Fiske i Valle 2008

No er VAFA si brosjyre komen. Den fortel det ein treng å vite om Fiske i Valle 2008, i alle fall i områda som laget disponerer. Prisane er 50 kroner for ein dag, 100 for ei helg, 150 for ei veke og 500 for eit år. Kartet syner kva for vatn ein kan fiske i. Det syner og vatn ein ikkje kan fiske i og er ei god kjelde til å orientere seg. Fastbuande og fiskerettseigarar i Otra fiskar gratis i elva i Valle kommune, det same gjer alle under 16 år i alle vatna. Men ein kan ikkje bruke levande agn, med unntak av meitemark.

På kartet er det gjengitt ei melding frå Fylkesmannen i Aust-Agder: Import, utsetjing og fisking med levande fisk som agn er forbudt i norske innsjøar der det er få fiskeartar. Innføring av nye artar kan få svært alvorlege fylgjer for dei fiskeartane som finst frå før. Ørekyte, sørv og regnlaue er fiskeartar som har kome inn og øydelagt mange fiskevatn på Sørlandet dei siste åra. Dette må stoppast.

Kartet er lagt ut i butikkar og andre stader i Valle. Skaff deg det, det er informativt og innhaldsrikt. Meir informasjon finn du på heimesidene til VAFA: http://www.vafa.no/

Setesdal i Hirtshals

I går var det avduking av ein bauta på Color Line sitt område i Hirtshals av same typen som står fleire stader langs Riksveg 9. Saman med steinen står ei informasjonstavle som skal syne turistar at vegen oppover Setesdal kan vere eit naturleg valg om ein vil til fjordane på Vestlandet.

NRK har ei lenke til hendinga: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/sorlandet/1.6043558

Dolly Parton

Så er konserten med Dolly Parton over. Fædrelandsvennen hadde mange artiklar om konserten på Sør Arena:

http://www.fvn.no/nyheter/kristiansand/article592140.ece
http://www.fvn.no/kulturpuls/musikk/article592113.ece
http://www.fvn.no/kulturpuls/musikk/article592237.ece
http://www.fvn.no/kulturpuls/musikk/article592071.ece

I programmet i går spelte eg ein song av henne, til ære for besøket, kan du seie. Den handla om korleis kjærleik kan vare heile livet, og ho er sjølv ein eksponent for det, ho har vore gift med mannen sin i over 40 år.

For ei tid tilbake hadde Bjørgulv T. Berg ein prat med Hallvard T. Bjørgum om konserten. Han ville prøve å få gitt henne ei munnharpe når ho kom til Kristiansand. Korleis det gjekk, har eg ikkje funne ut. Og det kjem nok ikkje i Valle Radio før til hausten, for no er det sommarferie i radioen.

Sjølv fekk eg ei plate av Dolly Parton då eg fylte året for nokre år sidan. Det var Theis som var den glade gjevaren, eg trur han meinte at eg måtte utvide musikksmaken min. Det har eg gjort, sjølv om eg ikkje er så avansert at eg likar Rammstein eller Metallica ennå, så er country ein grei sjanger no.

Program for tysdag 17. juni 2008

Tysdag 17. juni

Ansvarlig: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Dikt og slikt. 5., 6., og 7. klasse på Valle skule sitt diktprosjekt.
19:30 Dameklubben
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland. Musikk til sommar og bryllup
21.00 Kyrkjebakken

Og så sende eg denne mailen til Setesdølen:

Sist veke var det årsmøte i Valle Radio. Bare ni personar møtte opp på Valle Motell. Dei vedtok årsmelding og rekneskap utan merknader, og ved valet vart styret og leiar attvalde. Den einaste nyvalde var Britta Lise Homme, som kom inn som varamann saman med Anna Rysstad. Styret er no: Harald Haugland, leiar, Ørnulf Hasla, Helge Homme, Jørund Georg Jore og Inga Flateland. Rekneskapen vart gjennomgått av Halvor Rike. Den synte ei omsetning på 276.810 kroner. I 2007 fekk ein inn 168.210 på radiobasaren i påska.

