdag, då eg hadde open sending, var det bare 52. Øyvind og Bjørgulv T. Berg fekk ut forteljingar om fuglar, mellom anna om hubroen som Olav J. Haugeland hadde funne skadd, og som han sette i bur medan den kom seg att. Det vart travle dagar for å fange mat til ein svolten sjukling. Men det var mange år sidan.

Desse kom gjennom: Anne Lise Harstad, Jan “Kran” Haugeland, Ørnulf Hasla, Lisbeth D. Homme, Gyro Trydal, Tor Haugum, Anne Linn Jomås, Ingebjørg Vegestog Homme, Torbjørg Harstad og Tor Hallvard Omlid. Då vi trekte mellom alle som ringte inn, dukka Margit Hovet sitt namn opp frå bollen med 120 lappar, og då vi ikkje har krus, fekk ho ei klokke denne kvelden.

Promotering

Eg hadde nettopp besøk av Rey Larsen, songar frå Bømlo som har gjeve ut 10 plater, men som er nokså ukjent i popmusikkverda, trur eg. Han har vore på ei vekes promotur, ein rundtur til ulike konsertarrangørar i Noreg, Danmark og Sverige, og samstundes funne fram til lokalradioar på reiseruta. No var han på veg frå Sørlandet til Bømlo og ville presentere plata si for oss i Valle Radio.

Det er ikkje så ofte at ein musikar kjem innom sjølv. Av og til får vi plater frå utgjevarar som tenkjer at Valle Radio kan vere ein lokalradio som spelar musikken vår, men som oftast må vi kjøpe musikken vi treng.

Rey Larsen har vore i Nashville og spelt inn siste plata si. Men ein ting er å spele inn plate, noko anna er å få seld henne. Difor må ein promotere musikken sin. Dei store radiostasjonane har spelelister med musikk, såkalla formatering, og er ein ikkje inne der, vert ikkje musikken spelt i deira kanalar.

Men ein kan jo gjere noko sjølv for å få ut musikken. Til dømes kan ein stoppe i Valle på turen heim til Bømlo etter nokre dagar i bilen med teltovernatting for å unngå alt for dyre overnattingskostnader.

All musikken på plata Two Hearts er på engelsk og skriven av Rey Larsen. Her er spora:

1. Always In My Hand
2. Real Love
3. Tell Me What You Want
4. Hey Hey Song
5. My Little Girl
6. Marching Feet
7. When Love Appears
8. Together
9. Lift Us Up
10. Remember My Love
11. Two Hearts

Han lova å vere tilgjengeleg på mobiltelefonen i kveld på vegen heim til Bømlo. Så halv åtte i kveld kan du få høyre noko frå denne plata. Og vil du lese meir om han, kan du gå til heimesida hans, den er ganske innhaldsrik: http://www.rey.no/musikk/Velkommen.html

Bunadstid

Ei ung jente og ein litt eldre mann på oppdagingsferd i Valle sentrum, men boka Rette klede i handa. Dei kjem nedanfrå og går rundt butikkane litt, så ein tur bak Bergtun, tilbake i gata att, og så ein runde i hagen til Bergtun før dei går i bilen og dreg.

Eg fylgde med dei frå bilen min, eg skulle ein tur ned på husfliden med eit par gensarar som Reidun hadde laga siste veka, det hasta visst litt, så ho hadde ei travel helg.

Eg vart sitjande ei stund i bilen før eg køyrde ned til Husfliden, det er alltid interessant å sitje slik og sjå på den tida folk kjem frå jobb. Når det ikkje er så kaldt og vindfullt som no, kan ein nyte aktiviteten og livet i sentrum.

Ved Husfliden legg eg merke til dei to att. Dei kjem ut av butikken, jenta med ei stor eske i armane og båe to med eit breitt smil i fjeset. Ingen kan ta feil av grunnen til smilet: Ny bunad, jenta bar han sjølv ut i bilen, pappa fekk ikkje eingong lov til det, truleg fekk han bare lov å betale. Og så kjøre bilen, då. Ekstra tur heimefrå for å hente bunaden. Ta fri heile dagen og køyre dottera til Setesdals Husflidsentral i Valle for å passe han og til å hente han. Og til å betale sylvet som skal smykke dottera på konfirmasjonsdagen.

