Litt statistikk

Eg har sett på statistikken for bloggen så langt. Her er resultata:

Nov 2005 Des Pr. 14. jan
Viste
sider 6714 432 219
Besøk 166 248 167

Sidevisingar
Når eg seier i sendinga og andre stader at det er over sju tusen sidevisningar, så stemmer jo det, teljaren syner 7365 pr i dag. Problemet er bare at det var over 6700 i november, den månaden det var færrast besøk. Statistikken syner at 9. november var det 1325 sidevisingar på elleve besøk, 21. november var det 1934 på fem besøk, det betyr at kvar gjest hadde nesten 400 sidevisningar. Eg trur nok teljaren har gått varm dei dagane.

Besøk
Difor er det nok meir realistisk å vurdere besøkstala, eventuelt å kutte ut november på visingstatistikken. Då syner det seg at 166 besøk i november auka til 248 i desember. Dei 14 fyrste dagane i det nye året har vi hatt like mange besøk som i heile november månad. Det skulle då vere mogleg å auke besøkstalet i januar i høve til desember. Kom innom bloggen ofte, så kan det skje.

Konkurranse på bloggen
Ein måte å auke besøkstalet kan vere å ha ein konkurranse på bloggen. Då eg la ut 10 stev der folk skulle finne ut kva reisemål eg hadde tenkt på i steva, auka sidevisningstalet, sjølv om besøkstalet ikke auka.

SV er sidevisning, B er besøk
Dato SV B
14.01. 18 14
13.01. 35 14
12.01. 15 13
11.01. 07 07

Send ein mail til meg med idear til bloggen eller program i Valle radio. Adressa er harhaugl@online.no

Harald

10 stev

Til konkurranse i Valle radio fredag 13. januar 2006
Laga av Harald Haugland
Framført av Torhild Jåvold

1.
Her er ruinar og katakomber
og mykje folk kjem hit i desember.
Her er ei kyrkje, heilt kolossal
med plass til alle i Setesdal.
Løysing: Roma
Løyst av Ingebjørg Vegestog Homme

2.
Her er det fangar i raude dressar,
dei er symbol som oss ofte stressar.
Hit reiser Jan med engasjement,
å gje bort gåver er hjartetrang.
Løysing: Cuba
Løyst av Anne Lise Harstad

3.
Her døydde Mozart, her lever songen,
du får ‘kje alt med deg fyrste gongen.
Men oljeprisen blir fastlagt her,
ein viktig by jo då dette er.
Løysing: Wien
Løyst av Torleif Harstad

4.
Dei spelar golf der i desse dagar,
eg trur dei neppe på premien klagar.
Dei helsar deg med eit aloha,
når du er der, kan du ha det bra.
Løysing: Hawaii
Løyst av Ole Morten Egeland

5.
Hit kan du reise og sjå på stutar,
her fotballdommar mot Beckham tutar.
Ein tur i Prado gjev ro og fred,
då vakker kunst kan ditt hjarte gle’.
Løysing: Madrid
Løyst av Anne Rakel Brokke

6.
Om du vil finne ein Golden Gate,
til denne byen du må deg leite,
er kjent for hippies og Alcatraz
og homofile og «cable cars».
Løysing: San Francisco
Løyst av Tor D. Lunden

7.
I denne by finst da Vinci-koden
for dei som kjenner rett til metoden.
Gå opp Montmartre til Sacre Coeur,
ta Eiffel-heisen om du det tør.
Løysing: Paris
Løyst av Torleiv Harstad

8.
Ein helgenskare på denne brua
skal hjelpe oss å bevare trua.
I byen finn du eit særmerkt ur
som du må sjå når du er på tur.
Løysing: Praha
Løyst av Tor D. Lunden

9.
Hit kan du reise for kunst og fotball,
her er ei gate som heter Whitehall,
og du kan shoppe i Oxford Street
og under jorda dra hit og dit.
Løysing: London
Løyst av Roald Hallaråker

10.
I dette landet er kunst å finne,
i terrakotta – historisk minne.
Frå månen kan du sjå landets mur,
til dette landet du må på tur.
Løysing: Kina
Løyst av Torleiv Harstad

Ved loddtrekning mellom alle som løyste oppgåvene, vart det Tor D. Lunden som fekk premien, eit armbåndsur.

Takk til Torhild Jåvold som kvad for oss.

