Kategoriarkiv: Ymse

Pendling og meir

Eg har no pendla i fem-seks år og kjem til å halde fram med det. To andre sentrale medarbeidarar i Valle Radio må og friste pendlarlivet frå hausten av. Då kjem Risa til å overta det arbeidet som **Mesta** no står for i Setesdal. Helge Homme og Torleiv Soltun Haugen må friste pendlarliv frå 1. september. Etter det eg skjøner, skal Torleiv Soltun Haugen knyttast til Vrådal, medan Helge Homme skal til Haukeligrend. Det vert å bu på hybel nokre dagar i veka. Eg reknar vel med at i alle fall Helge kjem til å ha med seg ein bærbar datamaskin og kople seg på nettet for å lese epost og blogg og anna interessant.

Her er lenke til Risa:

Risa hjem


Det ser ut til at dei søkjer etter folk til å gå inn i oppgåver her i Setesdal frå hausten. Men i mai overtok Risa heile Nærlandsheimen, tidlegare institusjon for psykisk utviklingshemma.
http://www.jbl.no/modules/module_123/proxy.asp?C=65&I=20751&D=2&mid=167

For oss i distriktet her kan det vere interessant å sjå på tibodet deira for vegvedlikehald: http://www.risa.no/risa/veg.htm

I vinter var dei med og brøyta på Sørlandet. Her er artikkel i Stavanger Aftenblad: http://web3.aftenbladet.no/innenriks/okonomi/article417659.ece

Andre artiklar om konsernet finn du her:
http://www.risa.no/risa/nyhetark.htm

Nokre av dei som har hatt kontraktar med Mesta om å brøyte, har fått kontraktar med Risa. Så får vi vone at dei som skal starte pendlarlivet frå hausten, finn ut at det er til å leve med sjølv om det nok vert ei forandring. Det var i alle fall mi erfaring.

Fiskedød i Otra

I onsdagssendinga var Torjus Uppstad i studio for å fortelje om dette. Det er og lagt ut eit skriv frå Tom Arild Homme om saka på heimesidene til VAFA:
http://vafa.no/index.php?option=com_content&task=view&id=74&Itemid=2

Den mest sannsynlege årsaka til fiskedøden i Otra ved Rysstad er gassovermetning, det vil seie at det er for mykje oksygen i vatnet. Dette kan skje på fleire måtar, mellom anna ved at ein tek inn vatn til kraftverket frå bekkeinntak, noko som er vanleg om våren.

Det var spekulert på om det kunne vere utslepp av gjødsel eller anna landbruksavfall (maursyre) som var årsaka til at fisken døydde. Etter kvart har ein gått over til å tru at det ikkje var tilfelle, men det var tale om å analysere ein fisk. Gassovermetning kan ein bare finne i fisk like før den døyr, det finn ein ikkje i død fisk. Om det har vore utslepp, vil fisken ha fått i seg stoff som kan finnast ved analyse.

Torjus opplyste vidare at det er kommunen som er kontrollinstans når det gjeld ureining, så politiet hadde synt VAFA til kommunen i denne saka. Kommunen må samarbeide med Mattilsynet når det gjeld analysar. http://no.wikipedia.org/wiki/Mattilsynet

Det er viktig å verne miljøet. Wikipedia har litt stoff om maursyre, sjå denne lenka:
http://no.wikipedia.org/wiki/Maursyre

Sykkelvegar og syklistar

I reklamen til Uppstad Transport og Anlegg, UTA, på Valle radio heiter det

På Rysstad, der kan du sykle trygt,
for sykkelvegar, det har me bygd.

I Setesdølen for fredag 15. juni hadde Per Kristiansen eitt innlegg og peika på at det ikkje er trygt i botnen av Brokkebakken, når barn og unge skal krysse vegen der. Skulda for det har ikkje UTA, som har bygd sykkelvegen, men Vegvesenet, som ikkje laga undergang under bakken, slik dei gjorde nord om skulen.

Siste onsdagssendinga før ferien var det premiar til alle som kom inn i studio under Open sending. Premien var ein refleksvest med Valle Radio-logo. Det gjev meg inspirasjon til å reflektere litt over temaet **sjå og bli sett**, særleg etter å ha køyrt frå Valle fredag middag på veg nedover dalen.

Sør for skulen møtte eg ein heil klasse på veg heimover etter sykkeltur. Dei hadde alle på seg refleksvestar med Valle kommune sitt merke på. Godt synlege anten dei kom ein og ein eller i ei større gruppe.