Bunad er ikkje tung tradisjon, det er glad glede for unge konfirmantar og flott stasplagg til 17. mai.

Vi tenkjer: Bunad, pris x kroner. Så kjem sylv, men sanneleg må ein også ta med boka om korleis ein kler seg. Og køyretur heimefrå til Valle og attende, og fridag ein måndag i mai. Eg vil ikkje antyde sluttsummen, men han er truleg nesten dobla når alt skal reknast attåt. Ingen snakkar om finanskrise i slike tider.

Dei er mykje verd, ungane våre.

moisund.com

Moisund.com – Bygdeblad for dalstroka innanfor vart ein artikkel på setesdalswiki i går kveld. Sjå http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Moisund.com_-_Bygdeblad_for_dalstroka_innanfor

Gjennom åra har ein jo høyrt om denne populære nettstaden, dei sparkar til høgre og venstre med humor og snert, har vore inntrykket mitt. Men eg har ikkje i særleg grad vore innom sidene deira. Eg skjønar at eg har gått glipp av noko, så det vert nok meir besøk frå meg der etter kvart.

Eg vart skikkeleg overraska då eg las at dei no har «rundt 1,5 millionar sidevisningar i året og vart siste året lest frå 95 land rundt om i verda.» Det er ganske imponerande, på dei åra eg har skrive bloggen min, har eg hatt 435.000 sidevisningar til saman, noko eg synest er bra, men det er bare ein brøkdel av moisund.com sine tal.

For slike nettstader er sidevisningar og besøkstal viktige. Vi vil jo gjerne at nokon skal lese det vi skriv. Så om du som les dette, sender ei lenke til venene dine og bed dei lese bloggen til Valle Radio, er eg svært takksam. Truleg finn dei noko dei kan ha glede eller nytte av, eller kanskje begge deler.

Eg trur eg må skrive om bloggen min på Setesdalswiki og. Om du veit om bloggar eller nettstader frå setesdal, kan du registrere deg som skribent på Setesdalswiki og skrive nokre linjer. Setesdalswiki har no 75 artiklar. Målet er å ha 100 nye artiklar kvar månad det fyrste året. Så får vi sjå korleis det går.

Jan Olsen får pris

Stort oppslag i siste nummer av UTDANNING, bladet til utdanningsforbundet. Jan Olsen skal få Skolefrontens solidaritetspris for «Syklar til Cuba». Det er no ti år sidan han starta opp, og prisen får han etter forslag frå Utdanningsforbundets klubb ved Valle skule.

I grunngjevinga skriv rektor Leif Kvinlog: «Noko av det viktigaste for våre elevar er å møte Jan Olsen og høyre hanfortelje om arbeidet han driv og kvifor han gjer dette. Han fortel enelt og svært engasjerande at han har ei glede av å kunne hjelpe andre, og særleg born, med å gjere kvardagen deira noko betre og noko enklare. Solidaritetstanken held han tydeleg fram. Jan er veldig god til å formidle enkelt og tydeleg. Det er ikkje mange som klarer å halde på merksemda til alle elevane på alle trinn i nærare 45 minutt!»

Alle som har høyrt Jan Olsen fortelje i Valle Radio vil skrive under på det Leif her skriv i grunngjevinga. Hans engasjement for «Syklar til Cuba» er stort og ekte og han seier sjølv at ein treng ikkje eingong stappe på pengar for at plata skal begynne å svive.

Til Utdanning seier Jan Olsen sjølv: «I år har vi samarbeidet med en kristen katolsk organisasjon på Cuba, og det var en positiv erfaring. Det ønsker vi å fortsette med.» På kommentaren om at nokon av borna som får syklar, etter kort tid sel syklane vidare på grunn av trong familieøkonomi, seier han at han er klar over problemet, men at det er lite ein kan gjere med det. I så fattige land vil det alltid vere nokon som kjem ekstra dårleg ut, sjølv om dei får ei slik direkte og konkret hjelp som den Syklar til Cuba gjev. Dei er i ein desperat situasjon og treng pengane til andre ting, difor blir syklane selde. Ein kan ikkje nekte dei å gjere det, uansett kor lite vi likar det, og syklane kjem jo til nytte for dei som kjøper, seier han.

