Cuba-prosjektet i Kommunen informerer

I kveld er det Cuba-kveld på Valle skule. Den startar klokka 20 i Storstoga. Frå klokka 19 kan du høyre Jan Olsen, Cuba-entusiasten her i Setesdal, og rektor Leif Kvinlog i Valle radio i ein halvtime der dei snakkar saman om arbeidet han driv på med på Cuba. I haust får han drahjelp av elevane på Valle skule i arbeidet sitt. Dei har innsamlinga til Cuba som spesialprosjekt. Kanskje har dei med cuba-musikk og.

Skulen har og sett i gang kronerulling til Cuba-prosjektet sitt. Du kan og betale inn pengar til dette, det gjer du til konto 2890.12.12343 i Valle sparebank. I kronerullinga er det slik at folk betalar inn pengar og utfordrar andre til å gjere det same.

Skru på Valle radio i kveld og høyr meir om dette.

Bokaktuelt om bøker til barnehagane i Setesdal

I Bokaktuelt tysdag 12. september fortalde Lisbeth Dalquist Homme og Mari Rygg om prosjektet dei har der dei har sett ut bokkassar i barnehagane i Bykle, Valle og Bygland. Denne kvelden skulle dei starte ein runde med besøk på foreldremøte i barnehagane. Dei hadde bøker som kunne høve heilt ned til under året gamle born, sjølvsagt var det flott om dei vaksne las saman med barnet.

Vi gjekk gjennom nokre bøker dei hadde funne fram, det var mange, born har mange interesser. Men dei hadde ikkje barnebøker om snøscooter ennå.

Prosjektet som biblioteka i Setesdal har starta før ferien, vert no fylgd opp av ivrige bibliotekarar i kommunane.

Hans Olav sin musikk

Av og til møter ein folk som er engasjerte, og når det gjeld musikk, er Hans Olav Lauvstad svært engasjert. Tysdagskvelden hadde han funne songar av Marita og Svein Johnsen som han delte med lyttarane til Valle radio.

Plater som han nytta var

Marita Johnsen – Opp med hodet kjære venn
http://webshop.studioranch.no/shop/shop.php?action=full&id=6

Svein Johnsen – En drøm blir til virkelighet
http://webshop.studioranch.no/shop/shop.php?action=full&id=2

Svein Johnsen – Fri som fuglen
http://webshop.studioranch.no/shop/shop.php?action=full&id=8

I tillegg hadde han ei anna plate, som eg ikkje kan finne på nettet.

Hans Olav delte ein triveleg halvtime med lyttarane og er innstilt på å kome att med fleire kutt frå platene til Marita og Svein, som hadde konsert på Nomeland Bedehus fredag 18. august.

Sorg og glede

Kåseri tysdag 12. september

Denne helga feira mor 89-års-dag. Ho visste ikkje då ho vart fødd at World Trade Centre skulle falle i grus denne dagen i 2001, det gjorde ikkje vi heller, så vi har markert dagen hennar etter beste evne. Det tenkte vi å gjere i år også, men det var naturleg at markeringa var sundagen, den 12., for då kunne fleire folk kome saman. Difor gjekk SMSane varme rundt om med melding om at slekta var velkomen klokka halv fire.

Noko av det som gleder meg, er det gode tilhøvet mor har ikkje bare til borna sine, men og til barnebarn og oldebarn. Difor troppa unge og eldre opp denne ettermiddagen og hadde ei uneleg stund.

Men bak det heile låg kunnskapen om at eit syskenbarn låg for døden. Ho hadde fått kreft og låg på det siste i Stavanger. Likevel makta vi å ha ein triveleg ettermiddag saman. Dagen etter, 11. september, gjekk ho bort. Ho ville så gjerne leve, men det var ikkje råd å vinne over kreften. Så fekk ho 11. september som dødsdagen sin, som så mange andre som vart minna denne måndagen.

Før kåseriet spelte eg Lov Jesu namn og herredom. No høver det best å høyre Sigvart Dagsland syngje Jeg er i Herrens hender.

Etterpå vert det andakt ved Normisjonsmedarbeidar i Arendal, Arne Inge Vaalandsmyr. Han har Guds finger som tema.

Program for onsdag 13. september 2006

På grunn av ein feil kom programmet ikkje med i Setesdølen i dag. Difor legg eg det ut her no, slik at du kan sjå kva som kjem i morgon.

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakt: Ingebjørg Ellinor Rysstad

**Program:**

18:00 Aktuelt nytt
*Hasla – 22 år på Epcot Centre – Ørnulf på USA-tur md
*Kurs i lappeteknikk – Kristin Nomeland på telefonen
*Skitrekket – Hallvard md
*Valleutstillinga 2006 Karin Bøe i studio
*Bygdekvinnelaget sitt program for hausten. Telefonprat med Lisbeth D. Homme.
19:00 Kommunen informerer – ved rektor Leif Kvinlog og Cuba-entusiast Jan Olsen
19:30 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
20:00 Fiskeaktuelt ved VAFA – Torjus Uppstad
20:30 Håvard Tanche-Larsen Knudsen om LOS-stipendet
21:00 Open sending ved Rolf Erik Homme

Etter kvart som programmet vert klart, skal eg oppdatere denne posten på bloggen. Sjå innom att fleire gonger i morgon.

Klatring i Setesdal

Eg skreiv om boka 18. og 20. august, og onsdag hadde eg ein prat med Frode Buen, turistsjef i Valle kommune, om den. Han fortalde at Hans Weninger, som har skrive boka, er ein pensjonert lærar som i 25 år har klatra i Setesdal. Gjennom desse åra har han dokumentert over hundre klatreruter. For mange av dei har han sett opp boltar på eigen kostnad.

Frode fortalde at Hans forlet Valle i slutten av august for å reise heim til Tyskland, deretter skulle han bruke eitt år saman med familien på klatring rundt i verda før han kom tilbake til Valle.

I timen mellom 20 og 21 hadde eg også ein prat med Bjørgulv T. Berg som kunne fortelje at eit par av dei som har kjøpt hyttetomter i Brokke, er ivrige klatrarar, og at Brokke arbeider for å inkludere klatring i sommartilbodet dei kan gje. Klatring på Løefjødd er spesielt flott, for veggen der har utfordringar frå det lettaste til det vanskelegaste på same veggen. Dermed kan heile familien ha utfordringar same staden.

Valle kommune har ytt stønad til boka, sjå
http://www.valle.kommune.no/vak/saksdok/1313050.html

Heimesida til Hans heiter Klettern in Norwegen og tek utgangspunkt i Valle. http://www.kletterninnorwegen.de/ Her finn du og eit flott bilete frå Faråne i flaum på startsida.

Mange meiner at dei som klatrar her, ikkje legg att noko pengar i Valle. Det var Frode ikkje enig i. Før kunne det nok vere at folk som klatra, la seg i ei steinrøys, men han visste at folk hadde lege på Flateland det meste av sommaren for å klatre. Å få folk til å stoppe er viktig, og sjølv om det ikkje er så mange enno som ligg i fleire veker, kan dette bli utvikla meir.

Før klatra folk mykje i Nomelandsveggen, og då var det lett å sjå og fylgje med frå Valle sentrum. No klatrar dei andre stader i kommunen, sjølv om vi ikkje ser dei, har det vore mange klatrarar i Valle i sommar.

Open sending onsdag 6. september

Tema for rebusane var turisthytter i Setesdal. Med i studio var Anna Arneberg og Hege Sandhaug, som begge jobbar i Valle kommune,
http://www.valle.kommune.no/ sjå telefonliste i menyen til venstre. Anna er skogbrukssjef, Hege kulturkoordinator ++. Ingen av dei hadde vore på turisthyttene, det hadde ikkje eg heller. Men lyttarane hadde vore der, så kvelden gjekk fort.

**Premiane gjekk til**
Ellen Lien – Radiokrus
Ingebjørg Berdalen – Radioryggsekk
Torleif Harstad – Lykt
Oddvar Lund – Radio

Torill Lunden hadde snart vore på alle postane i FYSAKs postkassetrim, og Margit Hovet var den siste som låg på støylen ved Bossbu. Ein lyttar frå Trondheim, Annette, som høyrde på oss på Internett, ringde inn og rosa oss for eit triveleg program, det likte vi godt.

Kveldens sending 7. september 2006

Så er første sendinga i haust over. **Nyhetstimen** måtte justerast litt i høve til kva eg hadde tenkt, men Tom Arild Homme var innom og fortalde om verknadene flaumen sist måndag hadde på Otra. Det vart rive opp mykje sediment og krypsiv som enda i Byglandsfjord. Flaumen tok også den lensa til ein million som skulle hindre krypsiv frå å kome inn i tunnellen til Hekni kraftverk. Andre delen av nyhetstimen var Jon Melhus i studio og fortalde om tur til verdsfestivalen for munnharpe, som var i Nederland i sommar og der han og Gunnar og Johanna Solheim hadde vore med frå Setesdal. Jon spela og noko munnharpemusikk og vi snakka om ulike typar munnharper som han synte fram og spela litt på. Til slutt kom vi inn på den norske munnharpefestivalen som skal vere på Rysstad fredag 22. og laurdag 23. september.

**Kommunen informerer** var ved den nye rådmannen, Arne Tronsen. Han hadde lensmann Knut H. Nomeland med seg i studio og vi prata om kriseleiing, som flaumen hadde fått kommunen til å teste. Dei hadde ikkje etablert formell kriseleiing, men hadde likevel fått øve på noko av det som ville vere naturleg i ein reell krisesituasjon. Heldigvis gav regnet seg og dermed slapp ein dei grovaste skadene.

Knut H. Nomeland fortalde og at dei no hadde gått gjennom brannen på Hovden med kriminalteknikarar og funne ut at den hadde starta i ein elektrisk handturkar og så spreidd seg til resten av huset.

Til slutt fortalde Tronsen at no er det tid for lønsforhandlingar og budsjett for neste år, og at mykje tid no vil gå med til dette framover.

**Tankar frå Bibelen** var ved Bjørgulv T. Berg, som hadde fått med seg Knut Svein Dale frå Normisjon i programmet.

Brøytestikker i september

I går kveld la eg merke til at brøytestikker er komne opp i svingen ved Menighetshuset i Valle. Etter mi meining var det lovleg tidleg. I dag var det nesten 15 grader og mykje vind her då eg sjekka temperaturen, så snøen kjem neppe denne veka. I dei åra eg har budd i Valle, har han gjerne kome rundt 15. oktober, og så har han blitt borte att, ofte heilt til innunder jol.

Kva kan vere grunnen til at ein set opp brøytestikker i Valle i september? Det er ikkje lett for meg å tippe om, men når dei kjem opp så tidleg, vil truleg fleire verte øydelagde før snøen kjem. Om dei skal ha nokon funksjon når snøen kjem, må dei truleg erstattast av nye. Då vert det i grunnen dobbelt arbeid, sjølv om ikkje alle vert øydelagde.

-No ser eg snjoren, heiter det i reklamen til ein av annonsørane i Valle radio. -Ikkje noko problem, eg har snjofresarar til alle føremål, er svaret. Høyr på radioen i kveld. Vonleg kjem vi på lufta utan problem. I så fall får du ein triveleg kveld i selskap med radioen.