Men sykling er blitt populært, det er ikkje bare ein laurdag i mai at folk syklar oppover dalen. Den siste tida har det vorte mange som syklar, og slik var det i går også. Eg talde ikkje, men utanom skuleklassen møtte eg sikkert 20 syklistar, dei fleste oppover dalen, men det var og nokre eg måtte køyre forbi, dei var på veg nedover.

Det undra meg at bare eit par av dei hadde ordentleg refleksvest eller gul og godt synleg sykkeldrakt. For det er utruleg kor mykje meir synleg ein blir med ein slik vest på seg. Særleg, tenkte eg i ettertankens refleksjon i høve til at det no er påbod om å ha gul refleksvest i alle bilar, slik at om ein får motorstopp eller må ut av bilen når ein er i trafikken, så skal ein ta på seg vesten. Den som ikkje har refleksvest i bilen, kan få bot.

Men refleksvest når ein syklar, det er ikkje påbode. Syklisten er ein mjuk trafikant. Å sykle i mørke treningsklede på strekningar utan sykkelveg er å leike med livet.

Slik sat eg og tenkte i hundre kilometer frå Valle til Hægeland. Då svinga eg av frå Setesdalsvegen og køyrde 15 kilometer til Bjelland før eg tok siste etappe til Mandal i det dalføret. Der var det og eit par syklistar utan refleksvest. Det aller meste av den strekninga er og utan eigne sykkelvegar.

Ta på deg refleksvest når du syklar, både når du syklar på sykkelveg og i alle fall når du syklar på bilveg.

Diamonds Are Forever

Denne veka fekk vi tilsendt frå Bjøro Håland sitt plateselskap den siste plata hans. Vi vart inviterte til Hartmanns brygge i Kristiansand på platesleppet som var i går. Det var ikkje råd for oss å få til det, men onsdagskvelden spelte vi fleire av spora på plata i nyhetstimen mellom 18 og 19: Hank Williams Blues, I’m Just A Dreamer og Every Time I Lose I Win. Her er alle spora på albumet:

01: A Good Love Is Like A Good Song
02: Devil Woman
03: Somewhere Down The Line
04: Diamonds Are Forever
05: Blue Train
06: Any Old Love Will Do
07: I´m Just A Dreamer
08: The Way I Am
09: Every Time I Lose I Win
10: Hank Williams Blues
11: I Wish I Was Eighteen Again
12: Mañana

Bjøro Håland er ein songar eg har sansen for. Vi har fleire av platene hans i radioen. Den forrige plata hans var Mine Salmer, og han har spelt inn 22 album som har kome ut i fire millionar eksemplar. Det står litt om han på Wikipedia, der er det og lenke til heimesida hans. http://no.wikipedia.org/wiki/Bjøro_Håland
Og her er lenke til plateomtale på wikipedia:
http://no.wikipedia.org/wiki/Diamonds_Are_Forever_(album)
I ein omtale i Fædrelandsvennen i dag blir det sagt at den ikkje er oppdatert sidan 2003. Det er ikkje lagt ut på Internett, men NRK har ein artikkel her:
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/sorlandet/sanketeina/1.2583465

Utstillarar på Valleutstillinga

Her fylgjer ei liste over utstillarane på Valleutstillinga 2007

1. Angelika Baier: silkemaling, gresskar, m.m.
2. Knut Bø: trearbeid
3. Ruth Fedreheim: toving
**4. May-Lis Flateland: rosemåling Gjesteutstillar**
5. Birgit Flaten, måleri
6. Ragnhild Hansen, porselensmåling og akvarell
7. Hasla AS, sylv
8. Knut O. Homme: trearbeid
9. Setesdal Husflidsentral setesdalsgenser med mer
10. Elin M. Kallhovd: rosemåling m.m.
11. Guro Kverneland: toving
12. Bente Karin Lerbrekk: glaskunst
13. Heidi Irene Lindfors: måleri
14. Birgit Rike Lund: vev
15. Solveig Huset Lund: ler
16. Mona Ida Frøysnes: litografi
17. Bjarne Nordgarden: trearbeid
18. Inger Ordahl: vev
19. Ingrid Arnhild Pedersen: smykke
20. Andor Renstrøm: trefigurar
21. Gudrun Rygnestad: strikk, krokar
22. Thor Inge Rødseth: knivar
23. Torill Sangesland: hattar og filtbilete
24. Åse Smith: keramikk
25. Harald Solberg-Jacobsen: smijern
26. Liv Stene: keramikk
27. Sting: nåleputer
28. Bjørgulv Straume: munnharpe
29. To i Torvet: måling og keramikk, m.m.
30. Bente Lill Trydal: akryl på lerret
31. Tove Utstumo: vev med mer
32. Valle Vev: vev
33. Jonny Vindfjell: treskjering
34. Frøydis Aarthun: biletvev,  kort

Takk til leiar i Valleutstillinga, Karin Bøe, som var i Valle Radio onsdagskvelden og presenterte planane og let meg få leggje lista ut på bloggen.

