Respons

Det er ikkje så ofte eg får respons på innlegga mine på bloggen. Eit og anna Liker kan det nok kome på Facebook, alle postane mine hamnar jo der, men ut over det er det heller få reaksjonar.

Nå er eg vel heller ikkje ute etter å provosere og slik skaffe respons når eg skriv. Bloggen min er ei slags lita dagbok over det eg opplever, gjern i relasjon til Valle Radio. Det var slik eg starta å skrive desse bloggpostane mine.

Men etter kvart har eg utvida til også å skrive om saker som ikkje har vore omtalt i radioen, det er vel ikkje så unaturleg når eg no ikkje lenger bur i Valle og er oppteken av radioen på fritida.

Difor var det ekstra hyggeleg å få respons på det eg skreiv i går. Bjørg Brokka Rike las det eg skreiv og gav slik respons denne gongen:

Bror til mi mamma ,Ingebjørg Rygnestad Brokka ,min onkel, Knut O Rygnestad var prest. Kona hans Inger var psykiater og dei budde i Trondheim i alle år. Onkel Knut har også skriva tre bøker som eg har. Dei hadde to barn, Tarjei som også vart psykiater og Gyro Mathilde sjukepleiar. Tarjei var med som rettspsykiater under Anders Behring Breivik saka.

Eg har artikkel om Knut Rygnestad på Setesdalswiki, men eg var ikkje klar over det eg fekk vite i hennar respons. Etter kvart vil det nok også kome med noko av det i artikkelen på Setesdalswiki.

Stor takk til Bjørg for fin respons.

Prestar

-Er det mange prestar i slekta vår?

Helge snakka om slektsdatabasen sin og framfor meg låg boka Prester i Den norske kirke og andre teologiske kandidater. Det var difor ikkje så unaturleg å stille spørsmålet, tenkte eg.

-Trur bare det er din svoger Gaute Rasmussen, var svaret.

Ein litt nøyare gjennomgang synte at det nok var rett svar. Vi kom ikkje på nokre fleire. Lærarar og sjukepleiarar var det fleire av. Det er dei gruppene som no førebur streik for betre lønn, såg vi på Kveldsnytt. Om det blir streik på nokon i familien, er nok heller tvilsomt.

Sjølv har eg aldri vore teken ut i streik, det hadde truleg ikkje særleg effekt å ta ut lærarar i Valle om ein skulle ramme motparten.

Nei, i min familie er det truleg mest bønder og arbeidarar. Ikkje mange hadde råd til å få seg akademisk utdanning med lange studiar etter artium, så vart det dei meir korte utdanningane, kanskje plussa på med vidareutdanning etter kvart..

På Setesdalswiki er det om lag 170 artiklar om prestar. Du finn dei ved hjelp av denne sida.

Kategori:Prester

Tommy Sørbø

Kveldens samtale med Tommy Sørbø, han som skal halde foredrag om 6000 års kunsthistorie på 60 minutt komande måndag i Sæbyggjen i samband med Kulturveka 2020, var radio på sitt beste.

Her fekk vi møte ein gutt frå Porsgrunn som ikkje var heilt som dei andre i gata, som likte å pynte brødskiva og som likte det som var vakkert. Etter mange års studier var renessansen kanskje den viktigaste perioden , det var då samfunnet kasta av seg autoritetane og folk kunne tenke fritt og ikkje bare følgje det kyrkja sa.

Når samtalen så kom inn på arkitektur, var jo Siri på heimebane, ho er sjøliv utdanna sivilarkitekt frå Nederland. Då svinga samtalen inn på korleis funksjonalismen har teke bort pynten, alt skal vere billig og fungere. Men det vakre, menneska treng også det vakre.

Så fekk det våge seg at Tommy Sørbø sjølv bur i eit funkishus, innanfor veggene er det ein heilt annan stil som rår. Og så demonstrerte han korleis triller på pianoet kunne finnast att i krullar og utskjeringar, det var visst noko av det same dei skulle illustrere: Vi vil ha det fint rundt oss.

