Kategoriarkiv: Ymse

Slåttedag 2021

Det går visst mot slutten av godveret no, på måndag ventar vi nedbør, etter det meteorologane meiner. Eg trur nok naturen kan ha godt av ei rotbløyte, sjølv om feriefolket nok helst ville hatt godver ei veke til.

Vi har ein nabo som tek slåtten for oss, Tor Arne Frivold. Han har stor respekt for FIdja, det lågaste og våtaste jordet vårt. Då dei mudra bekken som skal ta unna vatnet, var det eit lite berg som ikkje vart sprengt, så på eit visst nivå, stoppar avrenninga. Difor må turken kome ovanfrå, og det er ikkje ofte at det er turt lenge nok til at han kan kome utpå. Men i dag gjekk det.

Vi har også eit jorde bak husa våre. Det treng å bli slått om det ikkje skal gro til, men det måtte han utsette til neste år, for i år var graset blitt så høgt at det var vanskeleg å sjå kva som var under. Om det var steinar og anna graps som kunne øydelegge utstyret, så ville han helst sleppe det.

Med i traktoren var vesle Laurits på to-tre år. Ein skal tidleg krøkjast om ein skal bli god krok, og det gjeld sikkert for traktorkjøring også.

Kan være et bilde av gress og natur

Andre minne

I dag kom eg til å lese noko om Den indre Sjømannsmisjon, eg arbeidde i den organisasjonen i fire år, frå 1972 til 1976. Den gongen var John Olav Larssen generalsekretær, så eg leita litt på nettet for å finne noko om dei andre som var leiarar av organisasjonen. Men det var lite å finne, så eg skjøner at eg har ei oppgåve når eg får inspirasjon til det.

I slike tilfelle skal minna helst stadfestast med kjelder utanom eige hovud, så eg må nok finne nokre kjelder og sjå kva eg kan få gjort.

Bakgrunnen for dette var at eg kom over namnet Sverre Stura i ein artikkel eg las. Då eg kjende han, var han landssekretær i DISM og på slutten av si tenestetid som lønna arbeidar. Men han stod på også eter at han hadde fått pensjon, og for innsatsen fekk han også påskjøning av Kongen.

I leitinga mi oppdaga eg at det ikkje var mykje om folka i den organisasjonen. Men no har eg Setesdalswiki, så eg vil nok prøve å få ned noko leksikalsk stoff om dei som eg samarbeidde med. Kan hende klarar eg å finne ei bok også etter kvart.

Den gongen heldt organisasjonen til i Domkirkegt. 4, like ved politihuset i Bergen. Sidan vart hovudkontoret flytta ut av Bergen sentrum. Eg får sjå kva eg finn etter kvart.

Minnedag

Nasjonal minnedag ti år etter Utøya-massakren og eksplosjonen i regjeringskvartalet vart markert med sending på TV i heile dag. Ein kunne neppe unngå å få med seg noko av det om ein hadde på TV i dag, sjølv om ein kunne velje andre kanalar og få eit tilnærma vanleg program.

Her i stova valde vi å følgje Statsraad Lemkuhl si ferd mot Bessaker ei stund, men tv var også av i lange periodar. Eg ville gjerne bli ferdig med boka Den savnede søsteren, som eg lånte i butikken på Bjelland då vi var på tur måndag.

Eg hadde trudd det var siste boka i serien, men då eg kom til slutten, synte det seg at den siste boka kjem ut til neste år. Så då har eg noko å gle meg til, for serien er fengslande å lese. Om du lurer på kvifor det er blitt lite skriving av meg på Setesdalswiki denne veka, så har du svaret no.

Eit prosjekt i sommar har vore å gjere klar for å skifte ein vegg i låven. Difor har vi fått ein palle med bord som barnebarna no held på å male. Det er lettare å male bord som ligg, enn bord som står, for når dei står, må malaren også stå, og då blir det stige eller lift. Vi leigde ein lift også, for å få malt bord som står og som er skifta tidlegare.

Men i arbeidsøkta treng arbeidsfolka pause, og i dag var det vaffelpause. Eg burde ha teke bilde av gjengen rundt vaflane, men då eg kom på det, var dei oppetne. Difor vart det bare eit bilde av det som stod att på bloggen i kveld.

