Rovvilt

I Nyhetstimen i går kveld hadde eg ein triveleg prat med Jon-Erling Skåtan, som er regionansvarleg rovvilt Agder og Rogalad. I tillegg er han koordinator naturopsyn Setesdal Vesthei. Sjå
http://www.dirnat.no/content.ap?thisId=1009300&language=0 for meir informasjon.

Han fortalde om bakgrunnen for at det truleg vert gjeve løyve til å felle tre gauper i Valle og Bykle i vinter.

For at Statens Naturoppsyn skal få eit oversyn over situasjonen i ein region, er ein avhengig av at folk som observerer spor eller opplever at rovvilt tek dyr, melder frå om dette. Då vil den lokale rovviltkontakten rykke ut og kontrollere spor eller drept dyr. Han vil ta bilete og sende rapporten til Skåtan, som legg den inn i den nasjonale databasen over dette. Opplysningane frå databasen er grunnlaget når ein skal fastsetje kvote for felling.

Skåtan fortalde og at dei no kan finne ut DNA til bjørn, jerv eller ulv ved å analysere lort. Slik har dei funne ut at eit dyr som var på Sørlandet, hadde foreldre i Trøndelag. Dyra rekkjer over store område. Han fortalde og at det var ingen tvil om at det var ein ulv som drap ein hund i Søgne før jol og at ulvar ofte streifer over lange avstander når dei er unge.

SNO er heilt avhengige av observasjonar frå publikum, sa Skåtan og vona at lyttarane ville fylgje opp. Han forklarte litt om storleik og om måten gauper ter seg på ved å gå i spora til kvarandre. Difor må ein spore dei over ein viss strekning for å sjå om det er eit eller fleire dyr. I Valle og Bykle er det Einar Olsen som gjer dette.

Her finn du stoff om rovviltseksjonen i SNO:
http://www.dirnat.no/content.ap?thisId=3246

Her er sida om skadedokumentasjon:
http://www.dirnat.no/content.ap?thisId=3249

Og her er litt om gaupespor:
http://www.dirnat.no/content.ap?thisId=1011394

Open sending 3. januar 2007

I Open sending i kveld var tema for rebusane prestar i Valle. Grunnen til det var at eg hadde med meg Gro Haatveit Hovet, og ho hadde vore i Bykle på møte der sokneråda hadde drøfta tilsetting av ny prest i prestegjeldet. Ho fortalde om prosessen det er før ein får tilsett ny prest. No er det Agder bispedømmeråd som tilset sokneprestar, Theis Salvesen var den siste sokneprest som vart utnemnd i statsråd då han kom til Valle i 1989.

Bispedømmerådet har dei siste fire åra nytta intervju ved tilsetting. Dei tre søkjarane til soknepreststillinga i Valle var til intervju 14. desember, og der var soknerådsleiarane med i intervjupanelet. No skulle sokneråda gje tilråding, deretter skulle eit innstillingsutval lage innstilling til Agder bispedømmeråd, som så skulle har tilsettingsmøte 8. februar.

Truleg vil tilsetting vere klar midt i februar, og så vil prosessen gå vidare med at den som er tilsett, har oppseiing i stillingen han no har. Ein kan difor ikkje rekne med at ny prest er på plass før til sommaren.

**Rebusane** i kveld handla om prestar i Valle. Eg hadde funne stoffet her:
http://www.eskeland.net/node/4 Her har Helge Haugland lagt ut ei liste over prestar i Valle frå Svartedauden. Lista er ikkje komplett, men grei å bruke til å lage rebusar av etternamna til prestane.

1. Salvesen – Johanna Solheim
2. Raustøl – Øyvind Jacob
3. Møll – Angjerd Mosdøl
4. Olsen – Liv Tanche Larsen
5. Bjelland – Åsmund Rygnestad
6. Austad – Jorunn Hermansen
7. Aune – Torleiv Harstad
8. Homme – Toril Lunden og Tora Lund
9. Gjellebøl – Gunnar Solheim

Premiane gjekk til
Jorunn Hermansen – Krus
Tarald Flateland – Ryggsekk
Johanna Solheim – Familieribbe, gåve frå Gyro K. Homme
Liv Tanche Larsen – Beholder for å tappe væske
Angerd Mosdøl – Radio
Åsmund Rygnestad – Nøkkelsett

Eg har ikkje oversikt over kor mange telefonar vi fekk i kveld, men i periodar hadde Jorunn og Tobbe det ganske travelt med å ta telefonane. Dei sytte og for godt stell og trivsel med kake og vaflar med blåbærsyltetøy, så då vi tok kvelden og drog heim, var vi godt nøgde med ein triveleg kveld.

