For 50 år sidan

I romjula for 50 år sidan var Signe og Lester Jansen på Liberiaskipet Sun Long. Lester var andrestyrmann, Signe arbeidde truleg i messa. Skipet skulle til Europa, der dei hadde planlagt å gifte seg i sjømannskyrkja i Rotterdam nyårsaftan.

Men det bles sterk storm i Nordsjøen i romjola for 50 år sidan. Sonen Leonhard Jansen fortel at Lester oppdaga at båten hadde sprunge lekk. Førstestyrmannen ville evakuere båten med det same, men Lester meinte dei fekk vente og sjå om det kom hjelp.

Fred Olsen sitt skip Borre kom til hjelp. Dei hadde gått frå England jolaftan i eit stort uver, der mange ville utsetje avgangen, men kapteinen heldt på at dei skulle gå etter ruta. Dermed fekk dei redde 35 menneske frå den visse død i dette sterke uveret. Den siste vart heist ombord bare ein halv time før Sun Long forsvann i havet 100 sjømil sør for Lindesnes fyr.

Borre kom inn til Kleven i Mandal med dei 35 havarerte, så hendinga vart omtalt i avisa Lindesnes i 1956, og så dukka den opp att i Lindesnes 15. desember 2006 under overskrifta Lindesnes for 50 år sidan.

-Bryllaupet måtte utsetjast til mai 1957, fortel Leonhard, som fortel at han vart fødd nokså nøyaktig ni månader etter bryllupet, i februar 1958.

Truleg ligg det her stoff nok til ein artikkel i Jol i Setesdal. Her er det i alle fall presentert på bloggen.

Lisle Joleptdagen

Kveldsansvarleg: Ørnulf Hasla og Bjørgulv T. Berg
Teknisk ansvarleg: Jørund Georg Jore

17:00 Sending frå Valle sentrum med trekning av jolelotteri. Utereporter: Helge Dahle.
18:00 Time med Theis. Samtale med Helene Horverak, Brita Mosdøl og Gro Haatveit Hovet.
19:00 Ørnulf og Bjørgulv i studio.

Telefon 379 37577
Faks 379 37575

Joleferie med noko attåt

No har eg teke joleferie. Eg er tilbake i Valle 2. januar med ny sending. Men lisle jolaftan vert det sending som vanleg ved at ein startar klokka 17 i sentrum, og frå klokka 18 i Radiohuset. Ørnulf og Bjørgulf har ansvaret for den sendinga, som blir den siste sendinga i 2006.

Fredag 22. er det konsert i Valle kyrkje ved ei rekke ungdommar med lokal tilknytning. Gjer vel og gå på konserten og gje dei støtte og deg sjølv ein fin start på jolehøgtida.

I romjula inviterer kommunen unge som er heime på joleferie til eit møte. Lene Dyrkorn leiar samlinga, som onsdag 27. desember klokka 18. Tema er Folkehøgskule i Valle.

Det vert og badmintonturnering i romjola laurdag 30.12. frå kl. 10.00. Turneringa er for alle over 10 år og like mykje for dei “nye” som dei drevne. Påmeldingsfrist er 23.12. Meld deg på til Øyvind (97170382) eller Ralf (97530846). Startkontingent kr. 40,- for dei vaksne (over vg.skule)

2. joledag er det joletrefest i Oveinang, ettter det det kunne sjå på ein plakat i sentrum i dag.

Sjekk ut Setesdølen i morgon for å finne meir om gudstenester i Bykle og Valle i jola.

Eg har så langt klart å skrive kvar dag i desember. Om eg klarar det resten av månaden, vil det vere første månad utan hol i kalenderen. Ein epost til harhaugl@gmail.com med tips er kjærkome.

Pleie og omsorg

Unn Merethe Nordby er pleie- og omsorgssjef i Valle kommune. Den jobben har ho hatt vel eitt år. Ho bur på Breive, så ho har lang køyreveg for å kome på jobb, men trivst i jobben. -Sjølv om det er litt langt, slepp eg å stå i kø, seier ho.

