Guds kjærlighet

Gaither Homecoming var tema i Valle Radio tysdag 22. april klokka 19:30. Bakgrunnen var at vi gjennom Øystein Berg sitt abonnement på DVD frå Bill Gaither sin organisasjon har fått kjøpe nokre CD-ar til å bruke i Valle Radio.

Her er ei lenke til meir informasjon i ein artikkel eg skreiv på wikipedia, omsett frå den engelske wikipedia sin artikkel om Gaither Homecoming: http://no.wikipedia.org/wiki/Gaither_Homecoming

Første songen på plata var Majesty, den gjekk rett over i **The Love of God**, songen som Trygve Bjerkrheim omsette til norsk. http://no.wikipedia.org/wiki/Trygve_Bjerkrheim

Medan eg spelte den, kom Niklos inn i romet og vart ståande og høyre. Han er jo mest for klassisk musikk, men likar mykje anna og. Dette tykte han var i særklasse, så han kommenterte og måtte få låne CD-plata etter sending. Difor veit eg ikkje kva den tredje songen eg spelte var, eg hugsar ikkje kva tredje sporet på plata heiter.

Det gjorde ikkje så mykje, for resten av kvelden og i natt, ja i morgontimane i dag har The Love of God tona i tankane mine. Den står på nr. 76 i Sangboken, omsett i 1951.

Guds kjærlighet er langt, langt større
enn penn og tunge tolke kan.
Den når høyt over himlens stjerner
Og ned til dødens mørke land.
Så dypt vi falt, den sonet alt,
Da Jesus døden led.
Sitt fangne barn i syndens garn
Gud frelste og gav fred.

Refreng:
Guds kjærlighet, hvor rik og stor,
hvor høy og dyp og lang!
Den priser evig englers kor,
og alle frelste sang.

Om alle hav med blekk ble fylte,
var himmelens hvelv av pergament,
og var en penn hvert strå på jorden,
hver mann med skrivekunsten kjent.
Å skildre rett Guds kjærlighet
vil tømme alle hav.
Og himmelens hvelv fra bryn til bryn,
ei plass til skriften gav

Originalen er av Frederick Martin Lehmann i 1917. Den har tre vers, men bare nr. 1 og 3 er kome med i Sangboken. Eg tek med det engelske andreverset her:

When years of time shall pass away,
And earthly thrones and kingdoms fall,
When men, who here refuse to pray,
On rocks and hills and mountains call,
God’s love so sure, shall still endure,
All measureless and strong;
Redeeming grace to Adam’s race –
The saints’ and angels’ song.

Du kan lese meir om songen på Leif Haugen sin blogg, der er det og lenker vidare om du vil lese andre stader: http://leifhaugen.weblogg.no/1190902144_guds_kjrlighet_er_lan.html

Og så kan den syngje i deg og. Ha ein fin dag.

Ein strålande vårdag

Sjølv om det er frost om natta, er dagane uvanleg strålande for tida. I dag var det 12 grader og strålande sol. Det syner på kleda og, vi kastar av oss vinterhammen og finn lettare klede. Framleis er det mykje snø på fjellet, så den som tek seg ut på ski, kan kome att på jobb etter og vere brun som ein innvandrar frå langt sør i verda.

Eg starta litt over fem frå Mandal, no er det grålyst på den tida, og ved Moisund skein ei blank sol meg i augo. Å køyre til Valle ein tidleg vårmorgon er ei naturoppleving.

Grunnen til at eg gjorde det på denne måten, var at eg i går var i Lyngdal i bursdag. Der mønstra heile familien vår hos søstera mi. Vi er fem syskin, alle var samla med ektefellar, og mor var med då vi helsa henne med song og gode ord. Vi har vore velsigna, ingen tvil om det.

Eit slikt vårteikn er at det er på tide å gjødsle jorda. Det kan verte litt sterk lukt ein periode no, her i Valle er det helst sauegjødsel som vert spreidd ut over jordene. Den luktar ikkje så sterkt som naturgjødsel frå kyr, som jærbøndene dynkar jorda med på denne tida. Eg høyrde om ein bonde like ved ei kyrkje som elska å spreide møkk laurdag føremiddag i høveleg tid før bryllaupet, slik at brura skulle få merke kva ho eigentleg gjekk til. Problemet var at slik lukt sette seg i hår og brurekjole og fylgde med til festen, heile kvelden vart ein minna om at det var vår ved kyrkja. Heldigvis er det etter kvart blitt vanleg å spreie gjødsel på meir diskret måte ved å ha kort veg frå spreidemekanisme til jord og ikkje slik det var for ei tid tilbake, då spruten stod i veret og dråpane kunne flyge lange vegar.

