Eg lever ganske stille dagar for tida. Sjølv om det ikkje er snø, er det ikkje så fristande å gå ut heller. Difor var det hyggeleg å få besøk for ei tid tilbake då Aud og Arne Wilhelm Haugland dukka opp. Han er frå Kristiansand, ho frå Karmøy, dei er gamle vener frå Den indre Sjømannsmisjon, der ho var husmor på Elieser 4 og han var velferdssekretær og styrar på fiskarheim. Då kunne praten gå om laust og fasm folk vi møtte for mange år sidan og eitt og anna tema av nyare slag.
Så fekk eg ein mail frå Eddie Vigesdal om eg ville ha bilder han hadde fått digitalisert frå oppveksten vår på Ålgård. Han var næraste nabo og gjekk i same klasse som meg. Ettersom eg reiste frå Ålgård etter gy,maset og sidan bare budde der ei kort tid, har eg ikkje så mange kontaktar der lenger, det er bare yngste bror Hermund som bur der nå. Eddie hadde fått låne album og digitalisert gamle bilder for historielaget. No var dei tekne vare på, og truleg blir mange av folka også identifiserte.
Sjølv gleder eg meg over at det går framover med Setesdalswiki. Vi har passert eit nytt hundretal, men det kan eg skrive meir om seinare.