Konsesjon

Det er tid for å søkje om ny konsesjon for å sende lokalradio i Noreg. Fristen er 22. januar, her er artikkelen på wikipedia om Nærradio: http://no.wikipedia.org/wiki/Lokalradio

Mange har meint at det kanskje kom til å bli slik at Valle Radio søkte konsesjon no når Bykle Radio ikkje har sendingar. Vi har snakka med Olav Mandt i Bykle Radio, og dei vil gjerne søkje om ny konsesjon sjølv om dei ikkje har aktivitet for tida. Difor vil dei ha eit samarbeid om konsesjonen slik at det vert Bykle og Valle radio som dekker området øvst i Setesdal.

I språket til sentrale styresmakter heiter det nisjeradio når vi ikkje klarer å dekke 12 timer dagleg. For dei er vårt opplegg kurant, så langt Olav Mandt har fått forståing. Søknaden er no ferdig og kan sendast inn. Ny konsesjon skal gjelde 7 år frå 1. juli. Vi satsar på at det skal gå greitt, alle i styret er innstilte på å halde fram med verksemda.

Vi vonar og at vi skal få ei meir oppdatert heimeside etter kvart. Målet er å få eit system med podcasting, slik at ein kan høyre i alle fall deler av sendingane når det høver best for publikum. I tillegg vil vi ha streaming, slik at folk kan vere med på Open sending på direkten og ringe inn frå plassar langt unna konsesjonsområdet.

Det er ein spennande vår som ligg framom oss.

Glatt

Føret i Valle denne veka har vore som å bøye adjektiv: Glatt, glattare, glattast. Fyrst var det glatt og vått, så vart det glatt og veldig vått, så vart det det glatt og hardt. Eg merkar at eg ikkje er så trygg som eg var før, i fjor fall eg to gonger på isføre, og kroppen hugsar sjølv om blåmerka er borte.

Utanfor radiohuset i Valle er det høge brøytekantar og vi må trø i djup snø for å kome inn under tak. Då Øyvind Jacob kom i studio i går for å vere med på Open sending, måtte han tøme støvlane sine for snø, det ville blitt litt vått om han let snøen smelte oppi støvlane i løpet av sendinga.

I Open sending i går snakka dei med Byklefolk som hadde fått mykje snø i går, og det var turrare snø enn her nede i Valle, kor den mest var regn som la seg på bakken. Så fraus det på litt, i alle fall nok til at eg tek bilen på jobb, sjølv om eg likar helst å gå. Eg kjenner meg meir stødig på fire hjul enn på to føter.

Strøing under slike tilhøve er eit kapittel for seg. Traktoren som strør her i sentrum køyrer ein tur tidleg om morgonen. Det har runne bort i løpet av dagen, men om ein skal strø i ein ny omgang, er ikkje lett å vite.

**Svikhålt** er eit ord som godt kan nyttast, du trur du står støtt, men så vert du sviken og plutseleg må du ta eit ekstra steg for å halde balansen. http://www.vallemal.no/frames.jsp?Search=svikh%E5lt&menu=3&SearchNow=1 gjev deg forklaringa som Talemålsgruppa har skrive ned i Vallemal: snø oppå is, der snøen ikkje har bunde seg til isen, slik at det vert svært glatt utan at ein kan sjå det, vert ikkje bøygt i kjønn, tal eller grader. Sjå også hål’e, skriv ein i ordforklaringa. På sida er det lenker slik at du kan gå vidare. Då kjem du til eit anna lokalt ord

**glèrungji**
Kva det er kan du finne ut sjølv ved å surfe litt på heimesida til Talemålsgruppa i Valle mållag.

Nytt år og nye muligheter

Nytt år og nye muligheter var temaet for rebusane i Open sending i kveld. Ørnulf hadde fått med seg Inger Aamlid og Øyvind Jacob, så det var eit sterkt team som sat bak mikrofonane.

Det er ikkje lett å konkretisere eit slikt tema. Men då eg fekk i oppgåve å lage rebusane til programmet, tenkte eg at eg kunne sjå på Hendingar og jubileum i 2008 og late det vere den raude tråden i programmet.