I samtalen om arbeidet i radioen vart det spesielt peika på at Valle Radio treng fleire teknikarar. I 2007 var det nesten 70 sendingar frå Valle Radio. 26 personar var engasjert i å få desse på lufta. I tillegg kom alle som var innom med ulike innslag i løpet av året. Til slutt takka Harald Haugland alle for innsatsen i året som gjekk og ba om at folk engasjerer seg vidare til beste for bygda gjennom Valle Radio.

Ein forkorta versjon kom med i avisa i dag.

Så gjekk sendinga greitt etter litt plunder med å koble opp til sendaren. Alt gjekk etter planen. Men då vi var ferdige, kom det ein telefon. Det var Olav Føreland i Søgne som ville takke for programmet, han hadde fått det inn på datamaskinen sin. Både eg og Niklos takka for responsen, det var Niklos sitt program nr. 221. Han held styr på slikt, eg anar ikkje kor mange eg har hatt.

Med det var vårsemesteret slutt.

Omløpshastighet

I Morgenbladet, som du og kan kjøpe på butikkar i Valle no, for 13. juni, var det ein interessant artikkel:
http://www.morgenbladet.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20080613/OBOKER/834389621/-1/BOKER

Det vert fortalt om at Fylkesbiblioteket i Buskerud tok turen til Nesbyen for å kassere litteratur på folkebiblioteket der. Det var blitt så alt for fullt. 2517 bind vart kasserte på om lag 70 timar. Men å kassere er ikkje bare bare, bøkene må og ut av databasen over bøker. I artikkelen kan vi lese at det tek 30 sekund å få ei bok ut av basen, det skulle bety at i tillegg til kastinga måtte ein bruke 1250 minutt på jobben. Nesten 21 timar, altså.

No er hyllene ryddige og fine, i alle fall mykje ryddigare enn før. Grunnen til det er at biblioteka i Norge no er blitt meir opptekne av å stille ut framsida av bøker, ikkje bare ryggane. Det tek mykje meir plass, men det aukar omløpshastigheten, det vil seie at boka står ikkje så lenge på hylla som før. Artikkelen i Morgenbladet fortel at biblioteka må rapportere inn omløpshastighet i KOSTRA, slik at ein kan samanlikne og sjå kor veldrive ei slik boksamling er.

Å kaste bøker er ikkje lett for nokon, men det må vere ekstra vanskeleg for ein bibliotekar, som truleg valde yrket av kjærleik til bøker. Men med så stor produksjon som det er no, er det ikkje råd å bare samle opp år for år. Kvart år får ein eit par tusen bøker inn, då må minst så mange ut. I samband med at dei byggjer ny bibliotekfilial i Vågsbygd, og difor måtte pakke ned heile boksamlinga, veit eg at dei hadde ein stri tørn med å kaste bøker i dei alt for fulle samlingane som hadde hopa seg opp med åra.

Biblioteket i Valle slit nok og med dette, for periodevis havnar det mange bøker i vinduskarmar og på skranken. Noko går etter kvart i magasinet, noko vert seld, og noko vert nok kasta. Men eg er glad for at biblioteket i Valle tek vare på bøker, plutseleg treng du ei bok som kom ut for lang tid sidan, og då er det godt når Lisbeth kan finne henne i magasinet.

Eg har ei dotter som er bibliotekar. Når ho kjem heim og seier ho vil rydde, det er det same som å kaste bøker, dreg eg på tur. Så treng eg ikkje sjå og gråte over alt som må ut. Eg kan heller ta meg ein tur på loppemarknad og komplettere samlinga. Det er og omløpshastighet.

Brannen i Froland og rådyr i Mandal

I den veka som ligg bak oss har Froland vore i media som aldri før. Det var skogbrannen i den gamle kommunen Mykland som fekk TV-team og journalistar til å sleppe det dei hadde i hendene og reise til Indre Agder for å snakke med dei som sloss mot brannen. Fredag kom skogsministeren og justisministeren til Mykland for med eigne augo å sjå skadene som brannen hadde gjort, og då kom og fleire helikopter på plass. Regnet natt til i dag var svært kjærkome, men alt for lite, og sjeldan har vel regnver vore helsa så velkommen på Agder som no.