Fredag 13. januar 2006

Fredag 13. januar i Valle radio

Ansvarleg: Harald Haugland

Program
18:00 Nyhetstimen
19:00 Kommunen informerer. Driftssjef Ingvar Nes
19:30 Tankar frå Bibelen. Bjørgulv T. Berg og Sissa Ringstad
20:00 Aviser og musikk. BTB og HH
21:00 Open sending. Harald Haugland og Karin Bøe

Fredag klokka 13 legg vi ut på bloggen ti stev til reisemål i vintermørke. Finn reisemålet og ring inn svaret på 379 37578 frå klokka 20. Vi vil også presentere steva i sendinga. Bloggen finn du på www.valleradio.blogs.no

Bach møter Buxtehude

Også dette programmet er inspirert av artikkelen «En musikkhistorisk vandring» av Ove Kr. Sundberg, sjå http://www.aftenposten.no/meninger/kronikker/article1125859.ece

Bach vart verande i Lübeck i fire månader i staden for fire veker, og Abendmusik-arrangementa i 1705 var svært innhaldsrike. I kveldens program høyrde vi

1.
Sicut Moses. Kantate for orkester og solist av Dietrich Buxtehude
http://tinyurl.com/9gxo2

Aradia Ensemble frå Toronto under leiing av Kevin Mallon med sopranen Katherine Hill som solist,
basert på teksten frå Joh.3:

14 Og slik Moses lyfte opp ormen i øydemarka, slik må Menneskesonen lyftast opp, 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv.

2.
Passacaglia i d-moll, BuxWV 161 med Wolfgang Rubsahm på orgelet i Colmar

3.
Passacaglia i d-moll, BuxWV 161 med Aradia Ensemble. Sjå platereferanse over.

Her fekk vi høyre denne passacaglia, som opprinneleg er skriven for orgel i ein versjon for kammerorkester til slutt. Då kan det høve å henvise til innleiinga i ei forelesning Stig Wernø Holter hadde over temaet: Finnes det en kristen musikk?
Sjå http://home.hib.no/ansatte/tto/KREL-web/TT/SWHolter.htm

Harald

Dagens Mozart 1

1. sats frå Requiem K626. BBC symfoniorkester og kor. Solist Kate Royal.
Denne plata fylgde med BBC Music Magazine for januar 2006. Du kan ennå finne bladet i Narvesen (pris kr. 103).
http://www.bbcmusicmagazine.com/currentIssue.asp

Her finn du og informasjon om plata.
http://www.bbcmusicmagazine.com/covercd.asp

Meir om korleisverket vart til finn du her
http://www.mozartproject.org/compositions/k_626__.html

Og her er teksten i første sats:
http://www.good-music-guide.com/reviews/055lyrics.htm#Requiem

Introitus
Requiem aeternam dona ets, Domine,
et lux perpetua luceat ets.
Te decet hymnus, Deus, in Sion,
et tibi reddetur votum in Jerusalem.
Exaudi orationem meam,
ad te omnis caro veniet.
Requiem aeternam dona ets, Domine,
et lux perpetua luceat ets.

På engelsk:
Grant them eternal rest, O Lord,
and may perpetual light shine on them.
Thou, O God, art praised in Sion,
and unto Thee shall the vow
be performed in Jerusalem.
Hear my prayer, unto Thee shall all flesh come.
Grant them eternal rest, 0 Lord,
and may perpetual light shine on them.

Omsett til norsk blir det:
Gje dei evig fred, o Herre
og la evig lys skine på dei.
Du, o Gud, er prisa på Sion,
og til deg skal løftet bli fullført i Jerusalem.
Høyr mi bøn, til Deg skal all skapning kome.

Bokaktuelt 1 2006 Ibsen-året

Då det er Ibsenår i år, 100 år sidan han døydde, var det naturleg å starte sesongen med å snakke med biblioteksjef Lisbeth D. Homme om Ibsen i Valle folkebibliotek. Ho kunne fortelje at dei har Ibsens samlede verk i minst ei utgåve.

Mange av skodespela finst på CD: Et dukkehjem, Fru Inger til Østråt, John Gabriel Borkman, Peer Gynt, Rosmersholm, Terje Vigen, Hedda Gabler, De unges forbund og Samfundets støtter. Det er høyrespel frå Radioteateret.

På biblioteket kan du og finne ein film basert på skodespela hans, Vildanden frå 1963 og ein annan film, Udødelige Ibsen frå 2000.

