Startar de snart?

Dette spørsmålet har eg fått mange gonger den siste veka. Det verkar som om folk ventar på at Valle Radio skal kome i gang att.

Til alle som har spurt, har eg måtta seie at vi startar ikkje før i september. Men til onsdag, som er siste onsdagen i august, er det kommunestyremøte, og det vil vi overføre.

Eit problem som eg vil dele med dykk, er at vi treng fleire teknikarar. Gudrun Rysstad har teke ein pause etter fleire år bak spakane, og Knut Olav Tveiten er reist på skule og er ikkje heime midt i vekene. Vi vil prøve å setje opp ei liste for å halde sendingane i gang, men det er ingen tvil om at vi treng fleire til å hjelpe oss på teknikarsida om vi skal klare å halde aktiviteten oppe. Har du lyst og høve til å hjelpe, er du svært velkomen.

Styret hadde og fått eit spørsmål om vi ville arrangere rebusløp i kulturveka, men det sa vi nei til, vi kan heller hjelpe arrangørar å få ut informasjon om sine arrangement gjennom radioen. Det er meir det som er naturleg for ei radio.

Britta Lise har gjort eit stort arbeid med å organisere og få på plass nye reklamar. No er dei fleste i boks, det er bare finpuss att. Du har noko å gle deg til, det er gjort ein full gjennomgang av dette stoffet.

Vi hadde seminar før ferien, der vi drøfta kva som er god radio. Vi var innom mange tema, men det var ikkje noko framlegg om å endre på den malen for program som vi har laga, så mønsteret vil verte det same som tidlegare. Så får vi sjå etter kvart korleis det legg seg til rette.

Så svaret på spørsmålet i overskrifta er: -Ja, me startar snart.

Orgelkonserten Heavy Metal

Laurdag skreiv eg på bloggen at det kunne bli ein interessant kveld i Valle kyrkje til onsdag, då Bernard Emmelkamp skulle spele konsert. I kveld var han der, og det vart ein interessant kveld. Han hadde rett nok dementert litt i Setesdølen, Heavy Metal var ikkje popmusikksjanger, men eit uttrykk for at orgelets metallpiper skulle brukast på konserten.

Programmet var interessant:

Johan Varen Ugland: Bryllups-intrada
Edvard Grieg: Fire norske dansar, tilrettelagt for orgel av Bjørn Andor Drage http://no.wikipedia.org/wiki/Bj%C3%B8rn_Andor_Drage
Günter Bergmann: Harmonice-Mundi-Iovis, eit moderne stykke i fem satsar
Ludvig Nielsen: Fantasi (Opus 4) over to gamle olsokmelodiar: Ljoset over landet dagna og Dette er dagen som Herren har gjort. http://no.wikipedia.org/wiki/Ludvig_Nielsen

Så kom tre stykke av Bernard Emmelkamp:
I himmelen, i himmelen
I tro under himmelens skyer
Deg være ære

før han avslutta med
Johann Sebastian Bach: Den doriske toccata.

Vel 20 personar hadde funne vegen til Valle kyrkje denne kvelden. Soknerådsleiar Gro Haatveit ønska velkommen før Bernard orienterte om programmet. Opplegget for konserten er planlagt ut frå at den skal spelast i Münster i Tyskland seinare i sommar.

Mange av stykkene har vi hatt med i programmet Postludium i Valle Radio, og Niklos Besteland var til stades for å få med seg levande orgelmusikk, til inspirasjon for programma til hausten.

-Vi har eit strålande instrument i Valle kyrkje, det burde vore brukt mykje meir til konsertar, sa han og berømma Bernard for konserten.

Tonhild Kråkenes, kantor i Valle og Bykle, hjelpte Bernard med registrering av orgelet under konserten. I ein prat etter konserten, det var kyrkjekaffe og høve til å slå av ein prat, kunne ho fortelje at dei planla at ungdommar frå Kulturskulen skulle vere med ved gudstenestar i Valle kyrkje i haust, mellom anna var det planen at eit band skulle spele saman med orgelet. Ho såg fram til det og vona at fleire på den måten ville få augene opp for det flotte instrumentet og kome til kyrkje for å høyre dei unge spele.

