Program veke 38

Tysdag 16. september

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Møteplassen
19:00 Gospelmusikk med Gaither Homecoming og andre
19:45 Aktuelt frå kyrkje- og kristenliv
20:30 Postludium ved Harald Haugland
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 17. september

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Torleiv Haugen
Telefonvakt: Anna Rysstad og Bjørg Ragnhild Trydal Jansen

18:00 Aktuell time
19:00 Kommunen informerer ved Pleie og omsorgsavdelinga
19:30 Tankar frå Bibelen
20:00 Haralds time med gjester i studio
21:00 Open sending med Rolf Erik Homme, tlf. 379 37 577

NAV til Posthuset

-Innan januar vert det samlokalisering av NAV i det huset som no vert nytta av Posten i Valle.

Det var rådmann Arne Tronsen som fortalde dette i programmet Kommunen informerer i Valle Radio onsdagskvelden. Det vil verte seks personar som arbeider der, tre frå statleg nivå (Aetat og Trygd) og tre frå kommunalt nivå (flykning og barnevern). Tanken er at dei og skal samarbeide med NAV Setesdal og totalt gje eit betre tilbod til innbyggjarane i kommunen.

Posten flytter til Øyne, dei treng jo ikkje liggje i sentrum, for lokala brukast til å sortere post til Valle og Bykle kommunar, ikkje til å yte skranketeneste til folk. Den tenesta har no lenge vore Post i butikk hos COOP-butikkane i Øvre Setesdal.

Riksveg 9
Tronsen kommenterte og Riksveg 9, som måndag markerte opning av ein om lag 5 km lang parsell frå Ose til Tveit: -Vi hadde ikkje fått ein meter veg om vi ikkje hadde hatt bompengefinansiering. Men nåverande plassering av bommen er ikkje der det mest trafikk.

I samtalen var vi og innom trongen for at arbeidet ikkje stoppar opp. Men han ville ikkje snakke om avtalen som er gjort mellom fylket og kommunane om å bruke pengar frå sal av konsesjonskraft til vegen, det meinte han ordføraren heller burde svare på.

Viktige parsellar som står att er Sandnes – Harstad i Valle og Tveit – Langeid i Bygland. Ein er diverre ikkje kome så langt at ein kan gå i gang med Tveit – Langeid enno. Så ein må nok rigge ned prosjektet no, og heller starte opp att når ein er klar for neste etappe.

Nedrigging og flytting
Kvar fredag er det eit diskusjonsprogram i P1 mellom klokka 13 og 14. Fredag 12. september var tema Vegar i Norge. Problemstillinga var om ein skulle bruke vegpengar i det sentrale austlandsområdet, eller om dei skulle brukast i distrikta. Engasjerte innringarar var fleire gonger innom klattinga i vegbygging ved at ein ikkje gjer ferdig ein strekning, men tek ein kort del, så riggar ned anlegget. Dermed går pengar tapt i rigginga. Mange har nok same opplevinga når det gjeld Riksveg 9, sjølv om ingen av dei som var på tråden i den sendinga, nemnde Riksveg 9.

Riksveg 9 var og tema i Valle Radio seinare på kvelden, då Leonhard B. Jansen var gjest i studio og snakka med Harald Haugland om ferdsle i Setesdal i gamle dagar. Då tok ein bytur tre veker for byklarane, kunne han fortelje.

Å klå og å klore

I dag oppdaga eg ein samanheng mellom ord som eg ikkje har vore medviten om tidlegare. Det som i min dialekt heiter å klø, heiter å klå i Nynorskordboka. http://www.dokpro.uio.no/perl/ordboksoek/ordbok.cgi?OPP=kl%E5&nynorsk=S%F8k+i+Nynorskordboka&ordbok=nynorsk&s=n&alfabet=n&renset=j Den viser og til å kleie. Begge dei orda er unaturlege i min Ålgårds-dialekt, vi seier å klø. Det kan bety å ha kløe og å gni lett, gjerne med neglene, for å fjerne kløen. I grammatikken trur eg at det heiter at verbet både er transitivt og intransitivt.

