Sang til førjolsfest

Sundag kveld fekk eg spørsmål frå Ånund K. om eg hadde høve til å vere med på jolemøte i Valle pensjonistforening torsdagskvelden. Det svara eg ja til, og frå halv fem til åtte i kveld var eg der. Håvard Viki hadde andakt og eg las frå Ajax. Han har mange fine små stykke relatert til jol.

Ein fest treng ein song for høvet, så eg valde å skrive ein førjolssong vi kunne syngje i lag. Den vart vel motteken, og om lag 25 personar song den saman i kveld. Eg legg han ut på bloggen, så kan han kanskje verte til glede for deg som les bloggen også.

**Sang til førjolsfest**
**Valle pensjonistforening**

Melodi: Gjør døren høy

No stundar det mot jol igjen,
snart sola snur og stig om senn.
I Valle vakker adventstid
snart møter jolehøgtid blid.

Me jol har feira mange år,
for oss ho fast i minnet står
ei tid så kjær, til denne dag
med jolebakst av mange slag.

Frå barneår då gåver små
me gav og fekk, og heilt til nå
ei høgtid kjær det vore har
og best det var hjå mor og far.

I jola åt me nepespa,
song jolesong, var hjartegla’.
Den same mat er viktig enn,
men jolesongen, kva med den?

Lat oss den finne att på ny
og saman syngje høgt i sky
ein jolesong om fred på jord,
ja, lat oss syngje den i kor!

13. desember 2007 Harald Haugland

Jolepynt og blomepynt, kjøt og kommunal informasjon

**Aktuell time** onsdag 12. desember 2007 var det Bjørgulv T. Berg som hadde ansvaret for, då Ørnulf Hasla måtte melde forfall i siste liten.

Bjørgulv fekk med seg Hessel Haker og Ellen Jansen. Dei har gått saman om eit arrangement på Brokkestøylen komande helg der dei skal ha joleverkstad for born og vaksne. Tanken er at laurdag frå klokka 14 skal born kunne kome og lage jolepynt eller jolegåver av tova ull. Sundag vert det verkstad for vaksne. Begge dagar er det mat inkludert i deltakaravgifta, som var 140 kroner for barn og noko meir for dei vaksne.

Nina Brottveit gjev seg med drifta av Valle blomar og gåver etter jol. Då tek Ann Iren Aase Hoslemo over. Dei kom i radioen og fortalde om dette, Nina takka alle gamle kundar for god handel og Ann Iren, som er utdanna blomedekoratør og arbeidde på Ålgård Blomster før ho flytta frå Bryne til Setesdal, ønskte folk velkomne innom når ho overtek. Ho er alt kjent med butikken, ettersom ho har arbeidd der i haust. Nina ser fram til dagar utan ansvar og tek sikte på å nyte fritida ei stund før ho ser seg om etter noko nytt arbeid.

Til slutt hadde Bjørgulf ein prat med Marton Laksesvela, som har seld 90 lam som pinnekjøt i år og no er lens for kjøt.

I **Kommunen informerer** var det Ingvar Nes som fortalde om aktuelle innspel i samband med budsjettet for 2008.

Valle kommune sitt jolebord 2007

Jolebordet vart halde 1. desember, så kanskje er det for seint å skrive om det no. Eg gjer det likevel, for eg fekk spørsmål om å skrive ein sang ein kunne syngje ved starten av arrangementet. Då laga eg denne teksten:

Melodi: Nå har vi vaska golvet

Me samlar oss til jolebord, det synest me er godt,
i år me er på Sylvgarden, her er det fint og flott.
Nå vil me nyte fellesskap ein laurdagskveld i lag
og bare, bare kose oss og ikkje tenkje fag.

I Valle er det vakkert, vår arbeidsplass er god,
at folketalet minkar, det likar me ei no.
Men kanskje denne kvelden kan gje inspirasjon,
få fleire folk i bygda, det er litt av ein misjon.