Kan være et bilde av drikk, innendørs og tekst som sier 'FARRIS 3 PANT 200721 ROMME ('

Finsland kirke

Då vi kjørte i FInsland i går og kom til Finsland kyrkje, måtte eg tenke på Gaute Heivoll si bok Før jeg brenner ned. Det var ei god bok om ei tragisk hending. Vi stoppa der bare så vidt, men i tankane stoppa eg nok litt lenger.

I går tok vi vegen over Koland, den hadde eg knapt kjørt før. Når eg kom frå Setesdal og kjørte nedover, tok eg av på Hægeland og så kom eg via Brandsvoll til Marnardal. Av og til tok eg også vegen over Finsådal og kom ned lenger sør i Mandalen.

Då kom eg også forbi heimen til Berit Follerås. Ho er lærar på Hovden vidaregåande skule, skigymnaset, og vi var ein del saman då eg var fagforeningsaktiv i Lærerforbundet. Seinare vart alle organisasjonane innan utdanning til Utdanningsforbundet, men det er ei anna soge.

Ein gong reiste eg og Berit saman på møte i Lærerforbundet i Arendal, det var det året folk snødde inne på E18. Vi som hadde lang reiseveg, hadde fått løyve til å dra kvelden i forvegen og overnatte før møtet. Så Berit kom med bussen frå Hovden på ettermiddagen og så reiste vi nedover. Vel framme sjekka vi inn på Grand Hotel, der møtet skulle vere. Så fekk vi oss mat og hadde ei god natt. Neste morgon var heile Arendal snødekt, då vi åt frukost, såg vi folk gå på ski i gata utanfor hotellet.

Vi var dei einaste som kom til møtet den gongen, så møtet vart avlyst og vi måtte bare hente bilen i parkeringshuset og dra heimover att. Den turen gjekk greitt, vi lirka oss ut av snøfennene i Arendal og kom oss over på Evjevegen, og der var det ikkje noko problem på vegen, snøen hadde knapt kome innanfor E18. På Evje vurderte Berit å vente på bussen til Hovden, men  eg skulle til Mandal. Så ho vart med nedover til Finsland og så vart ho sidan kjørt til Hægeland eller kor det no var for å ta bussen om ettermiddagen.

 

 

 

Rundtur

I dag reiste vi på tur. Den gjekk i kø til Brennåsen, så kjørte vi av mot Nodeland og tok Sogndalsvegen nordover mot Finsland. Av ein eller annan grunn kom vi inn på ein veg som gjekk over Koland, den var det så lenge sidan eg hadde kjørt at det var mykje nytt.

Etter kvart kom vi til Finsland kyrkje, der hadde vi ein liten stopp, utan å gå ut av bilen. Så heldt vi fram og kom til vegen mellom Mandal og Åseral eit stykke nord for Bjelland. Etter ein pause på Bjelland med handling av is, kjørte vi langs Mandalselva og kom til Mannflå. Der var det ein rasteplass som vi kunne strekke beina på.

På Bjelland er det bibliotekfilial i butikken og der fann vi boka Den savnede søsteren av Lucinda RIley. Den har eg leita etter og venta på, Margunn hadde kjøpt den og skulle ta den med til meg når ho hadde lese den. No hadde Reidun med lånekort, så ho lånte boka. Når eg skriv dette, har eg alt kome 50 sider ut i den, men ho er på 767 sider, så det er mykje att.

Heimturen gjekk radig til Holum bru, då kjørte over og tok vestsida av elva nedover mot Mandal. Då kunne vi kome ut på E39 på rett side utan å vente i Marnardalskrysset på Ime, så heimturen gjekk fint. Middagsluren også.

Kan være et bilde av 2 personer, folk som står, tre og utendørs

Rogalandsgenet

I går skreiv eg om Jæren, i dag fekk eg høyre om Rogalandsgenet, det hadde eg aldri høyrt om før. Eg veit ikkje om eg skjøna det heilt heller, men det handlar om eit kreft-gen som er meir utbreidd i Rogaland enn elles i landet.

Når kvinner møtest, skjer det ofte at ein snakkar saman om helsa, det gjer kanskje menn også. Så då søster mi Gunbjørg Sola og mannen hennar, Sigurd Sola var innom i dag, og dottera Grethe med si dotter Ive Elise, kom samtalen inn på dette. Kreft er ikkje ukjent i dei fleste familiar, men Rogalandsgenet var ukjent for meg.

Eg måtte googla det og fann ut at det i særleg stor grad var knytt til tre familiar, der linjene gjekk heilt tilbake til Svartedauden.