Etter ei sending i Valle Radio er det alltid god kløe når nokon kommenterer at dei høyrde noko interessant i radioen denne kvelden. Det skjedde onsdagskvelden då eg spurde etter namnet på norske medaljevinnarar under Sommar-OL 2008 i Beijing. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Norge_under_sommer-OL_2008 Utover i sendinga som eg hadde saman med Karin Bøe synte det seg at det var ein del personar som var interessert i emnet og som hadde fått med seg ganske mykje av det som var sendt på TV. Vi fekk lagt ut 8 rebusar og hadde interessante samtalar med dei som ringde inn. Alle fekk premie denne kvelden, dei som ikkje fekk anna, fekk ein nøkkelring med LED-lykt. Diverre hugsar eg ikkje namna i hovudet, og lista ligg visst att i studio. Så dei kan du ikkje få i denne bloggpostinga.

Fleire av lyttarane klødde meg altså med at dei likte emnet for rebusane, og sidan har eg fått tilbakemelding på at også det øvrige programmet vi hadde denne kvelden, var interessant.

Då borna var små, kunne det av og til hende at dei vakna om natta fordi det klødde. Som regel var det ikkje nok å klø dei litt om dei skulle få sove etterpå, ein måtte heller smørje på ein salve som kunne lindre. Om vi fekk smørje på litt sinksalve og prate litt, så roa dei seg og kunne sove vidare.

Grunnen til at dei klødde kunne vere at nokon hadde klort dei og at rifta i huda grodde. I Valle Radio har vi ikkje som mål å klore, vi vil nok heller klø. Og vi likar ikkje når nokon klorar oss etter sending, å bli klødd litt og takka for programmet er mykje trivelegare.

Ein aktuell time

Onsdag hadde eg ansvaret for heile kvelden, og når eg no sit her og skal oppsummere, synest eg det var ein artig kveld. Eg hadde fire saker i den aktuelle timen.

Miljøfyrtårn
Vi starta med Gunnar Brottveit frå Coop Valle som har fått Miljøfyrtårn-merke på døra. Gunnar fortalde om prosessen fram mot sertifiseringa og kva det inneber for butikken, som er einaste i Setesdal med slik godkjenning. Dei må mellom anna ha mange økologiske varer, det var ikkje noko problem, for dei hadde fleire produkt i hyllene enn minstekravet. Dei må og føre kontroll med straumforbruket, målet er at det skal ned. Sertifiseringa gjeld for tre år og dei må gje rapportar årleg.

Lovsangsverkstad
Deretter kom Sissa frå kyrkjekontoret og fortalde om lovsangsverkstaden som skal vere i Bykle kyrkje til laurdag. Folk frå heile prestegjeldet møtest for å øve på å syngje og spele frå klokka 14, og så skal dei vere med i gudstenesta sundag klokka 11 i Bykle kyrkje og halde konsert i Valle kyrkje klokka 17 same dag.

Eg fretta Sissa ut om tankane som no er til diskusjon om å flytte konfirmasjonen til hausten. Om ein gjer det, kan konfirmantane få eit betre tilbod enn dei får i dag. Valle prestegjeld har ikkje kateket, men om ein flytter, kan ein ta konfirmantane med til konfirmantleir, anten med KRIK i Bø sommarland eller med Skjærgårds på Risøya. Då får dei eit tilbod som vi ikkje kan gje dei lokalt, noko som vil gjere konfirmansjonsførebuinga meir innhaldsrik. Foreldrene diskuterte dette tysdag i Valle og onsdag i Bykle. Soknerådet vil oppsummere diskusjonen og ta avgjerd i saka seinare.

