Kategoriarkiv: Ymse

Country Gospel 3

Bjørgulv T. Berg kunne ikkje vere med i kveld, han skulle på eit møte. Men eg hadde funne noko musikk basert på melodien It is well with my soul. Her er litt om soga bak songen og teksten:
http://www.livetskilde.org/norsk/11_cd_05.htm
http://www.cyberhymnal.org/htm/i/t/i/itiswell.htm

Eg hadde funne fire versjonar av songen i samlinga til Valle radio:
1. Dwight Yoakam
http://countrymusic.about.com/library/blsohwohrev.htm
2. Oddrun og Odd Dubland
Her er eit intervju med Dubland
http://dagen.no/show_art.cgi?art=3279
3. Mahalia Jackson
Her er ein engelsk biografi
http://www.mp3.com/mahalia-jackson/artists/1949/biography.html
4. Jessy Dixon
http://www.jessydixon.com/

Det er heilt utruleg korleis same songen kan verte fire ulike, svært vakre stykke, prega av den som framfører han.

Noreaprogram veke 4

Over ein open Bibel
Her var det Else Lien Krogedal som hadde andakt. Ho er frivillig medarbeider i Nytt Liv Media i Stavanger. Nåde og tilgjeving er tema denne veka. Du kan ta kontakt med Norea om du ønskjer å få tilsendt kassett eller cd med andaktane. Her finn du kontaktskjema:
http://norea.no/page.php?elid=93&mtid=36&menu=141

Noreamagasinet
1.
Gateevangelisering. Samtale md Hartvig Kloster i Open Air Campaigners. “Vi må øve oss i gateevangelisering.”

2.
Kristen folkehøgskole er eit aktuelt alternativ for 18-åringar. 75% av dei er interesserte i folkehøgskole, men mange er skeptiske til ein kristen folkehøgskole. I tillegg til undervisning har dei morgonsamling, og mange trur at det er press til omvending, men slik er det ikkje. Meir om kristen folkehøgskole og liste over skulane finn du her
http://nkf.folkehogskole.no/nkf/
http://nkf.folkehogskole.no/nkf/index.php?id=16

3.
30 elevar ved Fjellheim Bibelskole i Tromsø skal ha to månader i Bolivia. Dei har fire timar spansk heile hausten, så når dei kjem til Bolivia, kan dei praktisere språket. Då har dei undervisning på føremiddagen og kan gjere kva dei vil ettermiddag og kveld.
http://www.fjellheimbibelskole.com/soramerika.htm

4.
Jacob Hånes hadde kommentaren denne gongen. Han tok for seg retten til å ha ei overtyding og siterte Professoren i teikneserien: “Om ein million menneske har feil, så er det likevel feil.” Her er eit intervju Fædrelandsvennen hadde med Hånes, som er krinssekretær i Misjonssambandet. http://www.fedrelandsvennen.no/livssyn/article334380.ece

Songar som vart nytta:
Gud hva kan jeg gi til deg. Tove og Jan Honningdal
Djube spor. Sigvart Dagsland
Soon and very soon. Andrea Crouch
Elskede, øm og tålmodig. Flekkerøyguttene

Møteplassen
Vi møtte Else Johnsen, som snakka om at det er naturleg med ei utvikling som kristen. Ei husgruppe der ein kan snakke om tru og be for kvarandre kan vere ei god hjelp.
Musikken var Hymne med Anita Skorgan og Colours Everywhere med Deana Carter

Å bli heit i hovudet

I dag var eg tidleg i radioen, eg sat og førebudde meg, men 17:53 tenkte eg at eg får kople opp. Eg fann ei plate med Skruk som eg ville spele i samband med oppkoplinga og ringde nummeret til Bykle radio, slik eg har gjort nokre gonger no.

Så synte det seg at det etter at eg hadde ringt og slått på utstyret i Bykle, var vanskeleg å få connection for miksebordet, “connection failed” kom fleire gonger.

Og klokka gjekk. Utruleg kor fort ho går når noko ikkje fungerer som det skal.

Eg prøvde att, ein gong, to gonger, nei ikkje noko fungerte.

Så ringte eg til Hallvard, men han var oppteken med middagsservering på motellet og ba meg ringe til Jørund. Eg fann han på mobilen, og roleg og tydeleg hjelpte han meg til å starte om att og etter kvart fekk eg kontakt. Men då var klokka 18:20, så eg måtte improvisere litt for å kunne ta inn dei 20 minutta eg hadde mista.

Eg var nok litt heit i hovudet medan det stod på. Om eg fekk nokre lyttarar i kveld, veit eg ikkje. Kan hende dei tenkte at det ikkje vart sending når eg ikkje kom på lufta klokka 18:00. Men eg fullførte i god stil, etter kvart kom eg på tida i høve til programmet.

