Sauesjåsending 2007

Fredag 5. oktober

Ansvarleg: Bjørgulv T. Berg
Teknikar: Inga Flateland
Telefonvakt: Bjørg Ragnhild Trydal Jansen

18:00 Aktuell time
19:00 Kommunen informerer ved Torleif Homme frå Valle kommune og Signe Sollien Haugå frå Setesdal Regionråd
19:30 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
20:00 Bjørgulvs time med gjester
21:00 Open sending med Rolf Erik Homme

Eg hadde ikkje sjølv høve til å høyre sendinga, men vonar det var ei god opptakt til Sauesjået i morgon. Årets arrangement er endra ein del, og dersom veret vert lagleg, bør det bli ein triveleg dag både rundt Valle Motell, i sentrum og på Bygdekvinnelaget sin basar.

Laurdag kveld fekk eg ein epost frå Bjørgulv om kva og kven han hadde hatt med i sendinga:
*Sauehald – med Liv Gyro Brokke og Åse Ingebjørg Homme
*Jærsmalen – telefon til Hallvard Oftedal
*Folkelarmprisen – telefon til Kirsten Bråten Berg

I timen med gjester hadde han med
*Tor Hallvard Mosdøl som fortalde om Bykle mat og
*Tarjei Haugen som snakka om prosjektstillinga for Setesdal Vesthei som er utlyst no.

Eldres

I dag var eg på Eldres i Mandal. Det er ei samling som ein held på Bedehuset om førmiddagen den fyrste torsdagen i kvar månad. Ettersom det er haustferie, hadde eg høve til å gå der for å sjå kva som skjedde. Det var heller ikkje unaturleg, ettersom Reidun hadde lova å vere med og stelle til. Dermed kunne vi få ei felles oppleving denne torsdagen.

Det fekk vi og. Vakker sang, gode vaflar og ein interessant tale av Ivar Krossen frå Kristiansand, pensjonist han og. Til vanleg kan det vere om lag 60 på eit slikt arrangement, men pensjonistar har og haustferie, så det var bare vel halvparten denne dagen.

Det slår meg at pensjonistar er ikkje det dei var. Mange av dei eg kjenner som er komne i denne gruppa, reiser til Kreta og Kypros og Kanariøyane og andre stader som ikkje startar på K. Dei er ikkje bundne til å møte på jobb, og då kan dei ta både ein og fleire turar i semesteret. Før var pensjonisttida nok meir bunden enn no.

Her finn du noko om pensjon på wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Pensjon
Og her er lenker til feriemål på K:
http://no.wikipedia.org/wiki/Kreta
http://no.wikipedia.org/wiki/Kypros
http://no.wikipedia.org/wiki/Kanari%C3%B8yene

For eit par veker sidan var eg på ein basar i Mandal. Knut Svein Dale tala og fekk alle med seg då han teikna bilete av Kypros og Barnabas, Paulus sin medhjelpar som var frå denne øya. http://da.wikipedia.org/wiki/Barnabas er ei lenke til dansk wikipedia sin artikkel, då norsk ikkje har fått nokon ennå.

Knut Svein Dale la inn i talen geografiske opplysningar om Kypros og Israel og det verka som om svært mange av tilhøyrarane hadde vore der. Eg har ikkje, og eg har ikkje vore interessert i å dra heller.

Men interesser kan endrast, eg ser ikkje bort frå det. Når eg ser tilbake på siste halvanna året, så har interessene endra seg mykje. No bloggar eg og skriv på wikipedia både tidleg og seint, ei ny verd opna seg då eg tok til med det.

Namnet

Den israelske forfattaren Aharon Megged har skrive ei novelle med denne tittelen. Megged var fødd i 1920 i Polen, men kom som seksåring til det som no er Israel. Han var på kibbuz i 12 år i ungdommen, han har vore redaktør av litterære tidsskrift i Israel og han har vore husdiktar både i Storbritannia og USA. Meir om han finn du her: http://no.wikipedia.org/wiki/Aharon_Megged

Eg kom over han då eg i dag var innom på Vågsbygd Bydelsbibliotek og såg at dei hadde bøker til sals. Ei av desse bøkene var Ny israelsk prosa frå 1967, ikkje akkurat ny, då. http://no.wikipedia.org/wiki/Ny_israelsk_prosa

Novella handlar om ein familie som ventar barn og som lurer på om dei skal kalle opp ein som er død, eller om dei skal finne eit heilt nytt namn. -Det finst ingen band som knytter oss til alt det der lenger, seier Yehuda, barnefaren. -Kva har de her? spør bestefar til mora, oldefar til barnet som skal kome. -Sytti språk, sytti folkegrupper. Band er erindring, minner, held han fram.

