Ei artig oppleving

I dag var eg ein tur på Eikås i Mandal for å kjøpe litt til helga. Då vart eg ståande i kassen bak ein kunde som skulle betale med kort, men som hadde fått mannen sitt kort, og det kunne ho ikkje pinkoden til. Medan ho var inne og handla, hadde eit barn slått seg vrang, så han tok barnet med i bilen på ein kjøretur, så då ho sprang ut på leiting etter mannen, såg ho bare baklyktene på bilen. Og køen vaks seg lenger bak henne.

Eg var førstemann, så eg sa at eg kunne betale for henne, det var snakk om vel hundre kroner, så det kunne eg stå i. Men det var ikkje lett, ho som sat i kassen, visste ikkje heilt korleis ho skulle reagere, og det visste ikkje kunden heller.

Til slutt gjekk ho med på det, vi skulle treffast utanfor, då måtte vel mannen vere komen tilbake.

Då eg kom ut, stod ho der, men mannen var ikkje komen tilbake. Ho hadde funne ein femtilapp, men eg sa at eg gjerne ville gje henne dette som pinsegåve, og så ønskte eg henne god pinse. Medan eg sit og skriv dette, sit eg og smiler for meg sjølv.

Tenk at det bare skulle vel hundre kroner til for å få ei oppleving som gav meg grunn til å smile heile kvelden. Då eg kom heim, fortalde eg det til kona mi, og ho smilte og. Det betyr at smilet vårt var ganske så billeg, eigentleg. I tillegg fekk eg nydelege baguettar som vi hadde til kveldsmat, og så sat vi og prata saman om ei triveleg oppleving ein nydeleg dag.

Eg vonar at også ho og familien kunne glede seg over det som hende. I så fall spreidde det seg ringar i vatnet. Om du fekk dra på smilebandet, gjekk ringane endå lenger.

God pinse!

Skal barnehagen i Iveland tilsetje besteforeldre?

Det var nok meir enn ein som lurte då dei las i dagens Setesdøl om dei 27 søkjarane til ledige stillingar i barnehage og SFO i Iveland. For alderen på søkjarane var svært uvanleg:

1. Eva Thomassen frå Iveland, (68)
2. Alfred Fjermeros frå Iveland (77)
3. Runhild Skarpengland frå Iveland (86)
4. Rebekka Aasheim frå Vennesla (84)
5. Grethe N. Ingebretsen frå Øvrebø (85)
6. Anne Østrem frå Evje (67)
7. Ingvild Engesland frå Vatnestrøm (82)
8. Lill Kristin Øyslebø frå Øyslebø (21)

Og slik heldt det fram med ei lang liste.

Det har etter kvart utvikla seg ein skrivepraksis der alder på ein person vert sett i parentes i aviser. Difor var det heilt naturleg å lese at Eli Thomassen var 68 år gamal og Alfred Fjermeros 77 år gamal. Noko så uvanleg kunne nok trengje ein kommentar på bloggen, sjølv om eg til vanleg helst kommenterar med utgangspunkt i Valle Radio, ikkje i Setesdølen.

Eit søk på heimesida til Iveland kommune sende meg til denne lista: OFF. SØKERLISTE: STILLINGER I BARNEHAGENE, IVELAND SKOLE SFO. http://dns.nettkroken.com/index.php?m=fil&m_action=vis&f_id=1163

Den syner at det er litt ulikt oppsett i lista: Nokre vert lista med alder, andre med fødselsår. Alfred Fjermeros er altså fødd i 1977, ikkje 77 år gamal. Lill Kristin Øyslebø er 21 år gamal, ikkje fødd i 1921. Truleg var det nokre av Setesdølens lesarar, til dømes Anne Østrem på Evje, som fekk seg eit lite sjokk då dei såg seg sjølve omtala på denne måten.

Og barnehagen på Iveland skal ikkje tilsetje besteforeldre, men heilt vanlege assistentar til å arbeide med unge ivelendingar, som det jo vert fleire og fleire av.

Folk flytter

Dette var temaet til Øyvind Jacob då han var stand in for Hanne Straume frå Helse-etaten i Valle Radio onsdag 7. mai. Han kunne fortelje at kommunen hadde fått inn seks oppseiingar siste veka i april.

