Guilmant-Postludium

I kveld hadde Niklos K. Besteland sett saman eit program med musikk av Félix-Alexandre Guilmant. Fransk orgelmusikk er nok mindre kjent enn den tyske, men du verden så flott program det vart.

Wikipedia skriv dette om komponisten:

Félix-Alexandre Guilmant (født 12. mars 1837 i Boulogne-sur-Mer, død 29. mars 1911 i Meudon) var en fransk organist og komponist.

Sammen med Charles-Marie Widor grunnla han den fransk-romantiske orgelskole, etter at de hadde lært hos den belgiske organisten Jaak-Nicolaas Lemmens på stipend fra orgelbyggeren Aristide Cavaillé-Coll.

Alexandre Guilmant ble født i Boulogne-sur-Mer. Han studerte under sin far, og deretter hos den belgiske mesteren Jacques-Nicolas Lemmens, hvorpå han ble organist og lærer i sin fødeby.

I 1871 ble han utnevnt til å spille orgel på fast basis ved Église de la Sainte-Trinité i Paris, en posisjon han innhadde i hele 30 år.[5] Fra da av fulgte Guilmant en karrierevei som en virtuos. Han holdt konserter i De forente stater (den første større franske organist som turnerte i USA) og i Canada, så vel som i Europa hvor han spesielt ofte besøkte England. Hans amerikanske prestasjoner inkluderte i 1904 en serie av ikke mindre enn 40 konserter på det største orgel i verden, St. Louis Exposition Organ, nå bevart som kjernen av Philadelphias Wanamaker Organ.

Kveldens program var slik:

  1. L’organiste pratique, Book IX: Scherzo Symphonique in C, Op 55, No. 2. Robert Delcamp på orgelet i University of the South, Sewanee, Texas
  2. Organ Sonata No. 7 in F, Op. 89: IV. Reve. Lento assai. Robert Delcamp på orgelet i University of the South, Sewanee, Texas
  3. Sonata No. 5 in Cm, Op. 80, del 3: Scherzo – Allegro. Bedrich Janacek på orgelet i Lunds domkyrka

Bildet henta eg også frå Wikipedias artikkel om komponisten

Haustmørke kveldar

I haustmørke kveldar kan ein høyre på Valle Radio. Denne veka har Siri Johannessen ansvar både tysdag og onsdag. HO har sendt dette programmet til Setesdølen:

Tirsdag 13. oktober

Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med kåseri av Asbjørn Kvalbein fra Norea

18.15 Over en åpen bibel fra Norea ved Svein Anton Hansen
18.30 Country gospel-timen med Per Govertsen
19.30 Siris time med bl.a. 90-åringen Norsk Gideon

20.30 Postludium med Niklos K. Besteland og Alexandre Guilmant
21.00 Kyrkjebakken
Onsdag 14. oktober
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
19.00 Over ein open bibel ved Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer
20.00 Ørnulf Hasla og Tarald Rike: Valle menighetshus
20.10 To i musikk, Kari Margrethe Okstad og Magnhild Bjørnarå. Med Astri Rysstad mfl.
21.00 Sondre koser seg i høstmørket

Skippertak

I kveld tok vi oss på tak og fekk skrive inn avisene for denne veka. Med vrang rygg har eg utsett det, men snart kjem nye aviser, og då bør dei gamle vere på Setesdalswiki. Heldigvis sette Reidun mot i meg og hjelpte meg, så gjekk det nokonlunde. Men det er mange artiklar som ventar å bli skrivne ut frå desse avisene også, så eg er på langt nær ferdig med dei.

Men dagen i dag fekk vi vere med på ein strålande fin gudsteneste frå Nidarosdomen der preses Olav Fykse Tveit vart vigsla til biskop og med både Kronprinsen, statsministeren og stortingspresidenten til stades. Det var korsang og salmesang på øverste nivå, og orgelmusikken ved Petra Bjørkhaug kunne ikkje vore betre. Dei to liturgane song messeledda og lyden bar godt under den høge kvelvingen i nasjonalheilagdomen.

Eg måtte tenkje på det storarbeidet som er gjort med å byggje ein slik katedral her i steinrøysa. Det skjedde jo i ei tid der ein ikkje hadde hjelpemiddel som dei har i dag når noko skal byggjast.