Stadnamn
Deretter var det Jon Melhus som fortalde om stadnamnprosjektet som han arbeider med for Valle kommune. Han skal leggje inn kanskje så mykje som 8000 stadnamn frå Valle og Hylestad på kart. Arbeidet skjer på Setesdalsmuseet på Rysstad. Gjennom åra har det vorte samla inn mange namn, arbeidet no er å få dei inn på kart. Bare på Straume, Bjørgum og Hovet har han sidan han starta i mai lagt inn 900 namn på karta.

Hasla Oslo
Siste gjest i timen var Ørnulf Hasla som fortalde frå opninga av Hasla Oslo. Dei hadde laga 3000 porsjonar Setesdalswrap, alt gjekk ut, og det var hardingfelespel av ein spelemann frå Røros som hadde lært seg setesdalsspel, bunadkledde vener av Gunnhild Hasla, som er dagleg leiar og einaste tilsette i butikken, stilte opp og serverte og det var svært mykje folk. Dei opna klokka 14 og førebuingane gjekk til klokka 13:50, og halv fire om natta før opninga hadde dei malt lister på utsida av butikken.

Satsinga her saman med andre oppdrag fører til at Ørnulf ikkje får vere med så mykje i radioen som han hadde tenkt i haust. Det vert som vanleg USA-tur og det vert fleire turar til Oslo.

Med det gjekk den aktuelle time mot slutten og Kommunen informerer kunne begynne.

Omlegging

I kveld var første kvelden der eg måtte basere programmet på nedlasta materiale frå Norea. Tidlegare har vi fått det tilsendt som CD-plater, men omlegginga i Norea som fylgje av økonomiske problem, har ført til at dei må slutte med denne servicen. For oss, som har sending ein gong i veka, har det systemet dei har hatt, vore svært godt og lite arbeidskrevande. Difor har eg sett fram mot den nye ordninga med lite glede.

Sist tysdag prøvde eg å laste ned programmet, men då fekk eg det ikkje til. I dag hadde eg ein minnepenn som eg lagra dei aktuelle filene på, og då gjekk det betre. Eg var noko engsteleg for om vi kunne køyre slike filer på miksebordet vårt, men det synte seg at det gjekk greitt, så eg trong ikkje brenne dei på cd sjølv.

Før har Norea-magasinet vore ein halv time med song og fire nyhetsinnslag. No er Nettnytt eit tre og eit halvt minutts nyhetsprogram laga av avisa Dagen Matazinet. I kveld hadde eg med fem slike bolkar, frå sist onsdag til i dag. Det er eit problem at kvar bolk er ein avslutta del. Eg kan sjølvsagt kutte det, slik at vi ikkje får produsent på slutten av kvart innslag. I kveld tok eg det med dei fleste gongene. Mellom innslaga hadde eg ein kristen sang.

Etter kvart som eg får erfaring, vil eg nok endre på dette. Eg opplever at det er for massivt for vårt føremål, Noreamagasinet var lausare i forma, noko som jo er heilt naturleg, det hadde ein halv time, her har ein under fire minutt.

Vi får sjå korleis vi løyser dette etter kvart. Kyrkje- og kristenlivstoff er ikkje bare lokalt, å formidle dette med eit nasjonalt perspektiv er greitt nok i tysdagssendingane, som jo har hatt eit slikt perspektiv frå starten.

Programma for veke 37 2008

Tirsdag 9. september

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Møteplassen
19:00 Musikk. Audun Njerve synger country
19:45 Aktuelt frå kyrkje- og kristenliv
20:30 Postludium. Romantisk orgelmusikk ved Niklos K. Besteland
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 10. september

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonansvarleg: Torbjørg Hoftuft

18:00 Aktuell time
19:00 Kommunen informerer ved rådmann Arne Tronsen
19:30 Tankar frå Bibelen
20:00 Vegen gjennom Setesdal. Leonhard B. Jansen fortel
21:00 Open sending. Ring inn svar på rebusar til 379 37577

Forviklingar

Sendinga onsdagskvelden vart ikkje heilt som planlagt. I dag har eg hatt ein telefonrunde for å finne ut kva dei hadde i sendinga onsdag 3. september, ettersom eg ikkje hadde høve til å høyre den IRL, som dei seier (In Real Life) når dei skal seie i virkeligheten på bokmål og i røynda på nynorsk og ikkje hugsar dei norske omgrepa.