Nyhetstimen 3. januar 2007

Dette står på blokka for nyhetstimen

18:00 Info
18:05 Telefonintervju (mobil 482 54 803) med **John Erling Skåtan** frå SNO Hægebostad om rovvilt i Setesdal (Bykle og Valle)
Tema:
Samanheng mellom observasjonar og fellingsløyve
Oppslaget i Fædrelandsvennen i dag
Lokal rovviltkontakt er Einar Olsen, mobil 913 21 487
Verneområdet Setesdal Vesthei/ Ryfylkeheiane

18:20 Skulemat på Valle skule. **Leif Kvinlog** kjem i studio

18:30 Før skisesongen. **Tarald Myrum** kjem i studio og har med seg folk. Vi snakkar om den nye ljosløypa, om karusellrenn og vinteraktivitet

18:53 **Øyvind Jacob** fortel om badmintonturneringa i romjola

19:00 Kommunen informerer

2. og 3. januar 2007

**Tysdag 2. januar**
Ansvarleg:Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Weyse: Julekantate
20:00 Bokaktuelt med Lisbeth D. Homme
20:15 Til oppmuntring ved Asbjørn Kvalbein
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 3. januar**
Ansvarleg:Harald Haugland
Teknikar: Inga Flateland
Telefon: Torbjørg Hoftuft

18:00 Nyhetstimen
19:00 Kommunen informerer
19:30 Tankar frå Bibelen
20:00 Godt nyår
21:00 Open sending

Hver dag er en sjelden gave

Eg held fram der eg slutta forrige innlegg. Grunnen til det er at eg vart så inspirert av Kongen sin nyårstale at eg nytta inspirasjonen som grunnlag i kåseriet mitt i kveld. Då kunne eg bruke det eg skreiv like etter talen var slutt på Wikipedia, leksikonet alle kan bidra til. Der har eg skrive fleire artiklar i rekkefylgje:
1. Kongens nyttårstale
http://no.wikipedia.org/wiki/Kongens_nytt%C3%A5rstale
2. Nyttårstalen 2006
http://no.wikipedia.org/wiki/Nytt%C3%A5rstalen_2006
3. Hver dag er en sjelden gave
http://no.wikipedia.org/wiki/Hver_dag_er_en_sjelden_gave
4. Piken med svovelstikkene
http://no.wikipedia.org/wiki/Piken_med_svovelstikkene

I kåseriet i kveld nytta eg litt frå dei tre første punkta her. Men hovudpoenget var songen Hver dag er en sjelden gave. Eg utvida det til glede over eit nytt år, ein kan like gjerne seie: Hvert år er en sjelden gave. Det gjeld å nytte dei høva ein har i livet og glede seg over livet, slik kongen og siterte frå Norahl Grieg: Her er ditt vern mot vold, her er ditt sverd: Troen på livet vårt, menneskets verd. Kongen nemnde og raushet og at vi må ta vare på høvet vi har til å utrydde fattigdom i vår tid, slik fredsprisvinnaren Mohammad Yunus sin visjon er. Samstundes må vi ta vare på minnene og ikkje gløyme bakgrunnen vi ber med oss.

Godt nytt år!

Godt nytt år

Det vart ei kort helsing ved inngangen til eit nytt år, så eg får utvide den litt no i kveld. Eg sat og skreiv på ein artikkel på Wikipedia, for eg vart inspirert av Kong Harald sin nyårstale og tenkte at den kan eg skrive om i det leksikonet som har gjeve meg så mykje i året som gjekk. Her er lenka: http://no.wikipedia.org/wiki/Nytt%C3%A5rstalen_2006

I jolehelga har eg fått meg ny harddisk og Helge har vore heime og installert Ubuntu, eit linux-basert operativsystem. Dermed skal eg no bruke Firefox, som er ein ny nettlesar. Av ein eller annan grunn fall han ut i går kveld då eg skulle skrive på bloggen. Medan vi prøvde å finne feilen, gjekk klokka mot midnatt. Til slutt skjøna eg at eg ikkje kom til å få den siste artikkelen i desember om eg ikkje fann ein annan maskin, så eg heiv meg rundt for å skrive i alle fall overskrifta, og slik få loggført artiklar alle dagar i desember 2006. Men eg var to minutt og 36 sekund for sein, så mi helsing og ynskje om godt nytt år vart lagra i 2007.

Dermed er vi over i eit nytt år. Mange har lurt på kva som vil skje i året som kjem når det gjeld Valle Radio. Vi som er i staben vil prøve å halde fram det gode arbeidet også i eit nytt år. Vi har sett opp liste og fordelt oppgåver, så vi vonar at det skal fungere om lag som tidlegare.

Eg vil takke for trivelege innspel dei siste dagane og ser fram til å halde fram med å skrive på bloggen. Over tid er det blitt mange artiklar som speglar livet i Valle og programma i Valle Radio. Eg vonar at kjelda med stoff ikkje vil tryta i året som kjem og ser fram til innspel og utspel både for open mikrofon og i samtalar med folk utan mikrofon i nærleiken.

Kong Harald avslutta nyårstalen sin i 2006 med å sitere frå ein song. Eg trudde den for lengst hadde blitt med i salmeboka, den har stått i Sangboken i minst 50 år og har fått plass i den svenske Psalmboken på nr. 180. Eg kan gjerne slutte dette innlegget kongeleg og ynskje dykk godt nytt år med heile fyrste verset av sangen, som eg og skreiv ein liten artikkel om på Wikipedia. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Hver_dag_er_en_sjelden_gave

Hver dag er en sjelden gave,
en skinnende mulighet.
Hver dag er på ny en nåde
som stiger fra himlen ned.