Så no er eg roleg att 🙂

Harald

Norea Mediemisjon 50 år

Kåseri tysdag 24. januar 2006

Så er me komne til den siste veka av januar. Sist veke var det Noreamøte på Nomeland bedehus, dei feirar 50 årsjubileum i år. Tidene har forandra seg mykje frå Birger Breivik ønskte velkomen til fyrste sendinga frå Tanger på kortbølge til at det i dag er nærare 50 lokalradioar som sender i Noreg, og så er det sendingar på 30 språk over heile verda i tillegg.

Det har og forandra seg i den teknologiske revolusjonen. No vert medarbeidarane som held desse jubileumsmøta utstyrte med PC med Powerpoint og videokanon, og så syner dei informasjonen på lerret. Vi fekk glimt frå radiomisjon til fleire land, og sjølv om teknikken ikkje fungerte heilt – det var første møtet i ein serie på 200 planlagde møte – var det fengslande å sjå den samanhengen vi er med i når vi i Valle lytter til Noreaprogramma, slik vi snart skal gjere att i kveld.

Dagleg leiar Tore Askildsen seier at mediemisjon er minst like viktig i dag som for 50 år sidan. Les intervju med han her:
http://www.norea.no/page.php?mtid=1&elid=1041

Harald

Bokaktuelt med Alfhild Loftesnes

I programmet tirsdag 24. januar kl. 20:00 har eg ein samtale med Alfhild Loftesnes om to bøker som er blitt nulla av Norsk Kulturråd sin innkjøpsordning. Under titlane finn du linkar til omtalar av bøkene.

1.
Memo Darez: Mitt liv uten meg. Aschehoug 2003.

http://www.poeten.no/?pid=5&aID=79876 Av Kjersti Bjørkmo
http://www.dagogtid.no/arkiv/2003/40/bokm3/ Av Nøste Kendzior
http://www.dagbladet.no/kultur/2003/11/03/382482.html Av Inger Bentzrud
http://www.kurdistan.no/Magasin/11/1070885193 Av Marianne Rugkåsa

2.
Vetle Lid Larsen: Himmeltårnet. Tiden 1999.
http://www.nrk.no/nyheter/kultur/1229.html Av Petter Mejlænder
http://www.dagbladet.no/kultur/1999/11/30/184703.html Av Cathrine Krøger Hammerstrøm
http://www.dagbladet.no/kultur/2000/02/03/191093.html NTB-artikkel
http://home.no.net/jugreg/verdt%20a%20lese.html Av Therese Gregersen

Alfhild skal ta mastergrad i norsk og er med i eit forskningsprosjekt leia av Jahn Thon på HIA som ser på litteraturkritikk slik det kjem til uttrykk i nulling av bøker. Nulling vil seie at bøkene ikkje blir kjøpt inn av Norsk Kulturråd og difor ikkje blir sendt til biblioteka som såkalla K-fond-bøker.

Her er ei side som nederst har mange linkar til problemstillinga om nulling:
http://www.pluto.no/doogie/volapuk/litt/E_Eggen/eggensdok.htm

Alfhild vil gjerne kome i kontakt med folk som har lese eller kan tenkje seg å lese desse to bøkene, for ho skal lage ei undersøking om emnet der ho intervjuar folk som har lese desse to bøkene.

Problem

Eg prøvde å logge meg på for å høyre Valle radio på Internett fredag kveld. Men det synte seg at sendinga på nettet var heilt stille. Difor ringde eg til radioen og sa i frå, og ei stund etter ringde Jørund og spurte om eg kunne høyre noko.

Då fekk eg inn sendinga, men med feil på lyden. Truleg var feilen på mitt lydkort, og sjølv om eg på ulike måtar prøvde å finne ut av det, måtte eg gje opp.

Difor fekk eg ikkje høyre sendinga denne fredagskvelden og kunne heller ikkje skrive om det på bloggen. Dersom du som høyrde sendinga vil skrive noko, er det flott. Send epost til meg på harhaugl@online.no, så skal eg leggje det ut på bloggen.

Harald

Fredag 20. januar 2006

Ansvarleg: Ørnulf Hasla
Teknikar: Torhild Sandnes

18:00 Aktuell time.
Rådmann Vidar Homme fortel kvifor han sluttar i Valle kommune.
Valle vidaregåande skule til USA.
Valle Bondelag med kurs i næringsutvikling.

