Kategoriarkiv: Ymse

Programmet for veke 2

Tysdag 9. januar 2007

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Sissa Ringstad fortel om aktuelt i kyrkjelyden
20:00 Bokaktuelt med Lisbeth D. Homme
20:15: Til oppmuntring ved Asbjørn Kvalbein
20:20: Dagens Buxtehude
20:30 Postludium ved Harald Haugland
21:00 Kyrkjebakken

Tysdagssendinga vart amputert ved to straumbrot. Fyrste gongen var straumen borte i 15 minutt, andre gongen i fem minutt. I tillegg måtte programmet endrast då Sissa ikkje kom i studio.

Onsdag 10. januar 2007

Ansvarleg: Theis Salvesen
Teknikar. Gudrun Rysstad
Telefonvakt: Ingebjørg Ellinor Rysstad

18:00 Aktuell time. Theis med gjest Monika Antun
19:00 Kommunen informerer ved Ingvar Nes
19:30 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
20:00 Ungdomsprogram ved Anne Lise, Sylvia og Silje
20:30 Sigrunn Askland og Annbjørg Uppstad tek oss til Cuba
21:00 Open sending. Theis med gjest Kristine Bjørgum

På joleselskap i Leipzig

For 260 år sidan var det eit joleselskap i Leipzig. Ei rekke medlemmer av familien Bach hadde kome for å vere saman på tampen av jolehøgtida. Det var jo heilt naturleg at dei ville spele orgel, og Thomaskantor Johann Sebastian inviterte dei til ei samling i kyrkja. http://no.wikipedia.org/wiki/Johann_Sebastian_Bach

-Eg tenkjer vi startar med svigerfar, sa Johann Sebastian. Johann Michael  Bach (sjå http://en.wikipedia.org/wiki/Johann_Michael_Bach ) hadde vore død i 50 år, men han var far til Johann Sebastians første kone Maria Barbara. Så spelte han Gelobet seist du, Jesus Christ.

-Kan ikkje du også spele eit stykke, Johann Bernhard? (Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Johann_Bernhard_Bach ) J.S. sin 9 år eldre fetter var og komen i joleselskapet, akkurat runda 70 år. No var han pensjonist etter å ha vore organist i fødebyen Erfurt og Magdeburg før han kom til Eisenach i 1703, der han hadde vore sidan. No sette han seg til orgelet og spelte koralforspelet Vom Himmel hoch, da komm ich hier så inspirert at J.S. sjølv måtte spele nokre variasjonar frå BWV 769 etterpå. Han slutta etter dei tre første og gav utfordringa til sin eldste son, Wilhelm Friedemann (sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Wilhelm_Friedemann_Bach ).

W.F. var på denne tida klar til å begynne som organist i Liebfrauenkirche i Halle etter å ha vore i Sofiakyrkja i Dresden frå 1733. Han valde å spele Wir Christenleut hat jetzund Freud.

Så var det Carl Philipp Emanuel Bach (sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Carl_Philipp_Emanuel_Bach ) sin tur. Han valde å spele eit lite stykke for Flötenuhr, Allegro i D-dur, eit kort stykke på bare eit minutt, før han gav ordet orgelkrakken til sin 14 år gamle lillebror Johann Christoph Friedrich Bach (sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Johann_Christoph_Friedrich_Bach ). Full av ungdommeleg mot og kraft sette han seg til manualet og la i veg med den muntre jolevisa Morgen kommt der Weihnachtsmann, til stor glede for forsamlinga. Etter vel 8 minutt la han i veg med finalen, og lyttarane koste seg over det dei høyrde.

-No må vi få oss kveldsmat, sa J.S. og avslutta samlinga rundt orgelet, og med det var familien sin jolekonsert over.

Musikken til programmet fann eg på plata Weinachtilce Orgelmusik der Bach Familie, Aeolus 10241. Utøver er Wolfgang Baumgratz, organist i domkyrkja i Bremen.  http://de.wikipedia.org/wiki/Bremer_Dom 
Sjå og
http://de.wikipedia.org/wiki/Wolfgang_Baumgratz

Programmet vart sendt 9. januar 2007 klokka 20.30

Liste for våren 2007

Sendingar til våren 2007 
Denne lista er merka med tag “sendingar”. Klikk på taggen om du vil sjå på lista seinare, då kjem du rett til lista. Eg kjem til å prøve å redigere henne etter kvart som vinteren går, slik at eg set ein strek over sendingar når dei har vore.