Endringar

Det er så mange endringar i bygdom kome til, skreiv Ivar Aasen. I alle fall var det det eg trudde han skreiv. Men då eg søkte på nettet, kom eg til denne nettstaden, og her var verset noko annleis:

Der er so mange Hendingar
i Bygdom komne til;
me sjaa so mange Vendingar
20 alt paa eit litet Bil.
Dei hava snutt um Vollarne
og flutt og rudt og bygt;
men dei gode gamle Kollarne
dei standa lika trygt.

Songen heitar Dei gamle fjelli, og om han skreiv det då han var i Valle, er lite truleg. Det kunne vore skrive kor som helst i landet, akkurat dette verset i alle fall.

Når eg kom i tanke om verset, var det fordi i løpet av dei par dagane som eg har vore i Valle att etter sommarferien, så har eg fått melding om mange endringar. Nokre flytter, andre får seg ny bil, nye fjes dukkar opp på skulen og i gata. Det er endringar.

I Valle Radio er det endringar i teknikarstaben før sesongen. Det er grunnen til at eg ikkje har sett opp lista for komande sendingar enno. Men no har eg kalla inn til styremøte torsdag, så må vi få diskutert litt og sjå korleis vi skal gjere det framover. Framlegg til løysing hadde vore flott å få, kanskje du som les dette skulle melde deg som teknikar og hjelpe oss i haust.

Etter kvart ser vi endringar og i naturen. Det blir kaldare att, snart er hausten over oss. Nyt dagane medan du kan.

Åremålsdagar

Åremålsdagar kjem og går. Eg trur Britta Lise hugsar på dei fleste, og i kveld kom det ein epost frå henne. Ho er den av medarbeidarane i Valle Radio som på ein særskilt måte spreier varme og har omtanke. Det seier eg utan å blunke, for eg synest det, og det skal ikkje vere til forkleining for andre.

Ferien er over og vi starta opp att i dag. Det har jo blitt nokre telefonar, for born og familie er spreidde over heile landet:
Sigmund og Margareth er på fottur i Rondane,
Margunn og Stein er tilbake i Kristiansand etter å ha vore på Katie Melua-konsert i Hauge i Dalane laurdag
Helge er på jobb i Oslo og har vore det ei stund
Rønnaug og Lars Gustav har fått skulegutt i familien, då Håkon begynte i 1. klasse i dag. Eg trur nok at Kristine misunte han litt, ho må vente eit år.

Bursdagshelsingar i brev er det ikkje så ofte ein får lenger, no er det tekstmelding som gjeld, og søskena mine har lært seg kunsten betre enn eg. Så Solvor og Hermund får få svaret her, dei les jo bloggen og får med seg litt av kvart om Valle Radio.

Men mor sende brev, ho hadde funne eit kort med informasjon om kva som hende i 1947, og så supplerte ho med det som er sjølvopplevd: At det var ein varm sommar og ein dag om lag som dagen i dag. Å nærme seg pensjonsalder og ha foreldre i live, er det få som opplever, men den velsigninga har eg fått, og eg takkar for den. Ho ringte og, halv elleve om kvelden, for ho hadde vore på kvinneforening, dei starta haustsesongen i kveld. Sprekt gjort når ein sjølv er tett på 91.

Og så er det epost, då. Eit av søskenbarna mine, Brit, er ivrig epostar, så eg får stadig rapportar om sykkelturar på Jæren. Ho legg ved bilete, så flotte bilete at ein får heimlengt og undrar seg over alt det ein kan finne av vakre ting når ein er ute og syklar. Eg sa heimlengt, ikkje sykkellengt, det er noko anna.

Ein stor del av dagen i dag var eg ikkje inne og fylgde med på eposten. Då eg i kveld sjekka innboksen min, låg det og ein epost frå Helge Homme med gratulasjon.

Siste eposten eg opna med bursdagshelsing var frå blogg-administrasjonen. Dei oppmoda meg til å skrive om dagen på bloggen. Dermed vart dette innlegget ganske annleis enn det eg skriv om til vanleg. Men det var godt å kome til Valle att og starte skule og møte vener og kjente i bygda.

Det har blitt litt skriving på wikipedia i dag og, Her er ein artikkel eg har hjelpt litt til med tidlegare: http://no.wikipedia.org/wiki/R%C3%B8d_skogsnegl Det er utruleg alt ein kjem borti.

