Kategoriarkiv: Ymse

Tysdag 20. juni 2006

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel. Kurt Hjemdal
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Musikk fram mot kommunestyremøtet
20:00 Kommunestyremøte. PS 34/06 Høyringsfråsegn – 420 kV kraftlinje mellom Holen og kysten.
20:20 Dagens Mozart: Klarinettkonsert, 1. sats
20:30 Postludium
21;00 God sommarferie

To konsertar i sommar

Kirsten Bråten Berg ringde til meg i dag. Heimesida hennar finn du her: http://www.bergsam.no
Ho fortalde om to konsertar ho gjerne ville gjere Valle radio merksam på:
**Fredag 21. juli i Valle kyrkje kl. 19.00:**
Beth Kollé frå Seattle kjem med gruppa HARPA. Dei er 8 personar som spelar keltiske harper. Her er heimesida hennar: http://www.bethkolle.com og der finn du også informasjon om platene og om stader dei skal besøke under turen i Noreg.

**Laurdag 29. juli i Samfunnshuset, Hovden**
“Han kan smile med tårer på kinn” er tittelen på konserten der Kirsten tek med seg Ida Lorentsen og Jon Ellingsen som ho var saman med på Tryllefløyta-turneen for å framføre stoff av Svein Hovden. Åsmund Nordstoga skal vere forteljar, og det vert både song og dans. Ein konsert klokka 18.00 og ein konsert klokka 21.00, etter det Kirsten visste no.

Set av dagane og få med deg flotte arrangement i sommar.

Naturen som grunnlag for bygdeutvikling

Dette var tema for programmet i Valle Radio onsdag 15. juni 2006. Gjester i studio var Olav M. Holen og Torjus Uppstad. Vi var innom mange sider av saka. Torjus er dagleg leiar i VaFA, Valle Fiskeadministrasjon, Olav er lege og oppteken av medisinske planter. Garden som Olav kjem frå ligg på botnen av Botsvatn, så når han set garna der inne, fiskar han på eigen grunn, bokstaveleg tala.

Olav tenkjer seg at det kan vere aktuelt å halde vekesopplegg der ein kombinerer natur, tradisjon og kultur for folk som er interesserte i ferie med meining. Her ligg både fiske og vegetasjon naturleg til i eit opplegg. Men det kan også tenkjast at tradisjonsmusikk kan integrerast i opplegget, særleg vil det kunne vere ein fin plass for unge musikarar å presentere seg. Olav har og kontakt med representantar frå land innan EU, så ein ser på om det er råd å utvikle samarbeidsprosjekt som kan få stønad frå både sentralt hald i Noreg og EU.

Torjus er oppteken av at fisketilbodet som grunneigarane rår over, skal generere meir aktivitet og dermed inntekt. Difor arbeider han no med eit prosjekt i samarbeid med Telemarksforskning for å utvikle innlandsfiske i Valle og Bykle til å bli noko som trekkjer turistar til regionen. Når turistane treng guiding og meir informasjon, kan det vere noko som grunneigarar står for. Sjølv om fisket i seg sjølv er gratis, vil aktiviteten som kan kome som ein del av det folk vil betale for å få, gje større inntekt både til lokalsamfunn og grunneigarar.

Det er ikkje lett å summere opp ein liten times samtale med få ord. Men samtalen gjekk etter desse linjene. Harald synte til dokumentet Kartlegging av naturlokalitetar i Bykle og Valle. Det ligg på Internett på adressa http://tinyurl.com/n33co

I samtalen kom ein bare litt inn på den ressursen som dette dokumentet er i ein slik samanhang. Dette kan vere grunnlag for mange program seinare, om ein finn ei form som kan tilrettelegge stoffet for radio.

Onsdag 14. juni 2006 – Nytt og aktuelt

Denne kvelden starta med at eg prøvde å ringe Kent Vidar som var sett opp som teknikar. Han svara telefonen frå London – 10. klasse var på klassetur. Det enda opp med at eg var teknikar sjølv denne kvelden, noko som førte til litt endring i høve til oppsett program. Eg kutta ut open sending klokka 21, i staden sende eg “gamle svisker med Ånund K.” ein halv time, deretter ein time med Country Gospel før eg runda av med ein ny halvtime med “gamle svisker”.