Dato Ansvar Teknikk Telefon Open
3.1 Harald Inga Tobbe Harald
10.1 Theis Gudrun Ingebjørg E Theis
17.1 Harald Torhild Berit Rolf Erik
24.1 Øyvind J Geir Bjørg R Jorunn
31.1 Kommunen Harald    
2.2 Heile dalen Theis Inga Geir Jorunn Theis
7.2 Bjørgulv T Gudrun Tobbe Rolf Erik
14.2 Harald Geir Ingebjørg E Jorunn
21.2 Helge Dahle Torhild Berit Britta Lise
28.2 Kommunen Gudrun    
7.3 Bjørgulv T Inga Bjørg R Harald
14.3 Harald Gudrun Jorunn Harald
21.3 Ørnulf Geir Tobbe Britta Lise
28.3 Kommunen Torhild    
Skjær Helge Dahle Torleiv    
1. pås Helge Dahle Jørund    
18.4 Harald Inga Tobbe Jorunn
25.4 Kommunen Harald    
2.5 Theis Torhild Berit Theis
9.5 Bjørgulv T Gudrun Bjørg R Rolf Erik
16.5 Ørnulf Inga Jorunn Theis
23.5 Harald Geir Tobbe Britta Lise
30.5 Kommunen Inga    
6.6 Øyvind Jacob Torhild Bjørg R Øyvind J
13.6 Harald Gudrun Ingebjørg E Harald
         

Bøker og statistikk

Ei av sidene ved å drive eit bibliotek er at ved nyår må ein lage statistikk. Eg kom innom til Lisbeth på Valle folkebibliotek fredag, og då var ho oppteken med å gå gjennom statistikken. Fristen for å levere tal til fylkesbiblioteket i Arendal var 8. januar.
 -Ikkje så mange besøk og ikkje så mange utlån i 2006 som i 2005, sa ho.

Vi vart ståande å prate om spørsmål rundt det å få høgare tal på statistikken. Det er jo ei side ved radioprogramma, vi oppmodar jo folk til å gå på biblioteket og låne bøken som vi snakkar saman om.

Truleg må det verte ein viktigare del av bibliotekverksemd å prøve å auke utlån, ikkje bare ha bøker tilgjengeleg og så vente på at folk kjem og låner. Men om det skal lukkast, må nok tanken på utlån ligge langt framme i fokus alt frå fyrste veke i eit nytt år. Og så må aktivitetane tilpassast dette.

Lisbeth fortalde at på eit lite bibliotek er det lånarar som ofte overlet til bibliotekaren å finne nye bøker. Dei reknar med at bibliotekaren veit kva lånaren likar og finn noko lånaren kan ha glede av.

Midt oppe i ein travel kvardag vert det endå ei oppgåve å ta tak i: Å auke utlån. Lisbeth fortalde at ho kan få god hjelp frå statistikk-delen av utlånsprogrammet. Det er også mogleg å summere opp og sjå korleis resultatet har vore før årsoppgjeret. Dermed kan ein sjå utviklinga tettare enn ved bare å sjå på eit heilt år.

Eg meiner at bygda vår bør stø opp om det gode biblioteket vi har. Difor kan slike tal godt vere opne, slik at ein kan fylgje med kva som skjer. I Valle radio vil vi prøve å formidle meir om situasjonen når det gjeld statistikk på biblioteket. Til då oppmodar eg alle lesarar frå Valle om å stikke innom, anten i Valle eller i Hylestad.

Opningstidene er slik:
Hylestad: Måndag frå 13 til 19, onsdag frå 11 til 15
Valle: Tysdag frå 11 til 15.30, onsdag frå 16 til 19 og torsdag frå 13 til 19

I morgon er det altså på Hylestad du kan finne boka du skal lese i eller lytte til den neste veka. For lydbøker er populære å låne no. Men Lisbeth har filmar og cd-plater og.  Og det ho ikkje har, det skaffar ho.

Bøker og radio

I meir enn eit år har Lisbeth D. Homme, biblioteksjefen vår i Valle, delt kunnskap om bøker med oss i Valle radio. Nesten kvar tysdag klokka 20.00 kjem ho med interessante godbitar frå biblioteket. 2, januar snakka vi saman om verdshistorie. Ho har eit verk på 16 band, Aschehougs verdenshistorie. Men ho har og Grimberg, det klassiske bokverket om verdas historie. Det har 25 bind. Alle desse kan ein låne heim her i Valle. Om ein spør andre stader, vil ein ofte få til svar at dei må lesast på biblioteket.

Ho nemnde og ei ny bok:

Zinn, Howard
USA : folkets historie 1492-i dag / Howard Zinn ; oversatt av Morten Hansen. – Oslo : Oktober , 2006 – 776 s. – (973)
Originaltittel: A people’s history of The United States
ISBN 978-82-495-0295-0 (Oktober) (ib.)

