Reklamane rullar og går

No spelar Britta Lise inn reklameopptaka som skal nyttast til hausten. Ho har brukt fleire kveldar saman med ei rekke personar for å få til nye reklamar. Ingen av dei gamle skal vere med vidare.

Det er eit stort arbeid å organisere dette. Først skal ein finne ut kven som vil ha reklame og stø oss med å vere med. Så skal ein klekkje ut sjølve reklameteksten og få den godkjent av dei som bestiller reklamen. Deretter er det å finne dei som skal lese inn og ein dag som passar då dei kan vere med.

Til slutt skal sjølve innlesinga gjerast, og sjølv om reklamen er på eit halvt minutt eller mindre, tek det si tid før det er gjort. Difor har det blitt mange kveldar i radioen i det siste.

Det har vore positivt, folk vil gjerne vere med, men ikkje alle vil lese inn sjølv. I år har ho satsa litt på at dei som reklamerer, skal lese inn sjølv. Men ein kan gå rundt og få ein kunde til å vere med, det fungerer jo og.

Det er interessant å sjå at det har vore stor interesse for å vere med, og arbeidet med å få reklameopptak på plass er etter kvart under kontroll. Så når vi startar opp att til hausten, vil det vere nye reklamar.

Program for 10. juni

Valle Radio 10. juni
Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Dikt og slikt. 5., 6., og 7. klasse på Valle skule sitt diktprosjekt.
19:30 Møteplassen
20:00 Bibel og musikk
20:30 Postludium
21:00 Kyrkjebakken

Hugs årsmøtet på Valle Motell torsdag 12. juni klokka 19:30

Teksten nedanfor vart sendt til Setesdølen i samband med annonsen over:

**Diktprosjekt på Valle skule i Valle Radio**

Mellomtrinnet på Valle skule har hatt diktprosjekt. Dei har lært om dikt og sjølv skrive dikt. Eit av dei viktige elementa i eit prosjekt er å presentere prosjektet for folk utanfor klassen. Denne gongen vil elevane gjere det i Valle Radio. Dei har difor teke opp dikta og laga ei CD-plate. Den er litt eksklusiv, for ho er ikkje til sals. Men gjennom Valle Radio kan du tysdag klokka halv sju få høyre kva dei har gjort.

Programleiar Harald Haugland vil legge musikk mellom dikta i programmet. Han seier til Setesdølen:

-Etter mi meining er dette lokalradio på sitt beste. Skulane kan bruke radio til å presentere arbeid dei gjer og slik byggje bruer ikkje bare til foreldre, men til heile lokalsamfunnet. Det er i pakt med målsettinga for Valle Radio å spegle aktivitet i lokalmiljøet, og fleire burde nytte seg av dette.

Onsdagssendingane i Valle Radio har teke sommarferie, men i kveld vert det tysdagssending. Og torsdag er det årsmøte.

Olav Bjørgum

I mai var Olav Bjørgum i studio og fortalde om utstillinga som han no har sett opp på Setesdalsmuseet for sommaren. Det er ei omfattande utstilling som eg vil anbefale alle å ta turen innom for å sjå. I Setesdølen stod det at mest alle hus i heile Setesdal har noko han har laga, og om ein reknar med Jol i Setesdal, er det sikkert rett, for han har illustrert joleheftet til Mållaga i Setesdal sidan starten.

Så var det og bror hans, Torleif H. Bjørgum som starta heftet. Slik sett har brørne frå Bjørgum verkeleg gjeve dalen ein rikdom vi har kunna dele med kvarandre. Olav har klart å leve av teikningane sine etter at han etablerte seg. Her er ein artikkel om han på wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Olav_Bjørgum

Om du får gjester i sommar, bør du ta dei med på museet. Der kan du og kjøpe bilete av Olav Bjørgum. Her er presentasjonen på heimesida til Setesdalsmuseet: http://www.setesdalsmuseet.no/index.php?m=nyhet&m_action=les_mer&id=2
Utstillinga er open kvardagar kl. 12 – 15. Frå 22. juni ope dagleg mellom kl. 11 – 17

Olav Bjørgum fortalde i programmet der Bjørgulv T. Berg intervjua han om humoren i bileta. Ofte kan den gje eit ekstra perspektiv. På museet sine sider er teikninga med denne teksten: “Stundom sit eg å tenkjer, å stundom sit eg barre.”

Ung og lovande

I dagens Fædrelandsvennen sitt God helg hadde dei ei stor dekking av unge og lovande personar på Agder. Ein av politikarane som var med i opplegget, var Valle sin varaordførar Sigbjørg Næss. Ho er nyleg flytt til Valle og gjekk rett inn i kommunestyret ved valet i 2007, og sanneleg lukkast ho så godt at ho fekk oppgåva å vere varaordførar.

