Pendling

Vi hadde eit møte i Valle Radio siste veka, og då snakka vi om påskesendingane, mellom anna. På møtet kom det fram at Helge Dahle, som er sett opp til å ha påskesendingane i år og, nettopp hadde reist ut på ein to vekers arbeidsperiode i Nordsjøen att.

Det fekk meg til å tenkje litt på pendling. Det vert eit noko oppstykka liv når ein pendlar. Sjølv har eg dei siste åra vore vekependlar. Kvar veke går turen mellom heimen i Mandal og jobben i Valle. Nokre refleksjonar kring det fylgjer nedanfor.

Sundag kveld set eg meg i bilen for å køyre til Valle. Det er ein triveleg tur. Eg prøver å tilpasse det slik at det meste av Hovden-trafikken er ferdig når eg kjem på Riksveg 9. Og så vil eg gjerne høyre Salmer til alle tider når eg dreg oppover. Som regel vert det ein stopp på Evje for å få ein kopp kaffe før siste del av turen.

Fredag går turen nedover att. Då møter eg ofte ein del av ski-folket på veg til Brokke og Hovden. Men då er det lyst, så det gjer ikkje så mykje. Trafikken er fin og det er sjeldan ein opplever stygge situasjonar.

Men det er ikkje til å unngå at ein av og til tenkjer på at ein må forsake ein del sosiale aktivitetar når ein er pendlar. Sist helg var det prestegjeldsaksjon i Valle, og truleg hadde eg vore der om ikkje pendlinga kom i vegen. Og om eg hadde budd i Mandal heile veka, så kunne eg og kona delteke i saman aktivitetar som no går oss forbi på grunn av pendlinga mi.

Slik vil det vel vere for dei fleste pendlarar.

Fredagskveld til heile Setesdal

Fredag 6. februar 2009

Ansvarleg : Øyvind Jacob og Britta Lise Homme
Tekniker : Inga Flateland
Tlf.vakt : Ingebjørg E.Rysstad,Jorunn Helle og Solveig Rysstad

18.00 Aktuelt m/ Øyvind Jacob
19.00 Kommunen informerer Valle barnehage
19.30 Tankar frå bibelen Tale av Kari Holmås, frå prestegjeldsaksjonen i Valle 2009
20.00 Korleis bli journalist med Ole Birger Lien (tidl.opptak)
20.30 Tora Lund les forteljing av Jens Bjelland
20.45 Lokal musikk
21.00 Opi sending m/ Britta Lise H.og Ronny Stavsholt

Eit anna perspektiv

I samband med Israel sin offensiv i Gaza var det mange innslag i radio og TV med rapportar frå Gaza og korleis situasjonen vart opplevd der.
http://no.wikipedia.org/wiki/Israel%E2%80%93Gaza-konflikten_2008%E2%80%932009

Ein av dei som rapporterte, var legen Mads Gilbert. http://no.wikipedia.org/wiki/Mads_Gilbert Ein annan var Erik Fosse http://no.wikipedia.org/wiki/Erik_Fosse

I sendinga i Valle Radio tysdag fortalde Elisabeth Dramsdahl frå Stavanger om eit anna perspektiv. Ho kunne fortelje om alvorlege psykiske og fysiske skader i befolkninga i Sør-Israel. Dramsdahl er overlege og psykiater i Stavanger, og arbeider no for tida med å hjelpe folk i Sør-Israel som er råka etter rakettnedslag frå Gaza. Ho er leiar for aksjonskomiteen Hjelp flyktningene i Israel og var ein snartur i Stavanger sist veke. Då intervjua Inge Kallestad frå Nytt Liv Media i Stavanger henne.

Ho fortalde at mange av dei skadde palestinarane har komme over grensa til Israel og fleire har fortalt om frykt og redsel for Hamas. Du kan høyre intervjuet om att ved å gå til heimesidene for Nytt Liv Media, http://www.nyttlivmedia.no/page.php?mtid=1&elid=614

Elisabeth Dramsdahl er overlege ved Stavanger Universitetssjukehus og ved Dødehavsklinikken i Israel, der norske pasientar kan få behandling for revmatisme og andre plager. Norge IDAG hadde eit intervju med henne om krigen sine konsekvensar på israelsk side: http://www.idag.no/aktuelt-oppslag.php3?ID=15773
http://www.idag.no/aktuelt-oppslag.php3?ID=15774

Musalaha

I sendinga i går hadde eg eit innslag som var laga av Norea ( http://www.norea.no/page.php?mtid=1&elid=5484 ) om forsoningsprosjektet Musalaha. Omgrepet Musalaha er arabisk og tyder forsoning.

Kva skjer dersom ungdom frå Israel og Palestina møtest, tenkte Salim Munayer som er kristen palestiner og samtidig israelsk statsborger. Salim grunnla derfor organisasjonen for 20 år sidan. Med utgangspunkt i Jesu lære om også å elske sine fiendar, tenkte Salim at det må vel gå an å få unge palestinarar og unge israelarar til å møtest, på leir, for å snakke saman og ha det moro saman.

Salim Munayer seier at han ser at både haldningar og handlingar blir endra etter ein leir i Musalaha. Gjennom 20 år har tusenvis av unge opplevd dette. Men for å få til ei samfunnsendring er det behov for at fleire palestinarar og israelarar opplever dette.