I veka som ligg bak oss, hadde vi ein tur til Kristiansand og då kunne vi ikkje unngå å legge merke til dei store byggverka som reiser seg vest i Søgne, like over grensa frå Mandal (Lindesnes, som kommunen no heiter). Både Trysfjord bru og tunnelbygginga i Søgne er anleggsarbeid av dimensjonar med formidable hjelpemiddel til å gjere arbeidet.

Men Nidarosdomen, og for så vidt alle slike katedralar bygde for hundrevis av år sidan, forseggjorde til minste detalj med utsmykking ein knapt kan skjøne korleis dei fekk til, tek likevel prisen når det gjeld byggverk. Det var eit skippertak over fleire hundre år og etter det eg veit går det jo framleis, eit slikt byggverk vert jo aldri ferdig.

Men likevel feira dei gudsteneste med song på både norsk, samisk og engelsk i katedralen. Eg får prøve å ta del i feiringa også med ein vrang rygg.

Vrang rygg

Når ryggen slår seg vrang, er det ikkje så lett å kome opp av senga. Det må takast i forsiktige etappar og helst skulle ein hatt sengeheis eller noko å hale seg opp med.

Når ein sit, burde ein ha noko å støtte seg på når ein skal opp, så ein lenestol med ekstra pute og gode armlene fungerer, men sjølv eit høgt klosett kan ha utfordringar.

Heldigvis kan ein ta tablettar som reduserer smertene noko, men helst ikkje for mange, for det går ut over andre ting.

Men når ein først har kome seg på plass i stolen og har datamaskinen framfor  seg, så går det nokonlunde greitt å skrive ein blogg. Men å ha initiativ til å skrive på Setesdalswiki er det vanskelegare med.

Dei seier at det går over etter nokre veker. Så eg får vel vente og sjå om det stemmer.

Eg kom meg til sjukehuset tysdag slik at bioingeniørane der fekk ta blodprøver og då legen min der såg på dei, var alt normalt etter det han fortalde meg då vi hadde telefonkosultasjon torsdag.

Men det handla jo ikkje om ryggen. På sjukehuset hadde dei sett opp ein paviljong for blodprøvetaking, truleg var det for lite plass der dei gjorde det før. Køen inn til venteromet gjekk heilt ut på gata, så det synte vel sanninga i at ein skal vere ganske frisk for å ta ein tur på sjukehuset.

Reidun held fram med strikking og har heldigvis ikkje problem, så her i huset kan ein seie at det er ein rett og ein vrang.

Bildet tok eg i Søgne der vi stoppa for å handle litt på vegen heim.

Bildet kan inneholde: himmel, sky, basketballbane og utendørs

Fylkeskåna

I går såg eg på Torp sin samtale med Valgjerd Svarstad Haugland, ho som er fylkesmann i Oslo og Viken. Dei arbeider med å finne kjønnsnøytrale titlar, så ei kvinne ikkje skal vere fylkesmann. Det kom inn over 1000 forslag og eitt var å kalle kvinnene fylkeskone, men det frall på grunn av at det ikkje var kjønnsnøytralt. No vil dei kanskje kalle stillingen for guvernør, det er ein internasjonal tittel som dei meiner kan passe.

Torbjørn Greipsland skreiv om dette og mangt anna i dag. Eg siterer artikkelen hans, som han la ut på Facebook tidlegare i dag:

En annen sak med aktualitet til nåværende debatt om å finne en ny tittel for fylkesmann, er omtalt. I 1918 skulle amtmann erstattes med annen tittel. Resultatet ble som kjent fylkesmann. Men andre titler ble vurdert: Fylkesformann, fylkesstyrer, fylkeshøvding, sysselmann og jarl. Det var ikke noe forslag på guvernør, en tittel som nå har vært nevnt.

Han siterer også frå septembernummeret av Israel i dag. Eg tek med det han skriv:

