Åsted Norge

Mandagskveldane brukar vi ofte å sjå på Åsted Norge, programmet på TV2 som tek opp aktuelle kriminalsaker og prøver å løyse dei. Vi er glade for at vi ikkje bur sentralt på Austlandet med kort veg til Sverige, for då hadde vi sikkert hatt innbrot i huset vårt også.

Fleire gonger har vi sett at politihelikopteret er godt å ha, der kan politiet ha oversikt over eit stort område og då er det ikkje så lett å røme, og så treng ein heller ikkje lage biljakt på smale og svingete vegar. Slikt er bra og spennande på film eller i bøker, men kanskje ikkje like bra å gjennomføre i realiteten.

Mange gonger blir det peika på at Norge er eit land der det er stor tillit hos folk. Vi trur at dei vi møter respekterer eigedomsrett og oppfører seg som folk. Slik er det jo ikkje alltid, det syner dette programmet. Likevel trur eg at vi ikkje skal tenke at folk flest er tjuvar og kjeltringar. Det er ein styrke i sosial omgang at vi har tillit til kvarandre. Til det motsette er opplevd og erfart, og gjerne endå lenger. Men Åsted Norge er eit interessant program.

Jubileumsskriftet

I går la eg ut prologen til jubileumsfesten for Nomeland bedhus. Tarald Rike laga eit jubileumsskrift som alle som var på festen fekk. Etter det eg veit kan ein hente eit slikt hefte gratis i Valle sparebank og eventuelt gi ei gåve til huset og arbeidet der. Gåve til Nomeland bedehus ved Hylestad bedehuslag (Setesdalsvegen 3433, 4748 Rysstad) kan setjast inn på bankkonto: 2890.20.78837 eller «vippse» gåve med mobilen til nr. 689023.

Her er innhaldslista til heftet:

Innleiing ………………………………………………………………………………………….. 5 Det gamle Nomeland bedehus og skipinga av Hylestad kristelege ungdomslag i 1924 ………………………………….. 9

«Ljosglytt» ………………………………………………………………………………………. 12 Det kristelege livet i Hylestad fram til den andre verdskrigen ………. 18 Aasulv Austad: «Ingen stad eg har kjent meg så kalla og dregen til som Hylestad» …………………. 21

Prosten Peter Blom …………………………………………………………………… 24 «Særleg Hylestad har vore kjært for meg …» ……………………………… 25 Lærebokstrid i 1840-åra og frametter ………………………………………. 27

Ei vakningstid på 1870-80-talet ………………………………………………. 30 Knut Jonson Heddi ……………………… ………………………………………….. 31

Eivind S. Berg ……………………………………………………………………………. 35 Noko nyare tider ………………………………………………………………………… 36 Vekkinga i Hylestad ………………………………………………………………….. 39 Ånund Salvesen Nomeland – særmerkt lærar og forkynnar ……… 42 Framstegslaget …………………………………………………………………………. 43

Lars N. Berg – forstandar og forkynnar ………………………………………. 45 Jon Berg – Kina-misjonær ………………………………………………………………. 49 Gunhild Oppstad vert intervjua ………………………………………………………. 52 Severin Tobiassen – «Setesdalens apostel» …………………………………….. 53 Hylestad Bibellag …………………………………………………………………………….. 56 Årsmøteprotokoll frå 1970 ……………………………………………………………… 57 Årsmøtesaker 1973-81 ……………………………………………………………………. 59 Bjørgulv T. Berg: Ei oversikt over barne- og ungdomsarbeidet i Hylestad i nyare tid …………………. 62

1982: Stor vekking i Hylestad …………………………………………………………. 64 1983. Haustmøte i Misjonssambandet i Nomeland bedehus ………….. 66 Årsmøtesaker 1982-92 …………………………………………………………………… 67 Årsmøtesaker 1993 ………………………………………………………………………… 69 Årsmøte- og styresaker frå 1994 og framover ………………………………. 70 Nomeland bedehus i 2024 ……………………………………………………………… 72 Erik Kjebekk: Minne frå bibeltimar og møte på Nomeland bedehus … 73

Prolog

Det er alt gått ein liten månad sidan dei feira at Nomeland bedehus/ Hylestad bedehuslag var 100 år. Noverande bygning er 50 år, og det var rekordstort frammøte då det vart markert.

