Kategoriarkiv: Ymse

I fremmed drakt

Mange bøker har gjennom åra kom i vegen min, ikkje alltid hugsar eg kvifor og korleis. Ei slik bok er I fremmed drakt av Jan Ørnulf Melbostad. Han fortel frå livet som misjonslege i Bhutan, landet han reiste til i 1976.

Livet som misjonær på Riiserbo hospital i fjellandet er eit liv der misjonæren ikkje kan forkynne med ord, men bare gjennom diakonalt arbeid. Men dei kristne som driv sjukehuset får samlast til gudstenester og andaktar og lokale folk kan vere med.

Søstera mi, Solvor og mannen hennar, Gaute Rasmussen, som no er pensjonert prest og bur på på Varhaug, var utsendingar for same organisasjonen, Santalmisjonen, og i går kveld såg vi på gamle bilete som Helge har digitalisert, mellom desse var også nokre frå mor og far sitt besøk i Bangladesh då Solvor var misjonær.

Då var det mor og far som var i framand drakt.

Pinsefest

Etter at eg fekk boka om Pinsebevegelsen i 75, den som eg skreiv om på bloggen i går, høvde det godt å skrive litt om Elim Evje på Setesdalswiki i dag. Nå stod det ikkje så mykje om den i boka eg fekk, men på heimesida til Elim fann eg ein historikk som eg kunne utvide artikkelen med.

Men sjølv om eg leita ei god stund, var det vanskeleg å finne noko om dei folka som var med ved starten, Heller ikkje pastorane og andre leiarar var det lett å finne nok til å lage artiklar om. Truleg skulle eg hatt meir lokalhistorisk litteratur om Evje for å finne det, men det har eg jo ikje. Så vi får sjå om det dukkar opp noko etter kvart. Det er gjerne slik artiklane på Setesdalswiki veks., i rykk og napp når eg finn noko.

Men eg likar best å skrive ut frå ei rød lenke som alt ligg på der, for då blir ikkje artikkelen foreldrelaus. Så eg rotar og leiter og rotar ein gong til for å finne ei høveleg lenke å ta utgangspunkt i.

Dei andre i huset har drive med slektsgransking i dag. Men det gjeld helst slektsgransking her i området, og der er eg blank, eg er jo innflyttar. Heldigvis står det i Bibelen at ein skal ta seg godt av innflyttarar og flyktningar, for ein må hugse at eiga slekt har vore i same situasjonen. Og eg er blitt vel motteken her på Eskeland.

God pinse

 

Spennande bok

I kveld kom Margunn på besøk, og ho hadde med ei bok som var kassert frå Bamble bibliotek. Tittelen på boka var Og Herren virket med,. Boka var 75 års jubileumsskrift for Pinsebevegelsen. Redaktør var Oddvar Nilsen, og boka var stappfull med klypp frå arbeidet i Norge og andre land.

I registeret i boka kunne eg raskt sjå at både Klippen Bykle og Elim Evje var med, og eg kunne utvide artikkelen om Elim Evje med namna på dei som var eldste i menigheten då han vart etablert.

Men dessvere stod det ikkje anna enn første bokstav på fornamnet, så eg kan ikkje utan vidare få artiklar om dei, først må eg finne ut fornamnet. Difor vender eg meg til dykk som les bloggen og lurer på om de kan hjelpe meg med namna. Her er det eg la til i artikkelen på Setesdalswiki:

Menigheten ble etablert 29. juni 1972Herman OrmestadTh. GautestadE. Mykland og F. Gautestad ble valgt til eldste.

Vei i vellinga

Arbeidet med ny E39 vestover frå Kristiansand går så det susar. Etter at eg hadde vore på Hald i Mandal og blitt vaksinert mot korona i dag, stoppa eg på Ime skole og tok eit bilde som eg la ut på Facebook med kommentaren Vei i vellinga.