Dermed vart det rebusar rundt
1. Skuddår, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Skudd%C3%A5r
2. Planeten jordas år, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Planeten_Jordens_%C3%A5r
3. Polaråret, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Polar%C3%A5ret
4. Henrik Wergeland, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Henrik_Wergeland
5. Olav H. Hauge, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Olav_H._Hauge
6. Geirr Tveitt, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Geirr_Tveitt
7. Morsdag, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Morsdag

**Sundagsskulevarsling på SMS**
Til vanleg har vi 10 rebusar, men i kveld vart det med 7. Ein grunn til det var at dei hadde ein hyggeleg prat med Helene Horverak, som har fått mykje presse for ideen om å varsle om at det er sundagsskule på SMS. Ho sender ein SMS laurdag for å minne om sundagsskulen dagen etter. Om lag 30 personar har sett seg på lista, og ho sender bare melding til dei som har sagt ja til å stå på lista.

I praten kom det fram at Helene var ein ivrig mobilbrukar sjølv, ho hadde brukt telefonen så mykje til SMS at skrifta på tastane var sliten bort. Det gjorde ikkje noko, ho visste kor bokstavane låg. Men ho vart litt sliten i fingrane av og til, likevel ikkje så mykje at ho trong få hjelp hos fysioterapeut Øyvind enno.

Fyrste gongen dette skal prøvast ut, er komande helg, så ho var ganske spent på om korleis det kom til å slå ut. -Det kan neppe bli dårlegare enn det har vore no, meinte ho, så det kunne bare gå ein veg: Oppover.

**Premiane**
Premiane gjekk til
Ingebjørg Berdalen
Anne Lise Harstad
Jorunn Andersen
Ingebjørg Vegestog, sekk
Tora Lund, krus

Ny næringsforening i Valle

I Aktuell time onsdag 16. januar var ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund gjest hos programleiar Ørnulf Hasla. I tillegg var leiaren i Valle næringslag, den nye næringsforeninga i kommunen, Edvin Brottveit med i programmet. Dei snakka om mange emne innan næringspolitikken i kommunen, mellom anna ønsket om sentrumsnære tomter.

Dei som er med i styret i Valle næringslag er Bjørgulv T. Berg, Kent Lund, Vidar Homme, Bjørgulv Bjørgum og Inger Aamlid. Laget vart stifta i september, styret vart vald i desember, og 3. januar hadde dei sitt første styremøte.

**Åsmund Åmli**
I denne timen hadde dei og ein telefonprat med Åsmund Åmli, som har ny plate ute. Den er kandidat til å kome på Norsktoppen. Her er Norsktoppen si side http://www.nrk.no/norsktoppen/ Og til helga skal dei spele på Sylvgarden. Åsmund inviterte ordførar og programleiar til å kome og høyre på. Dei diskuterte og spørsmålet om plateslepp i Valle, noko Åsmund gjerne ville ha, men demokratiet hindra han, for andre involverte i plateaktiviteten ville og ha eit ord med i laget.

-Kva skulle eg ha til hobby om eg gjekk over til å syngje på heil tid? spurte han då Ørnulf lurte på om han kunne leve av sangen. Han meinte at han kunne nok ha gjort det, men då ville han ikkje vore fri til å kunne seie nei til speleoppdrag.
Her er heimesida til Åsmund: http://www.amliband.no/ Og her er heimesida til Sølvgarden: http://www.rysstadferie.no/index.php?m=sider&m_action=vis&id=1

**Kommunen informerer**
Denne kvelden var det Anna Slaby, den nye læraren i kulturskulen, som var gjest. Ho har bare vore i Valle ei veke, så det var ei ny oppleving å kome i radioen. Ho og Ørnulf hadde ein hyggeleg prat og spelte frå ei plate der ho sjølv var artist. Etterpå fekk radioen plata. Vi takkar og kvitterer.