I artikkelen hadde dei funne fram til 25 slike unge og lovande personar frå Agder, anten var dei herifrå eller så budde dei her. Lenka syner til oversikten: http://www.fvn.no/vi_og_vart/livet/Ung/ Og her er lenka til Sigbjørg: http://www.fvn.no/vi_og_vart/livet/Ung/article588247.ece

Andre setesdøler som er med: Trym Bjønnes; http://www.fvn.no/vi_og_vart/livet/Ung/article588283.ece
Kjell Ingolf Ropstad: http://www.fvn.no/vi_og_vart/livet/Ung/article588248.ece

Aagot Noss på Wikipedia

I dag fekk eg ein kommentar på epost frå Leonhard, som hadde vore inne og lese om Aagot Noss på wikipedia. Det gjev meg høve til å seie litt i relasjon til den artikkelen.

Eg vart ganske overraska, og det vart Gunnar Hillestad og, då vi onsdagskvelden på biblioteket leita i Store Norske Leksikon og Norsk Biografisk Leksikon og fann at ingen av dei hadde omtale av norske bunaders grand old lady. I det store 3-binds-verket Våre norske bunader var ho heller ikkje nemnd. Men biblioteket hadde fleire av bøkene hennar:

Adolph Tidemand og folk han møtte – studier frå reisene i norske dalføre – akvareller, målarstykke og teikningar 1981
Folk og klede – skikk og bruk – festskrift til Aagot Noss 1994 ISBN 82-90036-47-7
Lad og krone – frå jente til brur 1991 ISBN 82-00-21354-4

Wikipedia
Eg skreiv artikkel om henne til wikipedia. Det vart nokre raude lenker i den, mellom anna Joachim Frich, så eg skreiv den: http://no.wikipedia.org/wiki/Joachim_Frich Om Nordmandsdalen var det ein artikkel på dansk, så den kunne eg importere frå dei. http://no.wikipedia.org/wiki/Nordmandsdalen Det er parken der originalen til brura som står utanfor Setesdalsmuseet kjem frå.

Slik førte besøket av Aagot Noss til fleire nye artiklar på wikipedia. Leksikonet veks kvar dag og har no nesten 170.000 artiklar om alle moglege emner.

Årsmøte i Valle Radio

Årsmøte i Valle Radio

**torsdag 12. juni klokka 19:30 på Valle Motell**

Vanlege årsmøtesaker.

Møt opp.

Styret

Dette er annonsen som kjem i Setesdølen i morgon.

For å friske opp kva som skjedde i fjor, kan du gå til http://valleradio.blogs.no/2007/05/09/arsmotet_8_mai~2241801 og lese referatet frå årsmøtet i fjor.

Etter at årsmøtet er over, serverer Jostein pizza, som vanleg.

Eg minner om at vi treng teknikarar for komande sesong. Dersom nokon har lyst å bli med på laget, syter vi for opplæring. Valle Radio er eit triveleg arbeidslag.

Aagot Noss i Valle Radio og på Setesdalsmuseet

I går kveld vart det endring i oppsett sendeplan. Leonhard Jansen ringde ved 16-tida og fortalde at Setesdalsmuseet skulle lansere ei ny bok av Aagot Noss i dag. Eg inviterte dei til radioen, og programmet Bibel og musikk gjekk ut. I staden fekk vi ein triveleg halvtime der ho fortalde om granskingane sine.

Dei starta i 1965 i Nordbygdi i Bykle, som nå er under vatn. Ho gjekk og sykla frå gard til gard og tala med folk og fekk sjå tekstiltradisjonen dei hadde. Det vart bilete og film av det feltarbeidet, og no er boka som samlar alt dette komen ut: **Stakkeklede i Setesdal – Byklaren og valldølen** 2008 ISBN 978-82-7099-477-9

Her er artikkelen om henne på wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Aagot_Noss

I dag var det så lansering av boka, og eg tok turen til Setesdalsmuseet. Boka har 400 bilete, og i presentasjonen viste ho ein del av dei på lerret. Og så fortalde ho, levande og interessant. Det slo meg at ho kunne slektene til informantane like godt som om ho skulle vore i slekta. Informantane hennar var fødde sist på 1800-talet eller tidleg på 1900-talet. Men ho kjende etterkomarane deira og. Det var eit imponerande tilfang av Setesdalsstoff frå Bykle og Valle ho kunne leggje fram.

Etter foredraget var det tid for å kle opp ei Setesdalsbrur. Det var Ingebjørg Vegestog og Randi Myrum si oppgåve, og NRK filma som best dei kunne. Det same gjorde Setesdølen og Fædrelandsvennen, både inne og ute.

Så var det tid for suppe og rundstykke. Museet hadde fått inn 30 bøker, alle gjekk. Dei aller fleste sikra seg forfattaren sin signatur.