-Det hadde ikkje vore plass til ein maur til, sa Bjørgulv T. Berg til meg etterpå.

Eg hadde fått spørsmål om å skrive ein prolog til festen, og det hadde eg sagt ja til. Difor sende han meg Jubileumsskrift 1924-2024 der eg kunne lese litt om historia og om saker rundt kristenlivet i Hylestad i åra som ligg bak oss. Mellom anna handla det om to søstre, Ingebjørg og Sigrid Nomeland, og dei kom med i prologen. Her kan du lese den:

Gratulerer med hundreårsdag

til Hylestad bedehuslag.

Det tek vare på arven de fekk

og skuslar den slett ikkje vekk.

Ingebjørg og Sigrid Nomeland

reiste til Norheimsund.

Inspirasjon dei på Framnes fann

og tok med seg til heimleg grunn.

Dei stifta eit kristeleg ungdomslag

med faste møte og handskriven avis

kalla Ljosglytt med tekstar der nåde

og kristen forkynning får råde.

Laget trong hus, dei vart jo så mange,

og huset vart sett opp på Nomeland.

Der kunne dei vere når møta vart lange,

når sjeler vart sette i brann.

Åra dei gjekk, og tidene skifta.

Etter halvhundre år var det slutt.

Det gamle vart støylsbu og nytt hus kom opp

med matsal i kjellar og møtesal på topp,

eit tenleg hus for store og små,

for mange og få.

Næraste nabo leverer kraft

til lys og varme i heile Agder.

Vi ønskjer at bedehusaktiviteten

kan gje kraft og styrke

i helg og yrke

i bygda vår.

Må bedehuset framleis bli

kraftstasjon

for indre- og ytremisjon,

det vonar vi,

ja, det vonar vi

Omstart

I kveld kjennest det som ein omstart når eg igjen er på bloggen med eit innlegg. Det er blitt ei stund sidan sist. Ei stund hadde eg nye innlegg kvar dag, men det er lenge sidan.

Kan hende skuldast det at det skjer lite i det daglege for denne pensjonisten. Eg burde ha skrive noko for ei veke sidan, for då var Moen-folka frå Lyngdal her, og Odd Håvard var med dei. Det er lenge mellom kvar gong eg ser han.

Men eg kan jo gratulere Geir med Målprisen 2024 for Agder, han skriv nynorsk sjølv om han ser på seg sjølv som bokmålsmann. Han skriv i alle fall nynorsk for det meste når han skriv på Setesdalswiki, og det gjer han jo ofte, det er han som har halde i gang produksjonen der dette året. Han fortener prisen.

Sjølv har eg også blitt meir målmann etter kvart, då eg kom frå Nord-Norge var eg mest på bokmål, men smått om senn har eg skifta.

Så får vi sjå om eg klarer å halde bloggen i gang i november.

Kontakt

I kveld tok eg ein telefon til Øystein Berg i Valle. Vi hang saman som eit gammalt ektepar då vi arbeidde med vaksenopplæring i Valle, men no var det eit halvt år sidan vi hadde snakka saman, så vi hadde mykje å oppdatere kvarandre på.

Med nokre vener er det slik at vi mest kan møtast etter år og ta opp samtalen frå då vi sist møttest, og slik er det med Øystein, vi er på bølgelengde med ein gong. Eg har begynt å tenke meir på at eg skal lage prolog til 100-årsjubileet for Nomeland bedehus. Det skal vere sundag 13. oktober, ein del av kulturveka i år.

Ettersom eg ikkje har vore i Valle noko særleg etter at eg slutta å arbeide der, er eg ikkje lenger så tett på det som skjer, sjølv om eg held Setesdølen og slik blir oppdatert kvar veke. Så vi fekk ein triveleg prat om laust og fast og kva som har skjedd kvar på vår stad i løpet av sommaren. Han såg fram til søskenbarntreff, eg såg tilbake på slektsstevnet på Åpta i sommar. Boka som vart laga til det, er ei kjelde til glede mest kvar dag. Den hjelper oss til å halde oversyn over alle, det er ikkje så lett alltid.

Det er viktig å halde kontakt, at den ikkje tek slutt, for då går energien ut av det vi har saman.