Eg vart sitjande å tenkje litt på det og fylgde ikkje så godt med på kva han snakka om framover i programmet. Eg måtte tenkje litt alternativt, for svært mange bytter jobb slik at dei kan bruke sommaren til flytting. Då er det greit å seie opp til 1. mai, så kan ein starte i ny jobb 1. august etter tre månaders oppseiingsperiode.

I ei utkantbygd som Valle må ein rekne med at folk flytter. Nokre kjem hit, vert verande nokre år, og dreg så nærare familie og til andre jobbar andre stader. Slik vil det vel alltid vere.

Valle kommune har som motto: **Gjestfri for nye tankar.** Vi vart sitjande å snakke om det i dag og drøfte om vi er gjestfrie for nye menneske. Det kan vel kanskje vere litt opp og ned. Mange nye som kjem til Valle opplever at det er vanskeleg å få kontakt ut over det profesjonelle nivået. At innfødde valldølar går på besøk til innflyttarar, høyrer nok til unntaka. Dei som gjer det, opplever seg svært velkomne, og grunnlag for venskap kan leggjast av slikt. At innflyttarar går på besøk til bufaste, er kanskje og uvanleg, for utan ein kontakt er slikt uvanleg.

Øyvind balanserte flyttetemaet med å fortelje at det også flytter folk **til** Valle. Det er kome mange nye fjes i bygda vår bare siste året. Han nemnde polske innflyttarar som har fått jobb og teke med seg familie og slått seg ned i kommunen. Han sa og at folk som har fått dei i arbeid, opplever at dei står på i jobben og vinn over problema som språkvanskane lagar, noko arbeidsgjevarane set stor pris på.

Med dette vart Kommunen informerer heilt anna enn Hanne Straume hadde tenkt. Eg møtte henne på butikken i dag og ho kunne fortelje at det svært ofte skjer noko rundt klokka 19, og gårsdagen var ikkje noko unntak. Når ho då hadde vakt, var det plutseleg ikkje så enkelt å vere i radioen og så oppleve at alarmen gjekk, så ho hadde vore glad for at Øyvind kunne ta over, sjølv om han ikkje nytta manuskriptet ho hadde laga til han.

Program for 6. og 7. mai

**Tysdag 6. mai**
Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Dameklubben
20:30 Postludium. Norsk musikk ved Niklos K. Besteland
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 7. mai**
Ansvarleg: Øyvind Jacob og Britta Lise Homme
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonansvarleg: Ingunn Uppstad og Britta Lise Homme

18:00 Aktuell time: Brokkestøylen har opna. Samtale med Hessel
19:00 Kommunen informerer. Helse. Øyvind Jacob var stand in for kommunelege Hanne Straume
19:30 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
20:00 Då straumen kom til Valle i 1946. Birgit T. Nomeland, Knut O. Nomeland og Ingebjørg Vegestog fortel. (reprise etter ynske frå lyarane)
20:30 Min musikk med Kjetil Rike
21:00 Opi sending ved Rolf Erik Homme

Mitt lille akvarium

Dette er ein liten tankevekker frå Monrad Norderval, biskop i Nord-Hålogaland, sjå wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Monrad_Norderval

Den er henta frå boka Slegge og ambolt, Land og Kirke 1962, side 18-19:

Når jeg har stunder til det, liker jeg å sitte framfor det vesle akvariet mitt, jeg synes det er morsomt å se på disse vakre fiskene, svømmende lydløst omkring der inne i de mystiske undervannsskogene, glidende inn og ut hemmelighetsfulle sjøholer og mellom forrevne klipper og koraller.

Men her om dagen opplevde jeg noe aldeles merkverdig. Helt uforvarende kom jeg til å høre en samtale mellom to av dem, en gammel og en ung. Den gamle så svært tankefull ut, og han sa:
-Du, jeg har ofte fundert på om der finnes noe uteom her vi lever, av og til er det som om jeg skimter noe.
-Hva er det du fabler om, sa den andre, -det var da også noe å kaste bort tida med, sjølsagt er der ikke noen annen verden enn denne som vi lever i, det er da noe enhver kan se som har øyne å se med, hva er det for noe vissvas du tuller med, er du begynt å gå i barndommen.
-Ja, men hør nå du, sa den første igjen, -maten som til regelmessige tider drysser ned ovenfra, hvem er det som gir oss den?
-Maten, hvem som gir oss den? Den kommer vel av seg sjøl, den, det har den da gjort bestandig, i all fall så lenge jeg kan huske, minst en måned.

