111-års jubileum

I Aktuell time i går kunne Sissa fortelje at Valle sundagsskule skal feire 111. år. Dei hadde leita litt i papira og funne ut at sundagsskulen var stifta i 1897, men då dei fann ut det, var 100-årsjubileet passert. No inviterer dei til stor bursdagsfeiring etter påske, sundag 13. april. Alle som har gått på sundagsskulen i Valle er inviterte til stor festgudsteneste i kyrkja og så selskap på Menighetshuset i Valle etterpå.

Eit spesielt trekk i jubileet er det at det var Hermine Bernhoft Osa som starta sundagsskulen i Valle. Ho var gift med kunstmålaren Lars Osa, som budde i Valle i lange periodar medan han mala. Sissa kunne fortelje at ho var kjend for å ha gjeve ut fleire barnebøker. I dag starta eg ein artikkel om henne på wikipedia, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Hermine_Bernhoft_Osa

**Martin Luther Svanholm** var frå Oslo. Han var prest i Valle mellom 1893 og 1902, då han flytta til Drangedal. Sjå http://eskeland.net/node/4 Truleg var han og involvert i oppstarten av sundagsskulen i Valle. I fjor sommar, 28. juli 2008 kom det ein artikkel i Halden Arbeiderblad som nemner presten Martin Luther Svanholm, sjå http://www.ha-halden.no/artikkel.asp?Artid=165740 Den knytter lenke til domprost Svanholm i Stavanger, Christian Svanholm, som var son til Vallepresten. Han var domprost i Stavanger då eg gjekk på lærarskulen der.

Eg fann fleire lenker til Martin Luther Svanholm:
http://home.no.net/draguide/prest_martin_luther_svanholms.htm
Og i Trondheim er det eit begravelsesbyrå som vart starta av eldste son til Svanholm:
http://www.svanholm.no/historien.html

Internett er blitt ei større og større kjelde til informasjon om både gamalt og nytt. Om du har informasjon meir informasjon i samband med denne artikkelen, vonar eg at du skriv ein kommentar på bloggen eller sender ein epost til meg, adressen min er harhaugl (at) gmail.com (Eg er litt forsiktig med å leggje epost-adressa mi fri, for eg treng ikkje fleire tilbod på legemidlar no, så du får lese adressa med ope sinn). Det hadde vore triveleg å få reaksjonar og meir stoff fram mot jubileet.

Ein tanke om “111-års jubileum”

  1. Hallo! Eg har funne at presten i Valle i 1899 heldt julepreike til borna på dialekt. Den gongen var ettermiddags-messer for born noko svært nytt i Noreg, og eg tenkjer at tiltaket i Valle kan ha hange saman med den tidlege sundags-skulen.
    Har de funne ut meir om dei fyrste åra og om kor mykje soknepresten hadde med saka å gjere? Finst det noko skriftleg om dette som eg evt. kunne få tak i?

Legg att eit svar til Per Halse Avbryt svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *