Program for veke 43-2007

**Tysdag 23. oktober**
Ansvarlig: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Salmekveld
19:05 Møteplassen
19:30 Folkemusikk og kunstmusikk. Niklos K. Besteland fortel om Eivind Groven og spelar musikk
20:00 Noreamagasinet
20:30 Postludium med Niklos K. Besteland
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 24. oktober**
Ansvarleg: Britta Lise Homme
Teknisk ansvarleg: Thorhild Sandnes

18:00 Barneprogram. 1. klasse i Valle og Hylestad. Barnekoret.
19:00 Kommunen informerer. Ordførar Bjørgulv Sv. Lund
19:30 Tankar frå Bibelen. Torleif B. Harstad
20:00 Litt av kvart, blant anna intervju med Linda Eide, Johan Golden, Thor Åmli og Oddgeir Bruaset.
21:00 Opi sending. Helge Dahle med gjest.

Kunngjeringar og helsingar, tlf. 379 37 577

Eivind Groven

Eivind Groven var ein spesiell komponist som knytte saman norsk folkemusikk og kunstmusikk på ein måte som få andre makta å få til. Det skal vi ha som tema i Valle Radio tysdag 23. oktober klokka 19:30, då Niklos K. Besteland vil syne korleis han nytta slåttar som grunnlag for komposisjonar for orkester.

Før du høyrer programmet, kan det vere lurt å lese litt om komponisten, du finn god hjelp her: http://no.wikipedia.org/wiki/Eivind_Groven

Her er sitat frå nynorsk wikipedia sin artikkel om Groven:
Frå 1931 vart Eivind Groven fast tilsett som folkemusikk-konsulent (ikkje full stilling) ved det som snart vart Norsk Rikskringkasting. Han hadde ansvaret for dei faste folkemusikk-sendingane i radio. Denne posten hadde han til 1946, med eit avbrekk under krigen. Han hadde tilsyn med programposten fram til 1950. På 1930-talet sytte han for at det beste opptaksutstyr som var å få vart skaffa til NRK, og la grunnlaget for NRKs etter kvart enorme samling av lydfest folkemusikk. Han spela og inn slåttar sjølv, helst slike som ikkje andre nytta, og eigne slåttekomposisjonar. Spelet hans er dokumentert m.a. på ein CD som fylgjer med Årbok for norsk folkemusikk 2001.

Folkemusikkprogrammet som vart kalla ‘folkemusikkhalvtimen’, var kontroversielt i 1930-åra. Det vekte glede på bygdene og motstand i urbane strøk. Det var mykje skriving i pressa for og mot programposten, så ein kan ikkje nett klaga på interessa!

Eg vil kome tilbake til dette seinare her på bloggen.

Bloggdikt

Då eg skulle til å skrive bloggen i kveld, fekk eg ei melding frå ein lesar som sat og nynna på **Ein fin liten blome i skogen eg ser**. Plutseleg landa nokre linjer på skjermen, inspirert av songen.

I dag har eg lese Astri Dalehaug Nordheim sin biografi Haldis Reigstad: Tett ved sida mi går Jesus. http://no.wikipedia.org/wiki/Haldis_Reigstad Når ho skriv dikt, har ho det mange gonger på same måten, nokre linjer kan lande på ein augneblenk.

Eg skriv no på bloggen ein kort, liten tekst,
det er nummer sju tretti tre.
Kvar dag legg eg alen til bloggen sin vekst
snart kjem den i postkassen, spe.

I tankane dine den veks og vert stor
om enn den eit frø var ein gong.
Med e-post eg sender den ut over jord
og trur du den helsar med song.

Frå Valle sin radio helsingar går
om ei det er sending nett no;
i bloggen du dagleg ei påminning får,
så les han ein gong eller to!

Eit tiår med sendingar bak oss me har,
så fort som dei åra har gått.
Eit rikare liv og det triveleg var,
me mangt denne tida har fått.

Ti dagar står att før vår blogg rundar år,
den fyrste november er det.
Eg vonar at helsinga som her deg når
ei gledeglimt livet kan gje.

Sørlandets lærarstemna

Sørlandske Lærarstemna var ei oppleving. Å gå i kø i den stappfulle hallen der var ei oppleving eg er glad for at eg ikkje har kvar dag, men eg kunne godt sitje lenger og høyre på når lingvisten Jan Hognestad fortalde om Ny grammatikk. Det var interessant. http://wwwold.hia.no/hum/nordisk/hjemmeside%20janhognestad.htm

Å få seg lunsj i kantina var heller ikkje enkelt. Vår gruppe var sett opp til å ha lunsj klokka 12, men vi var jo ikkje aleine. 20 minutt i kø for å kome fram til salatdisken – eg er glad eg slepp det kvar dag og heller kan gå på Valle Handel og blande meg ein salat på fem minutt i staden.