Men den gamle ville ikke gi seg, han var i det tenksomme hjørne og full av undring og spørsmål.
-Har du ikke lagt merke til, så han, -hvor deilig det er når vi får nytt vann her, og når lyset kommer, den liflige varmen som strømmer gjennom vannet, hvem er det som får det til, alt dette?
-Nei, nå må du holde opp med alt dette vrøvlet, sa den unge ergerlig, -er du aldeles begynt å bli religiøs, er det åreforkalkninga som allerede melder seg? Alt dette her, det kommer jo av seg sjøl, det, det er naturen naturligvis.
-Ja, det er da det, sa den gamle stedig, -men av og til er det som om jeg skimter noe der utenfor, noe som drar forbi, som en skygge, somme tider synes jeg den kommer nærmere, noe stort og mektig!

Men den andre ble bare enda mer yven av seg, han var sterk og ung og en sværing til å ta til seg av alle akvariets herligheter, han ville så sant ikke la seg stanse på sin livsvei av metafysiske spekulasjoner, og han slo overlegent med sporden og sa:
-Dette er verden, her lever vi og her dør vi, og noe annet og mer er det ikke, det vet jeg av erfaring og det har jeg også lært på fiskeskolen, og dermed basta!

Og så svømte de sin vei inn mellom stammene i den mystiske, dunkle undervannsskogen, inn gjennom en av de hemmelighetsfulle sjøholene.

Dameklubben

Eg har lurt litt på om eg skulle sende Dameklubben, eit av programtilboda vi får frå Norea mediemisjon. Men for to veker sidan sende eg eit program, og det var ei svært positiv oppleving. Difor kjem det på lufta att i morgon, tilbodet kjem frå Norea annankvar veke. Om det høver slik, vil eg nytte det ei stund framover.

Her er lenke til reaksjon rundt programmet: http://www.norea.no/page.php?mtid=1&elid=4428
og omtale av programmet: http://www.norea.no/page.php?mtid=1&elid=3631

Siste gongen var temaet Mor, og det var både variert og interessant å fylgje med. Difor trur eg at lyttarane i Valle Radio og vil like programmet.

Mai 2008

Mai 2008 starta med sending fredag 2. mai. Eg var i Mandal og fekk ikkje høyre sendinga. Huset her var fullt av små og store denne kvelden. Men programmet stod i Setesdølen:

**Fredag 2. mai**
Sending til heile dalen
Kveldsansvarleg:Bjørgulv T. Berg/ Britta Lise Homme
Teknisk ansvarleg: Gudrun Rysstad

18:00 Aktuell time
19:00 Offentleg informasjon
19:30 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
20:00 Bjørgulvs time
21:00 Opi sending. Britta Lise Homme

Eg tek med programmet for neste veke i same slengen så langt eg veit no:

**Tysdag 6. mai**
Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Dameklubben
20:30 Postludium. Norsk musikk ved Niklos K. Besteland
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 7. mai**
Ansvarleg: Britta Lise Homme
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakt: Ingebjørg Ellinor Rysstad
Open sending: Rolf Erik Homme

Rally Sørland

Det er ikkje påskerally på riksveg 9 denne helga, men Rally Sørland i Mandal med over 100 bilar som pregar bybiletet. I Tregdevegen går det så det susar, sjølv om skilta seier 60 km/t. Det gjer det ofte elles og, det vert fort kø bak bilen av folk som skal til Brennevinsmyra med søppel om ein held 60 km frå E-18 til Skjernøykrysset.

Dei fekk ein fin dag å halde rally på i år, det turka opp og vart sol og fint ver. Då eg var i Mandal i dag, såg det ut til at folk var nøgde med at sommaren såg ut til å vere her.