Kyrkjelydsturen til Riskefjødd

Laurdag 9. juni var det endeleg klart for kyrkjelydstur til Riskefjødd og onsdag 13. juni var Halvor Åmlid i Valle Radio for å fortelje. Han hadde fått spørsmål av Theis om å vere leiar for turen og hadde svara ja til det. Då turen vart planlagd, hadde dei trudd at den skulle kunna arrangerast før, men snø i fjellet gjorde det umogleg.

Riskefjødd ligg mellom Bykle og Valle og når opp mot 1200 meter, men målet for turen var ein støyl litt lågare. Etter tre timar og fleire pausar var dei framme ved støylen, som høyrer til Sygard Bø. Folk herifrå var og med på turen, det gav ei ekstra glede, meinte Halvor.

I veka før turen hadde han vore i terrenget tre gonger for å vere sikker på at han fann rette vegen og for å rydde der stien var tilgrodd. Tross alt var det mange år sidan han sjølv hadde vore der og. Med den tilgroinga det har vore, var ikkje landskapet slik som då han sprang i heia der som gutunge.

18 deltakarar fekk ein tur i flott ver. Vel framme etter ei god matøkt ville nokon fram på fjellet for å sjå til Hovet, andre fram ein litt annan stad for å sjå ned til Valle. Slik fekk dei prøve ulike ynskje. Og alle var samde om at det hadde vore ein fin tur.

Reiselyst

Gunvor Salvesen og Monica Helle var med meg i studio i kveld. Dei har vore fem månader på reisefot i Sentral- og Sør-Amerika og hadde mykje å fortelje. Vi merka på dei som ringde inn at det var eit tema som slo an hjå lyttarane. 45 telefonar kom inn denne kvelden.

Premiar gjekk til
1. Cuba **Tor Haugum**
2. Mexico **Torleiv Harstad**
3. Jamaica **Ingebjørg Vegestog Homme**
4. Belice **Torhild Lunden**
5. Guatemala **Marit Salvesen** Valle Radio-sekk
6. Honduras **Margit Hovet** Genser frå Gyro K. Homme
7. Nicaragua **Angjerd Mosdøl** Bok frå Setesdalsforlaget
8. Panama **Kjellaug Rysstad** CD
9. Costa Rica **Ole Morten Egeland** Bok frå Setesdalsforlaget

I tillegg delte vi ut Valle Radio-refleksvest til alle som kom inn i studio. Det vart ein stimulerande kveld, fleire av dei vi hadde på tråden fortalde om eigne reiseopplevingar i denne delen av verda.

Gunvor og Monica var saman med to vener på turen. Det vart skrive ein blogg frå reisa. Den finn du på http://storeallverden.blogspot.com Ta turen innom og finn ut meir om fem månader på reisefot…

Valleutstillinga 2007

I nyhetstimen i kveld var Karin Bøe, som er leiar i Valleutstillinga, og fortalde om programmet for sommaren. Valleutstillinga på Tveitetunet har 20 års jubileum i år og har lagt opp eit flott program.

Gjesteutstillar er May Lis Flateland, som stiller med rosemåla ting, både store og små.

Elles er det ei rekke utstillarar, både innan vev, toving, silkemaling, måleri, litografi, trearbeid, munnharper, keramikk, nåleputer, knivar og sylv. I denne posten fører det for langt å ta med namn på alle utstillarane.

Utstillinga opnar sundag 24. juni klokka 14. Då vert det stevtonar og gitar ved Helga Jacobsen og Trym Bjønnes. Vidare dansar Birgit Anette og Tor Espen Helle Setesdalsgangar til felepel av Knut Arne Rysstad. Utstillinga vert formelt opna av fylkeskultursjef i Aust-Agder, Per Nordstrøm.

Sundag 1. juli klokka 15 vert det friluftsgudsteneste på Tveitetunet. Tysdag 3. juli er det barna sin dag.
Sundag 15. juli er det stakkesetting.
Sundag 22. juli er det handverksdagar.
Sundag 29. juli kåserer Hallgrim Berg klokka 14.
Sundag 5. august er det Tveitetunstemne klokka 14 til 17.
Sundag 12. august er siste dagen for utstillinga.

Inngongspris er 20 kroner. Sal av vaflar og kaffe. Fredag og laurdag er det baking av flatbraud og lefse.