Det vil også vere behov for ei endring i sjølve samfunnsstrukturen. Men grunnlaget for alt fredsarbeid er relasjonar, slik at ein kan stole på kvarandre og forhandle med kvarandre, understrekar Salim Munayer.

Sjølv om ungdom frå båe sider møtest og knyter venskapsband, er det nok enno ikkje nok tillit i samfunnet til å bygge freden, seier grunnleggjaren av Musalaha, Salim Munayer.

I programmet møtte vi Raed Hanania frå Betlehem på Vestbreidda som har opplevd å verte audmjuka av israelske soldatar ved passering gjennom sjekkpostane ut og inn av Vestbreidda.

Vi møtte også Sarah Atwood som var 18 år då Intifadaen starta i år 2000 og opplevde at ei venninne vart drepen av ein palestinsk terrorist.

Dette innlegget på bloggen er basert på det Per Ove Stige skreiv om emnet på Norea sine sider. Der kan du og høyre intervjuet om att. Om du vil lese meir om Musalaha, kan du finne ein artikkel på engelsk wikipedia, men det er enno ikkje noko på norsk wikipedia om denne organisasjonen. Sjå http://en.wikipedia.org/wiki/Musalaha

Thomas Ball Barratt

I kveld spelte eg nokre songar av Thomas Ball Barratt i sendinga. Det var han som etablerte pinserørsla i Noreg i 1907, og markeringa av dette er no over. I samband med markeringa kom det eit musikkalbum som vart kalla Sanger fra T.B. Barratts salmebok http://no.wikipedia.org/wiki/Sanger_fra_T.B._Barratts_salmebok Eg fann nokre songar frå dette albumet og spelte i sendinga i kveld. Det er Jan Groth som syng dei fleste songane, han har med seg eit knippe røynde musikarar og songarar som Karsten Ekorness, Hanne Krogh, Ulf Christiansson, Inger Lise Rypdal, David André Østby, Christoffer Svartdahl og Solveig Leithaug.

Her var det fleire kjende songar, som til dømes Da Jesus satte sjelen fri og Løftene kan ikke svikte. Men å høyre Karsten Ekornness syngje Dagen er gått, melodien kjenner vi som Old Black Joe, det var ei sjeldan oppleving. Han var 90 år då han song sangen, og sjølv om stemmen ikkje var slik vi kjente han frå plateinnspelingar tidlegare. http://no.wikipedia.org/wiki/Karsten_Ekorness

Då Ekornness debuterte som solist, song han Klippe, du som brast for meg, med Barratt ved pianoet. Siste songen Barratt song i Filadelfia Oslo var Dagen er gått, då sat Ekornness ved pianoet og høyrde mannen som hadde skrive songen syngje refrenget:

Jeg kommer, Jeg komer!
For mitt hode bøyes ned.
Jeg hører stemmer kaller meg til himlens fred.

Eg vil gjerne takke Britta Lise for at ho har spela over frå kassett til minidisk songar som Dagmar Haugen har spelt inn. I kveld kunne vi høyre tre av songane, og det var ei hyggeleg oppleving.

Tirsdag 3. februar 2009

Det er så kaldt at ein burde vel helst bare sitje inne og fyre. Men det er Felix Mendelssohns fødselsdag, han var fødd i 1809, så det er 200-års dag. Niklos vil ha eit program om han, truleg finn eg litt musikk av han sjølv og.

Program:

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Tirsdagsmagasin
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland: Musikk av Felix Mendelssohn
21:00 Kyrkjebakken

Inga sending onsdag, vi har sending til heile dalen fredagskvelden

Så får vi sjå kva det vert i magasinet.

Prestegjeldsaksjon i Valle prestegjeld

Denne helga har det vore prestegjeldsaksjon i Valle. Gjestetalar var Kari Holmås. Dette stod på heimesida til Valle kommune om arrangementet i dag:

11:00 Fellesgudsteneste for Valle og Bykle. Med sokneprest Arne Skare, Lege og predikant Kari Holmås preike. Song av lokale ungdomar. Dåp og nattverd. Takkeoffer til kyrkjelydane sitt misjonsprosjekt på Cuba.

I ein prat eg hadde med Sissa tysdagskvelden, fortalde ho at dei hadde lagt om prestegjeldsaksjonen noko. I fjor var alle arrangementa i Bykle kyrkje, i år er alle arrangementa i Valle, neste år vil dei truleg bli lagde til Hylestad.

Det starta med møte fredag kveld på Menighetshuset i Valle, fyrst med kveldsmat, deretter med møte der Kari Holmås talte og Ånund Lund song. Laurdag var det to møte med matøkt mellom, då song Tone Rysstad og Tora Åkre Lund.

Kari Holmås har ein CD i salg hos Norea. Den heiter Til deg som ber og inneheld 9 talar om Fadervår. Ho tenkjer på den som ber bøna under dyna om kvelden og som kanskje tvilar meir enn du trur. Sjå denne lenka om du vil kjøpe den for 125 kroner + porto:
http://www.norea.no/page.php?mtid=14&elid=139&menu_3=177