Kategoriarkiv: Ymse

Skjærtorsdag 2008

Etter litt plundring for å prøve å få til internett og kunne høyre på Valle Radio via ubuntu-linux, måtte me gje opp. Heldigvis hadde eg påskegjest i Mandal som hadde med seg PC med Windows, og då den kom i gang, gjekk det greitt å høyre sendinga.

Eg fekk høyre siste del av fyrste timen, det var Ørnulf Hasla og Jorunn Helle som var i studio. Eg fekk høyre Torleif Homme frå Setesdal Brannvesen som minna om å vere varsam med eld og å sjekk brannvarslaren når ein er på hytta. Eit anna moment han minna om var å sikre utgang, no når det er så mykje snø, er det viktig å grave frå vindauga, slik at ein skal kunne kome ut om døra blir blokkert.

Like før klokka 19:00 kom **nyhetsbulletin frå Setesdølen** ved Sigurd Haugsgjerd:

**Politiet**
UP hadde kontroll og gav seks forenkla førelegg onsdag, men ingen miste lappen.

Ein eldre mann frå Austlandet var involvert i ein kollisjon på Evje. Ingen personskade, men stor skade på begge bilane,

Leiteaksjon etter ei kvinne som hadde vore uheldig nord for Valle, men som ikkje kunne seie kor det var. Ho og passasjeren vart til slutt lokalisert ved Rotemo. Bilen hennar låg i grøfta.

Ein scooter var meld stolen, litt rart ettersom han ikkje hadde løyve til å ha den scooteren der.

**Anna**
Oveinang Grendelag sin basar i påska brakte inn 85.000 kroner. Pengane skal mellom anna brukast til å arbeidet som er gjort med å setje i stand badstoga på Flateland, etablert like etter krigen på initiativ frå helsedirektør Karl Evang. Med nysnø som no har kome kan det vere greitt å ha ein tur i badstoga og så ut og rulle seg i snøen.

Bygland kommune har enno ikkje fatta formelt vedtak om å avvikle bommen på Byglandsfjord, sjølv om både ordførar Knut A. Austad og varaordførar Tomine Moe vil halde seg til opprinneleg avtale og avvikle stasjonen. Dei andre kommunane har bede om å halde fram med bompengeinnkreving, og Bygland vil gjere vedtak i saka på møte i april.

Helge Dahle direkte frå Korea til mikrofonen

Sist fredag hadde Setesdølen ein artikkel om sendingane våre, skriven av **Sigurd Haugsgjerd**. Eg siterer frå den her på bloggen:

**Valle Radio med to maratonsendingar i påska**

Også denne påska legg Valle Radio opp til to svære maratonsendingar, Skjærtorsdagskvelden og 1. påskedag. I tillegg til musikk og underhaldning blir det framfor alt lotteri som skal sikre radiodrifta resten av året.

Helge Dahle blir programleiar også denne gongen. Han kjem direkte frå oppdrag i Korea, men er motivert som aldri før med tanke på å få både fastbuande og påskegjester i tale. I studi har han med seg Britta Lise Homme og Tore Dahler Katerås, men er elles også tilknytta eit nettverk som saknar sidestykke. Bortimot 30 menneske står bak kvar av sendingane som i seg sjølv er både fysiske og tekniske krafttak. Her blir alt av teknikk som Valle Radio har hand om, rulla ut for å lose folk gjennom både direkteinnslag frå bygda og langvegs frå, ein vrimmel av musikkynske og helsingar på alt frå telefon, sms og e-post, men fyrst av alt eit intenst for ikkje å seie aggressivt loddsal.

**Slepp å ha bingo**
Det er det som me tener desse radiokveldane i påska me lever på heile resten av året, seier radioredaktør Ørnulf Hasla. Påskesendingane gjer at Valle Radio kan konsentrere seg om å lage program i staden for å bruke mykje tid og krefter på bingo og andre inntektsbringade aktivitetar. Men i påska er det altså gambling og full rulle. Hovudgjevinsten er også denne gongen mannsbunad frå Setesdal. Radiofolka reknar vel med at det er mennene som er dei mest pengesterke – også i påskefjellet.

Begge kveldane blir det selt lodd på bunaden, men 1. påskedag blir sendinga avslutta med trekning.