På oversikta stod det at det var Bjørgulv T. Berg som skulle ha ansvaret, men han måtte gje det vidare til Øyvind Jacob, for han måtte sjølv jobbe denne kvelden. Bjørgulv har begynt hos Risa, og når det kjem folk frå Rogaland for å jobbe med skilting, må dei lokale vere med.

Ein prat med Øyvind synte at han i nyhetstimen hadde snakka med Steinar Kyrvestad, som har begynt som potetbonde. Dette er eit tema som interesserer Øyvind, så dei hadde hatt ein lang prat. Han prata og med Ørnulf Hasla om opninga av butikken i Oslo. Frå klokka 20 var Åse Ingebjørg Homme med i studio til ein samtale om verdas største sauefjøs, ideen som 100 menneske møtte opp for å høyre om på folkemøte i kommunestyresalen tysdagskvelden. Siste delen av programmet før Open sending var eit musikkprogram.

I Kommunen informerer kom David Bergh Tharaldsen, leiar i Utviklingsavdelinga i staden for rådmann Arne Tronsen. I Open sending hadde Jorunn Lund Harstad med seg Dag Anders Rysstad og dei hadde tema om turistattraksjonar i Valle.

Det var problem med ein mikrofon i studio, så det var ikkje problemfritt å avvikle sendinga. Men det gjekk då på eit vis, og alle var glade at vi var i gang att, så vidt eg kan forstå det.

Hasla på Grünerløkka

I morgon er det klart for å opne Hasla på Grünerløkka. Det er nok forklaringa på kvifor Ørnulf ikkje har vore å sjå i Valle den siste tida, det er alltid mykje som skal gjerast i ein slik situasjon.

Setesdølen sin journalist Ole Birger Lien skriv:

Opningsdagen byr dagleg leiar Gunnhild Ørnulfsdotter Hasla på alt frå bunadkledde damer til musikk og setesdalswrap, det vil seie lefse med fisk eller kjøt.

På den høgtidelege opningsdagen skal Hasla AS presentere i alt tre nye smykkeseriar, Lauv, Love hearts og Silje.

Setesdalskulturen skal vere med
Med setesdalskulturen som ramme kan det verte eit og anna nytt å sjå både for austlendingar, setesdølar som bur i Oslo, og ikkje minst dei frå dalen som tar turen inn til hovudstaden og opninga.

-Me ynskjer sjølsagt alle hjarteleg velkomne, men vert nok ekstra glade viss me får mange setesdølar innom. Satsinga i Oslo er viktig både for denne butikken og butikken vår i Valle, og eg meiner denne satsinga i tillegg er god marknadsføring av Setesdal, seier Grete Fossen på Hasla AS.

Gunnhild er ei kreativ jente som ofte har delteke med song i Valle, vi har lit av henne i Valle Radio og. No skal ho drive butikk i Oslo, vi ønskjer henne lukke til. Grünerløkka skal vere ein trendy stad i Oslo for tida, så det er spanande å sjå korleis ein kan drive ein butikk der.

Her er lenke til Hasla: http://no.wikipedia.org/wiki/Hasla_Setesdalssylv
og her er lenke til Grünerløkka: http://no.wikipedia.org/wiki/Gr%C3%BCnerl%C3%B8kka

Alternativ onsdag

Eg tok ein telefon til 577 om lag klokka 22 i kveld, og då var det bare så vidt Ingebjørg Ellinor hadde tid til å snakke eit lite minutt, telefonane kimte i bakgrunnen. Det vart altså onsdagskveld som normalt i Valle.

