Kategoriarkiv: Ymse

Nye veier

Vi merkar godt i Mandal at ei ny tid er i emning. Eg trur ikkje det er mange som vil sakne Vatnebakken på vinterføre. No går arbeidet for fullt på strekninga frå kommunegrensa  for å lag ny veg til Mandal.

Slik vil den ta seg ut. Kartet fann eg her: https://www.nyeveier.no/prosjekter/e39-sorvest/

Dei skriv: Nye Veier har ansvar for utbygging av E39 mellom Kristiansand i Agder til Ålgård i Rogaland. Dagens E39-strekning er om lag 200 kilometer. Ny E39 blir trafikksikker, firefelts motorvei med fartsgrense 110 km/t. Motorveien vil i tillegg til reduksjon i antall ulykker gi vesentlig kortere reisetid for brukeren, og knytte Agder og Rogaland tettere sammen som felles bo- og arbeidsmarked.

Det er mykje som skal til for å lage ny veg. Alle som jobbar må ha ein plass å bu, så det er etablert bustadrigg i Kvitmyrveien ved sida av Mandal fengsel og Mandal Bilverksted.

Og så treng dei mykje asfalt. Asfaltverket ligg i nabolaget vårt, i Skjernøyveien.

Kan være et bilde av utendørs

Og her er kartet som syner rundturen:

Kan være et bilde av kart

Hår og ull

Mangt og mykje ein kan lage program om i Valle Radio. Både hår og ull. I kveld hadde Siri fått med seg Ronny Larsson, frisøren på Bygland som alt frå han var 15 år ville bli frisør og som no har flytta heim til Bygland etter mange år borte. Han har vore frisør både i Oslo og i Bygland, men borte bra, heime best.

Så kom turen til ulla. Då var det Olav K. Nomeland som fekk fortelje, og det som han trudde skulle bli ein halvtime, vart fort 40 minutt utan at han merka at tida gjekk. Han skulle vel helst ha vore i sauefjøset, for lamminga starta i kveld, men heldigvis kom han i radioen og gav lyttarane eit levande glimt av heieliv og saueliv.

Olav var bare 12 år første gong han reiste på heia og skulle gjete, så gjennom meir enn femti år har han hatt eit variert og rikt liv i Setesdal Vesthei. Som liten var han med far sin for å kjøre bagasje for folk frå Kristiansand både med kløv og slede. Hyttene som Turistforeninga har i Nomeland Driftehei fekk dei vedlikehald av og proviantkøyring til, så det har vore mange turar med lass langt inn i heia, heilt til Urdevatn og Håhellar, det var vel ein tre timars tur etter det han fortalde.

Olav er også saueklyppar og klypper sauene sine sjølv, så livet hans handlar mykje om sau. Og så snakka han særs fint om hunden som var den beste hjelpa for å halde styr på sauene. Når folka sette seg ned for ein kopp kaffi, sirkla hunden rundt sauene og heldt dei på plass. Ein hund han hadde kunne mest lese tankane hans bare ved å sjå på kroppsspråket.

Jo, både hår og ull kan få liv når ein god forteljar sit bak mikrofonen.

Heieliv og reiseliv

Denne veka vil du få med deg både glimt frå heieliv og reiseliv om du høyrer på Valle Radio. Tysdagskvelden har Siri fått med seg Olav K. Nomeland i studio for å fortelje om heieliv, og onsdagskvelden er det reiselivskveld med fleire aktørar som får ordet. Her er programmet:

Tirsdag 20. april

Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret, tanker om måtehold fra Asbjørn Kvalbein (Norea)

18.15 Over en åpen bibel ved Odd Rannestad (Norea)

18.30 Olavs sangtime ved Olav Lindstølen

19.30 Timen med Ronny Larsson fra Spotlight frisør og heiekaren Olav K. Nomeland
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken
Onsdag 21. april

Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
19.00 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer ved Torunn C. Nyberg
20.00 Reiselivstimen med med Sissel Steffensen (Fjell- og fjordhotellene) og Ann-Torill Briksdal (Hovden Alpin Utvikling), og Tom Roger Øydne (Risdal Touring).
21.00 Musikk med Johs ved Johs Bjørkeli

Arthur Klæbo

I gamle dagar var det ein eminent kåsør i NRK som eg høyrde på med stor glede. Han heitte Arthur Klæbo og var fødd i 1908. 21 år gammal vart han knytt til NRK som redaktør av Programbladet, og etter vart kom han på lufta med både reportasjar og anna stoff.

Ettersom eg likte stilen hans og gjerne såg for meg å kunne kåsere som han, tok eg til å samle på bøkene han ga ut. Kan hende samla eg meir enn eg las, for eg vart nok aldri nokon kåsør, sjølv om eg i mange år hadde høve til det i Valle Radio.