Onsdag 13. desember var ho gjest hos Bjørgulv T. Berg i programmet Kommunen informerer. Det var første gongen ho var i radioen, så ho var litt nervøs. Som pleie- og omsorgssjef er ho oppteken av at brukarane, anten dei får heimebasert omsorg eller får tenester på Valle Alders- og Sjukeheim (VASH) skal oppleve at tenesteytarane samarbeider. -Vi må hugse at vi er her for brukarane våre, sa ho.

Ho skrytte og av situasjonen i Valle, der det er nærleik til brukarane og ikkje lange avstander mellom dei som yter tenestene og brukarane. Elles fortalde ho at det er blitt mykje større krav til dokumentasjon i sjukepleietenesta. På VASH har dei lagt om til datajournal, og omlegginga har teke mykje tid i starten, men etter kvart går det betre, ikkje minst fordi folk hjelper kvarandre.

VASH skal innføre Miljøfyrtårn i 2007, der alle tilsette skal ta ansvar for miljøet. Det gjeld avfall, som skal kjeldesorterast, det gjeld vaskemiddel og det gjeld arbeidsmiljøet.

Jolemøte i kommunestyret

I dag var det jolemøte i kommunestyret. Det starta klokka 18:00 og var slutt klokka 18:50. Det er tradisjon for å ha suppe og lefse på siste møtet før jol, og truleg var det maten som lokka, for det var få representantar som tok ordet i møtet.

I saka om tiltak på budsjettet var det tale om kulturhus i 2007. Den einaste saka under dette punktet var utviding av Storstoga. Her tok Per Kristiansen ordet og meinte at det burde kome inn to ord i slutten av linja om prioritering. Det stod Prioritering av kulturbygg i 2007: Utviding av Storstoga. Han meinte dei to orda i 2007 skulle kome etterpå, eller blir det smør på flesk? spurde han. -Smør på flesk er godt, svara ordførar Steinar Kyrvestad og tok opp forslaget, som vart samrøystes vedteke før representantane kunne benke seg i matstova for suppe og lefse.

Besøkstalet veks

Eg var inne og såg på statistikken på bloggen og kan glede dykk med at talet på lesarar veks. Ved utgangen av november hadde det vore 5.545 besøk på bloggen, og dei hadde tett på 32.000 sidevisningar. I november var det 5.391 sidevisningar frå 1103 gjester.

Så kjem vi til desember. Måndag 18. desember gjekk vi over 500 sidevisningar frå 46 gjester. Dermed kom vi opp i 607 gjester til no i desember, og dei har alt sett på fleire sider enn lesarane gjorde i heile november. Til no har det vore 6.264 sidevisningar i desember. Alt i alt har eg skrie 418 innlegg på bloggen til no frå eg starta bloggen 1. november i fjor.

Det er morosamt når folk les. Takk for at du er innom på bloggen av og til.

Folkemusikkrekruttering

Første innslag i sendinga onsdag 13. desember var ein prat med Sigurd Brokke, som er leiar i Setesdal Spelemannslag. Dei har teke initiativ til eit prosjekt i Bykle, Bygland og Valle for å auke rekrutteringa til folkemusikken. Dei vil få kommunane med på eit prosjekt for til saman 1,8 millionar kroner i form av løn til ein prosjektleiar i tre år, stipend og ulike tilskipingar.

For å prøve å finne økonomi til prosjektet har det vore ei prosjektgruppe i gang. Leiar har vore Monika Antun, og no er arbeidet i gang med ein søknad som skal sendast til Norsk Kulturåd, Rådet for folkemusikk og dans, Aust-Agder fylkeskommune, Setesdal Regionråd og dei tre kommunane. Om alle spelar på lag, kan dei få pengar til å tilsette ein person som skal arbeide mot barnehagar, skular, kulturskular og organisasjonar.