I Nytt og aktuelt var tema knytt til ferie og ferieopplevingar. Første gjesten var **Monika Antun**, pedagogisk konsulent for Setesdalsmuseet. http://www.setesdalsmuseet.no/
Ho fortalde om sommaropplegget, med spesiell vekt på Utstillinga på Hovudbygget, Torvald Moseids “De fire årstider”, som er ny i sommar. Eit 64 meter langt brodert teppe tek store delar av utstillingsarealet. http://www.fvn.no/kulturpuls/kunst/article347100.ece

Neste gjest var **Jon Melhus**, som fortalde om Norsk Munnharpeforums http://www.munnharpe.no/
festival som skal vere i Soknehuset på Rysstad 22. og 23. september. Før det skal det vere internasjonal festival i Amsterdam, Nederland 28.-30. juli. Jon reiser dit saman med Johanna og Gunnar Solheim, så Setesdal er representert også der.

Siste gjest var **Ånund K. Homme**, som fortalde om aktuelle prosjekt på Setesdalsforlaget. http://www.setesdalsforlaget.com/

I **Kommunen informerer** var musikkskolerektor **Per Kristiansen** gjest. Han hadde med seg Sindre på fire år, i Valle radio går det bra, sjølv om Sindre gjerne ville ha meir kjeks i løpet av programmet 🙂 Vi snakka om sommarkonserten i kulturskolen mandag 12. juni, der 75 personar deltok og minst like mange høyrde på. I samband med dette var det naturleg å nemne tilboda som kulturskolen har. Vi snakka og om skuleruta til hausten, (siste skuledag før ferien er onsdag 21. juni, og skulen startar att for elevane 21. august) om Tveitetunstemna 6. august
http://www.valle.kommune.no/innhald/h_nyheter_detalj1.asp?Id_Nyheter=388
og Setesdalskappleiken 4.-5. august.

Siste innslag med dette temaet hadde vi klokka 20. Då kom **Hans Petter Andersen** frå Joker Valle i studio og fortalde om Skattejakta på Sørlandet. Skattkista står i Valle sentrum, men byter plass frå dag til dag. Dette opplegget er blitt svært populært, men det er første gong Valle er med. I år er det også ei Skattkiste på Rygnestad. Til saman er det ni kister i Setesdal. http://www.skattejakt.no/

Klokka 22.30 ringde Tarald Flateland og bad om at me informerte om at torsdag morgon kom vatnet til å vere borte sør for Valle sentrum, då dei skulle reparere ein lekkasje bak Bergtun. Eg kunne formidle dette til lydarane, og sjølv om det var seint, var det folk som fekk det med seg og kunne tappe opp vatn til bruk neste morgon.

Bokaktuelt 13. juni

Samtalen med biblioteksjef Lisbeth D. Homme starta med ferietema. Valle folkebibliotek stenger frå 1. juli til 14. august. Siste opningsdag er torsdag 29. juni. Folk kan no låne for heile sommaren. Nokre gjer det, andre leverer inn.

Bokbyane i Tvedestrand og Fjærland kan vere verd eit besøk i sommar.
http://www.bokbyen.no/
http://www.bokbyen-skagerrak.no/

I Fjærland skal det vere internasjonal bokbyfestival i juni, frå 17.-25.

Lisbeth kunne tenke seg ein tur til København for å sjå det nye biblioteket der, Den sorte diamant.
http://www.kb.dk/kultur/kb-ark/slotsholmen/index.htm

Eg kunne og tenkje meg ein tur til Danmark, og truleg kjem eg til å kjøpe ei bok, medan Lisbeth ikkje kjøper bøker når ho er på ferie.

Ho hadde med seg ei bok denne kvelden: Sande, Jakob Gåsa, katten og hanen. – Oslo : Skald/Blåmann barnebokklubb, 2006 Illustrert av Ingunn Wiken. ISBN 82-7959-060-9
http://www.blamannbok.no/boker/gasakattenhanen.html
http://www.skald.no/utgjevingar/gaasa_katten_og_hanen.html
Gå innom lenkene og finn meir stoff.

Den store klassefesten

Fredag reiste eg Suleskarvegen over fjellet til Ålgård. Det var 25 grader på høgaste fjellet, vel 1050 meter over havet og ganske stor trafikk. Men turen gjekk fint. Den nye vegen i Oltedal gjer at du ganske fort er på veg ut mot den opnare delen av Gjesdal kommune. I alle år har eg opplevd at lyset her ute er annleis, fjella får ein meir pastellfarga let enn nokon annan stad i landet.

Eg skulle på klassefest. Det var 45 år sidan me slutta folkeskulen, og min næraste nabo i oppveksten, Eddie, meinte det var på tide med ein ny fest. Dei hadde hatt fest for å markere 15 og 30 år, så det var naturleg å halde på tradisjonen. Eg var ikkje med på dei fyrste festane, då budde eg i Nord-Noreg. Difor var eg helst noko spent på dette, og hadde det ikkje vore fordi Eddie spora meg opp på telefonen, hadde nok innbydinga gått i gløymeboka utan at eg fekk melde meg på.

