Axel Krogh

I programmet Samtale og musikk onsdagskvelden klokka 20.00 hadde eg fått med meg Olav M. Holen til å fortelje om forfattaren Axel Krogh. Det har vore nokre artiklar i Setesdølen om huset han budde i like sør for Langeid, for eigaren, Sigurd Helle, vil selje det til ein kjøpar som vil flytje det til Hovden. Sjå http://www.setesdolen.no/Gamle%20sider%202006/17102006.html

Olav fortalde at det var huset som førte til at han vart interessert i Axel Krogh. Han hadde Sigurd Berg til å restaurere ei bu i Støyledalen for 15 år sidan, og då sa Sigurd at du må sjå på huset til Axel Krogh, då vil du få sjå interessante bygningsdetaljar.

-Så eg stoppa der ein kveld og gjekk bortom. Døra var ikkje låst, så eg gjekk til og med inn, og det slo meg at det var ein spesiell dåm i dei gamle stokkane, nokre av dei er visst heilt på grensa til at dei skulle vore freda. Axel Krogh kjøpte eit par gamle hus og sette saman til dette huset, og her budde han heilt til Sigurd Langeid kjøpte det av han i 1973, fortalde Olav Holen.

Dette møtet med bustaden førte til at han vart interessert i å finne ut meir om forfattaren, og han har fått mykje stoff frå Tarjei Haugen i Valle og Einar Håland i Stavanger. Tarjei hadde teke med nokre tekstar av Axel Krogh i boka Setesdal og setesdølar. Poesi og prosa gjennom 1000 år (1993). Det er utdrag frå romanen Turid Dorge, Oslo 1928.

Tarjei skriv dette i margen: Axel Krogh (1892-1979) kom som gutunge til Setesdal fordi far hans, kunstmålaren Henrik Asor Hansen, arbeidde her i lengre periodar. Etter skilsmissa vart mora buande på Langeid saman med Axel og bror hans. I vaksen alder kjøpte han seg både skog og litt jord og sette seg opp hus, Dorgheim, som enno står der. Somme tider brukte han og etternamnet Fjalkekrone etter det skogstykket han hadde kjøpt. Budde storparten av livet på Langeid. Skreiv 15 bøker – romanar og noveller. I tillegg nokre artiklar og noveller i aviser og blad.

Einar Håland i Stavanger kjende Axel frå då han budde i Spania dei siste åra av livet. Han hadde fleire kassar med stoff som han overlet til Olav, mellom anna mange brev. Olav ser ikkje bort frå at det kan verte ei bok om denne særmerkte forfattaren med tida.

Mellom samtaleøktene spelte vi tradisjonsmusikk, og Olav hadde mykje interessant å fortelje. Axel Krogh var nok spesiell på mange måtar. Han melde seg inn i NS sommaren 1940 og skreiv nokre sterke artiklar i bladet deira. Men om hausten reiste han til Oslo og møtte leiarar i partiet, og etter kvart gjekk det opp for han kva han var med på, så han melde seg ut. I 1946 vart han stilt for retten skulda for landssvik, men han vart heilt frikjend, fekk ikkje bot eingong.

Axel Krogh var sterkt imot kristendommen, så sterkt at han ikkje kunne tenkje seg at han skulle gravleggjast på ein kyrkjegard. Han søkte difor om å verte gravlagt på det skogstykket han hadde kjøpt i Bygland, Fjalkekrone. På den tida måtte ein søkje Kongen om slikt, og han fekk etter kvart innvilga ønsket sitt. Men han døydde i Spania, der han budde dei siste åra av livet sitt. Truleg var det kostnadene med å føre han heim til Setesdal som gjorde at bror hans, som var fruktgrossist i Spania, valde å late han gravleggjast der nede, fortalde Olav M. Holen.

Eg vil kome tilbake med eit nytt innlegg på bloggen der eg skal ta med titlane på bøkene hans.

