Kategoriarkiv: Ymse

Suleskarvegen

Så er Suleskarvegen open att.
http://no.wikipedia.org/wiki/Suleskarveien
Den vinterstengde delen av Riksvei 45 opna i går, 21. mai klokka 12.00. Saluttkanonane burde vore lada, for med det er sommartida komen her i Setesdal. Eg tenkte på det då eg køyrde oppover frå Mandal sundagskvelden, det var ljost til klokka 22, at no var det bare opninga av vegen som stod att, så kunne sommaren kome.

Min kollega Øystein Berg fortalde i dag at han i går hadde vore innover på sykkel frå Sitåsan til Kvislevasskaret. Han skjøner at det er sykkelulukker etter vegane, for når store campingbilar kom, var det ein kraftig sug etter dei. Nokre køyrer ganske fort, sjølv om dei møter ein syklist, det verkar som om det er om å gjere å kome raskt forbi.

Når vegen opnar, opnar også folk lommebøkene og reiser til IKEA og Kvadrat. Å kome på eit stor kjøpesenter, er ei gåve for mange, anten dei skal handle mykje eller bare sjå på utvalet. http://no.wikipedia.org/wiki/IKEA Neste år har IKEA 20-årsjubileum i Sandnes.

Suleskarvegen har vore ein kjepphest for meg dei åra eg har budd her, i alle fall er det mange som meiner det. Det er nok også rett, eg stilte gjerne spørsmål om vegen den tida eg var i kommunestyret. No ser det ut til at tida arbeider for vegen, vi treng ein veg til avlastning av Sørlandske hovudveg. Mange meiner at trafikken vil verte svært høg i år, ettersom det er trafikkaos i Vestfold, der tunnelane vart stengde. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Hanekleivtunnelen , der er det til og med bilete av steinmengdene som fall ned.

Det var lensmannen i Sirdal som gjekk ut i media med saka om at trafikken kunne auke over Suleskarvegen i sommar. Han hadde i friskt minne ulukka i fjor der ein trailersjåfør omkom på vegen og meinte at ein bør gjere noko slik at ikkje nye ulukker kjem i år.

I påskesendingane våre var Saavi Nomeland og Tåle Nomeland ute og fortalde om tankane sine om å lage tunnel under høgfjellet, slik at vegen kan verte heilårsveg. Det hadde mange vore glade for, ikkje minst folka i Stavanger som har skaffa seg hytte på Hovden og i Brokke. Ei så omfattande avkorting av vegen hadde vore kjærkomen for dei som no må ta turen om Evje.

Eg pleier å ta ein tur over fjellet på føresommaren. Men denne veka er det program i Valle radio to kveldar, og så nærmar pinse seg med lange steg, så det vert nok ikkje før etter høgtida eg får høve til ein slik tur. http://no.wikipedia.org/wiki/Pinse

HiA vert Universitet

Etter det eg skjøner har det noe vore klart ei stund at HiA vert vårt neste Universitet. No er alle formalitetar på plass, og i ein artikkel i Fædrelandsvennen like før 17. mai, var det jubel å spore.

Fædrelandsvennen har elles gjort seg til talerøyr for ei anna line enn den som har vore vanleg når det gjeld universitetsutvikling, så langt eg kan sjå. Avisa har vore ivrig på at høgskulen må vere i nær kontakt med regionen og helst vere så matnyttig at regionen kan nyte godt av den faglege kompetasnen dei tilsette har.

Sjølvsagt er det vel og bra, men eit universitet er ein forskningsinstitusjon meir enn ein yrkesskule, etter mi meining, sjølv om det er viktig med gode faglege bidrag til utdanning i regionen. Sjølv har eg hatt mykje nytte av faget Norsk som andrespråk, som eg tok på HiA for nokre år sidan, sjølv om faget etter mi meining nok kunne ha vore oppdatert noko. 10 år er lang tid i vår tid, det vert produsert mykje lærestoff på 10 år, og då må ein institusjon følgje med i den faglege utviklinga.