Eg hadde tenkt å late dagen passere stille. Difor laga eg ingen fest for elevane i pausen vår på skulen i dag. Det spørs om eg ikkje må orne noko i morgon når det no vart så offisielt at det til og med kom på bloggen. Den som lever, får sjå. Feiringa med mat hadde vi laurdag då syster mi og mannen var på besøk. Reidun hadde laga Lady Goldenglow-kake, som er ei gamal oppskrift frå Ålgård, og den smaka nesten like godt som eg hugsar frå 50 år tilbake. Her er oppskrift på kaka: http://home.no.net/hleite/ladygold.htm

Kanskje vi skulle verte betre til å markere åremålsdagar i Valle Radio?

Commonly Unique

Eg lova at eg skulle skrive om den plata eg fekk i går. Eg reknar med at ho nok blir spelt i eit eller to av programma mine i Valle Radio når vi startar opp att til hausten. Plata har same namnet som tittelen på dette innlegget på bloggen: Commonly Unique. Her er lenke til artikkel om plata på wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Commonly_Unique

Plata har 13 songar, som du ser i wikipedia-artikkelen. Alle er på engelsk. Det er slåande vakkert å høyre på.

Eg fann omtale av plata i fleire nettbutikkar, til dømes her: http://www.a-cappella.com/product/2825/jazz-realgroupcds Dei skriv: (omsett av meg): Denne CD markerar slutten av omforminga som The Real Group har gjort frå å vere “verdas største vokaljazzgruppe” til å bli ei vokalgruppe som syng original musikk frå samtida. ”

Anmeldelsen i VG finn du her: http://www.vg.no/musikk/artikkel.php?artid=8886874 Kurt Bakkemoen seier det slik:

Svenske The Real Group synger a cappella slik at du nesten tror de jukser!

Den svenske sangkvintetten har en imponerende stemmekontroll. På deres nye plate høres det ut som om de bruker instrumenter. Det er helt feil. Alle «instrumentene» vi hører er stemmene til The Real Group. Gjennom sin lange karriere, som strekker seg over 16 år, har de tatt a cappella-sangen et stort skritt videre. Denne gangen har de laget nærmest et rendyrket popalbum, selv om det er enkelte jazzelementer i noen av sangene. Bandet har selv skrevet alle sangene på platen.

Stemmekontrollen er unik. Lytt på albumet og la deg imponere over den vokale innsatsen.

«Commonly Unique» er unik, og platen fortjener internasjonal interesse! Lytt bare på «Substitute for Life», «Big Bad World» og ikke minst «Lift Me Up».

Så du har noko å glede deg til….

The Real Group

For nokre år sidan kom Sigmund heim med ei plate med himmelsk vellyd. Ingen akkompagnement, bare song a capella. http://no.wikipedia.org/wiki/A_cappella Det var The Real Group, som eg sidan har fått høyre i ulike samanhengar, og som eg og har delt med nokre av dykk lyttarar i Valle Radio. I dag importerte eg den svenske artikkelen til norsk wikipedia og omsette den, så no har vi ein artikkel på norsk om gruppa: http://no.wikipedia.org/wiki/The_Real_Group

Å skrive på wikipedia er ei interessant erfaring. Eg er ikkje flink med malar og infoboksar, så eg gjekk til irc-kanalen og spurde om hjelp. Det gjekk bare åtte minutt frå eg hadde omsett artikkelen og bede om hjelp til infoboksen var fiksa av ein annan wikipedianar.

På wikipedia arbeider alle for å få til eit best mogleg resultat. Det er ikkje slik at ein eig resultatet sjølv om ein har skrive mykje av artikkelen eller starta han. Det er fellesskapet som eig resultatet, og det ligg der for at den som kjem seinare, skal få god og rett informasjon. Når det gjeld denne artikkelen, så er det lenker til den på seks språk, så ein kan gå inn og få meir informasjon på dei språka ein sjølv forstår.

Enno er det mange røde lenker i artikkelen, det vil seie at det ikkje er noko informasjon på desse titlane. Men på svensk er det mogleg å finne informasjon om kvar einskild musiker og om fleire av platene. Den engelske artikkelen er 9881 bokstavar, medan den svenske er 3200 og den tyske og dei andre er noko mindre.