**Mange flotte premiar**
I tillegg til bunaden er det forresten også mykje anna å skryte av på gevinstbordet. Programleiar Helge Dahle driv stort i varmepumper og har like godt sponsa ei splitter ny varmepumpe ferdig montert til den nette summen av 20.000 kroner – som ekstrapremie.

Ørnulf Hasla seier at næringslivet i det heile, både lokalt og i byen, har strekt seg langt for å skaffe lotteriet flotte gevinstar. Ein av sponsorane, Maxi Catering, deler også ut små boksar med salat ved Røde Kors sine fjellsikringspostar der også Setesdølen blir delt ut til folk på veg til påskefjellet i år. Under sendingane på Valle Radio i påska blir det trekt gevinstar frå Maxi Catering tre gonger kvar kveld.

**Reine Jolemessa**
Sendingane går ut over sendarnettet i heile dalen. Det vil seie at 20 – 30.000 menneske mellom Bjåen og Vennesla etter alt å døme får med seg moroa. Om stemninga vert god, kan godt tidlegare lotterirekord på rundt 200.000 kroner bli slått. Det er vel berre Misjonssambandet si jolemesse på Rysstad i november som greier å samle inn like mykje pengar på så kort tid. Difor er det så imponerande det som den entusiastiske staben i Valle Radio har makta å få til gjennom så mange år.

Konsesjon

Det er tid for å søkje om konsesjon for ein ny periode med lokalradio eller nærradio. På heimesidene til Norsk Lokalradioforbund les eg at det er 392 søknader. Men fordi det er fleire tilhøve som ikkje er avklåra, har Medietilsynet fått lenger tid på seg til å handsame søknadene. Gamle konsesjonar er difor forlenga med eit halvt år, til ut 2008. Opphavleg gjekk dei ut 1. juli, men Tilsynet har ingen sjanse til å verte ferdig med handsaminga innan fristen, mellom anna fordi den nye kringkastingsføresegna ikkje er gjeldande enno.

Meir om dette kan du finne på heimesidene til Norsk Lokalradioforbund, sjå http://www.lokalradio.no/?sid=1&artikkel=893 Der finn du og anna interessant om det vi held på med.

Gorine

**På tur nedover til Mandal stoppa eg på Moisund og fekk ein pose med info som dei deler ut til folk som dreg oppover. I posen var det info, ei sitjepute og ein boks rekesalat frå Gorine. Rekesalaten var god, den, og i reklamen som låg ved kunne eg lese:**

Årets påske blir sikkert en av de beste. Med Gorine salat blir den enda bedre, for i år kan du bli med på en påskekonkurranse med velsmakende premier. I samarbeid med Valle Radio inviterer vi til en påskekonkurranse som vil engasjere hele familien. Les mer om konkurransen nedenfor og bli med på moroa.

VI DELER UT VELSMAKENDE PREMIER
5 KOLDTBORD FOR 1O PERSONER!

Finn riktig svar på ett av spørsmålene nedenfor og bli med i konkurransen om å vinne et fantastisk koldtbord, levert av Maxi Catering. Når du har funnet riktige svar, ringer du Valle Radio under en av sendingene og er dermed kvalifisert for konkurransen.

**Deretter kjem 5 spørsmål. Dei er lette, alle kan svare på eitt av dei**.

KONKURRANSEREGLER
Når du vet svaret på ett av spørsmålene, ringer du Radio Valle, under sending. Du oppgir navn, adresse og telefonnummer og vil bli spurt om hvilket spørsmål du vil svare på (spørsmål 1-5). Svarer du riktig, vil du få et oppfølgerspørsmål. Klarer du også dette spørsmålet, er du med i trekningen av et koldtbord til 10 personer. Still inn radioen på Radio Valle og følg sendingene – hele påsken.

**Eg trur det kjem til å verte travelt i radioen torsdagskvelden. Mange vil nok prøve å få eit koldtbord til 10 personar frå Maxi Catering. **

Velsigna

Har oppdaga at
eg er velsigna.
Kan ikkje heilt
forklåre det.
Folk
er ille snille
med meg.
Uventa
uvant.
Kor såg du Far
sist veke?

Du bygger broer,
bind folk saman,
brubyggarprisen
skulle du hatt,
skulle stått
blant dei store.