I avisene har det vore fokusert på at politiet tek fartsglade sjåførar ved Lenefjorden i Lyngdal fleire dagar kvar veke. Det er ein strekning som har teke mange liv. Sjølv om farten no er sett ned til 60 gjennom området, går det mykje fortare.

Når ein vert ferdig med strekningen Ose – Tveit, vil ein flaskehals vere borte på Riksveg 9. Framleis må vegen nord for denne strekningen fiksast, men etter kvart er det bare Skomedalsområdet og Frøysnesområdet som verkeleg er vanskelege på strekningen. Difor er det lite solidarisk at bommen skal flyttast nord for Bygland kommune. Den viktigaste utbetringa av riksveg 9 må kome i Bygland, og då burde byglendingar og vere med å betale.

Når dette er sagt, vil eg anbefale folk å tilpasse farten etter tilhøva. Når vi no går sommaren i møte, vert tilhøva noko betre. Men utan nummer på bildørene bør ein ikkje køyre rally.

Setesdølen enig med meg

Eg skreiv tidlegare i veka om at Bykle kommune har kjøpt Texaco-stasjonen i Bykle for å leige den ut til ein drivar som ikkje ville kjøpe den sjølv.

Eg var då ikkje klar over at det har vore ein guru frå Trondheim og kommentert det. Professor Lars Erik Borge ved NTNU i Trondheim meiner at kommunen heller skulle gitt pengane til fattigare kommunar som kunne fått realisert prosjekt dei har på ønskelista. Her er ei lenke du kan ha hjelp av:
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/sorlandet/1.5532701

Ein treng ikkje vere professor for å meine noko slikt, men det hjelper å sitje langt frå staden der det skjer. Då er ordføraren i Sirdal klokare i sin kommentar. Han seier at det kostar meir å halde oppe eit godt tilbod i ein utkant enn andre stader.

I artikkelen på nrk sine sider står det at ein no er tilbake til utgangspunktet, for det var kommunen som etablerte stasjonen. Naturleg nok kan ein innbyggjar i kommunen vurdere betre korleis livet vil verte om ein ikkje kan kjøpe bensin i bygda. Å dra til Valle for å få bensin vil auke handelslekkasje, som jo er stor nok alt no.

Eg meiner at det er betre å bruke kraftkroner på å sikre eit slikt tilbod i kommunen som har retten til pengane. Om ein gav nokre kroner til ein annan kommune, ville dei aldri kome innbyggjarane der verdien vart skapt til gode, og det er vel heile poenget. Samstundes kan vi minne om at Bykle kommune gjennom Setesdal regionråd har stilt pengar til rådvelde for heile Setesdal gjennom mange år.

Etter mi meining forvaltar ein rett ved å gjere som kommunestyret i Bykle har gjort til beste for folk som bur i bygda.

Valle-relaterte bloggar

Eg fann ein blogg i dag og tenkte eg skulle dele ei lenke med dykk som les min blogg, ettersom den er Valle-relatert. Her er lenka: http://leetah.blogg.no/

Når eg no deler bloggen med dykk, vonar eg at bloggaren får ein del besøk. Valleradio-bloggen har fått 5060 besøk i april, det vart ganske mange til slutt, men færre sidevisningar enn dei siste månadene, bare knapt 16.000, ein må tilbake til i sommar for å ha hatt så få sidevisningar.

Ta turen innom bloggen til Hege i kveld, og skriv gjerne ein kommentar til Lisbeth på http://www.bibliofiolen.blogspot.com/ eller Gyro på http://fivreldagar.blogspot.com/

Om du veit om fleire, kan du sende meg ein kommentar med lenke, så får vi oversikt og kan gå innom når det høver.

Kom mai, du skjønne milde, syng nok folk i Nordland i desse dagar, for dei har hatt sommartemperaturar no. Her kjennest det heller kaldt ut, sjølv om snøsmeltinga jo har fått det til å fløyme stritt i Otra og Viki er full av vatn. Sideelvar og bekkar fossar nedover i desse dagar, sjeldan har ein sett Kveassåne så kvit og flott. Når ho er slik, skulle ein ynskje at ho ikkje vart lagd i røyr, sjølv om det jo er vedteke at det skal byggjast småkraftverk til å utnytte fallet.