Dette er for øvrig blitt viktigare også i den vanlege skulen. Onsdag kjem Malmfrid Nyborg Homme i programmet Kommunen informerer klokka 19, og då vil vi truleg kome inn på det, mellom anna i høve til matematikkfaget i skulen.

Her er ei lenke til meir informasjon om dette. På denne sida ligg det lenker til mange oppslag om temaet. http://www.hia.no/no/portaler/aktuelt/nyhetsarkiv/nokutkomiteen

Som om ikkje det er nok, skal James Karlsen ta disputere for doktorgraden 29. mai med ei avhandling om dette temaet. Sjå
http://nettopp.ntnu.no/nettopp_lesmer.php?kategori=nyheter&dokid=4651458f23e1e2.82063512

Her er eit samandrag av avhandlinga:
http://www.diva-portal.org/ntnu/abstract.xsql?dbid=1505

Karlsen ser på korleis forventningane til aktørar utanfor HiA og har spelt inn i arbeidet for å få på plass det som skulle til før ein kunne få Agder Universtet (om det no er det det skal heite, dei vil vel slåss om det som alt anna). Heile avhandlinga hans kan du laste ned frå Internett, ho er på engelsk. Du bare går til samandragssida og trykkjer på fulltext, så får du henne som ei pdf-fil.

Karlsen har hytte på Hovden, men eg veit ikkje om han høyrer på Valle radio når han er på hytta. Kanskje til vinteren att, når avhandlinga er forsvart og tida vert betre. For det vert betre tider lengre framme for oss alle.

Bergfrue

Eg veit ikkje mykje om Bergfrue, det vesle eg veit er truleg det som eg las her:
http://no.wikipedia.org/wiki/Bergfrue Grunnen til at eg las det, var at eg oppdaga at Blise har registrert seg på wikipedia. Til no har Blise skrive litt på artikkelen om Valle radio og litt på artikkelen om Bergfrue.

Denne blomen vart av botanikarar kåra til Noregs nasjonalblom så tidleg som i 1935, i tillegg er han fylkesblom for Møre og Romsdal og altså kommuneblom for Valle, der blomen og kallast bergbruske. Sjå http://www.toyen.uio.no/botanisk/nbf/fylkesblomst.htm for meir informasjon om nasjonalblom og fylkesblomar. Alle kommunane på Agder har kommuneblomar.

Slik vil det ofte vere på wikipedia, det startar i det stille med eit par redigeringar, og så tullar det på seg for nokre, andre blir ikkje gripne av basillen og sluttar av etter kort tid. For mitt vedkomande har eg snart vore aktiv på wikipedia i eitt år, eg hadde min første redigering der 12. juni 2006.

Her er nokre lenker til Bergfrue:
http://www.vulkaner.no/n/blomst/fjelldronning.html
http://linnaeus.nrm.se/flora/di/saxifraga/saxif/saxicot.html
http://www.rolv.no/bilder/galleri/fjellplanter/saxi_cot.htm
http://www.avinet.no/fjellatlas/admin/templates/showitem.aspx?lang=nn&article_id=5580
http://www.stauder.net/bildearkiv/Saxifraga%20’Southside%20Seedling’%20SL.jpg
http://home.online.no/~ivhe/Saxifraga_cotyledon.htm

Samlaget har gjeve ut ein roman med namnet Bergfrue:
http://www.samlaget.no/item.cfm?id=12300

Program for veke 21-2007

Tysdag 22. mai

Ansvarleg:Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Petter Dass – eit 300-års minne 1
20:00 Vatn i Valle
20:15 Dagens Buxtehude
20:30 Niklos K. Besteland presenterer norsk orgelmusikk
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 23. mai

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Torleiv Soltun Haugen
Telefonvakt: Torbjørg Hoftuft