Sidan kjem dei på besøk for å syne fram den nyfødde til oldefar. Barnet har fått eit namn som ikkje var i slekta før, og då dei går heim etterpå, bøyer mor seg over barnevogna og presser leppene mot brystet på den lille. **I det øyeblikk følte hun at han behøvde medlidenhet og mye kjærlighet, som om han var alene, en foreldreløs i verden.**

15 sider får meg til å tenkje på ein ny måte om kva namn kan bety. Vi ser at gamle namn kjem att, men det har jo ikkje vore så vanleg å kalle opp folk dei siste 50 åra. Her kjem eit perspektiv på det eg ikkje har hatt før.

Ei interessant novelle.

Rammeslag og Stev for dagen

I dag sender eg gratulasjonar til Kirsten, Astri og Kari som står bak plata **Stev for dagen**. Dei fekk Norwegian Folk Music Award i klassa dokumentasjon for plata/ boka med 366 stev. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Stev_for_dagen

Gratulasjonane går og til Sigurd Brokke og Daniel Sandén Warg som fekk tilsvarande pris i klassen solo for plata **Rammeslag**. To av sju prisvinnarar var plater frå Setesdal. Hyggeleg å vite at vi har brukt dei ein del i Valle Radio siste året. Her er omtale av hendinga i Fædrelandsvennen: http://www.fvn.no/kulturpuls/musikk/article518428.ece
http://www.fvn.no/kulturpuls/musikk/article518564.ece

Eg har ikkje samlinga her i Mandal, men eit dikt frå stevdatabasen med tema **haust** kan eg gje deg i kveld:

Ein vene haustdage rein å klåre,
kan mei ell vårdagjen gjer meg såre.
Dei bleike litin kring nutan blå
gjev me allstøtt mykje å tenkje på.

Fleire stev finn du her: http://www.folkemusikkarkivet.net/agder/index.html

Bleiknar gamle synder?

Det var ein interessant artikkel i Fædrelandsvennen laurdag. Sven Egil Omdal skriv medieblikk i fleire aviser, du finn lenke til artikkelen hjå Bergens Tidende, sjå http://www.bt.no/bergenpuls/tv/article417360.ece Gamle synder blekner aldri.

Han fortel om korleis ein som søkjer jobb må rekne med at arbeidsgjevar Googlar etter namnet for å finne ut det som søkjaren ikkje har skrive i CV-en sin. Det innlegget som du skreiv som 18-åring om pakistanarar som snyltar på velferdsgodene i Norge er ikkje så lurt å ha på samvitet når du som 32 åring søkjer jobb som kommunal byråkrat. Bilete frå ein fest der du har drukke for mykje kan og kome for dagen i eit slikt søk. To som har kome i søkelyset til media i valkampen, vil måtte leve med det dei sa i den neste valkampen, ja det vil henge ved dei når dei sluttar med politikk.

Minnet er skrøpeleg, det er ingen tvil om det. Men med elektroniske søkemotorar på Internett vil det meste ein har sagt og skrive som har hamna der, kunne kallast fram. Truleg vil det føre til at ein dempar seg noko når ein vert medviten om kva effekt det kan ha. Det er difor ein tankevekkande artikkel Sven Magne Omdal skriv.

Under artikkelen si overskrift ligg det eit ordspel på salma Navnet Jesus blekner aldri, ei av dei mest populære salmene vi har. I helga kom det ein artikkel på wikipedia om den talaren som inspirerte han som skreiv salma. Det førte til at eg skreiv ein liten artikkel på wikipedia om dette, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Navnet_Jesus_blekner_aldri