Jan Olsen ser på Skolefrontens solidaritetspris som ei viktig anerkjenning av arbeidet som er blitt gjort. Føremålet er i første rekke å gjere det betre for ungar å Cuba, og han synest dei har fått til mykje gjennom dei åra dei har halde på. Det er eit konkret og direkte solidaritetsprosjekt som er enkelt å forstå, og der korkje politikk eller religion blir trekt inn. Å få ein slik pris er sjølvsagt ein stor inspirasjon med tanke på det vidare arbeidet med prosjektet. Eg håpar at vi snart kan få støtte frå NORAD, det hadde gitt arbeidet eit solid løft, seier han.

Vi gratulerer og ønskjer til lukke med prisen.

Her er lenke til prosjektet: http://www.syklertilcuba.org/

Vottar frå Setesdal – og USA

Annemor Sundbø har ein interessant fillehaug som har gjeve mykje kulturminne gjennom hennar bøker og foredrag. Til og med i USA har ho funne ivrige lyttarar, og fleire av bøkene hennar er omsett til engelsk. No er det kome ut ei bok på engelsk om strikking av vottar, og mønstera er tradisjonelle. Ho held på å omsette den til norsk no.

Fyrst kom vottar frå Noreg til USA, no kjem dei tilbake. Å omsetje slikt stoff er ikkje så lett, for mål og anna er jo ulikt, men smått om senn fin ein jo ut av det, seier ho.

Eg gjorde eit søk innan nettstaden som denne bloggen kjem ut på: blogs.no etter votter. Gjennom mi skriving ser eg at handarbeid er populært på denne nettstaden, for når eg lagrar, kjem det ofte opp lenker til bloggar med handarbeid. Her er resultatet frå søket etter vottar: http://www.blogs.no/posts/tags/votter/ Du kan sjå på dei medan du ventar på boka til Annemor og etter kvart får inspirasjon til å strikke til ein ny vintesesong.

Tid for stev

I open sending onsdag 6. mai var rebusane basert på oppslag i Setesdølen. For å lage ein vri på dei, hadde eg laga stev som matcha rebusaen, og så veksla eg og Inga på å kvede desse steva. Ingen av oss hadde gjort slikt før, men vi brukte det vi hadde. Her er nokre eksempel:

bowling = leve + nr. 23 + åsside + karakter

Ein norgesmeister frå Evje-bygda,
så ung og fager, nei, ikkje trygda.
Pokal frå Kongen ho også fekk,
då må ein seie: Så godt det gjekk!

dugnad = Pronmen 2. person eintal + Guinea-forkorting + latinsk «Herrens år».

Vi lauv og søppel nå bort skal fjerne
og stor og liten, dei hjelper gjerne.
Og etterpå er det greitt å ta
ein pust i bakken og vere glad.

hagesenter = park + ikkje tidlig + oppfører seg.

Sjå her er roser så mange, mange,
du kan dei kaupe, så god ein ange
dei gjev i hagen ein sommarkveld
når dagen kolnar og er på hell.

Vassendheia = gå i vatn + Norsk Data + fjellpartiet

Her Røynåslåmi vart folkefesten,
med over femti, men kor var presten.
Med snøballkasting og skileik yr
dei feira glade at vint’ren flyr.

Stemorsblomar = Velg! + Treslag + antimon + Kommune i Gudbrandsdalen + flatemål

I Valle kan du få kaupe mange,
dei toler sikkert ei natt, litt lange’
du kan få kaupe dei gul og blå
og prisen liten, du har nok råd.

Omstillingsbygda = forandring + bindebokstav + grenda

Me synest Evje har klara kampen
det er ’kje lenger blått lys i lampen.
No blømer bygda og står seg godt,
det tykkjer alle er fint og flott.