18:00 Aktuell time med desse sakene:
1. Suleskarvegen ved Helge Homme
2. Salatdisk ved Gunnar Brottveit
3. Sykling Kristiansand-Hovden ved Tarald Myrum
4. Flugefiske ved Torjus Uppstad
19:00 Kommunen informerer. Malmfrid Nyborg Homme om Valle min heimstad-prosjektet som skulen skal ha i vår og om kunnskapsløftet i matematikk
19:30 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
20:00 Harald sin time med gjester. Olav M. Holen kjem i studio.
21:00 Open sending Britta Lise Homme

Petter Dass

I år er det 300 år sidan Petter Dass døydde i år. Sjå
http://no.wikipedia.org/wiki/Petter_Dass
Onsdag i samtalen som Ørnulf Hasla hadde med Hanne Straume i halvtimen Kommunen informerer, spelte vi hans Fiskervise: Det hender vel ofte frå plata Erik Bye http://no.wikipedia.org/wiki/Erik_Bye
og Birgitte Grimstad http://no.wikipedia.org/wiki/Birgitte_Grimstad
har laga. I dag var det eit program på NRK1 frå Elverhøy kirke i Tromsø http://no.wikipedia.org/wiki/Elverhøy_kirke
som var vigd songar av Petter Dass. Der fekk vi vite at eigentleg var dette ei vise som var skriven til brura i bryllupet til ein mann som heitte Angell. Dermed får vi ordspelet på Gud signe din Angel, at ei den har mangel på torsk eller skrei, som vert brukt i eitt av versa.

Det var forresten eit fint program i TV, god song av eit lite kor i kyrkja. Det inspirerte meg til å leite fram det vi har av Petter Dass sine songar og ta med i programmet tysdagskvelden. Det vert klokka halv åtte. Skru på Valle radio, så får du høyre songar av Petter Dass denne kvelden.

Gratulasjon til Bjarne Tveiten

I Setesdølen i går stod det at Bjarne Tveiten har fått Bykle kommune sin kulturpris under 17.-maifeiringa i år. Det var vel fortent for redaktøren av radioen vår. I og med at han er redaktør for Bykle radio, er han og redaktør for det som vert sendt frå Valle Radio. Det er Bykle Radio som har konsesjonen for å sende radio i Øvre Setesdal.

Bjarne har ein allsidig innsats for kulturlivet i Bykle gjennom arbeidet med radioen. Han fekk mykje positiv respons for boka Underet i Breive som kom til jol i fjor og som truleg alt er utseld i fyrste opplaget. Vi går og gleder oss til fleire bøker frå Bjarne sitt skrivebord. Om han tek for seg alle teikningane som Egil Torin Næsheim har laga på Hovden Fjellstoge, vert det 20 bøker. Han må truleg skrive meir enn ei kvart år framover og vil ha pensjonistlivet fullt av prosjekt i lang tid.

Her vil eg også peike på Bjarne Tveiten sitt store kulturarbeid som lærar i ungdomsskulen i Bykle. Der hadde han ansvaret for norskopplæringa for alle tre ungdomsskuleklassane i mange år. Eg hadde gleda av å vere sensor når vi hadde prøvemunnleg i norsk og let meg kvart år imponere over alt elevane hans kunne. Kunnskap så vel om språk som litteratur var formidla til elevane så stoffet sat til eksamen. Det syner at kultur ikkje bare er fritidssyssel, men målmedvite arbeid også i skulen for å formidle språk og litteratur så vel som andre fag. At han i tillegg finn tid til å vere bokmeldar i Fædrelandsvennen, syner noko av det same engasjementet.

Bjarne Tveiten har vore ei inspirasjonskjelde for meg i mitt radioarbeid. Eg saknar fredagskveldane med Bjarne på lufta, men tenkjer tilbake på kvelden i vinter saman med Theis i Valle Radio med glede. Bjarne ber med seg det beste frå kulturen i Bykle og formidlar det vidare på mange måtar.

Gratulasjon til Bjarne Tveiten!