Det var nokre vanlege studentar der, eg slo meg ned ved eit bord og dei kom og undra seg over kva det var som skjedde, dei hadde visst ikkje fått med seg at eit tusentals lærarar skulle på kurs i dag.

Eg var den einaste frå Valle på kurset om Ny grammatikk. Men eg møtte Andres Helle, tidlegare rektor på Hylestad skule på same kurset. I køen møtte eg Rolf Kristian Pedersen frå Valle. Han hadde stjerner i augo etter å ha høyrt astronomen Knut Jørgen Rød Ødegård, og det var fleire andre frå Valle som hadde vore innom der og opplevd Big Bang. http://folk.uio.no/knutjo/

Då kurset var ferdig, måtte eg ein tur innom bokhandelen på UiA. Men det vart ingen handel, eg har ikkje hylleplass til fleire bøker før eg får kvitt meg med noko. Men det er mykje det kunne vore interessant å hatt, både når det gjeld Ny grammatikk og andre tema.

Språk og grammatikk

Grammatikk er eit språk om språket. Det treng vi. Til vanleg nyttar vi språket til å fortelje noko vi har på hjarta, men når ein skal lære språk, treng ein eit språk om språket. Dei som merkar det best, er vaksne som har eit språk frå før. Då vil ein gjerne vite kva som er likt og kva som er ulikt. Born som lærer grammatikk som gjeld eige språk, lærer det for å få knaggar å henge eit nytt språk på.

Gjennom forskning utviklar kunnskapen om språk seg. Difor har nok mange opplevd at det dei lærte på skulen, ikkje er det borna deira lærer. Sjølv ein som er lærar, kan nok av og til gå surr i omgrepa. Imperfektum og preteritum er begge namn på det som vi på norsk vil kalle fortid, men det første lærte eg i skulen for 50 år sidan, det andre er det som vert nytta no.

Vaksenopplæringa i Valle har no ei rekke elevar som strevar med ordklassane verb og substantiv. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Verb og http://no.wikipedia.org/wiki/Substantiv
Ettersom vi ikkje har lærebøker på nynorsk, lærer dei bokmål. Grammatikken er den same, orda er litt ulike.

I morgon skal eg og alle lærarane og førskulelærarane i Valle på Sørlandske lærarstemna. Sjå http://www.sorlandsk.no/nor/kursoversikt Der skal mange hundre lærarar møtast på kurs om pedagogikk og fag. Det verkar som om det er formingskursa som er fullteikna først, men truleg skuldast det at det ikkje kan vere så mange når ein lærar skal syne teknikkar og elevane arbeide praktisk. Sjølv skal eg på kurset **Ny grammatikk**. Eg vonar at eg her skal få hjelp til å hjelpe elevane mine med eit språk om språket.

Inntektene til Valle kommune

Når Wenche Gundersen kjem i Valle Radio er det som regel for å fortelje om økonomien i Valle kommune. I kveld snakka ho om Statsbudsjettet. Etter det får ikkje Valle auka overføring komande år, men må klare seg med same rammetilskot som i dette året, 18 millionar. Her er dei ulike inntektspostane til kommunen:

26 mill – Skatt på inntekter og formue
56 mill – Frå kraftselskapa (inkludert 13 mill Naturressursskatt)
18 mill – Rammetilskot

Budsjettet for 2008 er sett opp med utgangspunkt i tala for 2007. Det er mange gode tiltak som slåst om dei frie pengane, det som ikkje alt er bunde opp til drift av kommunen. Mellom anna må ein finansiere breiband til alle. Den utbygginga som ein gjer i samarbeid med Bykle Breiband når det gjeld kabling i kommunen er delvis finansiert i år, men noko må takast til neste år. Det same gjeld gang- og sykkelvegen frå Øyne til Honnevje.

Eg reknar med at nye politikarar har mange tiltak dei vil ha inn på budsjettet, så Wenche har ein vanskeleg jobb med å finne pengar til alle gode tiltak. Budsjettframlegget for neste år er ikkje ferdig enno. Om du vil fylgje med, kan du gå til kommunen sine heimesider: http://www.valle.kommune.no/

**Musikken til Wenche**
Wenche likar å ha med seg musikk frå Tyskland når ho kjem i studio. I kveld hadde ho med seg musikk av Richard Clayderman og Stefan Mross, sjå http://en.wikipedia.org/wiki/Richard_Clayderman
http://no.wikipedia.org/wiki/Stefan_Mross

Sistnemnde artist si plate var Immer wieder Deutshland, sjå
http://www.abella.de/detailanz/produktanzeige.rt?prid=491506
Den første var ein melodi med flygel og orkester. Melodisk og vakker musikk, Wenche set sitt eige merke på programmet med den musikken.