Gildt besøk

Vi snudde kalenderen i dag, september dukka opp, det er altså offisielt haust. Framleis står skogen grøn, men vi anar ein gulare dåm i bjørkelauvet.

Ein gammal ven frå tida i Setesdal kom på besøk. Ove Berrefjord hadde vore her i konfirmasjon og kom innom oss på heimvegen. Eg burde nytta høvet til å skrive om han på Setesdalswiki, men det gjorde eg ikkje, vi bare kosa oss med kaffi og Ole Bulls ostekake og let praten gå. Då eg kom til Setesdal i 1991, var Ove svært aktiv på Nomeland bedehus, så det var jo naturleg å snakke om at det er 100 år sidan det første bedehuset på Nomeland vart bygd og at det 13. oktober skal markerast som ein del av kulturveka 2024.

Ove har budd i Svarstad i mange år no. Ein periode jobba han i Søndagsskoleforbundet, men elles har han arbeidd i kyrkja, og der går han inn i ei ny oppgåve frå i morgon av. Då skulle han først på dataopplæring, noko han var litt skeptisk til, for han likte nok betre å jobbe i møte med folk enn i møte med datamaskinar.

For eigen del har eg hatt helseutfordringar den siste veka og måtte ha eit par netter på sjukehuset i Kristiansand for å få tilpassa pustehjelp om natta, men no fungerer det, så søvnen har vore mykje betre etter at eg kom heim på torsdag. No vonar eg det held seg slik, god nattesøvn gjer dagane betre. For eigen del blir det stille dagar framover, for tida er det Reidun som er mest aktiv med ulike ting lokalt. Kan hende får eg inspirasjon til å skrive litt på Setesdalswiki att, heldigvis skriv Geir noko kvar dag, så eg finn som oftast noko nytt når eg er innom der.

Bursdag på Facebook

I kveld må eg takke for alle helsingane eg har fått på bursdagen min på Facebooksida mi. Reidun las dei opp no i kveld, 170 i talet. Dei kjem frå sør og nord, aust og vest, frå folk eg var saman med i mange år og folk eg aldri har møtt. slik er Facebook eit spesielt venelag.

Veka fram mot bursdagen fortalde meg at det ikkje skulle bli stor feiring. For eg måtte halde senga, ein seigliva hoste med feber gjorde meg så slapp at eg kom til å tenkje på det vi sa då eg var ung: Eg er så slaff at eg kan ikkje knaffe ein knaff.

Søster Solvor og mannen Gaute Rasmussen kunne ikkje kome i dag, men kunne kome fredag. Då måtte vi melde at det var liten vits i å kome , eg heldt framleis senga. Men bror Hermund og Kari Margrete ville kome sundag, det same ville søster Jorunn og Ole Thorvald Moen, så klokka 14 i dag starta feiringa med svinekotelett-middag. Dotter Margunn og mannen hennar Stein var også komne frå Brevik-Sandøya. Dermed vart det mykje prat om slekt og slikt utover dagen, vi hadde jo alle i minne slektsstevnet som eg skreiv om i forrige post på bloggen.

Det var mange som hadde hatt gode ord om slektstevnene vi har hatt, og mange av dei som var med i år, gleda seg til eit nytt stevne neste år, fekk eg høyre. Slike ord er som gåver i seg sjølv. I tillegg fekk eg og Margunn blomeoppsats og takk for jobben vi hadde gjort med boka og stevnet. Den skulle vi hatt på Åpta, men ingen hadde tenkt på slikt då, så no fekk det bli, noko seint, men ikkje mindre godt.

Aktiv sommar

Valle Radio speglar kulturlivet i Setesdal også denne sommaren. Tirsdag 9. juli kan du høyre om Kulturpatruljen, om utstilling på Dale ved Margit Dale og om roverleir for speidarar på Hovden før det skal vere landsleir på Hundvåg i Stavanger. Det siste temaet har ho med seg to speidarar frå Hovden til å snakke om, Erik Rundhovde Mørenskog og Torgeir Helldal.

Det skjer mykje i sommartida, og Siri Johannessen likar å snakke med folk om det som skjer, så ho inviterer gjester til å fortelje om noko av det i programmet ho kallar Timen på tysdagskveldane. Elles er programmet nokså fast med kristen sang og musikk og Postludium. 9. juli har ho med seg organisten Magne Orvik, vonleg får eg høve til å høyre litt.