I dag fekk eg ei ny plate av denne gruppa. Den skal eg skrive meir om i morgon.

Heavy metal i Valle kyrkje og Valle Radio

Bernard Emmelkamp, som har vore med i fleire program i Valle Radio, skal ha konsert med tema Heavy Metal i Vennesla kyrkje sundagskvelden og onsdagskvelden kjem han til Valle. Sidan skal han til Münster i Tyskland og spele denne konserten.

Eg har jo tenkt på heavy metal som ein type musikk som eg ikkje har sans for. Så eg måtte slå opp på wikipedia for å sjå kva og kven som var teke med i samband med denne musikkstilen. Her er lenka: http://no.wikipedia.org/wiki/Heavy_metal I den artikkelen var det så mykje at eg kunne verte svimlen av mindre.

Eg fann då ut at to musikkgrupper som har vore spelt ein del i Valle radio, høyrde til denne sjangeren. Det var tyske Rammstein, som Theis gjerne fann fram. http://no.wikipedia.org/wiki/Rammstein Dei høyrer til i gruppa Industriell metal, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Industriell_metal

Den andre gruppa, som har vore spelt i Valle Radio når ungdomar har vore her og laga musikkprogram, er Metallica. sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Metallica Dei høyrer til gruppa Trash metal, som er ei undergruppe av Heavy metal, akkurat som Industrial metal er det.

I artikkelen i Setesdølen som handlar om konserten, står det at det kanskje er Heavy Metal Falling From The Sky av Jimi Hendrix som kanskje er opphavet til sjangeren. Her er lenke til Jimi Hendrix, men eg fann ikkje den songen når eg leita rundt i artiklane om han: http://no.wikipedia.org/wiki/Jimi_Hendrix

Det kan verte ein interessant kveld i Valle kyrkje til onsdag.

Eit skrivande folk

I sommar kom eg over eit hefte som Leonhard Bjarne Jansen gav ut i 1996 i samband med Hans Henrik Holm-seminaret same året. Det var ein Setesdalsbiografi, og her fann eg det som han seier er det meste som er skrive om Setesdal og av folk frå Setesdal. 67 sider var det då. Den som fylgjer med, veit at det er skrive ein del etter den tid. Difor tenkte eg at eg skulle søke i bibsys, som er databasen universitetsbiblioteka brukar for å sjå om det er kome meir. Her er lenka til bibsys om du vil søkje sjølv: http://ask.bibsys.no/ask/action/smpsearch

Her er det eg fann ved å bruke søkekriteriet Valle eller Rysstad og Setesdal:

1. Martin Skjekkeland Hans Henrik Holm 1896-1996 : foredrag omkring 100-årsminnet / [redaktør av heftet: Ånund K. Homme] 1996 ISBN 82-91793-01-8 134 sider

2. Johannes Skar-seminar i Valle 1997 : foredrag 1997 ISBN 82-91820-07-4 67 sider

3. Magnar Undheim: Njardarheim 1999 ISBN 82-995265-0-7 144 sider

4. Svein Inge Olsen m.fl.: Kjempa for Norge og andre setesdøler / [illustrasjoer: Olav Bjørgum] 1999 ISBN 82-476-0128-1 248 sider

5. Ingebjørg Vegestog Homme og May Lis Flateland: Rette klede i Setesdal : frå vogge til grav 1999 ISBN 82-995252-0-9 184 sider

6. Nomeland, Torjus: I mi tid : so levde me på ein gard i Setesdal i fyrste halvdelen av 1900-talet

7. Stølslandskapet på indre Agder : prosjektrapport 2002 Svalheim, Ellen J og Jansen, Leonhard B.

8. Hamran, Ruth: Billedsamlingen i Rygnestadloftet, Valle i Setesdal : fra senmiddelalder til reformasjon og renessanse 2002

9. Mogaard, John O. Mauring, Eirik: Data acquisition and processing : helicopter geophysical survey at Valle, Setesdal 2002

10. Christie, Sigrid: Bildene på Rygnestad 2003

11. Rostrup, Randi: Ein Jær-prest i Valle kyrkje i Setesdal 2003

12. Hageland, Torfinn Normann: Ferdsla i Setesdal i eldre tid 2006

13. Berg, Kirsten Bråten; Rysstad, Astri; Rolfsen, Kari: Stev for dagen 2007

14. Rysstad, Kim André: Tak hardt uti hand 2007

15. Lien, Ole Birger: “Finn ein haldningsmessig representativitet mellom dei tre gruppene folk, administrasjon og politikarar i dei fire kommunane Bykle, Valle, Bygland og Evje og Ho 2008

I søket kjem ikkje forfattarar frå Setesdal fram, bare tema med Setesdal og Valle. Men det vart jo 15 titlar likevel. Og det er sikkert ikkje alle titlane innan dette heller.