Ta turen til Sæbyggjen på måndag om du kan, du vil bli klokare etter den kvelden, det er eg overtydd om.

Folketonar som basis

I kveld hadde eg Postludium i Valle Radio. Det er ei god stund sidan sist, så eg hadde leita og lytta til ganske mykje orgelmusikk den siste tida. Eg enda opp med å ville presentere musikk av Ralph Vaughan Williams. Han skreiv svært mykje ulik musikk, men ikkje så mykje for orgel. Til gjengjeld var den særprega og flott.

Grunnen til at eg landa der, var at eg kom over ei side på nettet der noko av hans musikk vart spelt på eit historisk instrument i det som nærast kan kallast ein tasteinstrumentmuseum. Det er mange piano og cembaloar der, og altså eit orgel.

Den musikken eg fann, var velklingande og basert på engelske folkemelodiar som eg kjende att. Og sanneleg dukka ikkje også bordverset opp, det som på engelsk heiter Old 100 og som vi også kjenner som melodien til Gjør døren høy. Det var gjennomkomponert for orgel og kor og hadde mykje vellyd.

Dermed vart det dette programmet:

Musikk av Ralph Vaughan Williams (1872–1958):

Raskt besøk

Eit raskt besøk er gull verd. Det blir sagt at vi i desse koronatider bør vere flinke til å halde avstand, 15 minutt saman med person i same rom er nærkontakt, trur eg det var. Men når ingen er smitta, kan ein likevel unne seg eit raskt besøk.

Slik var det i dag. Eg ringde søster mi, Jorunn Moen, og ho var på veg heim frå ein kort tur til Kristiansand. Ettersom den nye vegen ikkje er ferdig bygd, den, der ein skal suse forbi Mandal i smittefri avstand og kome ut vest for Vigeland, klarte eg å overtale henne til eit raskt besøk og like etter var dei i tunet.

Vi hadde akkurat hatt lunsj, nå fekk dei sin lunsj i sofaen her etter å ha vore innom kjøkkenet og laga seg den blingsa dei ville ha. Så kunne vi prate litt om 80-årsdagen til svoger Sigurd før helga (eg reiste ikkje) og komande konsert med Sveinung Hølmebakk i Mandal neste tirsdag, der vi hadde planar om å gå saman.

Då det raske besøket var over og dei var vel heime i Lyngdal att, kom det melding om at konserten var avlyst, så då blir det ikkje noko av det prosjektet.

Etter det raske besøket hadde den vonde ryggen min ein tur i senga sjølv om han likar best å sitje oppe. Det var ikkje like raskt, men i drøymeland er det ingen vonde ryggar. Der kan ein vere sprek og sterk heller enn treg og svak.

Og så kan ho som aldri treng middagskvil lage fiskemiddag med steikte poteter og salat.

I morgon skal eg ha eit raskt besøk i Valle Radio sitt Postludium og presentere folketonebasert musikk av Ralph Vaughan Williams. Håpar at du finn Valle Radio på nettet og tykker på nettspelaren under sending slik at du kan høyre på. Sendinga startar klokka 18, eg skal på lufta 20.30.

17. mai Valle

Koteletter

Det er ikkje så ofte vi har koteletter til middag, men i dag var det sundagsmiddag. Vi hadde besøk av Margunn og Stein, så vi var fem rundt bordet og det smakte nydeleg.

Det kan nok også skuldast at eg droppa frokosten i dag. Den vrange ryggen ville ikkje opp av senga utan motstand, så eg valde heller å følgje ordtaket: If you can’t beat them, join them – om du ikkje kan slå dei, får du heller slutte deg til dei.

Men til slutt måtte eg jo kome meg opp, det er jo ikkje funne opp nokon måte å lade vannet på som ikkje krev toalettbesøk (om ein då ikkje ligg med kateter).