Sigurd meinte at dette ville vere ei viktig satsing. Det er ikkje lett for folkemusikken å hevde seg i vår tid, der det er mange som vil ha merksemd. Difor meinte han at ein må setje inn ekstra kraft for å halde oppe rekrutteringa til folkemusikken.

Dei kom i praten og inn på dialektprosjektet som Sigurd er sterkt engasjert i. Folkemusikk, dialekt og byggetradisjonar er viktige element i den lokale kulturen, og når NRK lagar film der dei ser på dialekten som ein attraksjon, er det ei fjør i hatten til arbeidet ein har gjort med vallemal.no Arbeidet med å lyfte dei andre sidene av den lokale kulturen må halde fram også i åra som kjem.

Munnharpa nr. 32

I posten i dag låg årets siste nummer av Munnharpa, bladet til Norsk Munnharpeforum.
http://www.munnharpe.no/Norsk_Munnharpeforum.html

Bladet har eit omfattande referat av Veronika Søum frå Munnharpefestivalen i Setesdal 22. og 23. september, rikt på biletstoff er det og.

I tillegg er det informasjon om kor ein kan kjøpe den nye doktoravhandlinga om munnharper, Gjermund Kolltveit: Jew’s Harps in European Archaeology.

Du finn og referat frå årsmøtet i Norsk Munnharpeforum. I tillegg er det ein artikkel kalla På innsteg hos Arvid Myre. Endeleg er det minneord om munnharpesepelemannen Rune Åserud og som vanleg ein artikkel av formann Svein Westad. Bladet fortel og at John Melhus vart attvald som medlem i valkomiteen for eit nytt år.

John har vore ein strålande medhjelpar i Valle radio når vi vil ha munnharpeprogram. Etter festivalen har han hatt to program, det siste saman med Sigurd Brokke. Vi kjem tilbake med meir stoff om munnharpe seinare. John har lova å skrive eit lite referat frå desse to programma.

Lisle joleptan

**Jaktar på folk som jobbar i jola**

Sigurd Haugsgjerd skreiv dette på side 14 i Setesdølen fredag 15. desember:
Valle Radio satsar også i år på storsending vesle jolaftan, med utereportar og live-innslag frå innspurten i jolehandelen i Valle sentrum frå klokka 17 til 18. Seinare på kvelden blir det variert og allsidig program frå studio der vertane Ørnulf Hasla og Bjørgulv T. Berg vil ha kontakt med folk som må arbeide i jolehelga.

-Tips oss om nokre av dei som held hjula i sving anten dei no er i Nordsjøen, på kraftstasjonane eller for den saks skuld på alders- og sjukeheimen, seier Ørnulf Hasla. Poenget er at dei har ei viss tilknytning til radioen sitt nedslagsfelt, altså Valle og Bykle eller deler av Bygland.

**Jol på hyttene**
Sendinga vesle joleaftan byr også på innslag frå utereportar som tar pulsen på hyttefolket si joleførebuing. For det er faktisk slik at mange feirar jol på hyttene sine. Også desse er ein stadig meir integrert del av både bygdebiletet og radioen sitt lyargrunnlag.

**Tenk deg om!**
Men for å få fart på telefonane til alle dei valldølar eller hylstringar som er på jobb eller vakt ein eller annan stad i inn- eller utland, så kan du hjelpe radiovertane med alt no å ringe Ørnulf Hasla på tlf 971 53214 eller Bjørgulv T. Berg på tlf 958 37610.

Valldøar finst det då over heile verda, så det er berre å tenkje seg litt om. Då kan du overraske nokon kvar om du får dei på lufta like etter at det store gratislotteriet og folkevrimmelen i Valle sentrum på vesle joleaftan.

Om Setesdalswiki og programma i Valle radio, som sender tysdag og onsdag kvar veke.