Ein halv time før avtalt tid møtte eg opp på Gjesdal Gjestgiveri, tidlegare Ålgård Hotell. Det ligg tvers over elva i høve til Kongeparken, og der skulle festen vere. Alt då hadde eit tital av dei tjue som hadde meldt seg, funne plass på terrassen. Dei strålte om kapp med kveldssola, mange av dei hadde eg ikkje sett sidan eg flytta frå Ålgård for nærare 40 år sidan. Litt hadde dei nok forandra seg, men snart fann eg attkjenningsbrillene og såg at endringane var langt mindre enn ein skulle tru.

I lesesirkelen “Agder les dansk” som vi har her i Valle, har vi i vinter mellom anna lese Hans Scherfigs roman Det forsømte forår. Den handlar og om ein klassefest, men det er ein guteklasse i den gamle latinskolen i København som møtest etter 25 år. Som i den boka vart det på vår fest snakk om lærarane, ein av dei, Einar Nielsen, var forresten med oss. Men sjølvsagt var det mest snakk om oss sjølve, om borna våre og borna deira. Av oss 20 som kom på festen, var visst eg den som hadde flytt lengst. Men son til ei av jentene i klassen hadde gifta seg i Hadsel kyrkje, som eg i 15 år hadde som mi kyrkje, og eg kjende foreldra til brura.

Etter ein nydeleg middag samlast me i eit mindre rom til mimring og kaker, og praten gjekk til langt ut i dei små timane. Eddie hadde funne ei rekke bilete som han synte i PowerPoint. Dei gav eit godt grunnlag for samtale. Eg var imponert over kor godt mange av klassekameratane mine hugsa. Han hadde bilete frå sundagsskule, yngres og fotball, og eg var ikkje mindre imponert over kor mange av oss som hadde delteke i slike aktivitetar. Det verka som om 17.-mai feiringa også var større for år tilbake, men ulike innslag i toga. På Ålgård var det og liten skilnad på feiringa av 1. og 17.-mai, i alle fall for dei som høyrde til Arbeidarpartiet, og på denne som på mange andre industristader var nok det dei fleste. http://no.wikipedia.org/wiki/%C3%85lg%C3%A5rd

På NRK har dei Den store klassefesten som laurdagsunderhaldning. Å møte gamle klassekameratar og høyre litt om kva dei har fått til gjennom dei mange åra me ikkje har hatt kontakt, var både til glede og ettertanke. Mest tydeleg då eg seint på sommarnatta sette kursen mot Mandal var takksemda. Eg starta kåseriet med den songen me song og minnast frå skuletida, Bjørnsons “Og reven lå under birkerot.” http://barne.koordinatoren.com/content/view/54/65/ Eg var takksam for kvelden og for livet.

Bygdeutvikling på mange måtar 2

Onsdag 7. juni 2006 hadde eg tema Bygdeutvikling i Valle radio. Frå klokka 20.00 sende eg eit intervju med Dag Jørund Lønning. Her er ei infoside om han: http://www.tmforskbo.no/medarbeidere/Detalj.asp?id=31

Her er andre del av intervjuet:

HH: De har laga ein rapport for Setesdal Regionråd, “Kva er Setesdal?” Der brukte de dei teknikkane?

DJL: Den rapporten er den tredje av denne typen. Me har gjort tre slike studiar. Det begynte med ein rapport som eg gjorde for nokre år sidan, “Kva er Telemark?” Teknikken her er å gå ut og spørje folk utanfor regionen og spørje kva dei forbind med den aktuelle regionen. Me spurde folk om kva dei forbandt med Telemark. Det som er interessant er at du får veldig klare tilbakemeldingar, og assosiasjonane er ofte veldig positive. Folk, og i byane, har veldig klare idear om ulike regionar, og Setesdal og Telemark er to regionar som har veldig tydelege bilete når det gjeld dette. Folk har tydelege assosiasjonar rundt desse stadene, og det er veldig ofte positive assosiasjonar. Litt av poenget med denne typen studiar er å identifisere sterke regionale symbol. Då er det klart at regionen får eit klart svar tilbake om korleis dei andre oppfattar oss. Då er det ein langt lettare veg å gå i vår tid med merkevarebygging å bygge på dei assosiasjonane som folk alt har enn å bygge opp heilt nye assosiasjonar, noko som krev svært mykje tid og ressursar.

Telemark og Setesdal har eit godt utgangspunkt fordi det er sterke og klare assosiasjonar til regionane, knytt til bestemte tema som ofte har med natur og folkekultur å gjere. Det ein ofte oppfattar som litt gammaldags er i vår globaliserte tidsalder, der meir og meir blir veldig likt, svært ettertrakta.