Det er også biografiar der, Robert Fergusons Mellom evne og higen og Stein Erik Lundes Biografien om Henrik Ibsen: alt eller intet.

To essay-samlingar står og i hyllene på biblioteket. Georg Johannesen skreiv i 2003 Nytt om Ibsen og andre essays, Eldrid Lunden kom året etter med Kvifor måtte Nora gå? Nye essays og andre tekstar.

Endeleg kan vi nemne ei bok av Henry Notaker, Til bords med Ibsen.

I ein artikkel frå NTB stod det at han ikkje likte kjøttkaker, men ryper hadde han sans for. Der stod det også at det er planlagt 4000 program over heile verda i 2006 og at Kong Harald skal vere til stades under opninga av Ibsen-året laurdag 14. januar i Oslo.

Alt dette snakka vi om på dei 12 minutta samtalen med Lisbeth tok, og så fekk vi høyre eit kutt frå høyrespelet Rosmersholm til slutt.

Du kan sjølv søke etter bøker av og om Ibsen i samlinga til Valle bibliotek. Gå inn på denne sida:
http://www.valle.kommune.no/bibliotek/

Harald

Gospel Country 1 med Bjørgulv T. Berg

Då eg ringde til Bjørgulv og spurde om vi skulle lage Gospel Country att, var han med på notene med ein gong. Eg spurde han om han hadde «Precious Lord, take my hand», songen som gospelmusikken sin grunnleggjar Thomas A. Dorsey hadde skrive. -Ja, minst ein versjon, svara Bjørgulv. (Her er link til ei side om Dorsey: http://www.southernmusic.net/thomasdorsey.htm )

Grunnen til at eg ville ha denne songen, var at kyrkja som Dorsey var music minister i frå 1932 til 1978, Pilgrim Baptist Church i Bronzeville i Chicago, brann ned sist fredag. Sjå info om brannen her: http://www.cbsnews.com/stories/2006/01/06/national/main1185540.shtml

Her er spelelista:
1.
Be thou my vision
spelt på gitar av ein gitarist Bjørgulv hadde treft då han var i London før jol. Vedkomande sat og spela utanfor Covent Garden, og Bjørgulv vart fascinert både av å sjå teknikken og å høyre denne irske salmetonen «Deg å få skode» (Salmeboka 479).
2.
Precious Lord – Elvis Presley
Songen finst på nesten alle Elvis sine plater med Gospelmusikk. Han syng den uvanleg kjenslevart.
http://tinyurl.com/cjzu4 Her finn du teksten.
3.
Precious Lord – Bill Gaither
Denne finst på plata Homecoming 2002 – meir info her: http://www.mojosounds.com/music/musicItemPage.php/inv_id=147400

4.
Just a closer walk with Thee
Denne var det Patsy Cline som song. Songen var henta frå ein boks med to plater.
Teksten er her i Cyberhymnal: http://www.cyberhymnal.org/htm/j/u/justaclo.htm
Patsy Cline si heimeside finn du her: http://www.patsycline.com/

5.
Walking My Lord Up Calvary Hill
Wilma Lee og Stoney Cooper song denne bluegrassprega gospelsongen. Han døydde i 1977, ho heldt fram med musikken og vart i 2001 nominert til Bluegrass Hall of Fame. (Sjå http://www.spbgma.com/level2/wilmacooper.html ) Her er teksten: http://thesullivanfly.com/lyrics/up_calvary_hill.htm

6.
Take my strings, precious Lord
Då Bjørgulv kom i radioen, låg plata Min steel med Helge Johannesen frå Kristiansand der. Vi vart samde om å avslutte med den, tenkte at med den tittelen fekk vi melodien på steelgitar. Men det gjorde vi ikkje, dette var ein annan komposisjon. Konklusjonen vår var at vi bør kvalitetssikre betre når vi planlegg eit program. 🙂

Harald

Noreaprogram veke 2

Over ein open Bibel
ved pottemakarmeister Rita Åsen.

http://www.norea.no/page.php?mtid=44&elid=963
kan du høyre fleire andaktar av henne.