Elles gjekk praten om laust og fast som eg ikkje trong å google. Vi hadde lappar og kaffe før dei gamle drog heimover til Sola og dei unge tilbake til hytta i Harkmark. Dei som skulle vestover, ville også stoppe i Lyngdal og besøke søster mi der, så heimturen vart neppe før i morgon.

Her er frå venstre Nikolai Lyckander, Rønnaug Lyckander, Grethe Sola Jonassen, Ive Elise Sola Jonassen, Sigrud Sola og Gunbjørg Helen Sola.

Kan være et bilde av 6 personer, inkludert Gunbjørg Sola, folk som sitter og innendørs

Jæren

Ei gammal bok dukka opp i dag. Jæren i syn og minne  kom ut i 1943, så ho er snart 80 år. Eg vart sitjande og lese i den ei stund. Då tenkte eg at sanneleg er mykje endra på dei åra som er gått.

Mor og far var fødde i 1917, så dei var langt oppe i 20-åra då boka kom ut. Eg fann ingenting om Ålgård, men ein god del om Høyland kyrkje og prestar der. Sjølv vart eg konfirmert i den kyrkja, Den var bygd i 1841, så det er same kyrkjebygget det er tale om.

Men kyrkja er jo ikkje bare ein bygning, den er også ein samlingsstad for folk i bygda, og forfattaren Theodor Dahl, som var journalist i tillegg til å skrive bøker, har mange små soger om folka der. Han fortel også om prestar og predikantar og kjente nordmenn som har vore på Jæren.

Ta ein kikk på innhaldslista slik ho ligg i artikkelen på Setesdalswiki.

Jæren i syn og minne.jpg

 

Kirkesølvfaget

Visste du at Tom Ståle Moseid hos Hasla har tre svennebrev: Sølvsmed, gullsmed og korpus-smed.

Eg visste det ikkje, men las i Vårt Land i dag i ein artikkel dei har kalle Redningsksjon for kirkesølvfaget at det har blitt laga nye alterkalkar til Flekkefjord kyrkje og til Hylestad kyrkje.

Då måtte eg ringe Ørnulf Hasla og høyre om dette var noko dei var invoverte i. Og det var dei. Tom Ståle Moseid har utanning inna sylv hos Hasla, gull hos Plus i Fredrikstad, men korpus måtte han til utlandet for å få fagbrevet.

I artikkelen i Vårt Land las eg det som Elisabeth Andersen skreiv

Store deler av vårt kirkesølv er korpusarbeider, slik som lysestaker, vaser og alterkalker til nattverdsvin. En korpusarbeider hamrer ut gjenstander fra sølvplater, enten til et helhetlig produkt eller til deler som settes sammen. Denne teknikken ligger under sølvsmedfaget. Gull- og sølvsmedfagene er gamle og tradisjonsrike fag, og å arbeide med korpus krever høy håndverksfaglig kompetanse.

I dag er det få som kan korpusteknikken, og i 2005 startet Norsk håndversinstitutt i samarbeid med KA (Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon) og en del engasjerte enkeltpersoner opp et prosjekt for å videreføre eksisterende kunnskap til nye utøvere. Bakgrunnen var et initiativ fra gullsmed Erik Peersen fra Flekkefjord som over tid hadde sett at den store sølvskatten i kirkene var i forfall.

Hans engasjement for kirkesølvet startet den dagen han fikk spørsmål om å lage helletut på Flekkefjord kirkes alterkalk, et arbeid han så at han ikke kunne ta på seg. Han konstaterte at det fantes få mennesker i Norge med kompetanse til å ivareta kirkesølvet. Sammen med kona startet han med registrering av kirkesølvet i vestre del av Vest-Agder, et arbeid som siden er fulgt opp nasjonalt av departementet og Riksantikvaren.

Prosjektet som ble startet i 2005 satte søkelys på kirkens store sølvskatter og vedlikehold og restaurering av disse. Håndverkere med erfaring fra restaurering av kirkesølv ble registrert hos Norsk håndverksinstitutt. Prosjektet fulgte tillaging av to nye alterkalker, en til Hylestad kirke og en til Flekkefjord kirke fra skisse til ferdig produkt.

Her var det altså at Tom Ståle Moseid kom inn og laga ein behaldar til å ha inni kalken i Flekkefjord. Men i Hylestad var kalken så øydelagd at der måtte han lage ein heilt ny kalk, fortalde Ørnulf.

Og ut frå dette arbeidet er det no laga eit nasjonalt rettleiingshefte for Stell og oppbevaring av kirkesølv.