**Å for ein strålande morgon** er ein tekst som fell ein i tankane når ein køyrer Riksveg 9 ein slik dag. Eit søk etter teksten på Internett gjev denne lenka:
http://www.temaweb.net/sider/Perioder/2verdkrig_Verda/Musikk2vV/musikk2vv.html
og der står det at songen er frå musicalen Oklahoma! i 1944. Hypertekstlenka der fører vidare til ein engelsk tekst om syngespelet, sjå: http://www.theatrehistory.com/american/musical014.html og vidare til
http://www.imagi-nation.com/moonstruck/albm36.html som har ein kort versjon av soga.

Wikipedia på norsk har ein kort artikkel, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Oklahoma%21 men med lenke til andre språk, og wikipedia på engelsk har ein flott artikkel om musicalen.

Å, for ein strålande morgon, å, for ein strålande dag.
Strålande glad kan eg kjenna: lukka og eg er i lag.

Påskelotteri og premiar

Vår kasserar Helge Homme fortel i ein mail til meg i dag at det er kome inn 150.000 kroner av dei 173.010 vi selde for i påskelotteriet. Han bed meg minne om at det er best å betale med ein gong, elles er det så lett å gløyme å få gjort det, og Valle Radio likar ikkje å sende ut purringar. Dei som har betalt, har i år skrive inn nok informasjon til at vi får markert det i rekneskapen vår. Nokre år har det vore vanskeleg å finne kven det er som har betalt når innbetalinga kjem i eit anna namn enn det vi har registrert som loddkjøpar.

Britta Lise Homme, som var programleiar i Open sending onsdagskvelden, minner om at det ligg fleire gevinstar som ikkje er henta på Esso i Valle. Det gjev meg høve til å minne om at det same kan vere tilfelle på andre av bensinstasjonane som velvillig let oss få leggje premiar hjå dei. Ta turen innom på Evje, Bygland, Rysstad eller Valle om du har ein premie til gode som du ikkje har henta enno.

Telefonstorm

Eg veit ikkje kor mange som ringde inn i Open sending onsdagskvelden, men det gjekk varmt for seg ei stund utover kvelden mellom 21 og 22:30, så Gudrun Nomeland og eg hadde hendene fulle. I studio sat Britta Lise og Jorunn Bø Andersen og hadde laga rebusar på namna til dei tilsette i Hylestad barnehage. I tillegg hadde ho vore ute med opptakaren og fått dei til å presentere seg og kome med eit plateønske.

Eit slikt opplegg fører til mange telefonar, for alle det var laga opptak av, ville automatisk stille inn radioen for å høyre seg sjølv på lufta. Truleg ville og vener og kjende høyre på, og når dei først høyrer på, kan dei jo og ringe inn svaret på rebusen. Så vi hadde hendene fulle. Dei første rebusane var det bare ein telefon som verka, det var straumbrot sist laurdag, og det hadde konsekvensar for programmeringa av telefonane våre og, ikkje bare datamaskinane.

Men etter kvart fekk teknikar Inga Flateland orden på telefonane og Jamie hadde fått orden på datasystema, så vi kunne finne musikk til eit par helsingar. Dermed gjekk sendinga på beste måten denne kvelden.

Eg vil likevel peike på eit problem. Nokre innringarar disponerer fleire telefonar. Når vi trekkjer ut kven som skal kome inn i studio, har vi hatt det som regel at om det er ein som har vore inne tidlegare same kvelden, så finn vi ein annan. Den som er med og ringer svar på alle rebusane, vil så langt det er råd, bare kome inn ein gong. Det er fordi vi gjerne vil ha fleire stemmer frå lyttarane. Nummeret vert likevel registrert og ein er med ved trekking av krus og rose, som vert trekt mellom alle som ringer inn, også om ein ikkje har hatt prat med programleiarane.

Når så ein person disponerar fleire telefonar, går han rundt systemet vårt. Det skjedde onsdagskvelden, då Jan Oddvar sat på Hovden og høyrde på og vart trekt ut to gonger med ulike telefonnummer. Britta Lise vart nokså overraska då ho møtte same stemmen to gonger.

Alt i alt var det ein svært hyggeleg og informativ kveld, Mange av oss fekk vite at folk vi kjenner jobbar i Hylestad barnehage, utan at vi visste at dei hadde fått seg jobb der. Slik sett var det ei fin oppdatering av lokal kunnskap og ein god måte å spreie informasjon på. Honnør til Britta Lise som laga denne trivelege kvelden, og som og hadde fått med seg Jorunn Bø Andersen til å vere med i studio fyrste gongen. Ingen kunne merke at det var premiere for henne, ho fall godt inn i samtale med Britta Lise og med dei som ringde inn og hadde svar.

Nye plater

Nokre gonger kjøper vi ny musikk, andre gonger får vi tilsendt plater frå folk som meiner at vi kan ha glede av dei. I programmet mellom klokka 20 og 21 i går, presenterte eg to nye plater vi har fått inn.