På KABB sine heimesider er det eit intervju med henne:
http://www.kabb.no/kn-Rita_Aasen_til_KABB-stevne.htm

Der fortel ho at ho har gitt ut sju bøker (diktsamlingar)

1 Du er dyrebar og høyt elsket 2005
2 Han bærer deg 2004 (forteljingar)
3 Min nåde er nok 2002
4 Og hør røsten 1994
5 Deres styrke 1994
6 Gleden i Herren 1994
7 Se lyset 1993
b. Se lyset [lydopptak] 2000

Noreamagasinet
Programleiar Ragnhild Kristine Vartdal stod for desse innslaga:
1. Norea er 50 år og arrangerer predikantkurs for 200 jubileumsmøter.
Ved Håvard Bjørnevik og Jan Gaute Sirevåg

2. Misjon på Madagaskar
Jostein Sæth i samtale med misjonærekteparet Johanne og Bjørn Leinebø. Les meir om dei i eit reisebrev Johanne skreiv til Misjonstidende i 2001:
http://notes.lan-x.no/nms/nms.nsf/URLPrint/DOMO-4XZSGW?OpenDocument

3. Lydarbrev frå radiomisjon
Synnøve Kvervavik Vatne les. Du finn fleire brev her: http://www.norea.no/list.php?mtid=42

4. Kommentaren ved Sølvi Olimb

Møteplassen

Her samtalte Ragnhild Kristine Vartdal med Else Jorunn Wergeland og Rolf Øygarden i Gospelsambandet om prosjekt Hannah. Heimesida til Gospelsambandet er her:
http://www.gospelsambandet.net/index.php?id=2

Prosjekt Hannah finn du her:
http://www.norea.no/page.php?elid=9&mtid=35

Harald

Tysdag 10. januar

Program

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel. Pottemakermeister Rita Åsen held andakt. Tema: Prøvelser
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Gospel Country med Bjørgulv T. Berg
20:00 Bokaktuelt. Ibsenåret 2006. Biblioteksjef Lisbeth D. Homme
20:20 Dagens Mozart: 1. sats frå Requiem K626. BBC symfoniorkester og kor. Solist Kate Royal.
20:30 Postludium. Bach møter Buxtehude.
21:00 Kyrkjebakken

Forviklingar

Måndag kveld 2. januar 2006 var eg tilbake i Valle etter ei stille jole- og nyårshelg med familien i Mandal. Då ringte Ørnulf og lurte på om eg kunne ha sendinga fredag kveld, han var sett opp, men hadde tenkt seg til Oslo for å hjelpe dottera Gunhild med noko, eg lurer på om han sa flytting, men det er eg ikkje sikker på.

I Valle radio hjelper vi kvarandre om vi kan, så eg sa ja, det kunne eg, sjølv om eg til vanleg reiser heim til Mandal fredagane og difor ikkje er så hissig på å vere med på fredagssendingar.

Vi har eit system for å fordele ansvarlege for sendingane som er basert på at sjefen vår, Hallvard, set opp ei liste. Dersom vi skal byte, må vi avtale det direkte.

No hadde ikkje Hallvard sett opp liste, men han skreiv etter sendinga på lisle jolaftan at neste sending skulle vere for heile dalen fredag 6. januar. Det var jo rett, men om du høyrer på lokalradioen når eg skriv dette, vil du nok fort skjøne at det er Evje Radio som er ansvarleg for sendinga. Det stod på ein plan som var laga i haust og som skulle gjelde for heile vinteren.

Så sjølv om eg i tysdagssendinga mi sa at eg hadde planar om å kome att i fredagssendinga 6. januar, så vart det ikkje slik. Etter kvart vart dette avklara med Hallvard, som har teke seg ein Spania-tur på nyåret og ikkje er tilbake før 9. januar. Jørund Georg retta opp informasjonen på heimesidene til Valle radio. Det var likevel ikkje nok, for Bjørgulv T. Berg og Sissa Ringstad kom til radioen fredagskvelden klokka 19:30 og skulle ha Tankar frå Bibelen, men dei kom til stengt dør.

Framleis er det ikkje lagt ut nokon sendeplan for våren, så du må nok bare smørje deg med tolmod til Hallvard kjem heim att og får sett opp lista vår. Eg vil halde fram med tysdagssendingar, men det vil ikkje verte så mange onsdagssendingar i vår. Bykle Radio skal ha sendepause også i vår, og då kjem Valle radio til å ha sendingar nokre fredagar.

Helsing Harald

Om Setesdalswiki og programma i Valle radio, som sender tysdag og onsdag kvar veke.