I desse dagar er det vårrydding i bokhyllene mine, og i dag går bøker av Arthur Klæbo mot andre hyller, truleg blir det gjenbruksbutikk eller kan hende i eit telefonkiosk eller eit venterom der folk kan ta med seg ei bok om den fangar interessen.

Her er titlane: Dagar av mitt år, Farlige fjell (2 eks,), Fattigmannsfesten, Fest i vest, God kveld, godtfolk, God kveld – i 40 år, Harpeleiken (2 eks.), Ullstrømper til Afrika og Nye ullstrømper til Afrika, Vinteren varer så lenge,

At eg endåtil hadde to eksemplarar av to titlar tyder på at eg ikkje heilt har hatt oversikt. Uansett, no samlar dei ikkje lenger støv i hyllene her i huset.

Ullstrømper til Afrika

 

Minnenes melodi

I kveld hadde vi ei minnereise basert på bilder Helge hadde scanna. Vi har ikkje vore systematiske i å legge bilder inn i album, så det vart ei litt hulter-til-bulter-reise, men det kan ein gjere når det bare er minnereiser og ein ikkje skal flytte seg fysisk.

Før vi fekk digitale kamera, måtte vi jo bruke film, og den måtte framkallast. Då kunne det gå ei stund mellom kvar gong vi tok bilde, og hadde vi kjøpt ein film med 36 bilder, kunne det gå år før alle var tekne og filmen kunne framkallast. Så vart det jo ei desto større overrasking når ein såg kva ein hadde teke bilde av.

Dei bildene vi såg på i kveld, var det far som hadde teke, så der er det situasjonar vi ikkje kjende til også, til dømes når dei var på turar etter at vi var vaksne og hadde flytta for oss sjølve. Men mange var frå besøk hos familie eller venner, og der kunne vi jo kjenne folk.

Det er viktig å ta vare på bilder, sjølv om vi ikkje kjenner alle som er på dei, kan andre sjå og kjenne. Det ser vi til dømes når det blir sendt inn bilde til ei avis med spørsmål om hjelp til å finne ut kven som er fotografert. Då vil ein ofte få hjelp av andre avislesarar.

Under ser du eit slikt bilde. Det er truleg frå ein fødselsdag . Det er teke heime i stova vår på Ålgård og eg har kontroll på namna på tre av personane. Frå venstre sit Ola Hetland, Henrik Haugland og Torger Brekken . Men kven er den siste? Det lurer eg på. Kan hende er det ein som les bloggen og kjenner han att. Då hadde eg vore glad for svar, anten via facebook eller telefon.

Meir enn pandemi

Pandemien lurer bak det meste vi snakkar om. I kveld snakka eg med Aud Sunniva Fuhr i Kommunen informerer, og vi måtte jo innom temaet, men ho var oppteken av andre ting også. Ein kan samlast inntil 10, så kommunestyremøta må vere digitale, men utvalsmøta hadde vore i fysisk form sist veke, Det gjer noko med dynamikken når ein kan møtast fysisk som ein ikkje kan få digitalt.

Svein Inge Olsen har kome med ny bok: Den siste av dei gamle. Den handla om Bjørgulv Myhola, som var oldefar hans. Boka sitt første opplag var alt utseld, det meste var bortbestilt på førehand. Eg fekk vite at det kjem nytt opplag, Du er den første som får vite det, sa han og tenkte ikkje på at alle lyttarane også fekk vite det i sama stunda.

I samtalen med Johs. Bjørkeli om Cuba var nok pandemien det mest tydelege, for han og kona kom frå Cuba den dagen det stengte ned i fjor. Han har reist til Cuba kvart år i 15 år, først på reportasjereise for Fædrelandsvennen, sidan privat, han likar land og folk. Landet er blokkert av Vesten og får ikkje handle med andre enn land som Russland og China, så det er mykje fattigdom på landsbygda. Dei som har dollar, kan kjøpe det meste i dollarbutikkar, men det er jo bare dei rike som har det.

Til slutt snakka eg med Geir Daasvatn om den nye boka hans om Valle, ei vakker bildebok. Han har stoff til fleire bøker, før sommaren kjem boka om Bykle, då har han fullført ein etappe med bøker frå alle fire kommunane. Så undrar eg meg nok på kva neste etappe blir, det snakka han ikkje om no, kan hende får eg vite det seinare.

 

Thor Åmli

Å høyre på Thor Åmli i Valle Radio i kveld var ein fest. Eg måtte ringe til han etter sendinga og takke for programmet. Han var så sprudlande og positiv og fortalde både levande og kjenslevart om både oppturar og nedturar i livet.