Eit innslag på TV fanga min interesse. Det var eit lite rådyrkje som hadde blitt berga unna brannen. No venta opphald i Dyreparken i Kristiansand, sa mannen som heldt kjeet innanfor jakken og kjende kor fort hjarta slo i ukjende tilhøve langt borte frå mora, som vonleg kom seg unna dei rasande flammane.

Det fekk meg til å tenkje på alle dyra som var utsett for brannen. Det er ikkje bare hytter og hus som er truga når noko slikt skjer, dyrelivet og plantelivet vil vere prega av dette i årevis framover.

I Mandal har det og vore tørt. I går stod eg i vinduet og såg ut på eit rådyr som gjekk og beita i kanten på ei nyslått eng. Det fylgde med på biltrafikken, men nappa i seg gras som ikkje var teke av slåmaskinen. Så hoppa det over ein bekk og stilte seg opp på andre sida, og plutseleg var det to kje som fekk melk under det.

Rådyr har ein praksis med å gje kjea kommando om å liggje og trykkje i graset. Difor rømer dei ikkje om slåmaskinen kjem, og kvart år er det mange som går i forhaustarar, noko som øydelegg graset og naturlegvis er svært trist for alle partar. Mange bønder går difor gjennom enga før dei slår, for å prøve å unngå slike situasjonar.

Men her var det to kje som hadde overlevd slåtten. Ved andreslåtten er dei truleg så store at dei er på farten saman med mora. Eg gledde meg over det, sjølv om eg veit at hageblomane er truga seinare på sommaren.

http://no.wikipedia.org/wiki/Froland med lenker til skogbrannen i 2008
http://no.wikipedia.org/wiki/Skogbrann
http://no.wikipedia.org/wiki/Rådyr

Olav Bjørgum og Inger Kvarving

Desse to kunstnarane dukka opp på denne sida: http://www.johannelouise.no/, på ei underside Intervju. http://www.johannelouise.no/intervju.htm

Der fortel Johanne Louise om kven som har påverka henne. Dei to kunstnarane var knytte til Galleri Henrik i Eidsvoll, galleriet som er oppkalt etter 200-årsjubilanten Henrik Wergeland.

For ein setesdøl er det litt langt å dra til Eidsvoll, men Olav Bjørgum sin kunst kan du sjå på Setesdalsmuseet i heile sommar, så det kan vere lurt å planlegge ein tur dit. Sjå http://www.setesdalsmuseet.no/index.php?m=nyhet&m_action=les_mer&id=2 Frå 22. juni er den open dagleg mellom 11 og 17.

Odd Skullerud stiller også ut der i sommar. http://www.setesdalsmuseet.no/index.php?m=nyhet&m_action=les_mer&id=7

Her er eit galleri som viser nokre av bilete han har måla: http://www.of.fylkesbibl.no/galleri/skullerud_utstilling.htm

Og her er ei anna nettutstilling, frå Galleri Henrik Gerner. http://www.ghg.as/skullerud/index.html

Årsmelding 2007

Styret har i 2007 bestått av Harald Haugland, leiar, Ørnulf Hasla, nestleiar, Helge Homme, kasserar, Jørund Georg Jore, teknisk sjef og Inga Flateland, styremedlem. Varamedlemmer har vore Leif Kvinlog og Anna Rysstad.

**Aktivitet**
I 2007 heldt vi fram med det opplegget som vi etter kvart har falle ned på: Sendingar tysdagar og onsdagar i skuleåret og i samarbeid med Evje Radio fyrste fredag i annankvar månad + nokre ekstrasendingar

Dermed får vi denne lista med til saman 68 gonger på lufta:

28 onsdagssendingar:
3., 10., 17. og 24. januar
7., 14. og 21. februar
7., 14. og 21. mars
11. og 18. april
2., 9., 16. og 23. mai
6. og 13. juni
22. august
12. og 19. september
10., 17. og 24. oktober
7., 14. og 21. november
5. og 12. desember.