Nå er jo ikkje norske fjell akkurat noko velling. Det er vel mest gråstein, om ein ikkje er i Iveland og har ei thortveitittgruve med verdas dyraste mineral, slik det stod i Aftenposten i dag. I reportasjen hadde dei endåtil nytta Setesdalswiki som kjelde, etter det Helge fortalde, han har abonnement, men eg fekk bare lese starten på artikkelen, for eg har ikkje abonnement.

Nå har ikkje Setesdalswiki artikkel om mineralet, men om mannen som fekk mineralet oppkalla etter seg, Olaus Thortveit. Han kan du lese om heilt gratis om du trykker på namnet hans.

Men ein må bli imponert over jobben som blir gjort for at vi skal sleppe å stå i milelange køar, kollidere eller kjøre i grøfta på gamle E39 til vinteren når Vatnebakken blir islagd og trailarane ikkje kjem seg opp..

Kan være et bilde av tre, natur og vei

Meir digital feiring

Feiringa av 17. mai i Valle i år, vart sendt på Valle Radio og kunne høyrast over heile verda. Om så skjedde, veit eg ikkje, men her i Mandal fekk eg med meg ein god del av det som skjedde via radioen.

Jørund Georg Jore laga også ein film frå arrangementet. Den er no lagt ut og kan sjåast her: https://vimeo.com/551674952

Også Bykle laga film. Her er lenke til den også: https://www.facebook.com/events/425980918491032/?ref=newsfeed

Kos deg gjerne med å gjenoppleve det som skjedde

 

Heime igjen

17. mai reiste Reidun saman med Rønnaug og familien til Nittedal. Om kvelden vart ho lagd inn på Ullevål sykehus for å ta ein augeoperasjon. Så måtte ho vere over til i dag, då gjekk turen heimover att.

Vel heime fortalde ho frå reisa, det er jo slik at når ein har vore på reise, så har ein alltid noko å fortelje. Eg vart svært imponert over logistikken som skulle til for å få henne vel heim att.

Det var sett opp ein helsebuss frå Ullevål klokka 14. Alle passasjerane var jo registrerte, så bussen kunne dra før tida, for alle var på plass. Det var ein sjåfør og ein bussvert, og på vegen kunne dei få servering. I desse koronatider er det kanskje betre plass enn til vanleg, men det var brei midtgang med plass til rullestol.

Bussen stoppa på avtalte plassar der folk skulle av, og då stod det drosje klar for å kjøre passasjerane til heimeadressa. Vel framme i Mandal var det ein som skulle til Snartemo, så det stod ein drosje og venta på Hollekleiva, og så kjørte bussen Reidun like til døra her i Tregdevegen. Litt over klokka 19 var ho her, då hadde bussen endåtil vore ein tur innom sjukehuset i Kristiansand, etter det eg skjøna.

Al var gratis på sykehuset. transporten heim kosta 159 kroner om ein ikkje hadde frikort. Då tenkjer i alle fall eg at vi har eit heilt spesielt godt system når det gjeld helse her i landet. Og undrar meg på kvifor USA ikkje følgjer etter med å legge litt på skattane og så få eit sjukehustilbod for alle, også dei som er utan jobb med sjukeforsikring som arbeidsgjevaren dekker.

I morgon skal eg ha min andre koronavaksine, også den er gratis, Det er mange grunnar til å takke her i landet.

Digital feiring

Årets 17. mai-feiring var nok digital for dei fleste, sjølv om vi såg mange som var ute og lufta bunader i programmet på TV. NRK hadde endåtil innslag frå Evje i år.

Valle Radio hadde sending frå om lag klokka 10.45 til klokka 16, eit program  med mange bitar som skulle passe saman. Her var det biltog, og det stoppa ved Hylestad kyrkje og Valle kyrkje før det kjørte nord til Einang og tilbake til sentrum.

Medan toget kjørte, var det musikk i radioen. Så vart stoppa overførte. Gudstenesta var frå 2020, Rebusløpet kunne ein delta i heile dagen.

