Kategoriarkiv: Ymse

Ny programledar

Denne veka har Sondre Rua Dokken si første sending som ansvarleg programledar for heile onsdagskvelden i Valle Radio. Han har tidlegare hatt musikkprogram, ofte saman med Sigrid Kjetilsdotter Jore, så han er kjent i radioen. Men etter det eg veit, har han altså ikkje hatt kveldsansvar før.

Om du såg på programmet Radiokameratane i går kveld, såg du at det var mange unge som var innom som teknikarar, men det var dei gamle gubbane som heldt oppe programarbeidet. I Valle Radio er det også godt vaksen folk som held oppe programarbeide. Utan Siri Johannessen sin innsats hadde tysdagssendingane ikkje lenger vore på kjøreplanen etter at eg slutta i 2016. Onsdagane er det fleire som deler på oppgåvene, men tysdagane er det Siri som ordnar opp. Her er programmet for tysdagsvkedlen:

Tirsdag 26. januar

Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Programinformasjon

18.15 Over en åpen bibel ved Roald Arnesen fra Norea Mediemisjon

18.30 Olavs musikktime via Norea mediemisjon

19.30 Siris time med bl.a. Sigurd Haugsgjerd fra Setesdølen, Birger Trydal fra Bykle viltnemnd
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken
Då er det bare å gle seg til ein innhaldsrik kveld ved radioen i desse koronatidene.

Radiokameratar

Det var interessant å sjå programmet Radiokameratane på NRK i kveld. For oss som har drive Valle Radio i mange år, var det mykje kjent, men dei hadde sending heile dagen, ikkje bare eit par kveldar i veka.

Dei hadde også mykje meir fokus på pengar enn vi har, noko som ikkje er så unaturleg. Sjølv om folka dreiv på dugnad, dei var alle godt oppe i åra, så kostar nok sendarnettet deira mykje meir enn hos oss, Dei skal dekke heile Søre Sunnmøre, men vi skal bare dekke Øvre Setesdal.

Ånund K. Homme var med i det radioarbeidet før han kom til Valle. Framleis ligg det nok nokre kassettar i studio i Valle med program han laga der. Det var jo helst musikkprogram frå ei svært stor samling plater han hadde samla. Av desse laga han halvtimes program på kassett som kunne spelast når det trongst, og ettersom radioen på Søre Sunnmøre sender heile dagen, kunne dei gjerne trenge ein halvtime med musikk.

Ein titt på heimesida deira syner at dei har mykje stoff frå P7 Kristen riksradio. Dei har også radiobingo, og vi såg kvinner som samla seg på kafe og hadde ein sosial kveld med bingo. Vi har unngått bingo i Valle Radio, takka vere påskesendingane, som har gitt oss dei inntekten vi treng til våre faste utgifter. Eg er ikkje sikker på om det ville vore lurt å starte med bingo, det er neppe særleg interessant å høyre på for den som ikkje har ein bingokupong.

Men det var eit interessant innblikk i korleis andre gjer det.

Når det stormer

Når det stormer er det godt å bu på ein lun plass. På fine solskinnsdagar kan ein nok misunne folk som har sett seg opp hus på ein fjelltopp, men når vinterstormane uler rundt nova, er det ikkje like lysteleg å bu høgt. Så får ein velje mellom dei to, om ein nå kan velje, då.

Som oftast kan ein ikkje det. Økonomi, arbeid og andre tilhøve gjer at ein bur der ein bur. I vårt tilfelle overtok vi barndomsheimen til kona mi. Det er vel ikkje sikkert at våre barn kjem til å overta etter oss, dei har sine plassar alt og vil vel ikkje utan vidare flytte til Mandal når den tid kjem.

Det har kome mykje nedbør i denne stormen også. Av og til såg det mest ut som om rossene stod vannrett utanfor vinduet. Då er det godt å ha eit godt tak over hovudet, og så vidt eg veit, er det ikkje takpanner som har løysna og floge av garde.

Så får ein heller sakne den store utsikten på solskinnsdagane.

Helge Haugland tok dette bildet i dag Det svømmebassenget visste eg ikkje om.

Kan være et bilde av natur og tre

 

Ingen debatt

Det vart ingen debatt i kveldens sending i Valle Radio. Frå kommunen kom Torleif Homme og fortalde mellom anna om arbeidet med  legge kloakkledning frå Øvre Otra sitt anlegg og nedover mot renseanlegget på Rysstad.

I den aktuelle timen hadde Ørnulf Hasla to saker. Først snakka han med Bjørn Erling Auestad om drifta av Bergtun. I sommar var det god drift, men sidan har det vore meir sporadisk drift der med både overnatting og servering. Sundagsmiddag kan ein få, men elles er det ope for grupper.  Og så har ein romutleie, og romma har tilgang til internett, tv og gode senger. Det er det reisande folk spør etter.