776 sider om USA er ikkje lite å kome seg gjennom. Men ein kan låne boka i fleire etappar, ho fortalde om ein som hadde lånt den utan å kome gjennom den, så leverte han den inn og sa at han måtte heller låne den ein gong seinare.

Det fekk meg til å tenkje på at slik burde eg og gjere. Låne ei bok, og så heller levere henne inn når eg har lese det viktigaste, i staden for å halde på henne og vone at eg skulle få lest henne ferdig. Svært ofte vert ho liggjande til eg får ei purring og må levere henne inn utan å verte ferdig med henne. Då kunne eg jo like gjerne levert henne med ein gong.

I programmet ynskte vi at det ville verte eit godt leseår. Du som les dette og held til i Valle, ta turen innom og lån ei bok eller fire. Biblioteket treng at vi låner der, og truleg er det lettare å setje av tid til lesning i januar og februar enn seinare på året. Sei til deg sjølv at du skal støtte biblioteket og deg sjølv ved å låne minst fire bøker i år. Om alle innbyggjarane i Valle gjorde det, ville sikkert statistikken for bibliotekbruk i kommunen vår stige. Det skal eg kome tilbake til.

Lyttarar og medspelarar

Mange lurer på om det er nokon som høyrer på oss. Det var i alle fall mange som høyrde på oss onsdagskvelden, for telefonane kima i eitt når vi hadde lagt ut ein rebus. I dag fekk eg ein kommentar frå Nederland, der var det og ein som hadde høyrt på onsdagssendinga 3.jaunuar

Tysdagssendinga 2. januar var akkurat ferdig då telefonen gav lyd frå seg i radioen. Då var det Olav Føreland som ville takke for orgelprogrammet som Niklos hadde hatt. Det var jo ikkje så mykje orgel denne kvelden, han hadde funne fire vokale innslag og bare eitt med orgel solo.

Også sendinga lislejoleptan gav mange trivelege kommentarar til programleiar Ørnulf. Alt på jolekvelden var det fleire som takka for programmet.

Når vi får slike reaksjonar, gjev det inspirasjon til å halde fram med arbeidet. Takk og til SunshineNO for kommentar nyårsaftan til bloggen.

I det same vil eg takke alle som var med på lufta onsdagskvelden:
John Erling Skåtan
Leif Kvinlog
Tarald Myrum
Erling Sagneskar
Sigbjørg Ness
Arne Tronsen
Bjørgulv T. Berg
Hans Petter Andersen
Gunnar Brottveit
Steinar Kyrvestad
Torleif Hovet
Malmfrid Nyborg Homme
Grete Hasla
Ånund Haugen
Gro Haatveit Hovet

I tillegg kom dei som svara på rebusane og kom inn i studio.

Som du skjøner, å lage radio er ein dugnad frå mange si side. I tillegg til dei som kom på lufta, var desse med bak kulisaane 3. januar:
Inga Flateland
Torbjørg Hoftuft
Jorunn Lund Harstad

Eg hadde ansvaret for heile kvelden og takkar dykk alle.

Rovvilt

I Nyhetstimen i går kveld hadde eg ein triveleg prat med Jon-Erling Skåtan, som er regionansvarleg rovvilt Agder og Rogalad. I tillegg er han koordinator naturopsyn Setesdal Vesthei. Sjå
http://www.dirnat.no/content.ap?thisId=1009300&language=0 for meir informasjon.

Han fortalde om bakgrunnen for at det truleg vert gjeve løyve til å felle tre gauper i Valle og Bykle i vinter.

For at Statens Naturoppsyn skal få eit oversyn over situasjonen i ein region, er ein avhengig av at folk som observerer spor eller opplever at rovvilt tek dyr, melder frå om dette. Då vil den lokale rovviltkontakten rykke ut og kontrollere spor eller drept dyr. Han vil ta bilete og sende rapporten til Skåtan, som legg den inn i den nasjonale databasen over dette. Opplysningane frå databasen er grunnlaget når ein skal fastsetje kvote for felling.

Skåtan fortalde og at dei no kan finne ut DNA til bjørn, jerv eller ulv ved å analysere lort. Slik har dei funne ut at eit dyr som var på Sørlandet, hadde foreldre i Trøndelag. Dyra rekkjer over store område. Han fortalde og at det var ingen tvil om at det var ein ulv som drap ein hund i Søgne før jol og at ulvar ofte streifer over lange avstander når dei er unge.