Det hadde blitt
spurv i tranedans.
Trivst betre som
stille liten blom i
stor skog.

Ovanståande fragment frå ein chat på Internett fekk nokre lyriske tonar til til å svinge i attkjenning. Det var nok http://no.wikipedia.org/wiki/Ein_fin_liten_blome som klang i bakgrunnen. Den høver svært godt i Mandal denne påska, sjølv om frosten nok bit i blomane som vågar seg opp av molda. Det er litt enklare for dei som har plass i potter i vindauga.

Dei to fyrste dagane av påska i år har vore velsigna med strålande sol. Til og med om natta ser vi glansen frå sola, det dreg seg jo mot fullmåne. Det er grunn til å takke både for påskever og påskebodskap.

Meir om Hermine 2

**Lars Osa fortel vidare i boka si om korleis det bar til at han møtte Hermine:**

Eg fekk sidan vita korleis det hadde bore til at dei kom på at dei skulde helsa på meg. Dei hadde fenge auga på ein høg kar som gjekk og rusla åleine og såg så inderleg einsleg ut. “Han ser ut som han kunne vere nordmann,” sa Hermine. “Ja, det er målaren Lars Osa”, svara broren. “Kom, so gjeng me bort og helsar på han.” Det var kanskje ikkje fritt han kom til å trega på det framlegget. Ikkje ein dag etter den trong eg gå åleine og sjå sturen ut. Me var trottige til å gå på sjået og kunstsamlingane. Sakta var me tri saman for det meste. Men ymse ytre tilhøve gjorde sitt til å føra Hermine og meg nærmare saman, fyrst bokstaveleg tala, og sidan….

Det hekk soleis i hop at ein dag me fylgdest heim frå sjået, fekk me ei sturtbyga yver oss; det ausregnde. Meg stod det inkje på, for eg hadde regnhatt med, retteleg ein rusk av ein paraply; han var korkje ny eller av finaste slag, men når han vart våt, vart han so slikjande blank, som han skulde vore av silke, so eg tykte sakta eg kunne bjoda rom under han åt ei dama! Han skylte godt for oss båe, og hadde so gjort endå um ho ikkje hadde halde so fast i armen min og kurra seg so tett inn til meg som ho gjorde. I armen vart ho hangande so lenge bya varde, og vel so det, trur eg helst. Det var verre for bror hennar. Han hadde havt ein stor gamal paraply med heimantil, som såg soleis ut at han var brydd av det og freista gløyma han etter seg på kvar restaurant han var innum. Men han var ikkje fyrr i døri, på utveg, fyrr ein kelnar kom springande etter han med dette skrymslet av ein paraply og flidde han – i von um drikkepengar. Endeleg hadde det likevel lukkast å koma ifrå han, og det var like fyre denne regndagen. No gjekk han der attmed oss med uppbretta trøyekrage og nedbretta hatteband; han såg ut som ei våt kråka, og var likso misnøgd som me andre var velnøgde. Misnøgjet kom visst både av hans eige tilstand og av vårt. Han tok snart til å orda frampå med systeri um det ikkje var best ho reiste heim. Men etter den dagen gløymde eg aldri å taka den store regnhatten med på turane våre, og hermine og eg speida båe like vonfulle på himmelen, um det ikkje skulde syna seg ei sky som spådde ei dugeleg regnbrosa, for då kunde me gå i leidestand under paraplyen, anten me hadde bror hennar med til fylgjesvein og vaktmann eller me skulde slumpa til å møta andre landsmenn og kjende.

Suti, eller umsuti, for systeri lema snart, for eg måtte fara heim, av di rådi inkje rakk til noko lenger upphald. Hermine vart verande i Paris til året var ute som ho hadde skipa seg til å vere der. For ho tok eit skeid på Sorbonne og høyrde fyrelesingar og vilde fli upp fransken sin. Attåt det at ho umsette bøker, dreiv ho med elevar i fransk. Millom deim so ho las med på denne tid, – eg trur helst det var like etter ho kom heim att frå dette Paris-upphaldet, var det tvo emnelege bondegutar frå Vestlandet, J. E. Maakestad frå Ullensvang og Lars Eskeland frå Stord.