Ingen folkehøgskule i år

Det vert ikkje oppstart av folkehøgskule i Valle i år. Ei stund var signala gode på at ein kanskje kunne få til oppstart alt i 2007, men i sendinga onsdag 16. mai hadde Ørnulf Hasla ein prat med prosjektleiar Lene Dyrkorn som kunne fortelje at alle søkjarane hadde fått avslag om å kome i gang i år.

Lene, som nyleg fekk ungdommens kulturpris i heimekommunen Hobøl i Østfold for sitt engasjement og resultata ho har nådd innan trial-sporten, deppa ikkje så mykje om svaret på første søknaden var negativt. Ho fortalde at dei eigentleg ikkje hadde tekt å søkje om å få starte før i 2008, og ny søknad er alt sendt, det skjedde pr. 1. april, kunne ho fortelje.

Utfordringa no vert å halde engasjementet varmt. Målet er å få til ein folkehøgskule med 35 elevar fyrste året og så auke etter kvart. Skulen skal ha vekt på motorsport og ingen andre folkehøgskular har eit tilsvarande opplegg. Når ein veit kor mange som er interesserte i dette, burde det vere mogleg å rekruttere elevar til eit slikt opplegg.

Til Setesdølen tysdag fortalde Lene at ein måte å halde ideen varm på kunne vere å få til eit tilbod med trial som valfag for 10. klasse ved Valle skule. Men ein må og arbeide for å skaffe meir pengar til folkehøgskolebudsjettet i departementet, slik at det vert råd å starte opp ein ny skule. Ein grunn til at det ikkje gjekk i år, var at då ville det verte mindre pengar til dei som alt driv folkehøgskular. Lene meiner difor at ein må finne eit system med friske pengar når det startar ein ny skule. Det fekk dei ikkje til denne gongen, og det er jo til sjuande og sist eit politisk spørsmål. Difor heldt ho seg unna då Ørnulf utfordra henne på det politiske og sende det over til ordførar og andre politikarar, som nok må ta saken opp i dei rette kanalane om prosjektet skal lukkast.

Odd Dubland

Odd Dubland er ein predikant som har gjeve ut fleire plater og skrive eit par bøker. Eg likar songane hans, i radioen har vi ei av platene der han og dottera Oddrun Helene syng. I går oppdaga eg at han har teke til å skrive på wikipedia, han og. Her er artikkelen om han: http://no.wikipedia.org/wiki/Odd_Dubland

Ein av dei artiklane han starta, var artikkelen Oppbyggelse, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Oppbyggelse Det er jo eit sentralt omgrep i kristen tenkning, og på wikipedia prøver vi å dekke det meste. Difor fekk eg ei utfordring om å gjere starten hans meir leksikalsk etter måten ein skriv på i wikipedia, og det gjorde eg.

I samband med det oppdaga eg at oppbyggelse i teologisk samanheng ikkje er ganske det same som vi gjerne tenkjer: At det skal vere godt og lærerikt å høyre på. I bibelsk språkbruk er det tale om det som byggjer kyrkja, med andre ord, det som får dei levande steinane i kyrkjebyggverket til å praktisere trua.

Det som jo gjorde dette litt spesielt på 17. mai, var at ein av tekstane for dagen var frå Salme 127.1-2, der det heiter at Dersom Herren ikkje byggjer huset, arbeider bygningsmennene til fånyttes. Dette er også eit tema i fedrelandssalma Gud signe vårt dyre fedreland, kor det heiter Vil Gud ikkje vera bygningsmann, me fåfengt på huset byggja.

Då eg ville skrive om dette på bloggen i går, var systemet nede for vedlikehald. Det førte til at eg heller ikkje denne månaden får ein tekst for kvar dag. Eg får leve i håpet, det vonar eg at du og gjer.

Open sending 16. mai

I kveld vart det Harald Haugland som måtte ha Open sending, i lista over kven som skal delta i program i eit semester, var Theis Salvesen sett opp, men han hadde siste sending fyrste fredag i mai og hadde ikkje fått med seg at han stod på lista denne kvelden.