Så vart det litt prat før Margunn og Stein vende nasen mot Brevik og Sandøya, deretter kom Nyhetene, så var det litt meir tv, litt prat og litt mat før eg fekk med meg at Judd Trump vann turneringa i snooker som har gått denne veka. Australske Neil Robertson, som har norsk kone og eg difor heiar litt ekstra på, måtte ta til takke med andreplassen. Men pengepremien han fekk gir nok til salt i grauten resten av året, skulle eg tru.

Ettersom han er veganar, et han nok ikkje koteletter.

Etternamn

I A-magasinet denne veka var det ein artikkel om etternamn. Der fekk vi vite at mange skiftar etternamn i våre dagar. Særleg gjeld det folk med namn som Hansen, Norges mest brukte etternamn, og andre slike -sen namn.

Sjølv har eg eit etternamn på -land, det hadde Reidun også. Derfor syntest ho det ikkje var naturleg å heite Eskeland Haugland, så ho valde Haugland då vi gifta oss. Men når vi no bur på Eskeland, hadde det sikkert vore like naturleg å hatt Eskeland som etternamn.

Likevel kjem vi neppe til å byte etternamn. Gjennom meir enn 50 år har etternamnet blitt brukt mange stader, og det ligg altså historie i det. Eg var redaktør av Fiskerens Venn, og dersom eg bytta til Reidun sitt namn,  ville redaktøren ikkje lenger kunne sporast opp like enkelt.

Eg trur vel helst det er unge folk som bytter etternamn. Dei som var omtalt i reportasjen, var i alle fall ikkje så veldig gamle. Ei kvinne hadde teke namn frå Harry Potter-universet. Det var bare to i Norge som hadde det namne, ho og dottera, så no må andre spørje dei om lov, om dei vil bruke same namnet.

Tysdag skal eg ha Postludium i Valle Radio. Då vil du få høyre musikk av Vaughan Williams. Han heitte Ralph til førenamn.

Aleine

I dag vart det ein stille dag, for eg var aleine heime. Reidun, Helge, Margunn og Stein reiste til Sola for å feire 80-årsdagen til min svoger Sigurd Sola. Dagen hans var i vår, men den var utsett til i dag, som også var bursdag for kona hans, Gunbjørg.

Dei reiste ved totida, festen skulle starte klokka 18. Eg tenkte at eg kanskje kom til å sove litt, men det gløymde eg, for eg vart sitjande og høyre på orgelmusikk. Tysdag skal eg ha Postludium i Valle Radio, og det er mykje ein kunne spele.

Så både Dagsrevy og Kveldsnytt for forbi utan at eg merka det, ja, det var nære på at også bloggskrivinga vart forsinka. Men det nådde eg no akkurat.

Litt ut på dagen kom katten og ville ut. I det fine veret tenkte eg at han kunne vere ute til resten av familien kom heim, men det tenkte ikkje katten. Snart stod han på varmepumpa og klora på vinduet og ville inn. Eg lest som eg ikkje såg han, men så måtte eg få meg litt mat, og då hadde han funne vegen inn i kjellaren og stod og skrapa på kjellardøra, så eg opna og let han kome inn. Han plaga meg ikkje, etter ein tur i matskåla forsvann han på loftet og eg har ikkje sett han sidan.

Maten vart av det enkle slaget. Vi diskuterte det litt, Reidun og eg. Min tanke var at ho kunne lage ein slik boks med middag som eg bruka å ha med meg til Setesdal då eg jobba, og så kunne eg varme den opp i mikrobølgeomnen. Men ho meinte at eg nok bare kom til å ete brødmat i dag, så eg fekk nøye meg med det. Men eg laga meg eit godt ostesmørbrød og eit par vanlege skiver brød. Og så var det nokre bær i kjøleskapet. Dei er ikkje der lenger.