**4 Heile dalen-sendingar **
2. februar
5. oktober
Skjærtorsdag
1. påskedag

**4 spesielle sendingar**
6. september: Valsending
10. september:
Etter valet
22. desember:
Jolesending

**10 kommune-styremøter**

**23 tysdagssendingar**
2., 9., 16., 23. og 30. januar
6., 13. 20. februar
6., 13., 20. og 27. mars
10., 17. og 24. april
15., 22. og 29. mai
5. og 12. juni
21. og 28. august
4., 11., 18. og 25. september
9., 23. og 30. oktober
4., 11. og 18. desember

**Medarbeidarar:**
Programleiarar:
Bjørgulv T. Berg, Helge Dahle, Ørnulf Hasla, Harald Haugland, Britta Lise Homme, Øyvind Jacob og Theis Salvesen.
Open sending:
Jorunn Lund Harstad, Rolf Erik Homme,
Teknikarar:
Inga Flateland, Torleiv Soltun Haugen, Jørund Georg Jore, Gudrun Rysstad, Torhild Sandnes, Knut Olav Tveiten
Telefonvakter:
Torbjørg Hoftuft, Berit Homme, Bjørg Ragnhild Trydal Jansen, Gudrun Nomeland, Anna Rysstad, Ingebjørg Ellinor Rysstad, Ingun Uppstad
Andre medarbeidarar:
Niklos K. Besteland, Torleiv B. Harstad, Håvard Viki
I tillegg kjem folk som har vore med under spesielle sendingar og som eg ikkje har nemnd.

**Valle Radios blogg**
Harald Haugland skriv bloggen og har hatt 368 innlegg i 2007. Den har hatt 45.237 besøk og 153,273 sidevisningar .i 2007.

**Årsmøtet i fjor**
Eg tek med litt frå årsmøtereferatet i fjor og kommenterar kva som er gjort.
1. Her var det tale om mange ting, mellom anna at sendaren på Hovden ikkje har vore oppe i periodar og at P4 fell ut ved straumbrot. Dette er noko som kviler på samarbeidet vårt med Bykle radio, så vi bør arbeide for å ha det best mogleg. Om det er ein sendar som fell ut, er det viktig at ein melder frå til Jørund, som er vår tekniske sjef.

Dette er teke opp med Bykle og fiksa. Det har og vore ei synfaring på Løefjødd og Ljom før påskesendingane 2008.

2. Vidare snakka vi saman om kompetanseheving og meinte at vi kanskje skulle prøve å få til ei inspirasjonssamling på Gimlekollen Mediesenter med opplæring og trening.

Dette skjedde 31. mai 2008.

3. Det vart teke opp at programmet Kommunen informerer er på ei ulagleg tid når det konkurrerer med Dagsrevyen, så kanskje ein skulle finne ei betre tid for det.

Vi har vald å halde på denne tida, då det er høveleg for dei kommunetilsette som skal vere med.

4. Vi snakka og om at vi må gjere noko for å få ei ny internettside. Det var Hallvard sitt prosjekt, og vi må finne ein måte å vidareføre denne sida.

Her har styret drøfta saka, men ein har ikkje kome så langt at ein har fått ei ny side opp enno. Tanken er at ein skal ha lenker til program som kan leggjast ut, og vi har kontakt med eit byrå som vil drifte det for oss.

5. Fleire andre område vart drøfta, og Helge Dahle fekk i oppdrag å sjå om han kunne få til ei fornying av reklame og jinglar. Rydding og reinhald i radioen var også oppe. Det er eit område som vi må finne ei løysing på.

Reklame har Britta Lise teke seg av og det vert nye reklamar til hausten. Men rydding og reinhald har vi ikkje funne noko løysing på, så der er det dugnad som gjeld.

**Takk**
Eg vil takke alle for innsatsen i året som gjekk og be dykk engasjere dykk vidare arbeid til beste for bygda gjennom Valle Radio.

Valle 10. juni 2008

Harald Haugland

Attval over heile fjøla

**Årsmøte 12. juni 2008**

Det kom seint, men godt, årsmøtet i år. 9 personar møtte opp på Valle Motell i kveld:

Hans Petter Anderssen, Niklos K. Besteland, Inga Flateland, Ørnulf Hasla, Harald Haugland, Britta Lise Homme, Helge Homme, Rolf Erik Homme og Halvor Rike

Harald Haugland vart vald til møteleiar og til å skrive referatet og legge det ut på bloggen.