Som eg skreiv i går, denne helga hadde vi slektstreff. Dermed vart sommaren meir aktiv for meg enn dagane elles brukar vere, med to turar til Åpta i Farsund for å vere med på arrangementet fredag og laurdag. I dag har eg teke det meir med ro i finveret og kost meg litt med å bla i slektsboka Margunn har laga.

Slektstreff

I går og fredag var eg på slektstreff. Vi var vel om lag 80 av etterkomarane etter Hans Rasmusson Hetland, min morfar, som møttest på Åpta i Farsund. Fredagskvelden hadde vi sangkveld og song dei sangane vi song på folkeskulen, og det var fulltonande sang, vi er ein sangglad familie og kom oss gjennom 15 sangar før kaffitørsten overmanna oss. Det var skikkeleg innever denne kvelden, men kapellet på CampÅpta har både tett tak og god akustikk, og då sangen var slutt, tok praten over.

Laurdag var det sporleik for dei spreke. Då var det blitt utever, sjølv om sola ikkje var med oss i år. Mange tenkte tilbake på første helg i juli i fjor, då vi hadde ei tilsvarande samling og strålande sol heile helga. Så var det lansering av slektsboka Lefser med nok attåt, ei 273 siders bok i A4-format med bilder og informasjon om slekt og liv til deltakarane. Den er basert på Helge si slektgransking, det var jo ein hobby han hadde. Då han døydde, overtok Margunn arbeidet, og det er ho som har laga boka.

Etter presentasjonen av boka, kom både store og små i granskingsmodus, dei ville finne seg sjølv i boka. Så gjekk praten rundt borda fram til det var tid for middag, gryterett med ris, sidan var det kakebord, men ikkje lefser. Planen var å ha konkurransar og anna underhaldning, men praten gjekk så livleg at det vart det ikkje tid til.

Søndag slutta stevnet med gudsteneste ved Gaute Øgreid Rasmusssen. Vi reiste heim laurdagskvelden, fulle av inntrykk og takksame for fellesskap og familie.

Kall og eventyrlyst

Overskrifta på kveldens blogg er undertittel på ei bok Harald Stanghelle skreiv om Kjetil Aano. Då eg las boka for ei tid tilbake, tenkte eg at den mannen har fått tid til mykje, og han må ikkje ha hatt flyskrekk.

Boka er svært lett å lese, dei 157 sidene gjekk unna på ein lang kveld. Ho er delt inn i fleire bolkar med underavsnitt, i det heile er det eit mønster for korleis ein biografi kan skrivast, etter mi meining. Først kjem eit hovudkapittel: Med livet foran seg. Her får vi høyre om korleis han vaks opp som son til Jakob Aano, politikar og lektor som ein periode var lærar i Afrika og som dermed gav sonen perspektiv som ikkje ungar flest fekk.

Spørsmålet om han skulle bli misjonær, vart aktuelt for ein ungdom med ein slik bakgrunn. I alle fall enda han opp som student på Misjonsskulen i Stavanger, der det vart studier i teologi og misjonsfag saman med folk som og meinte at kristendom og sosialisme kunne einast. Så møtte han Marianne Skjortnes, sosialantropolog med oppvekst på Madagaskar. Det vart full klaff, eit par som utfylte kvarandre på mange måtar, finn vi ut når vi les.

Etter to periodar ute og teneste for NMS her i landet, tok Kjetil Aano utfordringa frå biskop Bjørn Bue om å starte Kristent Interkulturelt Arbeid, KIA frå 1988. Men etter eit par år, fekk han spørsmål om å bli redaktør for Misjonstidende, så då vart NMS arbeidsgjevaren hans igjen dei neste seks åra.

Ein teolog blir ikkje arbeidslaus, og då han slutta i NMS, vart Kjetil Aano vikarprest i Stavanger bispedømme. Han hadde teneste i Hinna, og trudde han ville få fast stilling der då den vart lyst ut, men så gjekk den stillingen til ein annan, I staden vart det jobb på bispekontoret. Men frå 2000 og 11 år framover var han igjen i teneste for NMS, no som generalsekretær. Siste tenesta var som prost i Tungenes. Då var han også styreleiar i Kirkens Nødhjelp.

Om Setesdalswiki og programma i Valle radio, som sender tysdag og onsdag kvar veke.