 

Variert dag

Dagen i dag vart meir variert enn mange for ein pensjonist. Alt i føremiddag hadde eg ein god samtale med Torbjørn Greipsland om ein artikkel han har skrive og som han vonar skal få spalteplass i Fædrelandsvennen og sidan på Setesdalswiki.

Så vart det ein tidleg lunsj, for Reidun skulle ha kvinneforening klokka 12 og då var det best for meg å vere ute av syne. Lunsjen var god og då kvinneforeninga var ute av syne, vanka det både påsmurde rundstykke og kake. Ettersom det var Helge sin bursdag i dag, vart det endåtil to sortar kake, først restar av kaka frå kvinneforeninga og så nybakt eplekake til å feire bursdag med.

Mellom dette fekk eg med meg litt snooker på tv og måtte sjå at den spelaren som har gitt meg og mange andre mange gleder med spelet sitt, Ronnie O’Sullivan, bli slått ut av turneringa. Etter det nytta eg høvet til å skrive inn siste avisa på Setesdalswiki.

Kvelden gjekk med å vente på at Margunn og Stein skulle kome, dei skal også til Sola i morgon for å feire Sigurd Sola sin 80-årsdag. Den er blitt utsett frå i vår, og så er den lagd til i morgon, som er kona hans sin fødselsdag, så det blir vel ein slags dobbelfeiring, tippar eg. Sjølv har eg sagt nei til å dra på den turen, men dei andre i huset reiser, så eg får ein stille ettermiddag og kveld i morgon og slett ikkje så variert som i dag. Det skal nok gå fint, det også.

Hald ut

Valle er visst den einaste av kommunane i Setesdal som ikkje har folk som har blitt koronasmitta, etter det eg fekk med meg frå programmet i Valle Radio i kveld. Solveig Kyrvestad, som er einingsleiar for open omsorg og styrar på Valle bygdeheim, var i studio.

Men dei har ikkje unngått karantene, 17 av 60 tilsette var i karantene ein periode, det var krevjande å få turnusplanar til å gå i hop under slike tilhøve. Framleis har ein besøkslister, dei blir makulerte etter to veker, men folk kan kome på besøk på heimen som før. Best er det når dei ringer på førehand.

Men Solveig håpte at erfaringane frå koronatide kunne førast vidare i det minste på eitt område. Som leiar hadde ho mykje reising, men det var sterkt redusert, no nytta dei mykje meir digital kommunikasjon og det var eit gode. -Det er vanskeleg for folk frå kysten å stille på møte i Valle klokka 08, det skjer vel ikkje, men vi har ofte møter ved kysten som startar så tidleg og reiser på morgonen, sa ho.

Det kunne nok verke som om det var lenger frå byen til Valle enn omvendt, men vegane er blitt mykje betre, så det er noko som er godt for både liv og helse.

På heimen er det i dag 15 langtidsplassar og 5 korttidsplassar. Det gir betre kapasitet på rom. I tillegg kjem omsogsbustader av ulike typar, så ein har god dekning i høve til det som trengs, meinte ho..

I kveld hadde Siri også besøk av Astri Rysstad og Olav Mandt. Dei fortalde om Kari Margrethe Okstad og Magnhild Bjørnarå, som begge hadde sett store spor etter seg i Setesdal. Kari var æresmedlem i Setesdal spelemannslag og i mange andre samanhengar der ho la ned ein stor innstas. Magnhild var sterkt involvert i idrettsmiljøet i Bykle, der ho var pådrivar for turar og særleg toppturar.  Magnhild var også ein stor entusiast for Bykle Radio og hadde alltid opptakaren med seg når ho var ute på sine mange reiser.

Og pandemien er ikkje over, så det gjeld å halde ut og fullføre løpet slik at smitten ikkje får ta overhand og ta både liv og helse frå folk.

 

Om Setesdalswiki og programma i Valle radio, som sender tysdag og onsdag kvar veke.