Songar av Haldis Reigstad

Eg har tidlegare skrive om Tett ved sida mi går Jesus. I programmet i kveld spelte eg desse songane:

Frå plata Mitt håp med Anne Hilde Garnes Reigstad og Arve Reigstad:
1. En rose til deg
2. Sjelen
3. Inn for din trone

Så las eg diktet **Om det mangfaldige veret…** Deretter kom desse songane:

5. Herre du gir oss kraft (Grimstad kammerkor og Trond Andersen)
6. Tett ved sida mi går Jesus (Solveig Leithaug Henderson)

Biografisk informasjon henta eg frå http://no.wikipedia.org/wiki/Haldis_Reigstad

Det vart ein hyggeleg halvtime, tykte eg.

Program veke 42 2007

**Tysdag 16. oktober**
Ansvarleg:Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Salmekveld. Dikt, songar og salmer av Halldis Reigstad
20:00 Vatn i Valle
20:20 Dagens Buxtehude
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 17. oktober**
Kveldsansvarleg: Øyvind Jacob
Teknisk ansvarleg: Torhild Sandnes
Telefon: Gudrun Nomeland

18.00 Aktuell time
19.00 Kommunen informerer
19.30 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
20.00 Øyvind tar med dei nye doktorane i studio
21.00 Open sending med Jorund L. Harstad.

Kunngjeringar og helsingar: tlf: 37937577

Tett ved sida mi går Jesus

Dette er tittelen på ein sang som Gunstein Draugedalen syng til tekst av Haldis Reigstad. Eg fann eit program på Internett der han fortalde om sangen sjølv under eit besøk i Bergen.

Sjå http://www.dfef-bergen.no/Taler/Draugedalen%201.%20mai%2005.mp3, du kan høyre talen i windows media player her.

Han fortel at han i 1977 var på Hurdal Verk folkehøgskole på eit sommarkurs i musikk. Det var folk der som ville lære meir om musikk i kristen samanheng, og han var lærar. Haldis Reigstad var også der, og etter ein time kom ho bort til han med eit dikt ho hadde skrive med grøn penn og spurde om han kunne finne ein melodi til det.

Han sa at han skulle sjå på det, og så la han lappen i lommen og fann han ikkje før om hausten, det var ikkje ei trøye han brukte så ofte han hadde på seg då. Så gjekk han til pianoet, og melodien bare kom fram mellom fingrane hans, og snart var den i bruk, han song den inn på plate og i 1997 kom den med i tillegget til salmeboka.

I kveld var eg på møte i pensjonistforeninga i Valle. Dei samla om lag 30 personar på Valle Motell og eg skulle halde andakt. Før foreslo Ånund K. at vi skulle syngje **Han tek ikkje glansen av livet**, ein song som Trygve Bjerkrheim og skreiv med grønt blekk etter ein møtetur i Vest-Telemark. Også den handlar om å vandre med Jesus, livet er ofte skildra som ei vandring.

Ofte når ein skal halde andakt, er det greitt å finne ein sang som høver. Her fann Ånund K. sangen utan å vite kva eg skulle tale om, ein sang som høvde svært godt til talen. Etterpå fann Nella at **Tett ved sida mi går Jesus** står i Pensjonistforeninga si sangbok Syng deg glad, så det var jo ikkje så vanskeleg å vite kva vi skulle syngje etterpå. Kjetil Rike fann tonane på trekkspelet både før og etter talen.

Her er meir om Haldis Reigstad og Gunstein Draugedalen på wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Haldis_Reigstad
http://no.wikipedia.org/wiki/Gunstein_Draugedalen

I morgon vil eg ha eit program om Haldis Reigstad i Valle Radio klokka 19:30. Då vil eg spele noko musikk av henne og lese dikt ho har skrive. Det er fint om du har høve til å høyre det. Gå til sida til radioen, http://www.valleradio.com/ og trykk på lenka til Internett øvst til venstre på sida. På den neste sida som vert opna finn du lenke til streaming av programmet.

Still meg ei storvengja sorg overskygde

Fleire har etterlyst dikt i Valle Radio. Onsdag hadde eg nokre kjærleiksdikt med og utan tonar. Ikkje alle var så gode, men det kunne vere eit høve til å minne meg sjølv om at dikt formidlar tankar som det ikkje er så lett å setje ord på. Kjærleik er eit vanskeleg tema, og mange har skrive dikt om dette. Etter mi meining er det ikkje det lettaste prosjektet ein kan gje seg ut på.