Program for veke 3

**Tysdag 15. januar 2008**
Ansvarleg: Harald Haugland

Program:
18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Hellbillies og Hauge 2
19:50 Solo, duett og kor
20:30 Postludium
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 16. januar**
Teknikar: Inga Flateland
Telefonansvarleg: Torbjørg Hoftuft

18.00 Ørnulfs time
Vi presenterer det nye næringslaget.
Ordførar Bjørgulv S. Lund kjem og talar om nærings politikk.
Vi samtaler med Åsmund Åmli og har eit lite “plateslepp” den nye plata hans

19.00 Kommunen informerer
19.30 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
20.00 Musikk vi likar ved Sylvia, Gunn Marita og Silje
21.00 Open sending ved Ørnulf

Hellbillies og Olav H. Hauge

**Mål dagen og skriv eit dikt. Tekstmøte mellom Hellbillies og Olav H. Hauge**

Dette er tittelen på ein artikkel i Norsk Litterær Årbok. Du finn henne på biblioteket om du vil finne ut meir.

Det er Sveinung Nordstoga som har skrive artikkelen. Han er lektor i Norsk ved Høgskolen i Telemark avdeling Bø og er oppteken av litteraturhistorie i skulen. Artikkel om han på wikipedia finn du her: http://no.wikipedia.org/wiki/Sveinung_Nordstoga Han meiner at Arne Moslotten, som skriv folkelege viser for Hellbillies og Olav H. Hauge, kjend lyrikar frå Hardanger, har meir til felles enn at dei har bakgrunn frå kvar si bygd og skriv nynorsk. Innhaldet i det dei skriv om korresponderer og.

For å påvise dette har han vald ut nokre dikt frå Hellbillies sine plater, dei er det Moslåtten som står bak. Så har han kopla dei saman med tekstar av Olav H. Hauge. I sendinga tysdag 8. januar presenterte eg songen **Ei krasafaren steinbu** som er ein av dei populære songane til Hellbillies, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Hellbillies Den er frå plata Pela stein, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Pela_stein frå 1993. Dei fekk Spellemannsprisen for den.

Til samanlikning har han funne diktet **På høgdi** av Olav H. Hauge. Eg burde jo skrive dikta ned, men eg prøver å respektere copyright, og desse tekstane er ikkje frie for å bruke enno. Men Arne Moslåtten har lagt ut teksten sin på nettet, her er lenke til den: http://www.hellbillies.com/Cool/manus.htm Du må litt ned på den sida for å finne diktet.

Om dette diktet skriv Sveinung Nordstoga: … er ein tekst om livsvandringa. Teksten kan delat i to. Fyrste del handlar om eg-personen som skal til fjells på reisnjakt, kjem ut for skodde og går seg vill, men finn til slutt ei falleferdig bu. Andre delen er ein generell kommentar der denne turen blir løfta opp på eit eksistensielt plan: Livet er ofte å famle, vera uærleg, kjempe, stå utfor stupet. Men alltid finn ein ei redning, ei krasafaren steinbu (“nedslite av ytre påvirkningar over tid” er den noko formelle forklaringa på dialektordet).

Nordstoga meiner at turen i fjellet der jegeren går seg vill er ein openberr allegori til livsvandringa og held fram med å nemne dikt der Olav H. Hauge har brukt vandrarmotiv: Svarte krossar, Din veg, På høgdi og Stabbesteinar.

Når han så samanfattar gjennomgangen av dikta til dei to forfattarane, kjem Nordstoga inn på dei svært ulike bruksområda. Hellbillies høyrer ein på radioen og dansefesten, Olav H. Hauge sine dikt les ein eller høyrer opplesne. Likevel knytter tematikken dei saman.

Eg valde å lese diktet Vandring av Stein Mehren i tillegg, ettersom eg hadde lova noko til i programmet. Det finn du her: http://www.uib.no/isf/eyr/2003q1/013639.html

Og så fann eg eit dikt i boka 100 dikt av Halldis Moren Vesaas. Den kan du og låne på biblioteket.

Ettersom det var Hellig Tre Konger då eg hadde programmet, avslutta eg med sangen En stjerne skinner i natt, som skildrer livsvandringen til Dei vise mennene frå Austerland.

Begge dikta handlar om livsvandinga

Lærarstriden i 1942

Overskrifta i kveld er henta frå wikipedia, som i dag fekk ein artikkel om dette emnet. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/L%C3%A6rerstriden_i_1942 Bakgrunnen for det er samansett. Ein av grunnane er at vi i Valle Radio hadde to program der Torleif B. Harstad las frå minneoppgåva til Tarald Nomeland. Han var ein av dei lærarane som vart teken og måtte reise til Kirkenes på straffarbeid. I minneoppgåva, som står eit av skrifta for Agder Historielag, fortel han levande om livet sitt der dette var ein del av stoffet.

