Postludium med Mendelssohn

Niklos hadde laga eit program med Felix Mendelssohn (1809 til 1847) sin musikk i kveld. Den er melodisk, han er ein av dei store komponistane innan romantikken i musikken. Men han starta med klokkene i St. Michael et Gudula Cathedral i Brüssel, for det første stykket kom frå orgelet der. Det var domorganist Jozef Sluys som spelte Allegro con brio, 1. sats frå sonate nr. 4 i B-dur, opus 65. Det er eit sprudlande stykke, og domorganisten, som no vel har vore pensjonist i nokre år, han er fødd i 1936, spelte det con brio, som tyder med liv.

Det neste stykke var frå Motetten, opus 69: Jauchzet dem Herren, alle Welt, som er over Salme 100 i Bibelen. Det var Thomanerkoret i Leipzig som song under leiing av Thomaskantor Georg Christoph Biller, arvtakar etter sjølvaste Johann Sebastian Bach, som og var kantor der.

Det siste stykket Niklos hadde teke med, var Sonate nr. 5 i D-dur. Fyrste delen, Koral – Andante og andre delen, Allegro maestoso, vart spelt av Münsterorganist Konrad Philipp Schuba på orgelet i Münsterkyrkja i Konstanz, eit orgel bygd av Johs. Klais Orgelbau i Bonn i 1955.

Tysk wikipedia har ein stor artikkel med bilete frå kyrkja: http://de.wikipedia.org/wiki/Konstanzer_M%C3%BCnster

Onsdag 3. september 2008

Ansvarleg: Bjørgulv T. Berg
Teknikar: Inga Flateland
Telefonvakt: Ingebjørg Ellinor Rysstad

18:00 Aktuell time
19:00 Kommunen informerer. Rådmann Arne Tronsen
19:30 Tankar frå Bibelen
20:00 Verdas største sauefjos
20:30 Bjørgulv med musikk
21:00 Opi sending: Jorunn Lund Harstad

Kunngjeringar og helsingar: Tlf 379 37 577
E-post: Post @ valleradio.com

Noko er ein god på

Noko er ein god på og noko er ein ikkje så god på. Sjølv meiner eg at eg er god på å få til ei sending på radioen, difor gleder eg meg over å få vere med og lage program av ulik type og i mange sjangrar. Eg ser fram til ein ny sesong med forventning.

Det verka som om andre medarbeidarar i Valle Radio og tenkjer slik, for då eg tok ein runde på telefonen, var det svært positive tilbakemeldingar. -No er vi i gang att, var tonen frå dei eg nådde fram til.

Grunnen til at eg måtte ta ein runde på telefonen, var vel helst det som eg ikkje er så god til: Å få legge planar i lang tid på førehand. Det opplever eg som vanskeleg. Denne gongen visste eg ikkje korleis eg skulle gripe saka, så vi hadde eit styremøte der vi snakka om hausten og korleis vi skulle legge opp for at vi skulle ha teknikarar til alle sendingane. Når det så var gjort, var det å fordele folk og sjå til at fordelinga vart jamn. Etter nokre dagar var så lista klar og kunne sendast på epost til dei som står på den lista.

Men så er det nokre som ikkje har epost. Dei må få den som papirpost, og det er eg dårleg på. Men eg vonar å få den av garde i morgon. Men å organisere namn og adressar og frimerke og å få ting i postkassen, det er eg ikkje god på. Då eg klaga nauda mi til kona, sa ho at eg skulle hatt sekretær. Det er eg enig i, men i dagens system er det få som har det. Men eg hadde trengt ein sekretær til å gjere slikt for meg. Kanskje eg hadde fått den lista ut før då?

Takk til alle som er gode på å hjelpe og få det til, sjølv om de fekk sein beskjed. Så vonar vi det beste for haustsesongen.