Eg nytta difor høvet til å ha ein kveld med fuglar som tema, i radioen har vi fire plater med fuglelydar, og det var jo greitt å få bruke dei litt. Eg valde desse fuglane til rebusane i kveld, og informasjon fann eg på wikipedia:

1. Hubro
http://no.wikipedia.org/wiki/Hubro
2. Gjøk
http://no.wikipedia.org/wiki/Gjøk
3. Linerle
http://no.wikipedia.org/wiki/Linerle
4. Låvesvale
http://no.wikipedia.org/wiki/Låvesvale
5. Gråspurv
http://no.wikipedia.org/wiki/Gråspurv
6. Vipe
http://no.wikipedia.org/wiki/Vipe
7. Grågås
http://no.wikipedia.org/wiki/Grågås
8. Ringdue
http://no.wikipedia.org/wiki/Ringdue

Premiane gjekk til
Anne Lise Harstad – Valle Radio-sekk
Tor Haugum – Valle Radio-krus
Jan Oddvar Pedersen – Lampe
Birgit Rike Lund – Glassbyggesett
Margit Hovet – 5 skinkeboksar, gåve frå Gyro K. Homme
Helene Holsen – Stålbestikk til 6

Alle premiane kan hentast på Esso i Valle 18. mai. Inga Flateland vil leggje dei inn der om morgonen 18. mai.

Ørekyte i Valle

I serien Vatn i Valle brukte eg i dag stoff frå Tom Arild Homme sin rapport til VAFA nr. 2-2005 Prosjekt ørekyte i Øvre Otra. Eg las opp det som han har skrive i innleiinga. Her tek eg med noko av det, tilpassa til bloggen av meg. (Ettersom det er Adobe Acrobat-format og eg ikkje har program til å klyppe og lime frå dette på ein god måte :-))

Ørekyte vart innført til øvre Otra på slutten av 70-talet. Truleg vart fisken sett ut fleire stader, i alle fall veit ein om Sæsvatn på Bjåen og Storetjønn i Bossvassåi. Frå desse stadene spreidde ørekyte seg vidare nedover Otravassdraget, og rundt 1990 var det påvist ørekyte i Valle. No har det blitt ein stabil bestand heilt sør til utløpet av Brokke kraftstasjon. Nedstrøms Brokke er det gjort nokre få observasjonar, men fram til 2004 var det ikkje funne ørekyte i Byglandsfjord.

Sidan tidleg på 90-talet har det vore fiska etter ørekyte med såkalla Geiloruser, og i 1998 vart det kjøpt inn 200 ruser, noko som intensiverte oppfiskinga. Men det er ikkje datamateriale som dokumenterer ein økologisk effekt av oppfiskinga i Øvre Setesdal. Det er gjort få andre undersøkingar av dette i Noreg, og det er vanskeleg å finnen nokon trend. Ein reknar likevel med at det har ein negativ effekt på aureproduksjon å introdusere ørekyte i artsfattige vatn. Sjølv om ørekyte er eit vanleg innslag i dietten til auren i Otra, så varierer det mykje frå plass til plass.

Ein har og funne ut at i små og grunne vatn, vil oppfisking vere eit effektivt verkemiddel for å kome ørekyte til livs. Det overordna målet med prosjektet er å betre villkåra for auren. Difor må ein finne ut meir om auren parallellt med at ein fiskar opp ørekyte.

Her finn du meir om ørekyte på wikipedia:
http://no.wikipedia.org/wiki/Ørekyte
Og her finn du meir om aure:
http://nn.wikipedia.org/wiki/Aure
Sjå på lenkene til venstre for artikkelen og, der finn du stoff på andre språk enn det artikkelen har.

Sæsvatn: http://no.wikipedia.org/wiki/Sæsvatn
Brokke kraftverk: http://no.wikipedia.org/wiki/Brokke_kraftverk
VAFA: http://www.vafa.no/