Eg starta med plata **Waltz_With_Me** av Annbjørg Lien, sjå wikipedia http://no.wikipedia.org/wiki/Waltz_With_Me (eg skreiv den artikkelen om plata etterpå). Frå den spelte eg første sporet, The Traveller, der og Kirsten Bråten Berg medverka med song. I samband med dette presenterte eg tekstforfattaren Arnt Birkedal, (sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Arnt_Birkedal) som har fått Rasmus Løland-stipend. Komiteen for Løland-jubileet arrangerer stevleik i neste veke, så eg spelte eit par stev frå Kirsten si plate **mi kvedarlund** og før eg spelte eit anna kutt frå Walz With Me: Dancing the Years All Away.

Straumbrot har konsekvensar ein ikkje tenkjer på

Då eg kom i radioen i går og skulle ha tysdagssending, synte det seg at PC-ane var av, og då eg prøvde å kome på Internett, var det uråd. Etter kvart er vi blitt ganske avhengige av å ha tilgang til nettet, så eg ringde på mobilen til vår tekniske sjef i Valle Radio. Men Jørund Georg var i Tromsø, då var det ikkje mykje han kunne gjere for å fikse dette. Eg måtte difor endre noko på planen min for tysdagssendinga. I staden for det oppsette programmet Musikk og eit tema, sende eg Dameklubben frå Norea Radio. Det var for så vidt ganske likt den ideen eg hadde, tema var Mor og det var mykje fin musikk i den timen.

Men tanken på at onsdagssendinga og skulle gå utan Internett-tilgang var ikkje lysteleg. Etter at eg var ferdig med sendinga tysdagskvelden kom Britta Lise innom for å finne musikk til Open sending. Det måtte ho gje opp, utan Internett var det ikkje råd å laste ned den musikken ho trong. Heldigvis kunne ho løyse det ved å laste ned musikk heime, men då måtte ho brenne det på ei plate og ta med i radioen, i staden for å kunne laste det ned direkte til bruk i sendinga.

I dag snakka eg med Jamie som arbeider saman med Jørund i IT-avdelinga til Valle kommune. Han sa at han kunne prøve å finne ut kva som var problemet, og i eitt-tida gjekk vi saman ned i radiohuset for å finne ut korleis det stod til. Han kunne raskt konstatere at det stod dårleg til, men etter at han hadde vore ein tur i barnehagen og fiksa noko der, var det ein ny runde for å sjå om han kunne finne løysinga for radioen. Og sanneleg: Etter litt leiting fann han feilen og kunne sende melding om at det no var i orden.

Stor takk til Jamie, då Britta Lise kom innom etter arbeidstid i dag, var det i orden og ho kunne finne den musikken vi hadde som ho skulle bruke. Jamie sjekka og at streaminga på Internett fungerte, noko som synte seg då vi i Open sending i kveld fekk telefon frå Oslo frå ein Start-patriot som likar å høyre på Valle Radio.

Eg vil avslutte dette innlegget på bloggen med ein digresjon. Eg måtte ha timen mellom 20 og 21 i kveld, då Bjørgulv måtte tilbake til sauene sine, som har begynt å få lam. Eg valde å presentere nokre nye plater vi har fått til radioen, mellom anna Annbjørg Liens Waltz With Me. Då eg spelte den fyrste, The Traveller, plinga ei tekstmelding inn på mobilen min. Det var Jamie, som skreiv: Så flott at det endeleg kom folkemusikk i sendinga. Takk for det! Takken sender eg vidare til Kirsten, som sytte for at vi fekk den plata.

Program for 15. og 16. april 2008

**Tysdag 15. april **
Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Musikk og eit tema. Dette gjekk ut, i staden sende vi “Dameklubben” frå Norea
20:30 Postludium
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 16. april**
Ansvarleg: Bjørgulv T. Berg
Teknikar: Inga Flateland
Telefonvakt: Gudrun Nomeland

18:00 Aktuell time
19:00 Kommunen informerer. Jon Ødeskaug frå Utviklingsavdelinga
19:30 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
20:00 Bjørgulvs time med gjester. Harald overtek denne, lamminga har starta hos Bjørgulv.
21:00 Open sending ved Britta Lise Homme med gjest Jorunn Bø Andersen

Den siste gjetaren

NRK1 mandag 14. april kl 19.55 Faktor: Den siste gjetaren Saue-gjetaren i Sirdal

Det var nok mange i dalen som fekk med seg dette programmet. Eg var ikkje klar over det, men fekk ein telefon, og då eg ringde vidare for å minne om programmet, var meldinga at vi sit som tende lys og ser.