September-nummeret av Israel I dag/Israel Today har nok en gang et allsidig utvalg artikler. Her er noen titler: Hemmeligheten til menoraen i Knesset. Hvordan israelsk media ser på messianske jøder? DNA dechiffrert fra Dødehavsruller. Hvorfor var kobberslangen bedre enn gullkalv. Arabiske reaksjoner på fred mellom Israel og UAE (De forente arabiske emirater). Bombet Israel Irans hemmelige rakettprogram?
Noen sitater fra arabisk TV er som alltid med: Sjeik Nasser Maarouf uttalte på Memri TV: Millioner døde i andre verdenskrig, alle ble drept på grunn av disse jødene. Som løp rundt, tyranniserte verden og spredte den verdensvide korrupsjon. Derfor må vi gjøre alt på å få slutt på dette fenomenet (Israel).
Sterk overgang til en jødisk vits, som jeg tror er minst like norsk som jødisk:
En ranch-eier fra Texas besøker Israel. Fordi han har hørt om landbruksprestasjonene, vil han se en kibbutz. Moshe viser han rundt. Da sier texaneren: «Takk, Moshe, jeg er imponert. Neste år må du ta en tur til Texas, men ta deg god tid. Vi bruker et terrengkjøretøy, og når vi har kjørt rundt hele dagen, er vi fremdeles på min ranch.»
Moshe svarer tørt: «Slik ei vogn hadde også jeg jeg en gang».
Jeg har nok hørt en lillesander skal ha sagt noe lignende da storebroren kom hjem fra USA. Og da han spurte om hvor mange innbyggere Lillesand har, lød svaret slik fra lillebroren i Lillesand: «Det er mindre enn millionen»
Anat Schneider, kona til redaktøren, skriver jevnlig, særlig om kvinnetemaer. Denne gang skriver hun blant annet: «Tidligere hadde nyheter og politikk større rom i mitt liv. Tidligere leste jeg mer aviser og hørte på radio, og jeg passet på å få med meg kveldsnyhetene på fjernsyn. Men i dag er ikke det godt for meg
Nyhetene frustrerer og hisser meg opp. Jeg hører så mange meninger, så mange paradokser, så mange rop uten respekt. Jeg har inntrykk av at menneskene ikke tilhører hverandre lenger. De er ikke lenger tolerante Jeg må innrømme at det skremmer meg litt. Jeg snakker om en frykt for at vi ikke lenger forstår hverandre.»
Det spørs om ikke mange kjenner seg igjen i det, uansett hvor man bor.

 

Godt motteken

Bjørn Erling Auestad var i Valle Radio i kveld og fortalde om at han var godt motteken i Valle etter at han overtok Bergtun. I år vart det ikkje nokon ferie i juli, det pleier dei å ha, men i år måtte familien drifte både Bykle hotell og Bergtun og då vart det knapt med tid.

Sjølv om dei vart godt mottekne då dei starta opp, er det ikkje lenger slik at folk går i straum til Bergtun, så dei har redusert opningsida litt og må kanskje redusere meir også, men det svingar jo i bransjen, så det verka som om han var budd på det.

Diverre fekk eg ikkje med meg det som var før han i den aktuelle timen, men så høyrde eg den opne sendinga, der Kåre Rike var aleine i studio. Han skulle hatt Jorunn Lund Harstad med seg, men ho var reist til Grimstad. No klarte Kåre seg godt, både med musikk og rebusar, dei var ikkje så vanskelege, så han fekk folk som ringte inn på alle og morosame samtalar kom det også.

Nettet mitt er av og til litt ustabilt, og då vinnarane vart trekte, fekk eg bare med meg at Liv Gunn Viki vann eit gåvekort.

Men med svar på alle rebusane må det vere ganske mange som høyrde på, for det er jo bare ein brøkdel av dei som høyrer på, som ringer inn.

Slik var programmet i kveld:

Ansvarleg og teknikar Siri Johannessen
Telefonvakt Ingeborg Åkre Løyland
19.00 Tankar frå Bibelen med Torleif Harstad
19.30 Kommunen informerer med Else Margit Tveit, skulefagleg ansvarleg
20.00 Kulturveka i Valle kjem! Med Torunn Charlotte Nyberg, Berit Junge Henriksen, Unni Tvitekkja og Bjørn Erling Auestad
21.00 Opi sending med Kåre Rike
Bildet kan inneholde: plante, natur og utendørs

Landstad

Det er 150 år sidan Landstads Kirkesalmebog kom ut. Den var den første norske salmeboka, tildlegare hadde vi hatt danske salmebøker i dei norske kyrkjene til tross for at det alt var mange år sidan Norge forlet unionen med Danmark.

Sjølv om Landstad samla inn mange folketonar, kom ingen av dei med i salmeboka hans.I kveldens samtale mellom Siri Johannessen og Åge Haavik i Valle Radio undra Haavik på om Landstad var for mykje musikkestetikar til å ta dei med.