Det året som ligg bak oss, så mangt i det har hendt,
tenk etter om du hugsar litt, det er jo ganske kjent:
Ein singelfest, ein scootertur, kommunestyre nytt,
og Norske attraksjonar har av vallemålet skrytt.

Burmesarar frå år i flukt i bygda slo seg ned,
frå Holland, Polen, Thailand kom folk, fann ro og fred.
Utfordringar så mange me alle saman fekk,
problem me hadde, løyste seg og dagane dei gjekk.

Slik kunne me vel mimre om dagar som har gått
men då me neppe noko i magen hadde fått.
Me difor sangen sluttar og startar på vår fest:
Velkomne alle saman, velkomen kvar ein gjest.

Vekeprogram for veke 50

**Tysdag 11. desember 2007**

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Juleoratoriet av Johann Sebastian Bach
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 12. desember**
Ansvarleg: Ørnulf Hasla
Teknikar: Knut Olav Tveiten
Telefonvakt: Berit Homme

18:00 Aktuell time
19:00 Kommunen informerer
19:30 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
20:00 Ørnulfs time med gjest Gudrun Nomeland som fortel om joletradisjonar, og presentasjon av den nye plata til Kim André Rysstad
21:00 Open sending ved Britta Lise Homme og Knut H. Nomeland

høyr på http://www.valleradio.com

Almisser

I denne søte joletid vil eg dele med dykk eit lite sitat frå Wikipedia. Du vil ikkje finne det der, det er borte no. Men blind høne kan og finne gullkorn, og det skjedde i dag.

Fyrst må eg forklare noko som kanskje ikkje alle dykk som les bloggen min har fått med seg. Eg er ein ivrig bidragsytar på wikipedia, på den versjonen som er på bokmål og som har vel 143.000 artiklar når eg skriv dette. Wikipedia er eit leksikon som brukarane lagar. Alle kan skrive artiklar der, til dømes ved å klikke på ei rød lenke i ein annan artikkel. At lenka er rød, betyr at det ikkje er nokon artikkel der frå før. Difor dukkar det opp eit redigeringsvindauga når ein trykkjer på lenka. Det er difor svært lett å kunne skrive på dette leksikonet. (Det er 51 artiklar om Valle og artiklar om 17 personar frå Valle, og fleire kjem, om ikkje kvar dag, så av og til. Enno er det ingen artikkel om Rysstad, til dømes.)

For vel eitt år sidan vart eg vald til administrator i dette leksikonet. Det betyr at eg kan slette ein artikkel som ikkje passar. Som oftast slettar eg artiklar eller tekstar som er vandalisme eller sjikane, for vi tenkjer at det meste kan brukast. Om ikkje den som starta ein artikkel, fekk til så mykje, så kan det kome ein annan seinare og fikse seinare. Dermed har vi fått ein type artiklar vi kallar substubbar, dei er bare på ein eller to setningar.

Her er dagens fangst:

**Almisser**
**Almisser er amerika misser (fra misse konkuransser) Al derimot, står for at de er alet opp. Altså er almisser misser som er blitt alet opp!**

Bokmålsordboka gjer nok definisjonsarbeidet betre:
**almisse** f1 el. m1 (gj lty og mlat fra gr eleemosyne ‘miskunn’) gave til nødlidende gi a-r

Så får vi hugse det siste i denne søte joletid.

Heimesida til Valle kommune

Eg las i Fædrelandsvennen at heimesida til Valle kommune er kåra til den beste heimesida for kommunane på Agder. Gratulerer.

Her er lenka til dette:
http://www.norge.no/kvalitet/kvalitet2007/liste.asp?etat=0&fylke=900&stjerner=0&sortering=6&verksemdtype=9

Sidene har fått 4 stjerner. Hovudgrunnen til det må vere at sidene er tilgjengelege 74% av tida, for brukertilpasning på 64% og Nyttig innhald på 50% er det fleire av kommunane i Aust-Agder som matchar. Evje og Hornnes si brukertilpasning er på 71%, men dei har tilgjengelegprosent på 45.