**Her er omtalen hos NRK:**

Som far sin før han er Torleiv Lye sauegjetar på heiltid. (Foto: Svein Rune Skilnand)
Det fins faktisk nokre få igjen av dei – gjetarane som lever på gamlemåten i Noregs fjell.

Torleiv Lye er ein av dei – sauegjetar på heiltid i Sirdal i Vest-Agder. Ein tradisjon han har arva etter far sin. Men han er usikker på framtida. Vil han bli den siste gjetaren?

**200 år med sau **
Sirdal har ei historie som er heilt spesiell her i landet. Frå omlag 1830 kom gjetarar med saueflokkane sine frå Jæren og Dalane til heiene i Sirdal og Setesdal Vesthei. Dei brukte gjerne mellom ei og to veker på å drive flokken fram til beiteområdet. Det kunne vera opptil 10 000 sauer i ein slik flokk.

Tradisjonen med dei store sauedriftene har vore ubroten i snart 200 år, men det er grunn til å stilla spørsmål ved om den kan halda fram på same måten.

—-
I tillegg til vakre bilete fekk vi eit interessant møte med ein som kjenner heia utan GPS og andre hjelpemidde. Han har røynt heia i godver og uver, Torleiv Lye. Gleda ved å ta vare på sauene, den kunne vi merke gjennom reportasjen. Så hadde han bare 1% svinn i løpet av ein sesong.

Her er lenke til NRK sine sider om programmet: http://www.diggthislink.com/9849/

Haydom

Jeg har hatt gleden av å få se to programmer fra Haydom på TRK1 søndagskvelder, hvor vi har fått se og bli kjent med folk og forhold rundt sykehuset. Her er lenke til ei side om dette: http://www.haydom.no/en/HaydomDevelopmentCompany.htm

Det har vært flott å få eit slikt innblikk i noko som dei fleste på Sørlandet i alle fall har høyrt mykje om. Sjølv har eg fått høyre koret av sjukepleiarstudenar under ein turne dei hadde i Norge for ei tid tilbake. Det var ei oppleving, og framsyninga vekte gode minne.

I dagens program handla det om vatn. Der fekk vi høyre at ein familie i Somalia måtte klare seg med 20 liter vatn på to dagar under tørkekatastrofe der. I Noreg brukar kvar person 300 liter dagleg i gjennomsnitt. Slik informasjon gjev grunn til ettertanke og takk. Å skaffe nok vatn og reint vatn er truleg eit av dei store og vanskelege spørsmåla i vår tid. Noko å tenkje på medan vi ventar på vårflaum når all snøen i heia skal ned i Otra og ut i havet.

Det var Ole Hallgrim Evjen Olsen som tok imot eldste dotter vår for 35 år sidan på Mandal sjukehus. Han arbeidde der når han var heime i Noreg i friperiodar frå sjukehuset i Haydom. Det er rart å tenkje på at han er borte og sjukehuset i Mandal no er nedlagt. Men arbeidet vert ført vidare på Haydom og framleis er folk her i landet med på å støtte utvikling i ein region i Tanzania vi bare har høyrt om og dei fleste av oss aldri kjem til å kome til, bare fordi ein person og hans mange medarbeidarar har makta å vekke engasjement og solidaritet og slik byggje bru mellom regionane.

Opera

Det vart ei spektakulær framsyning i TV då opninga av Operahuset i Oslo gjekk av stabelen. Slavekoret var ikkje bare ein vakker song, men var tydelegvis eit symbolsk stykke: Med songarar frå heile landet og frå dei som hadde arbeidd med å byggje huset. http://no.wikipedia.org/wiki/Operahuset

Eg fekk ikkje auga på Rønnaug Torvik, men Reidun såg ein songar i Setesdalsstakk. Det var og ein mann i dalebukse der, den såg eg. Men det er jo ikkje så lett å finne kjende i ei forsamling på 450 personar, bileta flagrar forbi og synet vert litt dimma av den vakre klangen og det vakre synet av bunader frå heile landet.

Eg er glad i vakker song, men truleg er eg laga for enklare verk enn dei mest intrikate ariar. Likevel vart eg sitjande framom TV heile laurdagskvelden, det er lenge sidan noko har halde meg så lenge framom skjermen. Fleire gonger dukka Nordic Tenors opp, dei hadde eg nyleg lese om på wikipedia, så det var jo hyggeleg å sjå dei i levande live. http://no.wikipedia.org/wiki/Nordic_Tenors

Elles hadde eg nok likt om namna til utøvarane hadde kome opp på skjermen, Arild Erikstad sa stykka og også namna nokre gonger, men når det fyk fort forbi og ein ikkje er merksam ein augneblenk, får ein det kanskje ikkje med seg, slik var det i alle fall for meg. Men eg har jo høve til å gå inn på nettsida til Den Norske Opera og sjå programmet på http://www.operaen.no/