Meir om Hermine 1

Etter kvart har eg hamna på leiting etter Hermine Bernhoft Osa (fødd 1865). http://no.wikipedia.org/wiki/Hermine_Bernhoft_Osa Eg lurte på korleis ho og Lars (fødd 1860) kom saman, han ein spelemann og målar frå Hardanger, ho var fødd i Oslo etter det eg har funne ut. Då eg fortalde Lisbeth på biblioteket i Valle om dette, sa ho at ho hadde ei bok om son deira, Sigbjørn, den siterte eg litt frå på bloggen i går, og så ei som Lars Osa sjølv hadde skrive om livet sitt: Med pensel og feleboge. Minne frå ein lang arbeidsdag i stilla og i storm.

Ho måtte i magasinet, men sjølv om ho sa det var noko uoversiktleg der akkurat no, så fann ho den. Der kunne eg lese om Lars Osa som fekk med eit bilete på verdsutstillinga i Paris i 1890, biletet Faderen. Bak i boka er det svart-kvitt-bilete av målariet, men på Internett fann eg eit fargebilete og, det syner seg at det er 133 x 165 cm. Sjå http://tinyurl.com/mhkkcz

**Frå side 53 i boka skriv Lars Osa: **

Den som berre hadde kunna slege fylgje. Tanken haka seg fast i meg, endå so stengd som vegen til Paris syntest vera for meg. Då var det ein ven som talde meg til at eg skulle søkja um eit lite stipend heime i Ulvik, Kølles legat heitte det. Ja, ja, det duger ingen ting ufreista. Søkte so eg um 300 kroner, og fekk deim.

Med stor trott vitja eg det store sjået, og var trufast gjest i dei namnfræge kunstsamlingane i byen. Og eg såg meg um i Paris. For ein rik og fager by!

Men det største og merkelegaste var noko som hende burtanfor all tanke og plan.

Det byrja med det, at ein dag som eg gjekk ikring på sjået (verdsutstillinga) og skoda på sakene og var langt inne i mine eigne tankar, der veit eg ikkje av fyrr det stend tvo menneske attmed meg og helsar, ein kar og ei kvinna. Karen kjende eg, – eg hadde helsa på han i Oslo. Der var han vel kjend, eller vart det i vissa seinare, frå revyar som han skreiv teksti til, og frå “Norske Intelligenssedler”, som han var medarbeider i, likeeins frå skjemteblad (Søren i “Karikaturen”). Han heitte Thorvald Bernhoft, og hadde visst eit journalist-stipend til heim-sjået i Paris. Ho som var med han, det var syster hans. Ho heitte Hermine Bernhoft, og det namnet var heller ikkje ukjent millom folk som følgde med i bokheimen. For ho hadde gjeve ut velgjetne bøker, helst barnebøker, sume umsette frå fransk, sume som hadde teke av seg sjølv: “Den som liten er”, “Smaatraak” og kva dei no heitte. Serleg fekk ho vellæta for lett og fin stiling. Henne hadde eg ikkje sett fyrr, og visst ikkje ho meg heller, endå me hadde butt eit års tid like attmed kvarandre, i kvar sitt av tvo grannehus i Sofiegata i Oslo. Det var då mest snodigt at me inkje hadde fenge auga på kvarandre fyrr; men so gjorde me det til vederlag so mykje grundigare her i Paris, og det byrja med same bror hennar hadde gjort oss kjende. Kjennskapen auka på, i storom, kan eg vel segja, i dei tvo vekone me hadde framfyre oss til å vera saman i, fyrr eg måtte fara heim att.

Meir om dette seinare…

111-års jubileum – litt meir

Eg skreiv for ei veke sidan om 111-års jubileum for Valle sundagsskule. I dag lånte eg boka Spelemannsliv av Sigbjørn Bernhoft Osa på Valle folkebibliotek. På side 12 fann eg litt stoff som eg siterer:

So vart det flytting att, og no bar det til Valle i Setesdal. Der hadde far vore før, og vi vart buande i ei gamal røykstova. ….. Eg har ofte tenkt på at det var eit under at vi levde opp i den gamle, kalde røykstova vinterstid. Ja, det hende eg kunne liggja på golvet og leika til eg var gjennomfrosen, så tok far meg opp på fanget, han sat gjerne og måla, breidde trøya godt kring meg til eg fekk att varmen – så bar det ned på golvet att og til leiken. Men det vart vel ei herding som kom godt med seinare. Mage er minna frå røykstova, men sume har fest seg betre enn andre. Mor, som var sterkt religiøst interessert, dreiv sundagsskule i Valle. Jolefestane på denne sundagsskulen heldt ho heime. Joletreet stod oppe i åren, og alle borna fekk saft og to bollar kvar. Hugsar eg hadde fått kvit matrosbluse og fekk gå i kring med brettet og servera dei andre borna. Eg tok bollane i handa og gav dei andre. Då kom mor og sa at dei måtte få forsyna seg sjølve. Ja, dette vart fyrste læren i kelnaryrket. Stemninga som då var i den gamle røykstova med joletre og ljosa har brent seg fast i meg, ja, eg vil seia det slik at enno kan desse ljosa lysa for meg.

Staden der Lars Osa og familien budde, heitte Bjørnhov.

Siste onsdagssending før påske

Sendinga i kveld, 12. mars, var siste sending før påske. I høve dette hadde Ørnulf Hasla, som var ansvarleg for kveldens program, fått tak i ein representant for **Maxi Catering**. Dei skal sponse påskesendinga på ein spesiell måte i år ved at dei gjev premiar til konkurransane og mat til alle som er med under sendinga skjærtorsdag og 1. påskedag.

Maxi Catering skal dele ut ein boks rekesalat til alle som stoppar på Moisund på turen oppover. Der står Røde Kors som vanleg og deler ut informasjon og Setesdølen sitt fyldige påskenummer. På den boksen med rekesalat er det eit nummer, og i sendingane i Valle Radio vert det trekning på fine premiar i høve desse gratislodda. Då er det bare å sitje klistra til radioen og vente på trekninga som kjem, og det er fleire trekningar kvar kveld.

Neste innslag i sendinga var **Sylvia Barmann Jensen** og **Olav Sagneskar** som hadde gått vidare frå den lokale arrangementet i Ungdommens kulturmønstring på Evje. Dei framførte songen dei hadde framført der, og Ørnulf ønska dei lukke til når dei skulle til Arendal og fylkesfinalen.

Deretter kom Lene Dyrkorn i studio. Ho oppdaterte oss på situasjonen når det gjeld folkehøgskole i Valle, som diverre ikkje er så lysteleg. Det er ikkje lett å overtyde sentrale politikarar om det flotte i dette prosjektet. Ho fortalde og at ho hadde overteke etter Tarjei Haugen som prosjektleiar for sylvsmedprosjektet som ein prøver å realisere i samarbeid med Universitetet i Agder.

I halvtimen frå 19:00 til 19:30 skulle Hylestad barnehage vore med i Kommunen informerer. Men det vart Dansebandhalvtime med Ånund K. Homme i staden, for ingen frå barnehagen dukka opp. Det gjorde derimot Håvard Viki klokka halv åtte for å ha Tankar frå Bibelen. Og klokka 20:00 kom Sylvia attende med to venninner for å spele musikk dei likar. Det vart ein triveleg time med musikk som var god å lytte til.

Frå klokka 21 var det Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike som var i studio til Open sending. Denne kvelden la dei ut to rebusar i slengen, ein med stadnamn, nokre av dei hadde Jorunn henta frå NRK sine rebusar om stadnamn på Agder, og ein om vårblomar. Det vart ein storm av telefonar. Eg hadde budd meg på ein vanleg kveld, så eg tenkte at eg skulle klare det aleine. Men 90 telefonar denne kvelden gjorde at eg helst vart varm i øyro av all ringinga. Og dei som kom inn i studio, kommenterte at det var ein triveleg kveld med eit interessant opplegg.

Eg gløymde å få namna på vinnarane den kvelden men Jorunn hugsa dei då eg spurde henne, så her kjem dei:

Rosa: Else Marie Lunden, som gav den til gruppe 2 på Valle alders- og sjukeheim.
Krus: Solveig Storsteinnes og Olav Flateland – i hytte på Bjørnevatn
Sakser: Tor Haugum
Termometer: Angerd Mosdøl
Handmiksar: Britta Lise Homme
Ullsokkar, gåve av Gyro K. Homme: Solveig Storsteinnes og Olav Flateland