19:00 Kommunen informerer ved leiar i PU Annette B. Svendsen
19:30 Tankar frå Bibelen v/ Torleif B. Harstad
20:00 Johs. Bjørkeli fortel frå tur til Amerika
21:00 Open sending ved Jorunn Lund Harstad

Country Gospel 2

Her var Bjørgulv T. Berg på plass att, han tok ein pause frå brøytinga på Furestøyl og hadde funne fram desse platene:

1.
Arthur “Guitar Boogie” Smith: Gitar Boogie

2.
Ukjent gospel choir: Oh Happy Day av Andrea Crouch

3.
Lynda Randle: I Know Who Holds Tomorrow

4.
John Lee Hooker: Dimples

5.
Anthony Burger: He Touched Me

6.
Hank Williams: Too Many Parties, Too Many Pals.

Ein nydeleg halvtime…

Harald

Postludium – musikk frå tysk renessanse og barokk

I dette programmet hadde Niklos K. Besteland sett saman fem stykke:

1.
Heinrich Scheidemann (1595-1693): Preambulum i C-dur WV 72
Pieter van Dijk spela på orgelet i St. Laurenskyrkja i Alkmaar.
Naxos 8.554202
http://www.naxos.com/cat/554202.htm

Du finn meir om Scheidemann her
http://tinyurl.com/9l9x4

Her er meir om organisten
http://www.schnitger.nl/people/pvd.htm

og om orgelet:
http://www.albany.edu/piporg-l/alkmaar1.html

Bilete av kyrkja og orgelet finn du mellom anna her:
http://tinyurl.com/cjcjd

2.
Hans Leo Hassler (1564-1612): Laetentur coeli
Motett for fire mannsstemmer
Wuppertaler Kurrende, dir. Heinz Rudolf Meier
Gema CD MBC 9603101

Hans Leo Hassler
http://www.hoasm.org/IVE/HasslerHL.html

Her kan du laste ned Laetentur coeli som pdf-fil
http://tinyurl.com/9k4cu

Her er teksten:
Laententur coeli et exultet terra. Commoveatur mare et plenitudo ejus.
Gaudebunt campi et omnia quae in eis sunt. Tunc exultabunt omnia ligna silvarum.
A facia domini quia venit, quoniam venit judicare terram.
Judicabit orbem terrae in aequitate et populor in veritate sua.

Norsk:
11 Himmelen skal gleda seg, jorda skal jubla,
havet og alt som er i det, skal brusa.
12 Marka og alt det ho ber, skal jubla,
kvart tre i skogen skal ropa av fryd.
13 Dei skal ropa for Herren, han som kjem;
han kjem og vil døma jorda.
Han skal døma verda med rettferd
og folka med truskap.

Salme 96:11-13

Koret si heimeside
http://tinyurl.com/78kog

3.
Franz Tunder (1614-1667): Preludium i F-dur
Pamela Ruiter Feenstra på orgelet i Örgryte nya kyrka, Göteborg
LOFT CD LRCD 1048
http://www.ohscatalog.com/munyokoringm.html

Franz Tunder
http://www.hoasm.org/VIF/Tunder.html

Organisten
http://www.emich.edu/music/html/ruiter-feenstra.html

Ein lang artikkel om orgelet (svensk)
http://www.goart.gu.se/gioa/w-12.htm

Bilete av orgelet
http://hem.passagen.se/orgelforum/SVORG/bilder/bilder/nordtysk.jpg

4. Andreas Hammerschmidt (1612-1675) Zion spricht, der Herr hat mich verlassen.
Motett for 5-stemmig kor og generalbass
Wuppertaler Kurrende, dir. Heinz Rudolf Meier
GEMA CD 312.088-144

Her er ein stor artikkel om komponisten
http://www.bach-cantatas.com/Lib/Hammerschmidt.htm

Teksten er frå Jes. 49:
Herren gløymer ikkje Sion
14 Men Sion seier:
«Herren har forlate meg,
min Gud har gløymt meg.»
15 Gløymer vel ei kvinne brystbarnet sitt,
har ho ikkje medkjensle med den son ho fødde?
Og om ei mor kan gløyma,
så gløymer ikkje eg deg.
16 Sjå, eg har teikna deg i mine hender,
dine murar har eg alltid for auga.

5
Matthias Weckmann (ca 1616-1674): Toccata d-moll
Wolfgang Zerer spelar på orgelet i St. Jacobi, Hamburg.
Naxos 8.555850
http://www.naxos.com/cat/553850.htm

Om Weckmann
http://en.wikipedia.org/wiki/Matthias_Weckmann

Om Zerer
http://www.schnitger.nl/people/wz.htm

Om orgelet
http://www.arpschnitger.nl/shamb.html

Niklos har alltid interessante kommentarar i sine program. Om du les desse linkane, får du truleg minst like mykje informasjon som han makta å gje på den korte tida…

Harald