Biskopen sin nyårstale, visitasforedrag og vita

Biskopen sin nyårstale har vore tema i fleire innlegg i Setesdølen. Slik var det i dag og. I innlegget var det ei slags adresse til nettstaden der talen ligg, men den kom eg ikkje inn på i kveld. Her er adressa til sida: http://kirken.no/agder/tekstsider.cfm?id=8550 Du kan finne nyårstalen seinare, og så kan du gjere seg opp ei meining sjølv.

I mellomtida kan du lese visitasforedraget frå bispevisitasen i Valle i vår. Det finn du her, og då eg var innom der, verka lenka http://kirken.no/agder/tekstsider.cfm?id=103552

Her finn du og oversikt over vita til biskop Olav Skjevesland. http://kirken.no/agder/tekstsider.cfm?id=103554

Han har hatt ei mangfaldig teneste i kyrkja. Det gjev han eit godt innblikk i mange sider av saker han får på bordet. Men eg er samd med Sigurd Haugsgjerd i at vi bør behalde statskyrkja i åra som kjem. Det meinte sokneråda i Valle og Bykle og då dei hadde saka til uttale. Det same sa dei andre sokneråda i Setesdal. Så redaktøren speglar synet til folk i Setesdal. Vi er i utakt med fleirtalet på Kyrkjemøtet, men då Marit Tingelstad, leiar i Hamar bispedømmeråd var i Valle og orienterte om saka, kom ho til sine eigne i den forstand at ho hadde meiningsfellar her, akkurat som elles på bygdene i landet vårt.

Vi bør hegne om kyrkja og gje henne ressursar til å arbeide i bygdene. Der er vi samde, både biskopen, redaktøren og eg. Diverre ser vi at offentleg fattigdom mange stader fører til at kyrkjer forfell. Kyrkjelydsarbeid kan og stagnere.

Lat oss mobilisere til prestegjeldsaksjonen som skal vere dei siste dagane i neste veke med frikyrkjepastor Jan Gossner som talar. Rake glørne saman og sjå at bålet fatar att og skaper varme og liv i frosne sjeler.

Hasla sin nye kolleksjon

Grete Fossen Hasla var i studio og fortalde om den nye kolleksjonen for smykke som dei skal lansere i neste veke. Den er utvikla i samarbeid med industridesigner Kathinka Dysthe, og Grete fortalde at det hadde vore eit fruktbart samarbeid.

No hadde dei laga ring, anheng som og kan brukast som brosje og øyrepynt. Dette skulle vere i ni fargevariantar for å passe til trendar i tida. Ettersom smykka ikkje er i tradisjonelle teknikkar, hadde dei knytt kontakt med eit firma i Bangkok for å produsere element til smykket.

Neste veke skal dei på messe på Lillestrøm og møte kunder og kontaktar frå heile landet. Då skal kolleksjonen vere ferdig, så det var travle dagar hjå Hasla no. Her finn du meir om Hasla: http://www.hasla.no/hoved.html

Open sending onsdag 17. januar

Rolf Erik Homme og Torleif Jansen stod for programmet i kveld. Dei hadde funne rebusar i Setesdølen frå tysdag, og det var mange telefonar. Desse fekk premiane:

Signe Lund: Valle radio sitt krus
Ingebjørg Ellinor Rysstad: Valle radio sin sekk
Tora Lund: Trådlaust termometer
Ingebjørg Berdalen: Øyreklokke med radio
Jorunn Lund Harstad: Kalkulator
Jorunn Hermansen: Isbøtte

Kristeleg Folkeparti si liste

Kristeleg Folkeparti hadde nominasjonsmøte på Soknehuset i går. Dei sette opp denne lista til kommunestyrevalet 2007:

1. Pål Dale, Valle, fødd 1944
2. Ellen Agnethe Jansen, Rysstad, fødd 1960
3. Arne Bakke, Valle, fødd 1974
4. Tone Å. Rysstad, Rysstad, fødd 1961
5. Åshild Bryggeså, Valle, fødd 1980
6. Arild Aabø, Valle, fødd 1976
7. Margrethe Bakke, Valle, fødd 1982
8. Ivar Olav Hovet, Rysstad, fødd 1963
9. Anne Helle Hagen, Rysstad, fødd 1973
10. Toril Dale, Valle, fødd 1950
11. Ellen Aslaksen, Valle, fødd 1961
12. Vilborg Brokke Lye, fødd 1950

I kveld var Pål Dale i Valle radio og presenterte den nye lista. Han var godt nøgd med lista og alle dei unge som hadde vore viljuge til å stå på lista.