Valle Radio ønskjer Karin Bøe og dei 33 andre utstillarane lukke til og vonar det blir plass til alle i det rekordstore feltet av handverkarar som er med på utstillinga i år. Alle må vere med som vakt eit par dagar i løpet av sommaren, men som leiar blir det nok ein del ekstra på Karin for å få det heile til å fungere.

Axel Kroghuset til Hovden

Bjørnar Mørenskog på Hovden Fjellstoge har kjøpt Dorgheim, huset forfattaren Axel Krog (1892-1982) hadde litt sør for Langeid i Bygland. Fædrelandsvennen melder i dag at han skal restaurere bygningen og setje han opp på Hovden. Det er ein tømmerbygning, og dei eldste deler av den er truleg meir enn 300 år gammal. Huset i skogen har stått til nedfalls og har ein del skader. Men det inneheld to gamle stogekviler, to svært gamle skap og eit dobbelt langbord, fortel Johs. Bjørkeli i Fædrelandsvennen.

Han har funne ut at Bjørnar Mørenskog vil bruke det i samband med utviklinga av Hovden Fjellstoge. Bjørnar er ikkje redd for å gå nye vegar, det er han som har fått Egil Torin Næsheim til å teikne historiske motiv frå Bykle i ei stor teikning på Fjellstoga. Dette har Bjarne Tveiten late seg inspirere av til å skrive boka Underet i Breive, som kom ut til jol 2006. I samband med boka har pilgrimsprest Birte Løvåsen arbeidd for å få i gang att pilgrimsvandring frå Breive til Røldal, og fire turar sommaren 2007 er fullbooka.

Det var polarforskaren Sigurd Helle som selde huset til Bjørnar Mørenskog. Huset har vore til sals ei stund, men det vart altså Bjørnar som stakk av med det til slutt. Prisen var etter det Fædrelandsvennen fortel rundt 700.000 kroner. Det vert interessant å fylgje med på kva han skal gjere med huset.

Siste veka våren 2007

Her er programmet for tysdag og onsdag:

**Tysdag 12. juni **

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Salmekveld
20:00 Vatn i Valle. Torleif B. Harstad fortel om Gryte
20:15 Dagens Buxtehude
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland: Bjarne Sløgedal 80 år
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 13. juni**

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar:Gudrun Rysstad
Telefonansvarleg: Ingebjørg Ellinor Rysstad

18:00 Aktuell time
*Torjus Uppstad om daud fisk
*Karin Bøe om Valleutstillinga
*Knut Kjetilson Jore om Ungdommens kulturmønstring i Trondheim
*Halvor Åmlid om kyrkjelydsturen til Riskefjødd
19:00 Kommunen informerer ved Ingvar Nes
19:30 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
20:00 Ånund K. og Harald H. presenterer norske songar
21:00 Open sending. Gunvor Salvesen og Monica Helle om Reiselyst i samtale med Harald Haugland

I tillegg sende eg dette til Setesdølen:

**Valle radio tek sommarferie**

Med sendingane denne veka tek Valle radio sommarferie. Radioen fylgjer skulen si rute, men har altså fullt program også denne veka. Tysdag klokka 20 kjem Torleif B. Harstad for å fortelje om Gryte, elva med kvernhusa på Harstad. Det er eit program i serien Vatn i Valle, som Harald Haugland har hatt dei siste vekene. 20:30 kjem Niklos K. Besteland og vil presentere orgelmusikk av Bjarne Sløgedal, som fyller 80 år onsdag.

Onsdag får Harald med seg Ånund K. Homme for å lage eit program med dei klassiske norske songane. I vår tid er det mest engelsk musikk i eteren, men i timen frå klokka 20 til 21 har du høve til å lytte til kjende norske songar for kor og solosong. I nyhetstimen er det enno ikkje klart kva som vert tema når dette vert skrive. Det er imidlertid klart at Torjus Uppstad kjem i studio for å snakke om fiskedøden i Otra i sist veke, då ein fann 100 døde fiskar i elva ved Rysstad.

Harald Haugland, som har ansvaret for begge kveldane i radioen denne siste veka, vart vald til leiar av styret for Valle radio etter Theis Salvesen på årsmøtet i vår. Med seg i styret har han Ørnulf Hasla som nestleiar, Inga Flateland som sekretær, Helge Homme som kasserar og Jørund Georg Jore som teknisk sjef for radioen. Styret arbeider no med planer for å markere at til hausten er det 10 år sidan Valle radio starta sendingane. Etter sommarferien er ein tilbake med sendingar når skulen tek til.