Aktuell time og Kommunen informerer onsdag 3. mai 2006

Kveldens gjest var **Helene Horverak**, og den fyrste dei ringte til var **Per Emanuelsen**, som var på veg til Bykle for å ha Open kyrkjekjellar i kveld klokka 19.00. Dei snakka og om at biskopen hadde gjeve mykje skryt til diakonen under visitasen i sist veke.

Neste gjest var **Jan Woitacek**, dagleg leiar i Brokke skianlegg. Dei snakka om sesongen som no var ferdig.

**Hege Sandhaug** var neste gjest, ho snakka om Tveitetunstemnet og leikarringen.

Til slutt kom **Arne Tronsen** som er nytilsett rådmannn i Valle. Dei snakka om framtida til Setesdal Regionråd og om ein skal finne ein ny leiar der når han sluttar.

I Kommunen informerer skulle ordførar **Steinar Kyrvestad** kome. Men han dukka ikkje opp, så i staden spelte Theis eit opptak om dialekten vår som Olav Kn. Rike og Olav Åkre hadde laga.

Program onsdag 3. mai

Ansvarleg: Theis Salvesen
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonansvarleg: Torbjørg Hoftuft

18:00 Aktuell time. Helene Horverak er gjest
19:00 Kommunen informerer. Ordføraren kjem i studio
19:30 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
20:00 Min musikk ved Kjetil Carolis Jore
20:30 Annalane til Valle Bygdekvinnelag. Ingebjørg Vegestog les.
21:00 Open sending. Gjest Rønnaug Torvik

Frå bispevisitasen

**Telefonsamtale med biskop Olav Skjævesland**
om det han har vore med på, om bedriftsbesøk og kommunebesøk. Sundag skal det vere visitasgudsteneste i Valle kyrkje, og etter den skal biskopen lese visitasmeldinga. Den vert lagt ut på heimesidene til bispekontoret etterpå.
http://kirken.no/Agder/tekstsider.cfm?id=73354

**Den fyrste song v/ Unni Løvlid**
Her er Unni si heimeside http://www.unni.no/ Ho song denne i kyrkja, men i radioen var den frå plata Vita, som ho gav ut i 2005. Eg har ikkje funne grundig plateomtale på norsk, men på engelsk er det ei flott side her:
http://www.cdroots.com/grcd-lovlid.html

**Bykle kyrkje onsdag kveld**:
Salma Herre Gud, ditt dyre navn og ære og Per Emmanuelsens innlegg om diakoni.

**Jeg har så lun en hytte**
Unni Løvlid syng. Denne er og frå plata Vita.

Kommunen informerer 28. april 2006

Kveldens deltakar i dette programmet var Liv Tanche Larsen. Det var første gongen ho var med i Valle radio i denne rolla. Liv er pedagogisk leiar på avdelinga for born frå 0-3 år i Hylestad barnehage.
http://www.valle.kommune.no/innhald/h_hylestad_barnehage.htm
Ho er også hovudtillitsvald på kommunal sektor i Utdanningsforbundet. http://tinyurl.com/s8ykh

Ho valde å ta opp eit aktuelt tema for barnehagane. I fjor kom det ny lov om barnehagar, no er det kome ny forskrift til rammeplan frå 1. mars 2006. Rammeplanen skal gjelde frå 1. august, så dei arbeider no med å setje seg inn i alt det nye. Her er link til forskrifta:
http://odin.dep.no/filarkiv/274401/rammeplan_(til_Odin).pdf

Liv fortalde om at barnehagane med den nye regjeringa vart flytta frå Familiedepartementet til Utdanningsdepartementet, noko som også speglar seg i vektlegginga i den nye føresegna. Ein legg meir vekt på læring no. Det er kome inn 7 fagområde som skal vere med i den nye barnehagen. Fagområda er:

Kommunikasjon, språk og tekst
Kropp, bevegelse og helse
Kunst, kultur og kreativitet
Etikk, religion og filosofi
Nærmiljø og samfunn
Natur, miljø og teknikk
Antall, rom og form (nytt)

Liv fortalde levande om temaet, og halvtimen i studio gjekk svært fort.

Aktuell time fredag 28. april 2006

18:00 Intro
18:02 Programoversyn. Kveldens gjest Bjug T. Åkre
**Árinn**
18:05 Gangardans på Valle skule i regi av Árinn. Ein elev, Kjetil Lund i 7. klasse, seier sitt. Link til dette finn du her: http://tinyurl.com/jmc7m
18:10 Læraren fortel. Tor Espen Helle i studio.

