Dagsrevy eller dødsrevy

Då eg i dag høyrde nyhetene på TV2 klokka 18:30, slo det meg at ein nokre dagar kunne døype om programmet til Dødsrevyen i staden for Dagsrevyen. Rett nok var det ein glad reportasje om mange frigjevne gislar, men reportasjen om drapet i Bygland, tre ulukker med motorsykkel og fleire andre sette meg på tanken.

Det verkar som om det er det negative som skal kallast nyhende i media. Sjølv i tida som kallast agurknytt-tida, er det dei negative nyheitene som dominerer. Kan journalistane finne ei krise under oppsegling, flokkar dei seg og heller bensin på bålet. Det er ikkje bare Åslaug Haga og Manuela Ramin Osmundsen som har opplevd det.

På den måten er Valle Radio ein alternativ kanal. Vi har ikkje ressursar til å leite fram det negative som ganske sikkert finst i bygdene, det let seg neppe gjere med dugnadsbasert radio. Difor vert det ofte meir i pludrestilen enn i revolverintervjustilen vi arbeider. Vi var innom dette på seminaret vi hadde på Gimlekollen der vi spurde kvarandre kva som var god lokalradio. Eg ser det slik at den kan vere personleg, men den skal ikkje vere privat, vi skal ikkje vere Se og Hør med ein lokal stab av kjendisar som folk kan møte i programma våre til alle tider.

Dødsulukker er tragiske kor dei skjer og kven dei råkar, akkurat som sjukdom og liding som medfører døden. Eg skulle ønske at ulukkene heldt seg borte i sommarmånadene og at Dagsrevyen kunne bli prega av aktuelle saker som ikkje medførte død og liding. Det er nok ein utopi, men eg deler han likevel med dykk. Rundt om i verda sit folk i sakn og sorg, andre stader med glede og håp. Kvifor kunne vi ikkje trekke fram meir av glede og håp i media?

Byglandsfjord

Som oftast kastar eg bustadbilaget i Fædrelandsvennen i søpla ganske fort, sjølv om eg gjerne før tok vare på andre deler av avisa. Men i går var det ein interessant artikkel om Byglandsfjord av **Johs. Bjørkeli:Skapt av jernbanen.** Mange flotte bilete drog lesaren inn i teksten og gav sjølv folk med lita tid lyst til å stoppe litt. No er forresten høvet til å stoppe enda betre, for ein må senke farten ganske mykje både ved rundkjøringa i sør og ved dumpane gjennom heile bygda.

Wikipedia har ein artikkel om Byglandsfjord, men bare eit bilete av Bjoren til å pryde artikkelen: http://no.wikipedia.org/wiki/Byglandsfjord

Countryfestival

I påska hadde vi nokre pass til country-festivalen på Ose som premiar. Då sendingane var slutt, sende vi liste til festivalen om kven som hadde vunne. Tanken vår var at dei skulle sende premiane til vinnarane, våre gåvekort kunne jo ikkje gjelde som pass der.

Men det har oppstått eit problem med at vinnarane ikkje har fått sine pass frå festivalen på Ose. Det har etter kvart kome ein del telefonar frå frustrerte vinnarar som lurer på om vi har lurt dei. Eg vonar at vi klarar å rydde opp i problema før festivalen startar og seier meg lei for at dei har oppstått.

Her er lenke til nokre av artistane som skal spele på Ose:
http://no.wikipedia.org/wiki/Lynn_Anderson
http://no.wikipedia.org/wiki/Anita_Hegerland
http://no.wikipedia.org/wiki/Sie_Gubba
http://no.wikipedia.org/wiki/Steinar_Albrigtsen
http://no.wikipedia.org/wiki/Liv_Marit_Wedvik
http://no.wikipedia.org/wiki/%C3%85smund_%C3%85mli_Band

God festival!