Han har også engasjert THA Aritekter på Hornnes for å kome med teikningar på korleis Valle Handel kan bli. Før jul var det pop-up-butikk der med elevar frå sylvsmedlinja, og det kan det blir meir av om nokon har trong for det.

Andre delen av den aktuelle timen var ein samtale med Roy Bakke som har teke til som dagleg leiar for Visit Setesdal. Han har ein variert bakgrunn før han kom til Hovden fjellstoge, der han fann det gode livet. Han har vore tilsett i SAS-systemet sine hotell i mange år før han kom til Hovden. No skal han arbeide for å utnytte UNESCO-statusen slik at reiselivet kan tene pengar på statusen, mellom anna. Folk treng turløyper og dei treng sykkelruter for el-sykkel. Det bør kome ei slik rute frå Kristiansand til Hovden, men då treng ein ladestasjonar for elsyklar.

Debatt?

I den aktuelle timen i morgon i onsdagssendinga i Valle Radio har Ørnulf Hasla tidlegare sagt at han vil ha debatt om stenginga av Hylestad kyrkje. I  programmet han sende til avisa står det bare at det blir aktuell time:

19.00-19.30 Tankar frå bibelen med Torfinn Brokke
19.30-20.00 Komm.info med GroÅmlid, teknisk avd.
20.00-21.00 Lokaltimen ansv. Ørnulf Hasla
21.00 Blueskveld med Ronny Stavsholt
Teknikar Torfinn Brokke
Ansvarleg Ørnulf Hasla
Du høyrer Valle radio på FM i Valle og Bykle
Høyr og på www.valleradio.com
Følg Valle radio på Facebook og Instagram

Om du vil vite meir om Valle og Hylestad sokn, finn du innkallingar og møtebøker på denne nettsida:

Råd og utval i Valle og Hylestad sokn

Vedtaket om å ikkje ha gudstenester i Hylestad kyrkje vart gjort i mai. I vedtaket står det ikkje noko om andre arrangement, difor har det vore både gravferd og bryllup i kyrkja, det er bare gudstenester som er spesielt nemnde i vedtaket.

 

Politikarhumor

Å tulle med politikar på ein godlynt måte, vil nok dei fleste akseptere, dei er jo opptekne av å kome i rampelyset. Trygve Slagsvold Vedum er for tida kjempepopulær, Senterpartiet har vel knapt hatt så stor oppslutning nokon gong i nyare tid.

I går var det ein som valde å tulle med artiklane om Vedum på svensk og dansk Wikipedia. Eg er administrator og pressekontakt på norsk Wikipedia, så eg fekk ein telefon frå NRK Innlandet om saka. Den ukjende brukaren hadde skrive  at han var joiker i bandet Keiino, og at han «anvender pseudonymet Fred Buljo».

Reporteren ville vite korleis slik kunne skje, og eg måtte fortelje at alle kan skrive på Wikipedia utan å registrere seg. Då ligg bare IP-adressa att som forfattar. Det skjer ganske ofte at skuleelevar tullar når dei har høve til det på skulen, men stort sett så klarar våre mange seriøse brukarar å rydde unna det tullet som kjem. Det er litt vanskelegare når det skjer på andre språkversjonar, for vi fylgjer jo ikkje med på dei slik som vi gjer på den norske.

Så fekk eg tilbakestille den redigeringa i både den danske og den svenske artikkelen. NRK Innlandet laga sak på dette. Den kan du lese her:

Trygve Slagsvold Vedum omtalt som joiker Fred Buljo: – Vi har jo begge litt lite hår

Trygve S Vedum kandidater Sp, stortingsvalget 2013.jpg

Bildet fann eg på Wiipedias artikkel om Vedum.

To politikarstev

Er du politikar og treng eit stev. Her er to forslag:

Til lags åt alle kan ingen vere
eg prøver likevel på å gjere
så godt eg kan i min politikk,
men ofte får eg kun sur kritikk.

Eg er sjølvstendig i politikken,
men høyrer likevel på kritikken.
Eg tek på alvor partiprogram:
Ved neste val vil vi nok gå fram.

Det er 13 politikarar i Valle kommunestyre og Bykle kommunestyre, medan Bygland har 15. Det blir 41 stev til saman. Det blir morosamt å høyre etter kvart som dei vert laga.

Wikipedia 20 år

I dag feira Wikipedia 20 år. Då er det grunn til å gratulerer, for utan wikipedia hadde heller ikkje Setesdalswiki vore til. Inspirert av leksikonet for heile verda starta eg Setesdalswiki for å kunne skrive om lokale tilhøve i regionen der eg jobba i 25 år før eg vart pensjonist i 2016. Den nettsida passerte nyleg 93000 artiklar. Wikiepedia har nesten 550000 artiklar.