Senterpartiet si liste

Onsdag 17. januar presenterte Torleif B. Harstad nominasjonsnemnda sitt forslag til liste til kommunestyrevalet 2007. Han fortalde om prosessen med å nominere kandidatar. Før jol hadde ein sendt ut oversikt over medlemmene til alle medlemmene med bøn om at kvar skulle nominere 7 personar. Det synte seg at 80 prosent av medlemmene svarte på brevet, og dermed kunne ein setje opp dette forslaget:

1. Steinar Kyrvestad
2. Bjørg Brokka Rike
3. Torleif B. Harstad
4. Valborg Nomeland
5. Birgit Løyland
6. Jon E. Hovet
7. Åse Ingebjørg Homme
8. Olav Kåre Bø
9. Malmfrid N. Homme
10. Trygve Brokke
11. Tarjei Haugen
12. Karen Marie Kyrvestad
13. Gunnar Brottveit
14. Ingunn Berit Haugland
15. Knut J. Hovet
16. Torjus B. Uppstad
17. Hallvard Aamli
18. Olav Stanley Kyrvestad
19. Olav K. Nomeland

Komiteen skriv:
Me vonar du kan ta på deg denne oppgåva med å stå på lista til kommunestyrevalet 2007. Dersom du ikkje ynskjer å stå på lista, må du seie ifrå innan 31. januar 07 til leiar i nominasjonsnemnda, Torleif B. Harstad.

Med venleg helsing nominasjonsnemnda
Torleif B. Harstad
Randi G. Myrum
Bjørgulv N. Berg
Torbjørg D. Brokke
Tor D. Lunden

Så får vi sjå kven som vert ståande på lista når framlegget har vore til handsaming på nominasjonsmøtet Senterpartiet skal ha i februar.

Salmekveld

Tysdag 16. januar klokka 19:30 hadde eg sett opp salmekveld som programpost. Desse salmene vart spelte (salmenummer før tittel)

689 Kirken den er et gammelt hus – Musica Ficta
299 Nå la oss takke Gud – Musica Ficta
222 I all sin glans nå stråler solen – Musica Ficta
777 I Østen stiger solen opp – Nidarosdomens guttekor
416 Alltid freidig når du går – Nidarosdomens guttekor

**Musica Ficta** er eit dansk kor under leiing av Bo Holten som har gjeve ut ei rekke plater med dansk sang på Naxos. Denne var nr. 8.554976 Danske salmer.

Nidarosdomens guttekor under leiing av Bjørn Moe på plata Våre vakreste salmer og sanger, Norske gram EKG CD 34

Italiensk musikk frå renessanse og barokk

Postludium 16. januar 2007 var ved Niklos K. Besteland, som hadde sett saman eit program med musikk frå italiensk renessanse og barokk.

1. Palestrina: Kyrie og Gloria frå Missa Papae Marcelli (1556) framført av King’s College Choir Cambridge dirigert av David Willcocks. Sjå meir om Willcocks her: http://en.wikipedia.org/wiki/Sir_David_Willcocks (engelsk) og meir om Palestrina her: http://no.wikipedia.org/wiki/Palestrina (norsk). Stykket hadde han henta frå Seraphim LP 60187, det tok 10 minutt.

2. Adriano Banchieri: Sonate i G-dur spelt av Münsterorganist Konrad Philipp Schuba på Klais-orgelet i Konstanz Münster.
Meir om Banchieri her: http://en.wikipedia.org/wiki/Adriano_Banchieri, (eng.)om Klais Orgelbau her: http://en.wikipedia.org/wiki/Orgelbau_Klais (eng.) og her: http://www.klais.de/ Offisiell heimeside
Om Schuba har det vore vanskeleg å finne stoff.

3. Antonio Lotti: Crucifixus etiam pro nobis Motett for 6-stemmig kor sunge av Wuppertal Kurrende. Her finn du meir om Lotti
http://en.wikipedia.org/wiki/Antonio_Lotti (engelsk)
Og her er heimesida stoff om Wuppertaler Kurrende http://de.wikipedia.org/wiki/Wuppertaler_Kurrende og heimesida deira http://www.wuppertaler-kurrende.com/cms/front_content.php
Plata var GEMA CD BMC 9603101

4. Siste verket i kveld var Giovanni Battista Basani: Sonate i F-dur, også dette frå same plata som nr. 2; Christophorus LP SCK 70349. Han har eg heller ikkje greidd å finne stoff om.