**Bakkeløp på Hovden**
Han er også leiar i Hylestad Snøscooterklubb og fortel om bakkeløpet på scooter på Hovden sundag 30. april. http://tinyurl.com/qmw2w

**Meir om Árinn**
18:15 Sandsdalsgangar etter Olav Heggland. CD-en Toneflaum med Hallvard Bjørgum spor 18 http://tinyurl.com/efkyx
18:20 Dagleg leiar i Norsk Folkemusikk- og Danselag, Jan Lothe Eriksen om fagseminaret på Bykle hotell om vederlag for tradisjonsmusikk. Her er ein kronikk han har skrive i Dagbladet om dette og omtale av seminaret på Árinn sine sider:
http://www.dagbladet.no/kultur/1998/11/08/139064.html
http://www.arinn.no/nytt-fond-for-tradisjonsberarar.321877-39571.html
18:29 Unni Løvlid: Evig einsam kveld. Spor 24 på CD-en folkemusikk.no nr. 3 Her er link til plata:
http://www.folkogdans.no/folkogdans-no-vol-1-2-og-3.270434-40226.html

**Kirsten Bråten Berg var i audiens på Slottet i dag**
18:30 Telefon til Kirsten, som har vore hjå Kongen i dag og takka for St. Olavs orden (Her er fylkesmannen i Aust-Agder si side om dette, med link til talen han heldt då han overrekte ordenen: http://tinyurl.com/96cjn ). Kirsten fortalde at Kongen mintest med glede besøket i Setesdal, men at dei og hadde felles interesser emner som folkedans, barnebarn og lamming, så tida audiensen varte, gjekk fort.

**Noregs Mållag 100 år**
Ho skal syngje på 100-årsfesten til Noregs Mållag i kveld. (Her er link til Dag og Tid si førehandsmelding om festen:
http://www.dagogtid.no/nyhet.cfm?nyhetid=689 )
18:35 Reven og Nils Fiskar frå plata Min kvedarlund
18:40 Eit stev av Kirsten Her er link til plata:
http://www.mic.musiconline.no/shop/displayAlbum.asp?id=16141
og her er heimesida til Bergsam:
http://www.bergsam.no/index.php?m=sider&m_action=vis&id=2

**Bjug T. Åkre fortel**
18:41 Liv, arbeid og engasjement. Her er link til ein artikkel han skreiv i Tidsskrift for Den norske Legeforening i 2004 – på nynorsk:
http://www.tidsskriftet.no/pls/lts/pa_lt.visSeksjon?vp_SEKS_ID=957166

**Valle IL og handball**
18:55 Handballturnering på Evje. To jenter frå 7. klasse, Kristin og Linn Jeanette skal vere med. Gå til http://www.valle-il.no/ og klikk på knapp til venstre med Håndball

19:00 Sluttkommentar og takk til Bjug Åkre.

Árinn, visitas og vev i Valle radio

Dette stod i Setesdølen 28. april 2006

-I kveld er det siste gongen denne sesongen at Valle radio har fredagssending, fortel Harald Haugland til Setesdølen. Han er ansvarleg for kvelden og lovar at både folkemusikk-festivalen Árinn og bispevisitasen i Valle prestegjeld vil få plass i sendinga. I den aktuelle timen vil Bjug T. Åkre vere gjest. Lækjaren som har hatt arbeidsdagen sin i Kristiansand runda 70 år 16. april har meiningar om både det eine og det hitt, så det kan verte ein interessant time, trur Harald Haugland.

-Ettersom det er bispevisitas har eg funne fram bibelnamn til rebusane i den opne sendinga. Karin Bøe vil vere med i studio, og prost Ole Gunnar Sæbø stikk også innom. Karin Bøe har arbeidd mykje med åkletradisjonen i Setesdal, og 20:30 kjem ho i studio for å fortelje om rugger i rosengang. Det er det første av tre program om dette emnet i Valle radio, dei to neste programma kjem dei fyrste tysdagane i mai.

-Den som frå klokka 18:00 stiller inn på Valle radio (det står Bykle på skjermen om radioen har slik indikator) vil få ein triveleg kveld, lovar Harald Haugland.

Valle radio fredag 28. april 2006

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Kent Vidar Helle
Telefonansvarleg: Anna Rysstad

18:00 Aktuell time med Bjug Åkre som gjest
19:00 Kommunen informerer
19:30 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
20:00 Aktuelt frå bispevisitasen
20:30 Rugger i rosengang. Karin Bøe fortel om ein vevtradisjon i Øvre Setesdal
21:00 Opi sending. Harald Haugland og Karin Bøe testar ut bibelsogekunnskapen i høve visitasen. Prost Ole Gunnar Sæbø er også innom.

Om Setesdalswiki og programma i Valle radio, som sender tysdag og onsdag kvar veke.