Innkallinga vart godkjent, annonse var i Setesdølen fredag 6. juni. Så las Harald Haugland årsmeldinga, som vart godkjent samrøystes. Den vert lagd ut i ein annan post på bloggen.

Halvor Rike las opp rekneskapen. Årets inntekter var 276.810, utgiftene var 176.767, så det vart eit godt resultat etter drifta dette året: 110.045. Liv Bratlie Løyland har vore revisor og han las opp revisjonsberetninga frå henne. Rekneskapen vart så godkjent samrøystes.

Motellet hadde klar pizza til oss, og praten gjekk livleg medan vi forsynte oss.

Deretter var det val. Øyvind Jacob frå valnemnda hadde levert forslag til styreleiar. Helge Homme og Jørund Georg Jore var på val og vart attvalde. Styreleiar Harald Haugland vart og attvald. Varamann Leif Kvinlog flytter frå bygda, i hans plass kom Britta Lise Homme inn som varamann. Anna Rysstad vart attvald. Revisor Liv Bratlie Løyland vart attvald, det same vart valkomiteen med Øyvind Jacob og Niklos K. Besteland.

Under Eventuelt drøfta vi desse sakene:

1. Ny heimeside.
Årsmøtet meinte at deadline for å ha denne oppe, burde vere 1. september 2008.

2. Air Condition
Radioen har fått varmepumpe i gåve og Helge Dahle vil installere denne. Styreleiar må ta kontakt med huseigar om dette og om kaldtlageret.

3. Nedlasting av musikk.
Ein burde få eit system for å laste ned musikk. Er det råd å finne ut korleis ein gjer det i andre lokalradioar.

4. Nok teknikarar til hausten
Det vert manko på teknikarar til hausten og vi bør prøve å skrive i Setesdølen om det.

5. Meldingar i brev
Det er viktig å sende meldingar og oppsett i brev, ikkje bare epost, for fleire av dei som er med og driv radioen, har ikkje epost.

6. Reinhaldet
Dette er ikkje i system, og vi diskuterte ulike løysingar. Konklusjonen var at ein skulle ha ein dugnad for nedvask/ reinhald så snart som råd.

7. Samarbeid mellom programleiar og teknikar
Det er eit mål å kunne møtast klokka 17:30. Programleiar må ha musikken klar, slik at teknikar slepp å finne musikk.

8. Kick off
Før starten til hausten bør ein ha ein kick off og sjå på kva som kan gjerast betre i året som kjem.

Møtet var slutt klokka 20:45

Kva er god radio

For ei tid tilbake (laurdag 31. mai) var vi på kurs på Gimlekollen. I fleire timar der drøfta vi:

**Kva er god radio? **

Læraren vår, Roy Emanuelsen samla synspunkt frå medarbeidarane i Valle Radio. Så noterte han dei som stikkord og praten gjekk. Her er stikkorda, du kan få del i det vi snakka om:

Informasjon – det må være et innhold
Variasjon
Målgruppetenkning
Dialektgjenkjennelighet
God tone i studio
Humør og humor
Trygge programledere
Å være forberedt
Gode intervjuer
Avslappa stemning
Møte med personer som gir noe av seg selv
God musikk
Inkludert lokal musikk
Lytterkontakt

Etter at vi hadde snakka saman ganske lenge og engasjert oss i spørsmålet, leita han fram noko frå teorien til Knut Røe og John Sawatsky, to forfattarar som har skrive om temaet:

Gode programledere/reportere

Morsomme, flinke engasjerende
Byr på seg selv
Ordlegger seg bra
Gir meg en god følelse
Får lytteren til å danne seg bilder – la seg engasjere
Aktuelle tema
Noe jeg synes er interessant
Møte med mennesker
De som har en historie
De som får oss til å le, gråte bli glad, irriterte
Billedskaping
Skap opplevelse, enten du er programleder eller reporter

Meir om Knut Røe finn du her:
http://www.bokkilden.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=71219&rom=MP
http://81.0.149.237/kursv2005/Kilde%20og%20metode/kreativt.htm

Engelsk Wikipedia har ein artikkel om John Sawatsky:
http://en.wikipedia.org/wiki/John_Sawatsky