Mot slutten av arrangementet på museet presenterte eg Aagot og Karin Bøe for kvarandre. Sjølv om Aagot skulle attende til Oslo like etterpå, lukkast det å få henne innom på Valle vev, og der var ho svært imponert over det som Karin produserer og har samla av rugger og kyrkjetjeld som ho har fotografert og registrert vitskapleg. Aagot meinte Karin måtte få gje ut det stoffet ho hadde samla, og dei vart sitjande å prate om korleis ein kunne gå fram for å få til noko slikt.

Aagot skulle sitje på med Anna Stella Karlsdottir til Oslo, og hadde ikkje ho kome, hadde dei truleg vorte sitjande i interessant samtale heile kvelden. Eg fekk vere floge på veggen, og takkar for ein interessant dag.

Slike initiativ som dette er vi i Valle Radio svært takksame for og oppmodar ALLE til å gjere som Leonhard og Setesdalsmuseet når høvet legg seg til rette.

Konsesjon er klar

Så er nye konsesjonar delte ut. For dei neste sju åra vert systemet som før: Bykle Radio har konsesjon for Valle og Bykle kommunar, Radio Evje AL har konsesjon for Bygland og Evje og Hornnes kommunar. Informasjon om tildeling av alle konsesjonane finn du her: http://medieforvaltning-no.inforce.dk/graphics/Medietilsynet/Opplastede_filer/Lokalradiokonsesjon2009til2015/Tildelte_innholdskonsesjoner%20endelig%20versjon.pdf

Nedanfor finn du ei liste over konsesjonar i Agder. Nokre stader har fleire fått konsesjon, men der bare ein har fått konsesjon, står det bare radionamn og stadnamn på same linja. Bakerst har eg ført på kva slags type radio det er tale om.
I Agder har desse fått konsesjon:
**Arendal:**
Tvedestrandsposten AS 24/7
Radio Godt Nytt Nisje
NB Radio Nisje
**Lillesand:**
Radio L Lillesand Nærradio AS Nisje
Radio Agder AS Allmenn
**Grimstad**
Radio Grimstad AS Allmenn
Norsk Luthersk Misjonssamband, Aust-Agder Fellesforening Nisje
**Kristiansand**
Kristiansand Lokalradio AS 24/7
Norea Mediemisjon Nisje
Evangeliets Røst Nisje
Radio Filadelfia Kristiansand Nisje
Studentradioen Kristiansand Nisje
**Mandal**
Radio Lindesnes Allmenn
Møtet med Jesus tro og misjonssenter Nisje

Radio Risør AS Allmenn
Bykle Radio Nisje
Radio Evje AL nisje

Radio Søgne Allmenn
Radio Loland AL, Vennesla Allmenn
Radio Lyngdal AL Allmenn
Radio Kvinesdal Allmenn

I Aftenposten har dei intervjua folk frå to stasjonar i Oslo som ikkje har fått fornya konsesjonen: http://www.aftenposten.no/kul_und/musikk/article2459555.ece

Ein tabbe

Da vi var i Kristiansand og på bloggen har jeg sagt at vi skulle ha årsmøte torsdag 5. juni.

Dessverre gløymde eg å sende inn annonse for årsmøtet i dag, eg sende bare inn annonse for tirsdagssendinga og at onsdagssendigane er slutt for i vår.

Dermed må eg tilbakekalle det eg har sagt om årsmøte til torsdag 5., det må jo averterast i Setesdølen.

Eg reknar med ei vekes utsetting og håpar det kan fungere.

Eg beklagar.

Om nokon har lyst til å overta leiarvervet, er det heilt ok for meg. Om ingen har lyst, kan eg stå eit år til. Det er ikkje sikkert eg kjem til å gjere ein betre jobb, men eg er glad i Valle Radio og vil prøve å gjere det eg blir beden om.

Harald
som gjerne tek imot kommentarer

Thor Åmli i NRK

Thor Åmli, som var i Valle radio sine påskesendingar med reklameinnslag, kjem i morgon måndag 2. juni 2008 i NRK Sørlandssendinga. Eg veit ikkje kva tid, men det var laga innslag både til radio og TV, Innslaget i TV kjem vel truleg 18:40. Han har ei heimeside på nettet, adressen er http://www.vallehotline.no/

Etter at han var med i Valle Radio i påskesendinga, har han som følgje av det fått oppdrag, etter det eg forstår. Han har jo og vore med i Hotel Cæsar, etter det eg skjøner. Her er gjesteboka hans: http://www.vallehotline.no/guestbook.php

Her er omtale av episoden i Hotel Cæsar:
http://www.agderposten.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20070512/ABONNEMENT/105120115/1021/FORSIDEN

Her er lenke som viser innslaget på NRK:
http://www1.nrk.no/nett-tv/distrikt/sorlandet/verdi/59250