Norskamerikanske aviser

I dag la eg ut på Setesdalswiki ein artikkel av Torbjørn Greipsland. Den handla om norskamerikanske aviser og var forma som eit debattinnlegg i samband med utgjeving av ei bok om emnet. Tittelen var: Storverk om norskamerikanske aviser, men beklagelig ensidighet og boka var «Norske aviser i Amerika», utgitt på Scandinavian Academic Press. Sidetallet er 478.

Torbjørn var innom og vi hadde ein hyggeleg prat denne supervarme dagen. Då han gjekk, ville han ein tur på Sjøsanden og bade, kanskje ikkje på sjølve stranda, men på ei av dei strendene som ligg like ved.

Det er rart å tenke på at det var nesten 300 norskspråklege aviser i USA. Sjølv hugsar eg Decorah-Posten, som av ein eller annan grunn kom til oss då eg var ung. Men vi hadde få slektningar i USA, så Amerikapakkar var ikkje noko vi snakka om hos oss.

Eg trur nok Reidun hadde fleire, då vi hadde sletsstene for etterkomarar etter oldeforeldra hennar, kom det 21 personar frå USA. Dei var kanskje tremenningane hennar, og dette var første høvet til å ta ein tur. Vi var samla over 100 personar på Skjernøy, og på veggen i stova heng eit bilde frå arrangementet.

Det hadde vore moro å lage artiklar om nokre av dei norskamerikanske avisene her på Setesdalswiki. Fleire av dei som er omtalt i Torbjørn sin artikkel, har omtale på Wikipedia, så det kunne nok vere mogleg å finne stoff om ein stod på hardt nok.

Men det er tusenvis av andre røde lenker på Setesdalswiki, så det blir nok ikkje ei prioritert oppgåve. I staden får eg prøve å følgje opp litt av det som skjer i Setesdal no og få på plass artiklar om det. Men truleg må eg bare innsjå at eg klarar ikkje å dekke alt der heller.

Akkurat som dei norskamerikanske avisene, det blir bare små glimt.

Setesdal i biletkunsten

I sendinga i Valle Radio i går kveld hadde Siri Johannessen fått med seg Gunnar Stubseid til å fortelje litt om måleriutstillinga i Valle Handel no i juli. Gunnar heldt foredrag på opningsdagen og fortalde om kunstnarane der. Eg tok ein telefon til han for å høyre om eg kunne få manuskriptet til Setesdalswiki, men han hadde ikkje manuskript, så det kunne eg ikkje få.

Han hadde med seg litt av det som Kitty Wnetzel skreiv om opphaldet i Setesdal, ho og mannen Gustav Wentzel var i Valle i to periodar, både i 1891 og 1899, og så knytta han kunsten saman mellom anna ved å lese litt frå boka hennar om opphaldet.

Eg vart litt overraska då eg sjekka kven kunstnarane var, for eg hadde ikkje alle desse på Setesdalswiki, så her må eg nok til å skrive noko. Folk som har vore i Setesdal bør ha artikkel på Setesdalswiki, brukar eg å seie.

No har skrivinga mi gått langt ut over desse grensene, men det er ei anna soge.

I programmet hadde Siri også med Hans Martin Henriksen, som var på Sørpolen saman med Sigurd G. Helle. Han var også god til å fortelje, det var levande og informativt og kunne nok ha gitt stoff til ei bok, alt det han hadde å dele med oss. Men det vart kanskje ikkje noko bok, bare ein nøktern rapport til Norsk Polarinstitutt og kanskje ein artikkel i ei avis eller noko, eg veit ikkje, og det snakka dei ikkje om.

Eit tema som Gunnar Stubseid var innom, var den store endringa det har blitt i samfunnet. Då dei første kunstnarane kom til Setesdal, var  ikkje fotokunsten oppfunnen, så bileta var svært realistiske. Dei kom frå Düsseldorf, der dei studerte målarkunst. I Setesdal fann dei det rotnorske, årestoga, der åren stod midt i rommet og røyken gjekk opp gjennom ljoren. Det rotnorske var viktig i nasjonsbygginga. Fleire av kunstnarane budde i Valle i lange periodar.

I dag har alle høve til å ta foto med mobiltelefonen. Eg nytta høvet då vi hadde is og jordbær i dag og tok eit bilde av vårt barnebarn Nikolai.

Kan være et bilde av 1 person, mat og utendørs