Landstad samla også inn ulike versjonar av Draumkvedet,, og vi fekk høyre litt av det. Men samtalen handla mest om kyrkjemusikken og utviklinga Landstad sette i gang. Etter kvart kom Landstads reviderte salmebok, den kjenner vel dei fleste litt eldre. No har vi Norsk salmebok frå 2013.

Det var ein interessant samtale som lyttarane kunne bli kloke av.

Her er musikken frå programmet:

  • «Margit Hjukse» med Jarand Raffelbrekk fra albumet Hugen leikar så vide – middelalderballader i Norge (2006).
  • «Margit Hjukse» med Bugge Wesseltoft og Henning Kraggerud fra albumet Last spring (2012).
  • «Velt alle dine veier» med Oslo Gospel Choir fra albumet Salmeskatt (2003).
  • «Jeg vet meg en søvn i Jesu navn» med Agnes Buen Garnås fra albumet Han rider den mørke natt (2002).
  • «Aldri fikk vi se Ditt ansikt» med Skruk, skrevet av Galib og Eyvind Skeie. Fra albumet Han rider den mørke natt (2002).
  • «Draumkvedet – 1» med Sondre Bratland fra albumet Draumkvedet (2002).

 

Når det stormer

Dette var tittelen på ein sang vi song då eg var ung. Eg veit ikkje kor godt kjent han er no for tida, men vi kunne synge han som kanon:

Når det stormer, når detstormer, når det stormer rundtomkring.

Han er sterk, om jeg er svak, hjelper meg, tar nye tak.

Så kom første linje om att. Sjølv om det ikkje har vore storm her i dag, truleg bare sterk kuling, kanskje storm i kasta, som det heiter, så har vi merka vinden, det er austavind.

Men inne brenn stearinlys stilt og fint sjølv om det stormer der ute. Her er det fredfullt og trygt.

Mange har opplevd naturkrefter mykje sterkare enn vi gjer. Det var nifst å sjå korleis hus rasa i elva i Italia på Kveldsnytt i kveld.

Så kan vi legge oss og sjå ein ny dag i møte, vonleg med litt rolegare ver i alle fall i vestre del av Agder, og be den gamle bøna:

Nu lukker seg mitt øye, Gud Faderi i det høye, i varetekt meg ta.

Fra synd og sorg og fare, din engel meg bevare, som ledet har min fot i dag.

Turisthytter

Etter at eg onsdagskvelden snakka med driftssjef Jonny Grundeland om turisthytter i Setesdalsheiane, viste det seg at eg ikkje hadde artiklar om alle hyttene. Men i kveld kom dei på plass:

Og så fekk eg skrive inn gårsdagens avis. Men det er framleis mange røde lenker i dei siste avisartiklane, så det ligg ganske mykje arbeid for å bli litt meir oppdatert.

Men når ein skal følgje med på amerikansk politikk og alt mogleg av nytt som strøymer på gjennom fjernsynet, så blir ein både utslått og nedslått. Og då går det ikkje så fort å skrive om dei meir positive sidene ved livet i Indre Agder, slik Setesdalswiki gjerne vil dekke det.

Men smått om senn går det framover. Den nye mobiltelefonen med alle sine muligheter krev også litt innsats for at eg skal kunne bruke den. Men heldigvis har eg hjelp av han som hadde den telefonen før meg, så når det er noko eg lurer på, prøver eg å spørje.

Oppgradering

Å oppgradere mobiltelefonen til ny modell medfører mange endringar. Alle kontaktane må førast over frå den gamle til den nye, og nye funksjonar kan takast i bruk.

Den gamle telefonen min arva eg frå Margunn, den nye arva eg frå Helge. Den eg arva frå Margunn hadde eit problem med at han bare av og til kopla seg på internett. Då rann det inn med oppdateringar som var gjort i tida sidan sist. No er eg pålogga heile tida og får oppdateringane etter kvart som dei kjem.

Men det er jo alltid nokre problem når ein går over til noko nytt. Mellom anna kjem det spørsmål om passord, dei skal helst vere sterke, det vil seie lange og med store og små bokstavar pluss tal. Truleg burde eg hatt ein plass der eg noterte passorda eg har slik at eg ikkje ein gong står fast når eg bommar med det eine forsøket etter det andre.

Men det utset eg til seinare….

No vil eg surfe litt på den ny-arva mobilen.

 

 

Om Setesdalswiki og programma i Valle radio, som sender tysdag og onsdag kvar veke.