Men då eg leita etter stoff om saka på wikipedia, var det vanskeleg å finne noko. Difor enda eg opp med å skrive litt sjølv. I artikkelen er det ei lenke til eit nettleksikon som heiter NorgesLexi. Der er det ganske mykje stoff om andre verdskrigen, det er eit spesial-leksikon om dette. Så den som leitar etter noko om andre verdskrigen vil finne ganske mange opplysningar der.

Diktet Strid for fred av Arne Garborg var nok meir aktuelt i Noreg då enn no. Det kom i tankane mine medan eg skreiv dette:

Arne Garborg
STRID FOR FRED

Ja lat oss stride,
og lat oss tru,
og byggje med tankar
ei bivre-bru
til den heilage, høge framtid!

Me lìver midt i
ei villmanns-tid
med blinkande knivar
og nevestrid;
og livet er som ein bloddraum.

Men vìta skal me
og vone visst,
at ånd må vinne
på troll til sist,
og vìt på den varge villskap.

So lat oss tru
og stride som menn!
For trui er,
som det skrìvi stend,
den magt som vinner på verdi.

Og her er lenka til Arne Garborg på nynorsk wikipedia: http://nn.wikipedia.org/wiki/Arne_Garborg

Bok og media

I går var eg innom Bok og Media i Kristiansand på veg heim til Mandal. Det er ein bokhandel med svært godt utval og svært god service. Det vart nokre plater der i går, noko av det eg fann vil eg dele med deg til tysdag i Valle Radio.

Eg kom i prat med Thor Magne Vesterhus, som spelar fløyte på Kristiansand Domkor si plate Storleg gled me oss, utvalde songar av Bjarne Sløgedal. Han fortalde at han var i Bok og Media torsdagar og fredagar for å ta vare på den klassiske musikken dei har i butikken. Det er ikkje bare CD-plater, men og noter. Dei har etter kvart bygd opp ei stor samling, og folk vil gjerne sjå og samanlikne noter før dei handlar. Folk kjem frå store deler av Sør-Noreg for å leite etter musikk i kjellaren i Markens.

Vi blei ståande å prate litt om kor viktig det er å ha kunnskap om emnet når ein skal drive butikk. Det nyttar ikkje å satse på bare det mest populære, ein må få tak i eit rikare utval, og då må ein ha kompetanse. Men det er jo ikkje så lett for butikkar å halde seg med kompetente folk innan musikk, og då vert det lett at ein let andre velje for seg. Thor Magne Vesterhus spelar fløyte og kjenner difor ein god del av repertoaret innan klassisk musikk. Han hadde og vore i Valle og spela, som ein del av ensemblet Trio Concertante.

Det vart ein interessant samtale om mange sider ved musikkformidling i ulike former.

Eg vart gåande og leite mykje lenger enn eg hadde tenkt, og litt av kvart fann eg og. Men det gjorde ikkje så mykje, for eg hadde parkert bilen i Slottet, så det var ikkje så langt å bære det før eg kunne setje kursen mot Noregs sørlegaste punkt på fastlandet. Då var klokka blitt så mykje at køen ut av byen var slutt. No har dei ope til klokka seks i Kvadraturen alle dagar, så utfarten vert litt spreidd.

Kjør forsiktig

I sendinga onsdag hadde eg ein prat med Birger Trydal, som er medlem av viltnemnda i Bykle og må ut når dyr vert påkøyrde. Han kunne fortelje at det er nokre sjåførar som ikkje respekterer blinkande lys som dei set opp når dei skal fjerne eit dyr frå vegen. Det er eit stort problem, nokre gonger føler dei at det er med livet som innsats dei arbeider når bilistane susar forbi utan å setje ned farten.

Han kunne fortelje at det har vore ein del situasjonar der elgar og rådyr er blitt påkøyrde i vinter. Det kunne Torleiv Løyland stadfeste, i Valle skjer det særleg i Oveinang, og siste påkøyringa var ved Byklestøylen, der bussen fekk ein elg i fronten denne veka.