SNO er heilt avhengige av observasjonar frå publikum, sa Skåtan og vona at lyttarane ville fylgje opp. Han forklarte litt om storleik og om måten gauper ter seg på ved å gå i spora til kvarandre. Difor må ein spore dei over ein viss strekning for å sjå om det er eit eller fleire dyr. I Valle og Bykle er det Einar Olsen som gjer dette.

Her finn du stoff om rovviltseksjonen i SNO:
http://www.dirnat.no/content.ap?thisId=3246

Her er sida om skadedokumentasjon:
http://www.dirnat.no/content.ap?thisId=3249

Og her er litt om gaupespor:
http://www.dirnat.no/content.ap?thisId=1011394

Open sending 3. januar 2007

I Open sending i kveld var tema for rebusane prestar i Valle. Grunnen til det var at eg hadde med meg Gro Haatveit Hovet, og ho hadde vore i Bykle på møte der sokneråda hadde drøfta tilsetting av ny prest i prestegjeldet. Ho fortalde om prosessen det er før ein får tilsett ny prest. No er det Agder bispedømmeråd som tilset sokneprestar, Theis Salvesen var den siste sokneprest som vart utnemnd i statsråd då han kom til Valle i 1989.

Bispedømmerådet har dei siste fire åra nytta intervju ved tilsetting. Dei tre søkjarane til soknepreststillinga i Valle var til intervju 14. desember, og der var soknerådsleiarane med i intervjupanelet. No skulle sokneråda gje tilråding, deretter skulle eit innstillingsutval lage innstilling til Agder bispedømmeråd, som så skulle har tilsettingsmøte 8. februar.

Truleg vil tilsetting vere klar midt i februar, og så vil prosessen gå vidare med at den som er tilsett, har oppseiing i stillingen han no har. Ein kan difor ikkje rekne med at ny prest er på plass før til sommaren.

**Rebusane** i kveld handla om prestar i Valle. Eg hadde funne stoffet her:
http://www.eskeland.net/node/4 Her har Helge Haugland lagt ut ei liste over prestar i Valle frå Svartedauden. Lista er ikkje komplett, men grei å bruke til å lage rebusar av etternamna til prestane.

1. Salvesen – Johanna Solheim
2. Raustøl – Øyvind Jacob
3. Møll – Angjerd Mosdøl
4. Olsen – Liv Tanche Larsen
5. Bjelland – Åsmund Rygnestad
6. Austad – Jorunn Hermansen
7. Aune – Torleiv Harstad
8. Homme – Toril Lunden og Tora Lund
9. Gjellebøl – Gunnar Solheim

Premiane gjekk til
Jorunn Hermansen – Krus
Tarald Flateland – Ryggsekk
Johanna Solheim – Familieribbe, gåve frå Gyro K. Homme
Liv Tanche Larsen – Beholder for å tappe væske
Angerd Mosdøl – Radio
Åsmund Rygnestad – Nøkkelsett

Eg har ikkje oversikt over kor mange telefonar vi fekk i kveld, men i periodar hadde Jorunn og Tobbe det ganske travelt med å ta telefonane. Dei sytte og for godt stell og trivsel med kake og vaflar med blåbærsyltetøy, så då vi tok kvelden og drog heim, var vi godt nøgde med ein triveleg kveld.

Nyhetstimen 3. januar 2007

Dette står på blokka for nyhetstimen

18:00 Info
18:05 Telefonintervju (mobil 482 54 803) med **John Erling Skåtan** frå SNO Hægebostad om rovvilt i Setesdal (Bykle og Valle)
Tema:
Samanheng mellom observasjonar og fellingsløyve
Oppslaget i Fædrelandsvennen i dag
Lokal rovviltkontakt er Einar Olsen, mobil 913 21 487
Verneområdet Setesdal Vesthei/ Ryfylkeheiane

18:20 Skulemat på Valle skule. **Leif Kvinlog** kjem i studio

18:30 Før skisesongen. **Tarald Myrum** kjem i studio og har med seg folk. Vi snakkar om den nye ljosløypa, om karusellrenn og vinteraktivitet

18:53 **Øyvind Jacob** fortel om badmintonturneringa i romjola

19:00 Kommunen informerer

2. og 3. januar 2007

**Tysdag 2. januar**
Ansvarleg:Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Weyse: Julekantate
20:00 Bokaktuelt med Lisbeth D. Homme
20:15 Til oppmuntring ved Asbjørn Kvalbein
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 3. januar**
Ansvarleg:Harald Haugland
Teknikar: Inga Flateland
Telefon: Torbjørg Hoftuft

18:00 Nyhetstimen
19:00 Kommunen informerer
19:30 Tankar frå Bibelen
20:00 Godt nyår
21:00 Open sending