Det er difor ingen grunn til å kvile på laurbæra. Eg har ikkje gjort ny test for å sjekke dei ankepunkta eg har hatt før eg skreiv dette. Denne gongen ville eg bare gratulere.

Om du rotar litt rundt på den nettstaden, finn du at Fylkesmannen i Vest-Agder har høgare poengsum samanlagt enn Valle kommune. Men det er ein statleg etat, så den stiller i ein annan konkurranse.

Eit anna spørsmål er om Valle mållag er nøgd med språket på sidene….

Du finn sidene til Valle kommune her: http://www.valle.kommune.no

Hunnen og hunden

I dag har det vore ein fin dag på Sørlandet. Men to bilistar vil nok hugse dagen som dagen dei køyrde utfor Tregdeveien.

Den fyrste hadde vore i Mandal og var på veg heim. Ho hadde ei venninne med seg og barn i baksetet. I staden for å frontkollidere med ein møteande bil, tok ho sikte på grøfta utanfor huset mitt, og unngjekk bilen min med ein halv meter då bilen hennar vart liggjande på sida. Bilistar som kom forbi hjelpte henne å velte bilen på rett kjøl att, og så kunne ho kjøre vidare. Om den bilen som ho unngjekk å kollidere med, oppdaga kva som skjedde og fekk stoppa, er eg litt usikker på.

Vel ein time seinare høyrde vi eit smell. Like etter stoppa ein annan bil utanfor hos oss, så vi skjøna at noko hadde skjedd, men kunne ikkje sjå det frå vindauga. Då eg kom ut, stod ein bil på tvers over vegen, støtfangar og glass låg i vegen og ei ung jente stod med tårer i augo og litt skjelvande i vegkanten.

Bilistar som kom til fekk skuva bilen til sides slik at trafikken kunne kome forbi. Men då det rant bensin eller olje ut av bilen, vart NAF kontakta for å hente bilen. Fyrste bilen som kom til etter uhellet, var det ei jente som køyrde. Ho hadde hunden med seg.

Medan hunnen var ute, kom hunden fram i førarsetet og ville sjå kva som skjedde. Då hunden stod på to bein i setet og såg ut sidevindauga, trykte han på knappen som låste dørene på bilen. Dermed var hunnen utelåst, bilen sveiv med låste dører og hunden inni. Hunnen måtte då ringe til hannen i Mandal og be han kome med reservenøkkelen, og hunden i bilen og hunnen utanfor fekk 20 lange minutt før hannen hadde funne reservenøkkel og kome til unnsetning på det glatte føret.

Av dette har eg trekt ut tre lærdomar:

Moral 1: Ikkje få deg hund.
Moral 2: Om du har hund, så ta han ikkje med i bilen utan å setje han i bur bak.
Moral 3: Ikkje send hunden med hunnen.

Michelangelo

Eg vart noko lei av sport på NRK1 i dag og zappa litt rundt mellom kanalane i familepakken eg abonnerer på frå Canal Digital. Då kom eg over Filmkanalen til TV2.

Dei viste ein film om Michelangelo Buonarotti, eg trur dei kalla den Han skapte et liv. Eg leita litt på Google og fann han her: http://www.imdb.com/title/tt0058886/usercomments og ei lenke på engelsk wikipedia til filmen her: http://en.wikipedia.org/wiki/The_Agony_and_the_Ecstasy_%28film%29

Ei anna lenke fann eg og på wikipedia. Den er til Det sixtinske kapellet http://no.wikipedia.org/wiki/Det_sixtinske_kapell Frå denne lenka kan du gå inn til versjonar på andre språk. Det er og litt om taket: http://no.wikipedia.org/wiki/Taket_i_det_sixtinske_kapell Særleg den engelske artikkelen er grundig.