Heile programmet for Valle og Evje og Hornnes finn du på Setesdalswiki: https://www.setesdalswiki.no/wiki/17._mai_2021

https://www.setesdalswiki.no/wiki/17._mai_2021

Smal veg

I Eskelandskleiva er vegen svært smal, og då ein lastebil møtte ein annan bil i dag, gjekk det galt. Helge hadde vore i Mandal og såg at bilen stod i grøfta. Det fortalde han då han kom heim, og då nytta Nikolai høvet og sprang opp for å ta eit bilde.

Eg hjelpte han med å sende det til Lindesnes Avis og tenkte at no skulle Nikolai få sitt bilde på trykk i avisa. Men avisa ville det annleis, dei sende eigen journalist til ulykkesstaden og han tok bilde både frå framsida og baksida, intervjua sjåføren, som ikkje ville ha namnet sitt i avisa- At tipset kom frå Nikolai Lyckander opplyste dei heller ikkje.

Slik er det av og til. Men eg meiner at den bør ærast som æra skal ha, så her på bloggen legg eg ut bildet han sende meg og som eg sende til avisa med denne teksten:

Bildet illustrerer bedre enn ord at det også trenges å utvide Tregdeveien nedenfor Skjernøykrysset. Foto: Nikolai Lyckander

Åpne bilde

Utedag

Vi har besøk av Rønnaug med familie, og i dag var det fint for ein utedag, passeleg temperatur og slikt. Rett nok var det ei regnbyge, men så tørka det opp att og blei retteleg fint. Og dei gjekk og pusla, raka litt gras, etter første slått om våren ligg det att litt, olja terrassen og pusla med ulike oppgåver, men tok seg også tid til litt frisbee-kasting med Nikolai på 12.

Dei andre barnebarna er så store at dei har eigne prosjekt, Håkon er russ og Kristine er i Sør-Afrika for å gå på gymnas der.

Reidun hadde time hos optikar i dag og det gav henne også ein utedag, for optikaren sende henne til augeavdelinga i Arendal for ekstra sjekk, og det synte seg at ho må få festa netthinna, som har løysna i eine kanten. Så det blir tur til Ullevål 17. mai.

Det verkar elles som om biltoga 17. mai alt har starta, rett nok er ikkje bilane pynta med flagg enno, men det går ein jamn straum både austover og vestover, nordover og sørover, etter det ho kunne fortelje då ho kom heim att.

Det er også eit uteliv.

Lang tur

Eg veit ikkje om det var på grunn av alle traktorane som skulle heim att etter demonstrasjon i Oslo, men Kristi Himmelfartsdag var det mykje trafikk nedover mot Sørlandet. Vi venta besøk, og vi venta og venta…..

Det viste seg at dei som var på tur sørover til oss, hadde funne ut at dei ville ta reisa som ein tur denne gongen, ikkje bare som ein transportetappe. Dei hadde stoppa undervegs og hatt seg sushi (men gløymt å kjøpe med noko til meg, dei visste nok ikkje kor glad eg er i det, men heldigvis kan ein få det i Mandal også.

Vi smurde oss med tålmod og eg tok ein middagslur. Medan eg sov, dukka Ingunn Røysland opp, det var snakk om noko strikking, og det er ikkje mitt departement, men det var hyggeleg å sjå henne att du skjøner nok at eg vakna før ho gjekk.

Men endeleg kom folka få Nittedal og då vart det kaffe og Ole Bull-iskake, den oppskrifta eg fekk på Valle skule har vore svært kjær for heile familien i mange år. Lisbeths potetkaker høyrer også med når vi får besøk frå aust, dei kan ein no få også i Oslo. Så gjekk no praten om laust og fast til Nikolai fann ut at det var tid for fotballkamp på datamaskina, då forsvann han inn i si eiga verd medan foreldrene tok ein spasertur. Her har det vore fint ver i dag, så ein tur i lagleg ver, det likar dei.

Men den blei heldigvis kortare enn bilturen.