Ikkje mange menn arbeider i barnehage, Thor arbeider no saman med 11 kvinner og 3 menn i barnehagen i Kristiansand, men fortalde at på landsbasis er det 90% kvinner. Akkurat som det er godt å ha kvinner på typiske mannsarbeidsplassar, dei gjer noko med miljøet, er det å ha menn på typiske kvinnearbeidsplassar.

Thor har slutta å vere klatrestativ, fortalde han. Då han arbeidde i Hylestad barnehage, før han hadde teke utdanninga si, var han det, og då måtte han legge seg ned og kvile etter arbeidsdagen. Det var slitsamt. Men leike, det likar han framleis. Å renne ned bakkane frå Berg i Valle er framleis ei stor glede, akkurat som det var å ake då han sjølv gjekk i barnehagen i Tosong to dagar i veka då han var liten.

Og så er naturen viktig for Thor. Han har slutta å ha på høyretelefonar for å hyre ein podcast når han går tur, no høyrer han heller på fuglekvitter og bekkesus, naturen sin musikk egjev ro i sjela og harmoni i sinnet.

Etter det eg skjøna, hadde Siri og Thor planlagt ein halvtime, men timen gjekk og tida flaug fort i godt selskap. Takk for at vi fekk lytte med på ein slik sprudlande samtale.

 

Bokklubb

Eg har vore med i Bokklubben svært lenge og les gjerne gjennom medlemsbladet når det kjem. Men som regel hugsar eg på å avbestile boka, skulle eg fått alle bøkene dei sender ut, ville det knapt vore plass til meg sjølv her heime.

Sist gong gløymde eg å seie nei takk, og dermed er ei bok på veg i posten til meg no. Eg slo opp for å sjå kva bok det var og måtte nok erkjenne at eg ikkje hadde tenkt å bestille den, så no blir det ei overrasking kva som kjem og om ho er så bra som reklamen seier.

Men bøker er fint for å kunne leve seg inn i liv som kunne vore levd og å lære om både nye miljø og stader. Difor held dei stand, også i ei tid der det meste skjer elektronisk. Bøker gjev ei anna leseoppleving.

Så får det våge seg at det av og til kjem ei bok for mykje frå bokklubben.

Norsk kvinnelitteraturhistorie

Blant mange bøker eg har fått med meg opp gjennom åra er også Norsk kvinnelitteraturhistorie. Den er i tre bind med mange forfattarar som skriv og mange som er omtalt.

I dag kom eg til å slå opp i bind 3 og der fall augo mine på ein tekst om Anne Cath. Vestly, og då vart eg fengsla, for eg hugsa jo alle desse ungane ho fortalde om med namn som begynte på M: Morten, Mina, Milly, Mona, Mads, Marte, Martin og Maren, som alle leia kvarandre og Maren, som leia Ovnsrøret, hunden dei hadde.

Det var interessant å få eit litt meir heilskapeleg oversyn over alt ho hadde gjort: 600 radioprogram som har gått i utallege reprisar, 36 bøker som kom i til saman 260 opplag og i 12 utgjevingar i bokklubb vart det mange mange tusen lesarar over heile landet.

Ikkje bare var det mormor og dei åtte ungane i skogen, men det var også drabantbyfolk på Tiriltoppen, der mor var vaktmester, ho sprengde grenser for kva yrke kvinner kunne ha, las eg i boka.

Eg smilte for meg sjølv og spurde Reidun om hu hugsa alle namna på M. -Dei har eg lese mange gonger for ungane, sa ho. Det har kanskje Thor Åmli også. Tysdagskvelden fortel han om det å vere barnehagelærar til Siri i Valle Radio:

Tirsdag 13. april

Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret, tanker om pågangsmot fra Asbjørn Kvalbein (Norea)

18.15 Over en åpen bibel ved Odd Rannestad (Norea)

18.30 Sangtimen

19.30 Timen med Thor Åmli og andre
20.30 Postludium: Orgel + ? med Siri Johannessen

 

Kjelder

Nokre dagar no har eg vore med i ein dugnad på Wikipedia for å finne kjelder til kjeldelause artiklar. Då vi starta 1. april, var det laga lister med kjeldelause biografiar med til saman over 3000. Statistikken seier no at vi har lagt til over 800 kjelder, så det monar.

Det er ikkje mange setesdølar på desse listene, så anten er folk frå Setesdal ikkje på Wikipedia, eller så har eg ikkje kome til dei enno. Eg trur nok det er det første, det er jo difor eg har laga Setesdalswiki.

Wikipedia har eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv, Setesdalswiki har eit regionalt perspektiv. Det er ganske mykje ein kan fange opp og få fram i lyset når ein leitar etter kjelder. Sjølv om mykje finst på Internett, må eg av og til ty til slikt eg kan finne i bøker. For vi trur at vi kan finne alt på google, men det er nok ikkje heilt tilfelle, i alle fall ikkje til no.