Turisthytter i Setesdalsheiene

Eg hadde ikkje tenkt på at det er ganske mange turisthytter i Setesdalsheiane. Her er nokre av dei, funne på
http://no.wikipedia.org/wiki/Kategori:Turisthytter_i_Aust-Agder
Det er Kristiansand og Opplands Turistforening http://www.kot.no som eig dei fleste og driv desse hyttene.

**Bjørnevasshytta**
Bjørnevasshytta er ei ubetjent turisthytte i Austheia på vegen til Dalen. Hytta vart bygd i 1889, sist ombygd 1995. På Bjørnevasshytta er det 32 sengeplassar.
http://www.kot.no/cabin.php?ca_id=418&fo_id=416

**Bossbu**
Bossbu er ei sjølvbetjent turisthytte i Setesdal Vesthei. Hytta vart bygd i 1969 og ombygd i 1981. Ho ligg ved enden av Botnsvatnet. På Bossbu er det 30 sengeplassar.
http://www.kot.no/cabin.php?ca_id=419&fo_id=416

**Gaukhei**
Gaukhei er ei turisthytte i Setesdal Vesthei. Hytta vart bygd i 1898. På Gaukhei er det 41 sengeplassar. Hytta er betjent i sommarsesongen og påska.
http://www.kot.no/cabin.php?ca_id=420&fo_id=416

**Håhelleren**
Håhelleren er ei ubetjent turisthytte i Setesdal Vesthei. Hytta vart bygd i 1950. På Håhelleren er det 9 sengeplassar.
http://www.kot.no/cabin.php?ca_id=421&fo_id=416

**Josephsbu**
Josephsbu er ei sjølvbetjent turisthytte i Setesdal Vesthei. Hytta vart bygd i 1993. På Josephsbu er det 20 sengeplassar.
http://www.kot.no/cabin.php?ca_id=422&fo_id=416

**Sloaros**
Sloaros er ei sjølvbetjent turisthytte i Setesdal Vesthei. Hytta vart bygd i 1983, opprusta siste gong i 2003. På Sloaros er det 22 sengeplassar.
http://www.kot.no/cabin.php?ca_id=424&fo_id=416

**Stakkedalen**
Stakkedalen er ei ubetjent turisthytte i Setesdal Vesthei. Hytta vart bygd i 1949, ombygd siste gong i 1992. På Stakkedalen er det 10 sengeplassar.
http://www.kot.no/cabin.php?ca_id=425&fo_id=416

**Stavskar**
Stavskar er ei ubetjent turisthytte i Setesdal Vesthei. Hytta vart bygd i 1920, ombygd siste gong i 2004. På Stavskar er det 8 sengeplassar.
http://www.kot.no/cabin.php?ca_id=426&fo_id=416

**Svartenut**
Svartenut er ei sjølvbetjent turisthytte i Setesdal Vesthei. Hytta vart bygd i 1972. På Svartenut er det 20 sengeplassar.
http://www.kot.no/cabin.php?ca_id=427&fo_id=416

**Øyuvsbu**
Øyuvsbu er ei sjølvbetjent turisthytte i Setesdal Vesthei
Hytta vart bygd i 1948, opprusta siste gong i 1995. På Øyuvsbu er det 34 sengeplasser.
http://www.kot.no/cabin.php?ca_id=428&fo_id=416

Du finn fleire hytter og meir om Setesdalsheiane her:
http://www.kot.no/location.php?lo_id=NO_setes og her:
http://www.kot.no/cabin.php?lo_id=NO_setes

Program veke 36

**Tysdag 5. september 2006**

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen. Olav Mosdøl
19:30 Petter Dass
20:00 Bokaktuelt. Skoleromanar.
20:20 Dagens Mozart.
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland. Tema: Orgelmusikk av Franz Liszt
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 6. september**

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Gudrun Rysstad
Telefon: Torbjørg Hoftuft

18:00 Nytt og aktuelt
19:00 Kommunen informerer
19:30 Tankar frå Bibelen. Bjørgulv T. Berg
20:00 Sommarminne
21:00 Open sending

Oversikt over hausten ligg på http://www.valleradio.com/sendinga.htm

Haustlista til Setesdalsforlaget

Du finn haustlista på www.setesdalsforlaget.com

I haust kjem forlaget med lærebøker for lese- og skrivevanskar av Jarle Elvemo. Han har skrive **Familien Kra i Kråkeland** og **Spenning for barn i alle aldre**. Dette er lettlesbøker som kan høve godt i ulike samanhengar. Trivelege forteljingar. Gunnar Guttormsen kjem med ei ny bok, meir pedagogisk, som han har kalla Kunnskapsløftet. Gunnar var skulesjef i Valle før han vart pensjonist, mange i Valle hugsar han, og truleg vil nokre ta telefonen til Ånund K. Homme og bestille boka.

Mest interessant, sett med lokale augo, er det at Gunhild Espetveit har samla stubbane ho har skrive i Setesdølen under vignetten **Diakoni i Setesdal**. Det er flott å få dei i ei slik samling, ho har gjeve mykje gjennom desse artiklane. Men forlaget gjev og ut Kristian Stubseid si bok **Frå granden**. Det er ei ny og revidert utgåve som kjem her.

Takk til Ånund K. for inspirerande aktivitet langt opp i pensjonsalderen.

To artiklar i kveld: Planen klar

Ettersom eg ikkje skreiv i går kveld, får eg heller skrive to artiklar i kveld. Då kan eg jo nemne at eg er blitt vald til hovudtillitsvald for lærarane i Valle. Eg har vore med på slikt arbeid før, men no hadde eg trudd eg ikkje skulle drive med dette, eg hadde tenkt at eg skulle konsentrere meg om Valle radio. I staden startar hausten med ei rekke møter i høve til lokale tingingar. Det første møtet var torsdag, på det møtet var det første gongen dei tillitsvalde i det som vi kallar Felles Forum møtte den nye rådmannen i Valle. Arne Tronsen har vore ein hyppig gjest i Valle radio i den tida han var leiar for Setesdal Regionråd http://www.setesdal.no/ og han har lova å stille opp i radioen også i den nye rolla når han har høve til det.

Den nye lista over sendingar er no lagt ut på heimesida til radioen, http://www.valleradio.com/sendinga.htm der kan du finne informasjon om kven som er ansvarleg for sendingane, teknikar og telefonvakt. Så er det bare å bu seg best mogleg til ein ny haust med Valle radio.

Statistikk for august

August månad gav ny rekord med 465 besøkjarar, det blir 15 dagleg. Bare mai 2006 hadde over 400 gjester tidlegare. Takk til alle som var innom. Talet på sidevisningar vart 1715, det er det tredje høgaste talet eg har hatt sidan eg starta.

No startar sendingane att komande veke, så eg får prøve å følgje opp det gode resultatet med gode og varierte innspel på bloggen. Takk til alle som les det eg skriv.