Premiar 1. november 2006

I Open sending hadde eg planlagt å ha om fjell i Valle, og så ville eg ha med meg fjellklatraren Einar Tveit. Men han køyrer sement, og “det einaste eg veit er at eg ikkje veit kva tid eg er ferdig om kvelden,” sa han til meg då vi snakka saman. Eg vart difor sitjande aleine i studio med rebusane mine.

Til å ta telefonen hadde Jorunn Lund Harstad fått med seg Gudrun Nomeland, og dei tok hand om innringarane på beste måte. Her er fjella som det vart laga rebusar til, med innringarar og premiar:

Nomelandsfjødd – Gyro Trydal – klokke
Løefjødd – Johanna Solheim – Valle Radio-sekk
Svarvarnuten – Bjørg Svaland – Gåve frå Gyro S. Homme
Andenapen – Anne Lise Harstad
Homsfjødd – Anne Liv Mork
Einang – Torjus Homme – Hagereidskap

Kruset vårt vart trekt mellom alle som ringde inn, og det gjekk til Toril Lunden.

Takk til alle som var med i den opne sendinga denne kvelden.

Nyhetstimen 1. november 2006

Denne kvelden fekk vi problem med å kome på lufta. Torleif Soltun Haugen vart helst litt varm i toppen før vi endeleg kom på lufta klokka 18:15. Då hadde han endåtil hatt kontakt med Jørund Georg Jore som var i Kristiansand for å finne ut kva som var problemet.

Fyrste temaet var at gaupa er komen tilbake til Valle. På telefon fortalde Bjørgulv N. Berg at han hadde mist ein vér på Uppstad sist veke. Folk som har peiling på dette hadde slege fast at det var gaupa, mellom anna ut frå bitemerker.

Anna Arneberg, som steller med jord og skog i kommunen, fortalde at dette var fyrste gong ho høyrde om slikt i den tida ho hadde vore i kommunen. I går hadde ho vore innanfor Everdalen for å leite etter to reinsdyrbukkar som var rapportert med horna innfiltrert i kvarandre. Det var ikkje råd å finne dei, så om dei hadde kome laus eller døydd, var ikkje godt å seie.

Deretter var det ein telefon til Torstein Sødal, som er på turne med Inger Lise Rypdal i samband med Aksjon Håp, som skal vere 10. desember. I morgon skal dei vere på Evje, der skal dei syngje saman med eit ungdomskor på Evje. I kveld er dei i Filadelfia, Vennesla. Konserten klokka 19.00 i Evje kyrkje er gratis og Sødal vona at folk frå Øvre Setesdal tok turen ned.

Neste innslag var ein samtale med Trond Støle om ungdomsarbeidet i Valle kommune. Det vil eg kome tilbake til i eit seinare innlegg på bloggen.

Til slutt fekk eg ein prat med Frode Buen om reiselivet i Setesdal. Den vil eg og kome tilbake til på bloggen i eit seinare innlegg.

Gratulerer med dagen

I dag er det eitt år sidan eg oppretta bloggen. På denne tida har det blitt 350 artiklar om laust og fast rundt Valle radio.

63 artiklar fell i gruppa **program**, det vil seie det er oversyn over program som skal vere i radioen. Det er jo nyttig når vi har live streaming over Internett, for då kan folk sjå oversyn over programmet utan å ha Setesdølen.

Dei andre taggane er meir tilfeldige. Eg skulle nok gått gjennom stoffet og sett på taggar, for det er vanskeleg å finne fram i stoffet når det ikkje er tagga, det ser eg jo.

Nesten ein artikkel kvar dag heile året. Dersom du går gjennom stoffet, vil du verte overraska over kor mange tema vi har vore innom i løpet av dette året. Likevel fangar bloggen neppe opp halvparten av alt vi har hatt oppe. Mange sendingar har eg ikkje høyrt, nokre gonger har eg høyrt sendingane utan å skrive om stoffet.