Rysstad

Endeleg, vil du kanskje seie, har han skrive om Rysstad på wikipedia. Det var på høg tid, den lenka har lyst raud altfor lenge, men no var den blå. Sjå her: http://no.wikipedia.org/wiki/Rysstad

Men artikkelen er ikkje mykje å skryte av enno, det er i grunnen bare fire linjer for å farge lenka blå. Det fine med wikipedia og med hypertekstar er at ein kan lage lenker mellom ulike tekstar, og Rysstad hadde tolv røde lenker, som plutseleg vart blå:

* Valle (← lenker)
* Stev (← lenker)
* Hylestad kirke (← lenker)
* Torleiv Bjørgum (← lenker)
* Liste over steder i Aust-Agder (← lenker)
* Hans Henrik Holm (← lenker)
* Valle prestegjeld (← lenker)
* Setesdalsmuseet (← lenker)
* Otto Furholt (← lenker)
* De fire årstider (frise) (← lenker)
* Kim André Rysstad (← lenker)
* Faråne (← lenker)

Eit anna søk på wikipedia syner at 35 artiklar har ordet Rysstad i teksten, medan 870 artiklar nemner ordet Valle. Men i det er til dømes Valle Hovin med, så ein må gå inn på kvar einskild artikkel for å få eit korrekt samanlikningsgrunnlag.

Men no er i alle fall lenka blå. Det betyr at du med dette er utfordra til å skrive litt på artikkelen. Det er slik med wikipedia at alle kan vere med og lage dette leksikonet. Dermed kan du skrive inn det du meiner er aktuelt å ta med om staden. Etter kvart vil eg og utvide artikkelen, men om det er nokon som les bloggen, som vil skrive inn litt, hadde det vore flott.

Etter kvart som artikkelen veks, skal eg halde auga med han og sjå kva som kan gjerast for at han kan verte betre.

Sanghelg på Reiårsfossen

I dagens Setesdølen var det eit stykke om sanghelga på Reiårsfossen med Oddvar Høgevoll i spissen. Med seg hadde han fjordingane frå Ryfylke, Brødrene Drivdal frå Moi og så var det kristen song og musikk tre heile dagar til ende.

Det var fjerde året han stod i spissen for dette arrangementet, som starta med teltmøte frå tysdag til torsdag, og som så heldt fram inn i helga, som vart festleg og oppbyggeleg for alle.

Oddvar Høgevoll er ein litt utradisjonell forkynnar sjølv om han står trygt med begge føtene i det gamle evangelium, som han så gjerne syng om. Men songen har ført til at han arrangerer stevne på Longerak så vel som songarrangement på Setesdal Hotell. Plater er det og blitt, den fyrste var vel Oddvar syng Aage, der han framførte songar av Aage Samuelsen. I eit intervju med menighetsbladet i Vennesla fortel han:

-Hadde jeg ikke vært kristen, hadde jeg nok stått på en scene likevel. Gud visste hvorfor han la ned akkurat de evnene i meg, sier evangelisten, som har sansen for countrymusikk med kristne tekster. -Jim Reeves og Bobby Bare. Flott musikk. Jeg spiller en del av deres sanger. I det siste har min barndomsvenn
Knut William Bygland invitert meg til sangstunder Setesdal hotell i Bygland. Det er stort, og da treffer jeg litt andre folk enn på bedehuset, sier mannen som elsket å danse på bygdefestene i Setesdal som ung. Men som sluttet med det da han var 20, etter en kveld hvor tårene rant i Årdal kyrkje. Der og da kjente han evangeliet forandre ham. Bundethet og dårlig samvittighet ble til uendelig fred og frihet.

Countrygospel med Oddvar er populær musikk i Valle Radio. Du får nok høyre han syngje til hausten att.