Tysdagssending att denne veka

Frå i dag av var tysdagssendingane i gang att, og det var godt for meg å vere på lufta att. Då eg kopla opp, var ikkje P4 inne, og det kom ikkje inn då eg kopla ned heller. Hyggeleg å få helsing frå lyttar i Nederland som gledde seg over programmet. Her er programmet eg hadde:

4. desember
Ansvarleg:Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Christmas Carols
20:15 Dagens Buxtehude
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland: Musikk til advent
21:00 Kyrkjebakken

5. desember
Ansvarleg: Øyvind Jacob
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakt: Ingunn Uppstad

18:00 Aktuell time. Øyvind har gjester i studio
19:00 Kommunen informerer. Valle barnehage
19:30 Tankar frå Bibelen
20:00 Ørnulf sin time med gjester
21:00 Opi sending ved Rolf Erik Homme.

Jol i Setesdal 2007

Så er joleheftet kome. Som vanleg er det ei teikning av Olav Bjørgum som prydar framsida, men inne i bladet er det færre illustrasjonar av han enn det vi har vore vane med å finne. Mange av oss finn ekstra glede i bileta hans. I år er dei bare å finne på side 17, 27 og 50.

Men det slår meg at det er mange bilete i Jol i Setesdal i år. Soga om Valle frilynde ungomslag og ungdomshuset Valhall av Bjug Åkre har fire bilete, det eine er til og med frå då huset vart brend. Torhild Austad sitt stykke Drama i Drivslid har og fire bilete, medan framhaldet av artikkelen som Birgit Skjevrak Skeie starta i fjor om Glimt frå den “gamle” Strondelene har heile fem.

Bjarne Tveiten har to artiklar i Jol i Setesdal i år. Den eine er om Vatnedalen i Bykle, den andre om Pilegrimsvandring til Røldal sommaren 2007. I den siste krydrar han stoffet med stev, dei dreg lesaren inn i artikkelen, og plutseleg har du opplevd litt av turen i lag med Bjarne.

Arne T. Aabø har skrive om Gjermund Kjetilsson Harstad, – ein heluve av ein setesdøl i Telemark. Olav M. Holen presenterer ein tekst av Axel Krogh i artikkelen Dei gamle fjell i syningom. Som vanleg dei siste åra er det ein kryssord og barnesider. Denne gongen er det elevar ved Bygland skule som har laga barnesidene.

Gunnar Hillestad fortel om På besøk hjå kunstnarparet Kohler. Salve Øina skriv om Skrivarfullmektig og moromann Salve Moy. Anne Løyland Haugå skriv om Eli Bø, meistervevaren frå Valle og Jørgen Løvland har ein artikkel om Eidsvollsmannen Olav Knutson Tveiten.

Frå Nordahl Rolfsens lesebok er forteljinga Guteliv om Targjei Gunnarson Kolshus frå Bygland teke med. Andres Helle har skrive om Knut Jonson Heddi, “ein mangslungen kar” i høve at det i år var 150 år sidan han vart fødd. Til slutt få me Olav Fjellestad som fortel om si fyrste elgjakt, ført i pennen av Rita Flottorp.

Men eg minner og om to dikt av Paal Vollen. Dei er jolerelaterte, Solsnu og Joleminne. Dikta hans er alltid til ettertanke.

Jol i Setesdal sine annonsar er kultursoge med dei mange steva. Også i år er dei med, mange av dei same frå år til år, men nokre nye kjem til. Dei er verd eit studium kvar einaste jol.

I år kostar det 60 kroner. Overskotet vert delt mellom mållaga i Setesdal.

Ny rekord i sidevisingar

I november var det ny rekord i sidevisingar. 5844 besøk (vel 190 dagleg i snitt) såg på 21.832 sider. Eg veit ikkje kor dei kom frå, men eg takkar dykk alle, det er hyggeleg å sjå at bloggen fungerer og har tekstar som folk finn det interessant å fylgje med på.

I november har eg ikkje hatt høve til å fylgje radioen på nært hald ettersom eg ikkje har vore i Valle og heime ikkje har ei løysing på Internett som kan få inn dei streama signala som vert sendt ut. Men tema for bloggen ser ikkje ut til å verte færre, heller fleire, sjølv om det nokre gonger er litt vanskeleg å vite kva ein skal skrive om.

I går skreiv eg inn den musikken som Niklos skal spele tysdagskvelden. Der var det ein komponist som heiter Melchior Franck. Han levde for 400 år sidan, og på norsk er det ikkje lett å finne stoff om han. Av tre tilslag på google er det eine frå bloggen min i går, det er mest utruleg kor fort google fangar opp det eg skriv.

Men wikipedia har artikkel om han på både tysk, engelsk og svensk, så du kan finne noko der om du vil førebu deg til tysdagskvelden. Sjå denne lenka til den engelske teksten: http://en.wikipedia.org/wiki/Melchior_Franck

Musikk til advent

Niklos K. Besteland har sett saman eit program med musikk til advent. Tysdag 4. desember klokka 20:30 vil han presentere det i serien Postludium:

Melchior Franck (1580 – 1639): Mache dich auf, werde licht. Kantate for sopran, tenor, strykarar og cembalo. Der kleine Chor der Hochschule für Musik München, dirigent Fritz Schieri.

Dietrich Buxtehude (1637 – 17007): Nun komm der Heiden Heiland. Orgelkoral (BuxWV 211). Organist Michael Pohl i Berlin domkyrkje.

Johannes Brahms (1833 – 1897) Frå samlinga Motetten, opus 74, nr. 2: O Heiland, reiss die Himmel auf. Wuppertaler Kurrende, dirigent Heinz Rudolf Meier.

Hugo Distler (1908 – 1942) O Heiland, reiss die Himmel auf. Koralmotett. Thomaskoret i Leipzig, dirigent Thomaskantor Hans-Joachim Rotsch.

Bernard Emmelkamp: Folkefrelsar til oss kom. Koralvariasjonar ved organist Bernard Emmelkamp på Steendam-orgelet i Valle kyrkje.

Bli med oss den halvtimen tysdag og lytt til vakker musikk i førjolstida.