Program for veke 3, 2007

**Tysdag 16. januar**
Ansvarleg:Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Salmekveld
20:00 Bokaktuelt
20:15 Dagens Buxtehude
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland. Italiensk orgelmusikk
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 17. januar**
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakt: Berit Homme

18:00 Aktuell time
19:00 Kommunen informerer
19:30 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
20:00 Fagforeningane. KFO ved Trond Støle
20:30 Queen. Ved Harald Haugland og Trond Støle
21:00 Open sending ved Rolf Erik Homme

Meir om Sunlong

Fredag fekk eg denne eposten:

Heisann Harald!

Leste i bloggen din på valleradio om Signe og Lester Jansen som var ombord på Sunlong da hun forliste SV av lindesnes.

Veldig artig at dette kom opp akkurat nå, for jeg og noen andre arbeider for tiden med å finne informasjon om akkurat denne båten da vi planlegger å forsøke å lokalisere og å dykke på vraket dersom dette er mulig.

Her har du litt tekniske data og historie rundt skipet:

Sunlong ble bygget ved North Carolina Shipbuilding Company, Wilmington, North Carolina (Hull #2000) i 1943. Hun ble bygget og satt i tjeneste som Liberty Ship (Lasteskip, og seilte for United States Navy) under navnet “S/S Thomas Pollock”.

I 1947 ble hun solgt til det danske selskapet Dampskibs af 1912 A/S (A.P. Møller, Copenhagen) Idag bedre kjent som MÆRSK. Og seilte da under dansk flagg med navnet “D/S Else Mærsk”.

I 1949 ble hun solgt til det norske selskapet Skibs A/S Geirulv (Gjeruldsen & Tambs, Arendal) og ble omdøpt “D/S GEIRULV”, hun var nå under norsk flagg for første gang.

Skibs A/S Geirulv solgte i 1954 skipet videre til selskapet A/S Olymp. (Einar Lange, Oslo) som døpte henne om til “D/S Sunlong”. Det var under dette selskapet, under norsk flagg og med dette navnet hun til slutt endte sin ferd et sted i Nordsjøen etter å ha sprunget lekk den skjebnesvangre 26. desember 1956.

Type: EC2 – Liberty
Motor: 3cyl Triple Expansion Steam Reciprocating 2,500shp/ 80rpm
Maks fart: 11 knop
Mål: 441′-6″ x 56′-10,75″ x 27′-9.25″
brt: 7000
Dwt: 9140

Mvh. Thomas Sørensen

Som nokre av lyttarane nok hugsar, fortalde Leonard Jansen om dette i sendinga på lislejoleptkvelden. No har det kome meir stoff. Det blir artig å følgje med på kva som skjer i denne saka vidare.

Meir om Sunlong

Fredag fekk eg denne eposten:

Heisann Harald!

Leste i bloggen din på valleradio om Signe og Lester Jansen som var ombord
på Sunlong da hun forliste SV av lindesnes.

Veldig artig at dette kom opp akkurat nå, for jeg og noen andre arbeider for
tiden med å finne informasjon om akkurat denne båten da vi planlegger å
forsøke å lokalisere og å dykke på vraket dersom dette er mulig.

Her har du litt tekniske data og historie rundt skipet:

Sunlong ble bygget ved North Carolina Shipbuilding Company, Wilmington,
North Carolina (Hull #2000) i 1943. Hun ble bygget og satt i tjeneste som Liberty Ship (Lasteskip, og seilte for United States Navy) under navnet “S/S Thomas Pollock”.

I 1947 ble hun solgt til det danske selskapet Dampskibs af 1912 A/S (A.P.
Møoller, Copenhagen) Idag bedre kjent som MÆRSK. Og seilte da under dansk
flagg med navnet “D/S Else Mærsk”.

I 1949 ble hun solgt til det norske selskapet Skibs A/S Geirulv (Gjeruldsen & Tambs, Arendal) og ble omdøpt “D/S GEIRULV”, hun var nå under norsk flagg for første gang.

Skibs A/S Geirulv solgte i 1954 skipet videre til selskapet A/S Olymp. (Einar Lange, Oslo) som døpte henne om til “D/S Sunlong”. Det var under dette selskapet, under norsk flagg og med dette navnet hun til slutt endte sin ferd et sted i Nordsjøen etter å ha sprunget lekk den skjebnesvangre 26. desember 1956.

Type: EC2 – Liberty
Motor: 3cyl Triple Expansion Steam Reciprocating 2,500shp/ 80rpm
Maks fart: 11 knop
Mål: 441′-6″ x 56′-10,75″ x 27′-9.25″
brt: 7000
Dwt: 9140

Mvh. Thomas Sørensen

Som nokre av lyttarane nok hugsar, fortalde Leonard Jansen om dette i sendinga på lislejoleptkvelden. No har det kome meir stoff. Det blir artig å følgje med på kva som skjer i denne saka vidare.