Sjølv drog eg til Mandal i dag fordi eg skal på eit møte i Kristiansand i morgon. Første onsdag i kvar månad er det eit arrangement som heiter Syng deg glad i Mandal. Det vert halde klokka halv sju i aktivitetsenteret til Mandal Sykehjem, der kona mi arbeider, og i kveld hadde vi høve til å vere med. Det vart ei triveleg oppleving.

Vi visste ikkje heilt korleis det gjekk føre seg, så vi kom der fem minutt før det skulle starte. Då sat 90 songglade folk i alle sofaer og rundt alle borda både i publikumskafeen og i området som Dagsenteret nyttar. Glade tonar strøymde frå pianoet, og folk hadde fått seg kaffe og vaflar til å varme opp songstemma med. Det var ingen grunn til å vente med starten, huset var jo fullt, så halv sju helsa leiaren velkommen og presenterte songgruppa og solisten som var med denne kvelden. I løpet av den kvelden song vi kjente og kjære songar, her er lista (eg noterte opp etter kvart, for eg tenkte at eg kunne jo skrive om det på bloggen i kveld):

Mari, du bedåre
Sønnavindsvalsen
Lille vakre Anna
Lille måltrost
Vise for gærne jinter
Min egen by
Din tanke er fri
Hildringstimen
Den førsta gång jag såg dig
Uti vår hage
Kom sommarvind
Nordlandsnetter
Hvor såre lite skal det til
Lykkeliten
We’ll meet again
La oss leve for hverandre
Sommersol til siste stund
Tyttebæret
Så grønn en drakt

Midt i var det ein pause der folk som ikkje hadde fått seg kaffe og vaflar, kunne kjøpe det i kafeen. Men den varte bare 15 minutt, så var vi i full song att. Vi nytta songboka Syng deg glad, den same som Pensjonistforeninga i Valle brukar på sine møter.

Det har i ulike samanhengar blitt sagt at folk som har Alzheimers sjukdom, ( http://no.wikipedia.org/wiki/Alzheimers_sykdom ) og ikkje lenger hugsar, har glede av song, for kombinasjonen av tekst dei kjente og melodi, leitar fram gløymde minnestrukturar. Det var litt rart å sitje og sjå korleis det bokstaveleg talt skjedde midt i forsamlinga. Eldre som til vanleg ikkje tala noko særleg, nynna med og song med etter kvart. Folk som har slektningar på sjukeheimen, tok dei med til songkvelden og kunne sjå korleis songane gjorde godt og skapte attkjenning og glede.

Vi burde syngje meir.

Unni Løvlid

Musikkprogrammet mitt i kveld var om Unni Løvlid, og eg spelte fleire av spora på albumet Vita som ho gav ut i 2005. Det er omtale av henne og albumet på wikipedia:
http://no.wikipedia.org/wiki/Unni_L%C3%B8vlid
http://no.wikipedia.org/wiki/Vita_(album)

I sendinga spelte eg desse spora:
3 Når eg står her på dei høge nutar 3:33
8 Lær mig, o skov, at visne glad 4:11
9 Gud Fader mig saa underlig (Gjendines bådnlåt) 6:44
10 Nu Dagens Lys sig sniger hen 3:31
11 O Verden, hav da gode Nat (Min sjel og ånd) 1:27
12 Ned i vester soli glader 2:17

Gjendines bådnlåt fann eg og som pianostykke av Edvard Grieg, så eg spelte det to gonger, det er ganske kort, men set det vokale verket i perspektiv.

Soga om Gjendine kan ein og finne på wikipedia, ho vart over hundre år gammal. http://no.wikipedia.org/wiki/Gjendine_Sl%C3%A5lien

Eg fann og Ned i vester soli glader med Arve Moen Bergset, http://no.wikipedia.org/wiki/Arve_Moen_Bergset Han syng den med fiolin og orgelakkompagnement, så det kunne setje Unni Løvlid si framføring i perspektiv.

Og plutseleg var 40 minutt gått.