Likevel er det altså blitt nærare 300 artiklar om emne som Valle radio har dekka i løpet av dette året. Setesdølen som avis kan ein ta vare på, kanskje til og med binde inn når årgangen er over. Valle radio kan ein ikkje fange på same måten, dermed er det fort at ein ikkje hugsar det som har vore oppe, sjølv om det bare er gått nokre månader. Bloggen fangar opp litt av det som rører seg i bygda vår og tek vare på det for ettertida.

Det er grunn til å gratulere meg sjølv med dagen i dag.:D

Program 31. oktober og 1. november 2006

Tysdag 31. oktober
Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Til oppmuntring
20:00 Bokaktuelt med Lisbeth D. Homme
20:20 Dagens Mozart
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland: Musikk til Bots- og bededagen og Helgemesse.
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 1. november
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Gudrun Rysstad
Telefon: Jorunn Lund Harstad

18:00 Nyhetstimen
19:00 Kommunen informerer ved økonomiavdelinga
19:30 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
20:00 Samtale og musikk
21:00 Open sending

Program 31. oktober og 1. november 2006

Tysdag 31. oktober
Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Til oppmuntring
20:00 Bokaktuelt med Lisbeth D. Homme
20:20 Dagens Mozart
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland: Musikk til Bots- og bededagen og Helgemesse.
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 1. november
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Gudrun Rysstad
Telefon: Jorunn Lund Harstad

18:00 Nyhetstimen
19:00 Kommunen informerer ved økonomiavdelinga
19:30 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
20:00 Samtale og musikk
21:00 Open sending

Postludium 31. oktober 2006

Det er Niklos som skal ha programmet denne kvelden. Når eg køyrer oppover sundagskvelden, hender det at eg stoppar på Besteland og får programmet. Ideelt sett burde eg då skrive det inn på bloggen, men det har eg som oftast ikkje gjort. I kveld får du det, så kan du førebu deg til det du skal få høyre til tysdag.

**Musikk til Bots- og bededag og Helgemesse**

* Orlando di Lasso (ca 1532 til 1594): Kyrie Eleison
Scola Cantorum Oxford, dirigent Jeremy Summerly
Naxos CD 8.550836

* Dietrich Buxtehude (1637 til 1707): Ach Herr, mich armen Sünder. Orgelkoral (BuxWV 178)
Domorganist Birgitte Ebert på orgelet i Ribe Domkirke
Paula CD 150

* W. A. Mozart (1756 til 1791): Hostias et preces tibi frå Requiem KV 626
RIAS Kammerkor og Berlin Radiosymfoniorkester, dirigent Uwe Gronustay
KK CD NOP 7903 2001

* Johannes Brahms (1833 til 1897): O wie selig seid ihr doch, ihr Frommen frå Elf Choralvorspiele op. 122, nr. 6
Christopher Herrick på orgelet i Truro Cathedral
Hyperion CD CDA 67317

* Bjarne Sløgedal (1927): Variasjonar over den norske folketonen frå Setesdal: Å, hvor salig det skal blive.
Martin Pearson på orgelet i Skien kirke
HAGU CD 0301

346 artiklar

Til no i år har eg skrive 346 artiklar på bloggen. Om fem dagar er det eitt år sidan eg starta skrivinga. Det er blitt ganske mange tastetrykk gjennom det året. Mange tema har eg vore innom, likevel er det bare ei lita avspegling av alle dei emna Valle radio har teke opp i løpet av året. Det er ikkje mogleg å få med seg alt når ein bare skriv på dugnad, truleg hadde det ikkje vore mogleg om ein hadde det som heiltidsjobb heller.