Ein av dei songane er spelte var frå den nye plata til Valkyrien Allstars: Å gjev du batt meg. Der kombinerer dei to vers, eit av Arne Garborg og eit av Jon Bjørgulvsson Rysstad:
1: Arne Garborg
2: Jon Bjørgulvsson Rysstad

1:
Å gjev du batt meg med bast og bende
Å gjev du batt meg så bande brende
Å gjev du drog meg så fast til deg
At heile verdi kom bort for meg

2:
Å va de venleikjen va de måle
Hell augnedjupi hell vilje ståle
De e dult for meg ko de va som drog
Å men noko va de og de va nog

Sjå http://www.valkyrienallstars.com/

Å skrive om sorg er heller ikkje lett. Men Olav Aukrust gjorde det på ein måte som har levd i meg i over 40 år, heilt frå eg las det på gymnaset. Diktet kom ut i 1930, sjølv døydde han hausten 1929. Det vert sagt at det byggjer på ei ekstatisk oppleving han hadde i ungdommen. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Olav_Aukrust

Her er diktet **Still meg ei storvengja sorg overskygde**
Lenke finn du her: http://www.aasentunet.no/default.asp?menu=1125&id=2786

Av Olav Aukrust

Still meg ei storvengja sorg
overskygde.
Einsleg i mismods borg
stur eg drygde.
Løynlege gledurs tindrande
tusundfrygd
visna då voni den lindrande
burt var stygd.

Då, medan alt av ilt
leit seg, truddest ­
var det noko som stilt fyrebuddest.
Kva skal eg mimre, mæle
um stundi den
som fyllt av ei namnlaus sæle
eig meg enn!

Djupt i den høgste natt
fjetra låg eg.
Mang ein ugripeleg skatt
for meg såg eg.
Usegjeleg sælt var å leva
med alt i famn,
der tidløysa tottest meg gjeva
det namnlause namn.

Ljuvt i ein tonande storm
alt som stivna
fram steig i strålande form,
lo og livna.
Skiropne himlar hjala
og song for meg.
Alle ting liksom tala
frå sjølve seg:

«Lære, i heilag eld,
seg sjølv å kjenne:
einsleg, forrådd og seId ­
i Gud brenne!
Vera sitt eige salt ­
det er hiven!
Vera seg sjølv i alt!
Det er kniven.»

Evne som ned var lagd
djupt og løynlegt,
nådde si høgste bragd ­
blørnde røynlegt.
Det som i tingen trådde
upphavs-heitt,
bråforma, vann og nådde
sitt mål med eitt.

Stein vart til blømande torv
for augo mine.
Jamvel svaberg og skorv
tok te skine.
Det stråla i kvar ei kvorve,
i glap og óp. Og allting tottest meg horve
so sælt ihop.

Av fagert og sant og godt
gjenombåra
kvar åsyn og ham og hått
skein forklåra.
Varmt eg den elske måtte
som hata meg.
Med kjærleiken alt eg åtte.
Det kjende eg.

Sæl så eg ånd og ord
samanfalle.
Himmel og nyfødd jord;
alt og alle.
Lengslune bar ikkje lenger
ei pinsle svar:
motsetnad var ikkje lenger;
men einskap var.

Alle tings skurv og skam
brast og bråna:
frigjord steig guden fram, ­
æva blåna.
Alt i den eine såg eg.
Og ein i alt.
Svimren av sæle låg eg.
Det livet galdt.

Alt stod i nattleg sol
nådelauga.
Samstundes liv og symbol
såg mitt auga.
Andi slo upp ifrå ordi
og lyste veg.
«Som i himmelen, so óg på jordi.»
Det skyna eg.

*

No er min hugen glad
inn i dagen drivin.
Men du som i natti kvad ­
du er svivin.
Men endå strøymer det angar
or dulde spor, ­
løynlege etterklangar
frå englekor.

Natti er all i grav;
men minni eig eg.
Som upp or eit djupt hav
med perlur steig eg.
Som draup or ei ljoslaug reinar
enn her på jord:
livande lysesteinar ­
sanningsord.

Ljuvt som i barns draum
jolenatti
båra den tonestraum
eg fann meg att i.
Mjukt gjenom utesusen
all natti long
bar himmelharpune brusen
av stjernesong.

Eg røynde det var ein ljom
etter solarglad!
Det opnast ein heilagdom
utanfortid og stad.
Det fanst ikkje meir noko gruvlegt
og myrkt og kaldt.
Det var noko randfullt-ljuvlegt
av sol i alt.

No veit eg det, kven du er,
du som lyser
i myrkret som kvar i ser
og allting hyser.
No vågar eg namnet ditt skrive
et veit det visst.
Vegen, sanningi, livet.
Jesus Krist.