Wikipedia hadde endåtil innslag på NRK i dag tidleg, det er blitt leksikonet som alle brukar, også dei som redigerer i Store Norske Leksikon. Wikipedia er spesielt gode på sport og musikk, mellom anna, var det sagt. Store Norske har artiklar av fagfolk, wikipedia har artiklar av kven som helst, men så visst ikkje bare amatørar. Og så har dei kjelder der ein kan finne meir stoff. Det er jo blitt svært viktig i vår tid, der konspirasjonsteoriar fort kan vinne terreng. Med rett  bruk av wikipedia, der ein også vurderer kjeldene, er leksikonet svært truverdig.

Setesdalswiki godtek ikkje bare skriftlege kjelder, men også munnlege, ja til o g med skribenten kan vere kjelde. Det kan vi gjere fordi vi er meir lokale og har kortare veg mellom skribent og lesar. Setesdalswiki har i alle år nytt godt av å kunne bruke Setesdølen som kjelde. Svært mykje stoff er jo basert på avisa, så gjer dei feil, kan feilen bli ført vidare til Setesdalswiki, men det blir nok ganske få feil i eit så lokalt miljø.

Wiipedia vil nok halde på i 20 år til, kor lenge Setesdalwiki held ut, er det nok vanskelegare å spå om.

 

Politikarstev

Inspirert av gårsdagens sending i Valle Radio der eg utfordra ordførar Steinar Kyrvestad til å kvede eit stev, ei utfordring han ikkje tok, kom det ein ide om å utfordre politikarane i dei tre øverste kommunane i Setesdal til å lage seg sitt politikarstev.

Bakgrunnen er at kommunane er på kartet til UNESCO for å ta vare på immateriell kulturarv. Men det er ikkje bare snakk om å ta vare på, men også å bruke den, gjerne på nye måtar.

I stevsamlingane vi finn på nett, til dømes på sida til folkemusikkarkivet, ere det jo flest naturstev. Det er også stev om kjærleik, men ikkje så mange stev om namngjevne folk. Håvard Heddi fekk si vise, men det er i ein annan sjanger.

Ideen er at kvar politikar i dei tre kommunane kan sjølv eller ved hjelp av andre lage seg eit stev. Ørnulf Hasla vil ta ideen vidare og tenkjer at steva kan kvedast i Valle Radio, Om politikarane ikkje vil dikte sjølv, kan dei få hjelp av ein god hjelpar. Eg vil gjerne vere ein av desse gode hjelparane.

Her er eit stev om Valle:

Du vene Valle med fjødda håge,
der hev eg tura med guta kåte.
Du vene Valle med fjødd i kring
der hev eg sulla med guten min.

Sending frå Mandal

Det er ikkje heilt enkelt å få til sending i Valle Radio frå Mandal, i alle fall ikkje om ein har ambisjonar om at eg skal sjå teknikaren min. Dette klarte vi ikkje denne gongen heller, så eg og Liv Gunn Viki måtte famle litt i blinde når det gjaldt kva tid ho hadde klar neste gjest på telefonen. Men i det store og heile klarte vi det bra, i alle fall slik eg vurderer det.

Det starta med at Torleif Harstad hadde Tankar frå Bibelen. I kveld las han ei bøn frå ei gamal postill som mormor hans hadde brukt. Diverre fekk eg ikkje med meg namnet på boka.

Så var det Kommunen informerer med Steinar Kyrvestad i studio. Også han fekk spørsmål om året som gjekk, slik dei andre skulle få, og han var spesielt glad over veksten i hyttebygging i kommunen. Hyttefolket genererer inntekter gjennom handel og er med på å få hjula til å svive i kommunen, og i år, der folk ikkje fekk kome frå andre land, var inntekter frå hyttefolk og norske turistar svært velkomne. Og så berømma han Valle Radio for innsatsen vi ytte 17. mai då radioen var sterkt medverkande til arrangementet.

I Bykle var vinterferien og påska elendig, kunne Jon Rolf Næss fortelje. Då tenkte folk at det kom til å bli eit elendig år. Men så kom pinsa og etter det gjekk det glimrande, så godt at nokre bedrifter hadde sitt beste år i år og ingen hadde gått konkurs så langt. I 2020 hadde Konsesjonskraftfondet også hatt utfordringar. Ei stund var kraftprisen nede på null i periodar, men også der hadde det retta seg og enda opp positivt, Det kostar 11 øre å produsere ein kilowatt, så dei må ha inntekt over det for at det skal løne seg, og det har ofte vore oppe i 50 øre. No var det 20 øre og han såg lysare på framtida der også.