Når slikt skjer, sa Birger Trydal, skal ein varsle politiet, som sender meldinga vidare til viltnemnda i kommunen. Men det gjer arbeidet lettare for viltnemnda om ein set ei brusflaske på toppen av brøytestikka der uhellet skjedde, då treng dei ikkje bruke tid på å finne kor dei skal starte søk etter skadde dyr.

Om det gode barneliv på landet

I sendinga onsdagskvelden hadde eg ein prat med Lisbeth Homme om artikkelen ho og Lisbeth Skreland hadde i Fædrelandsvennen onsdag 9. januar 2008. Det vart ein interessant halvtime, oppsprita med eit par viser av Kirsten Bråten Berg.

Etter sendinga har eg prøvd å finne artikkelen på Fædrelandsvennen si nettside, men dei har ikkje lagt han ut. Difor tok eg ein telefon til Lisbeth i kveld for å høyre om eg kunne få ha den på bloggen. Det var ikkje problem, eit minutt etter låg den i epostkassen min. Dermed kan eg dele han med deg som vil ha bakgrunnen for samtalen vår. Eg har utheva linjer i teksten som me var innom i samtalen.

**Lisbeth Skreland og Lisbet Homme, båe med oppvekst i by, no barnehagestyrarar i Valle kommune og masterstudentar ved Høgskulen i Vestfold **

”Gøy på landet, gøy på landet, sånt no ha’kke vi i by’n”

….om det gode barneliv på landet.

Denne gamle visa er vel kjend for mange av oss. Innhaldet var eksotisk nok for oss bybarn; hoppe i høyet, stelle med dyr, vere i lag med vaksne og gjere naudsynt arbeid. Bilete av det gode livet på landet har i seinare tid endra seg dramatisk. Nærast dagleg får me informasjon som fortel om flukta frå landsbygda, dramatisk nedgong i folketalet, reportasjar om ungdom frå landet som ynskjer å busette seg i byar. No er det altså ikkje lenger gøy på landet, snarare tvert om. Men korleis er det i røynda å bu på landet, er myten om det gode livet på landsbygda berre ei forelda myte, eller..?

I Fædrelandsvennen, for ei tid tilbake, las me om Bygland skule som hadde særs gode resultat i høve ei mobbeundersøking. Vidare at Valle kommunestyre, truleg som eit av dei fyrste i Noreg, vedtok å gje gratis barnehageplass til alle som ynskjer det. Rett nok fekk ikkje denne siste hendinga særleg stor spalteplass; **det kan vere freistande å spørje seg korleis eit liknande vedtak, gjort av bystyret i Kristiansand, ville verte omtala**. Fortel desse to døma oss noko om ein ulikskap mellom by og land? Meir presist, kva kjenneteiknar oppvekstvilkåra til dei barna som bur på bygdene?

For familiane i dag er det ofte slik at dei ulike medlema lever ganske åtskilte liv. Fleire forskarar hevdar at det over tid har skjedd endringar som aukar kjensla av framandgjering og at me treng meir personrelaterte kvalitetar i dei miljøa me bur i, så vel som i samfunnet elles. No skal me her på ingen måte svartmåle livet i byen, heller synleggjere nokre kvalitetar i oppvekstvilkåra i mindre samfunn, her nærare bestemt Setesdal, som me meiner er underestimerte i vår tid. **Den stadig aukande tilflyttinga til større byar er ein faktor, den meir karikerte framstillinga av oppveksten på landet, som vanskeleg, med streng sosial kontroll og liten fridom i det å ha alles auge på seg, og at alle veit betre korleis du har det enn du gjer sjølv, er kan hende ein meir vesentleg faktor i framstillinga av bygdelivet**.

Er denne framstillinga korrekt, og i så fall berre eit negativt fenomen, knytt til det å kontrollere og ikkje unne medmenneska det beste? Eller kan ein tvert om seie at det å vere interessert i menneska som levar i nærleiken, er positivt og godt? Etter vår oppfatting er nettopp det ein kvalitet, meir enn ei ulempe?