HH: Det er jo eitt problem når byfolk vil flytte til landsbygda, så er det ikkje så lett å finne ein plass å flytte til.

DJL: Nei, og då har vi jo eit interessant tema, for det er klart at om du fyrst skal flytte frå byen til bygda, så er ikkje eit mål i eit byggefelt det du fyrst ser etter. Då ønskjer du mest mogleg av det som byen ikkje har, og som bygda har, du ønskjer **rom**. Spesielt den strategien med å få nedlagte småbruk på sal har synt seg svært effektiv for å få ny busetnad. Det er over hundre familiar som har flytt til Vest-Telemark, som i seg sjølv er ein svært liten region, prega av mykje fråflytting og nedgang i folketalet. På denne måten flytter ein fokus over på at me ønskjer at folk skal flytt **til**. Du grip fatt i ein ressurs som du faktisk har. Det finst tusenvis av nedlagde småbruk rundt omkring i norske bygder. Byfolk står i kø for å prøve å få fatt i dei. Det er jo heilt meiningslaust at me då ikkje gjer ein innsats for å få dei på sal. Det syner seg effektivt.

Samstundes er det ganske trist rundt om mange plassar at desse bruka bare blir ståande, og det er veldig mange passive eigarar som ikkje gjer noko med dei. Du kan ikkje tvinge folk til å bu på ein slik stad, men har du fyrst ein slik stad, har du ei moralsk forplikting til å halde dei i hevd, men det skjer jo ikkje heller. Veldig mange av desse står bare og fell saman, eigaren må ha det, men skal ikkje noko med det. Det er veldig synd, for her har me eit viktig verkty for å skaffe nye folk til bygda.

HH: Klarte de det her i Telemark?

DJL: Vest-Telemark Næringsutvikling har hatt eit prosjekt på dette i fleire år og dei har hatt stor suksess med det prosjektet. Me har evaluert dette tilflyttingsprosjektet no, og det er klart at mange er opptekne av det. Me laga ein evalueringsrapport for departementet, og den er positiv, det verkar. Men du kan ikkje bare skrive eit lite brev og oppfordre eigarane til å selje. Det er nokon som har gjort det, bare sendt eit brev, men så lett er det ikkje. Folk har ofte eit svært sterk tilhøve til det.

-Send eit brev
-Send gjerne eitt til.
-Ta ein tur og snakk med personen.

Dette er ein mental prosess. Du må få folk til å sjå at med å selje dette bruket, som du ikkje har bruk for, så gjer du ein positiv gjerning for bygda. Det kan føre til at det kjem nye folk her. Det krev arbeid, men det er effektivt.

Onsdag 14. juni

**Siste onsdagssending før ferien**

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Kent Vidar Helle
Telefonvakt: Berit Homme

18:00 Nytt og aktuelt
19:00 Kommunen informerer. Kulturskolerektor Per Kristiansen
19:30 Tankar frå Bibelen
20:00 Naturen som ressurs i Øvre Setesdal. Olav M. Holen og Torjus Uppstad i samtale med Harald Haugland
21:00 Open sending

Tysdag 13. juni 2006

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret med kåseriet “Den store klassefesten”
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Gunnveig Kaarvann fortel frå tur til Aserbadjan
20:00 Bokaktuelt med Lisbeth D. Homme
20:20 Dagens Mozart
20:30 Postludium med Niklos K. Besteland
21:00 Kyrkjebakken

Songen frå Sion

I morgon, laurdag 10. juni klokka 18.00 skal Kviteseid kyrkjekor framføre kantaten Songen frå Sion av Olav Mosdøl og Sigvald Tveid i Kviteseid gamle kyrkje i samband med opninga av Bygdetunet for sommarsesongen. Eg hadde program om dette tysdagskvelden.

Sundag 11. juni vert kantaten framført i Misjonshuset i Kristiansand. Det var eit intervju med Sigval Tveit om kantaten i Fædrelandsvennen i dag på side 28. Den er ikkje lagt ut på fvn.no til nå, men om den blir lagt ut, skal eg prøve å legge linken ut her. Det stod ein annan artikkel om Sigvald Tveit på fvn.no, og den linken får du trøyste deg med inntil vidare…:-)
http://www.fedrelandsvennen.no/kulturpuls/article308676.ece

Og her er ein annan artikkel om han frå Ballade:
http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2005031412142835381551

Her er link til informasjon om Olav Mosdøl:
http://www.tm.fylkesbibl.no/telemarksportalen/mosdol_olav.htm
..og til heimesida hans
http://www.mosdol.no/