Det var ein interessant film, så middagsluren forsvant denne dagen.

Ein allsidig kveld

Allsidig kan ein nok kalle kvelden i går i Valle Radio. Det starta med at Øyvind snakka med elevar på Valle vidaregåande skule. Dei har ei **elevbedrift som rensar smykke for folk**, og dei fortalde om det og mangt anna rundt det å vere elev på sylvsmedlinja i Valle den fyrste halvtimen.

Deretter kom Liv Tanche-Larsen i studio og for å snakke om vedtaket i kommunestyret om å innføre **gratis barnehage i Valle frå desember 2008**. Liv er gruppeleiar for Arbeiderpartiet i denne kommunestyreperioden og fekk heile kommunestyret med seg på dette vedtaket i budsjettmøtet.

I **Kommunen informerer** var det Lisbeth Homme som var gjest. Ho snakka om Valle barnehage, der ho er styrar og om barnehagane generelt. Barnehagane i Valle er fleirkulturelle, nærare ein tredel av borna har foreldre frå andre land enn Noreg.

Så hadde Håvard Viki programmet Tankar frå Bibelen.

Deretter bytta ein programleiar, for frå klokka 20 var det Ørnulf som var radiovert. Han snakka fyrst med banksjef Vidar Homme i **Valle sparebank om Terra-skandalen**. Banken eig 0,47% av Terra, og er altså ein av dei 78 eigarane til finanskonsernet. Det er særleg når det gjeld IT-løysingar ein liten bank som Valle sparebank treng å vere ein del av eit større fellesskap, men og bankkort og forsikring får Valle sparebank gjennom Terra.

Rådmann Arne Tronsen kom så i studio klokka 20:30 for å snakke om Konsesjonsgrense 0, som har blitt eit aktuelt tema i kommunen. Ei sak om dette skal opp i kommunestyret 19. desember etter at ho hadde vore i formannskapet 5. desember. Det har jo og vore fleire innlegg i Setesdølen om dette.

Frå klokka 21 var det Rolf Erik som var radiovert. Han hadde med seg Kjell Olav Uppstad som makker og rebusane var henta frå Setesdølen tysdag. Folk ringde frå fjern og nær, så tida til 22:30 gjekk fort for Bitte og Ingun, som sat ved telefonane, og for Gudrun, som hadde teke over for Torhild som teknikar. Sjølv fekk eg vere flue på veggen ein triveleg radiokveld og nyte Bitte si nydelege sjokoladekake til kaffien denne desemberkvelden.

Tilbakemelding

På blanke ettermiddagen, like etter klokka 16 i dag, fekk eg ein telefon frå ein lyttar som takka for at tysdagssendinga var tilbake. Sending hadde vore sakna i heile november, men då lyttaren såg i avisa at eg skulle på lufta i går kveld, var det glede i stova. Gleda var så stor at radioen måtte på timar før sendinga starta, slik at det ikkje skulle verte gløymt.

Kommentaren var mellom anna ein takk for andakten av Rita Åsen, som eg sende i Over ein open Bibel klokka 18:15. I tillegg var det ein stor takk til Niklos K. Besteland for programma han lagar og all den vakre musikken han leitar fram.

Til slutt lurte lyttaren på om det var nokon som hadde eit bilete av koret som song då orgelet i Valle vart vigsla. Det var visst i mai 1997, etter det ho hugsa. Dersom nokon har eit slikt bilete og kan hjelpe så vi får tatt ein kopi, hadde det vore strålande, både for meg og for lyttaren.

Difor sender eg ut etterlysninga på bloggen og vonar at du som les dette og var til stades i kyrkja ved vigslinga, og tok bilete der, leitar i arkivet og ser om du har eit slikt bilete.

Samstundes takkar eg for tilbakemeldingar. Det er mykje lettare å lage radio når ein får slik respons. Gama au….