Likevel lurer eg på om eg klarar å skrive fire artiklar kvar dag dei dagane som er att til vi rundar 1. november. Om eg klarar det, vil eg ha skrive i gjennomsnitt ein artikkel kvar dag heile dette året. Vonleg har det vore til glede for lesarane, som har auka i tal no etter kvart. Det er nesten 30 innom kvar dag, og mange dagar i oktober har eg hatt over 100 sidevisningar. Det er no totalt nesten 26 000 sidevisningar på bloggen min, det er eg ikkje misnøgd med.

Alt i alt meiner eg at bloggen har vore eit godt supplement til programma i radioen. Noko av det vi har sendt, har vi kunna fange og få ned på trykk i staden for at det bare skal leggjast ut i eteren og vere til glede for folk der og då. Anna har vore tankar som har kome i samband med programma.

Når eg søkjer med Google og har med Valle i søkeordet, vil det ofte kome tilslag frå sider på bloggen min, for det er mange emne som har vorte med på bloggen. Eg kunne jo likevel ha ynskt at det hadde kome nokre kommentarar til det eg skriv, i alle fall av og til. Men eg skriv uansett. Takk for at du les.

Kort sending

I kveld var det kommunestyremøte, og dei kveldane er det ikkje vanleg sending. Men i kveld kunne ein godt hatt det, for kommunestyremøtet var slutt før klokka 19.00 og det er jo eigentleg bare tilsvarande Nyhetstimen ein vanleg onsdag. Eg hadde ansvaret for teknikken, med god hjelp av Jørund som kopla opp og ordna til. Men lenge vart det ikkje….

Ordtøke på rim – kåseri 24. oktober 2006

Norvald Losnegard er ein forfattar som du truleg ikkje visste om. Han er fødd i 1927 på Stord og er altså tett opp mot 80 år. I 1954 var han utdanna sivilingeniør i kjemi, og etter eit par år som stipendiat ved Institutt for teknisk biokjemi på NTH i Trondheim, fann han vegen attende til Vestlandet. Fyst var han fem år ved Haukeland sjukehus. Frå 1962 var han ved Fiskeridirektoratet i Bergen, og der vart han verande i 30 år, dei siste 17 som sjef for laboratoriet. Han har stått for ganske mange undersøkingar i den samanhengen.

* 1. Losnegard, Norvald – Den kvisten er best som bøyer seg og ikkje brest cop. 2003
* 2. Losnegard, Norvald – Primstaven cop. 1999
* 3. Losnegard, Norvald – Hygienisk standard og kvalitet på frosne fiskeprodukter 1992
* 4. Losnegard, Norvald – Oppdrettstorsk, kvalitet og anvendelse 1987 og 1986
* 5. Losnegard, Norvald – Undersøkelser over tørrfisk 1979
* 6. Losnegard, Norvald – Undersøkelse av ekstraksjonsmidler for bestemmelse av fett 1979

Sjølv om du ikkje visste om Losnegard, har du truleg nytt godt av arbeidet hans, for det gjeld dei fleste former for fiskekvalitet.

Som pensjonist har han gjeve ut Primstaven, ei bok der han samla stoff om gamle merkedagar.. 1. boka kom i 1999, no er ho komen i ei utvida utgåve frå 2006.

Meir interessant er boka om gamle ordtøke. Han har samla 2800 ordtøke og sett dei om til små vers med enderim. Det er blitt ei bok på over 200 sider på Setesdalsforlaget. Begge bøkene kan du kjøpe på Husfliden i Valle, ta gjerne turen innom og skaff deg noko interessant lesestoff.

Det er mange ordtøke å dele med dykk frå denne boka:

Kunst kan ikkje, men tonar kan nå
Inn i den mørkaste krå.

Difor kjem det nokre tonar her no i kveld. Velkommen til Valle radio tysdag 24. oktober 2006.

Før kåseriet spelte eg frå plata **Judith** Sommer i all evighet **Barnetro**, og etterpå var det tonane frå **Der roser aldri dør** som smaug seg inn i den mørkaste krå.

Om Setesdalswiki og programma i Valle radio, som sender tysdag og onsdag kvar veke.