Tidlegare generasjonar utvikla, rett og slett for å overleve, eit system for tryggleik og omsut, særs ofte basert på prinsippet om eit gjensidig ansvar og eit sjølvberande nettverk med utgangspunkt i slekt og naboskap. **Slike system, der ein har eit klårt ansvar for medmenneska, forsvinn med moderniseringsprosessane fordi slike system føresett andre økonomiske, sosial og kulturelle strukturar.** Ein annan økologi, som professor Inge Bø kallar det. Faglitteratur seier med styrke at når alle grupper i befolkninga vert sett under eitt, står dei problema dei ulike gruppene lider under, fram som langt større i dei store byråkratisk styrte einingar, enn i mindre menneskenære samfunnsnisjer.

Når eit barn ikkje trivast på skulen er konsekvensane sjølvsagt alvorlege. Undersøkingar synar at det er avgjerande for barnas oppvekst, og for individets sosialisering, at ein opplever å vere sosialt forankra i eit trygt, aksepeterande og støttande fellesskap. I små lokalsamfunn er det, etter vår oppfatting, lettare å gjere noko med det som er negativt. Ved å skape og halde ved like gode nettverk, opprettheld ein samstundes ei kjensle av å høyre i hop, ei tett forankring. Kan hende er nettopp dette eit lite lokalsamfunns største styrke, ein viktig faktor i eit barns liv, det at alle, EG, trengs for at samfunnet skal fungere og vidareutviklast.

I eit lite lokalmiljø kjenner alle kvarandre. **Ein er ikkje berre lærar, men gjerne fars fiskekamerat, onkel til bestevennen og samstundes kan hende medlem i kommunestyret.** Ein viktig innsikt kring menneskelege relasjonar, ganske så sjølvsagt for barn i Setesdal. Dette gjer at graden av tilgjengelegheit aukar for medlema i det sosiale miljøet; det er ikkje reint uvanleg å oppleve diskusjonar i nærbutikken som omhandlar barns trivsel og tryggleik, og oppleving av skulen eller barnehagen. Desse uformelle møta er viktige, ein måte å oppleve lokalsamfunnet som oversikteleg og tydeleg, med den fylgje at det som skjer både er mitt eige og andres ansvar.

Barnehagen er eit velferdsgode, men ikkje alle stader i Noreg er det like lett å få barnehageplass til eittåringen din. I Setesdal er det å få ein barnehageplass, tilpassa familiens behov, tilnærma sjølvsagt. Og når alle som ynskjer det får plass, og plassen i tillegg er gratis, vil barnehagen med dette vere eit spegelbilete av samfunnet, ein møtestad for alle barna og foreldra i kommunen, ikkje berre for særskilte grupper. Ein barnehage der årskulla fylgjer kvarandre frå barnehagestart til avslutting av ungdomsskulen. Skulane har små klassar og læraren kan lettare gje tilpassa opplæring til ein elev i ein klasse på 10 enn på 25. Me ser at det å vekse opp i Setesdal inneber kvalitetar som til no har vore ein løyndom for mange.

Politikarane i Setesdal skal ha all ære når dei gjennom mange år har sett barn og oppvekst på dagsorden. **I alle kommunane finns det brukarvenlege barnehagar, nye barnehagebygningar og kvalifiserte tilsette.** Nokre av kommunane var særs tidleg ute i høve auke av pedagogtettleik på kvar avdeling, og det å legge tilhøva vel til rette for vidareutdaning for tilsette i skule og barnehage.

Å vokse opp i ein kommune der føresette, pedagogar og politikarar stillar høge krav til kvalitet, spelar på same lag og har same mål, vil etter vår oppfatting vere ei sikring for at kvart barn skal få ei utvikling, tilpassa eigne evnar og interesser. Me har ikkje så mange barn i kommunane våre, difor vert kvart barn så synleg, så naudsynt for at livet i skule og barnehage skal fungere. **Ein rektor fortalte oss ei gong at skulking var eit heilt ukjent fenomen på den skulen han leia. Årsaka til det var at ein eventuell skulkar ikkje hadde nokon plass å vere, utanom heime, dersom han ikkje møtte på skulen. Alle andre stadar ville han ha møtt vaksne som truleg ville spørje om han var sjuk, kvifor han ikkje var på skulen**. ”It takes a village to raise a child” er eit gamalt afrikansk ordtak. Når heile lokalsamfunnet engasjerar seg i barnas oppvekst blir det faktisk gøy å bu på landet.